Hallo! Takk for overveldande mange gode ord om bildet eg la ut i går kveld! Skulle ynskje eg kunne ta med kvar og ein av dokke ut på tur der! :) Nevnte ikkje at denne turen var 16 km, og med stigning frå 0 til 1000 meter, så kjenner eg det litt i kroppen i dag... Fullstendig tom i går kveld, men er allereie i stigande form ;) Skal vere guide for Turlaget her i kommuna på onsdag, også med tittelen Frå fjord til fjell. Eg har i alle fall varma opp i forkant... Hi-hi :))) Dagens tema er ny åpning mellom kjøkken og stove. Endeleg ferdig! Har ikkje måla siste strøket på listverket, men det viser ikkje på bilda ;) Eg er kjempefornøgd. Skyvedøra som var der, har vore brukt ca. ti gongar på elleve år... Vi har også kasta ut ovnen som aldri skulle vore der. Planen var ein peis, men så var det desse pengane... Vi åpna opp for å få betre varmesirkulasjon mellom romma i første etasje. Endå viktigare med varmepumpa som kom hit i vinter. Men også når vi fyrer. Kjøkkenet vårt er større enn stova, men eg synes at stova vart større no? Masse lys inn over alt i alle fall, og DET er herleg!
(Før til venstre)
Kvelden blir roleg, dagen har vore full av innhald. Herleg å sekke ned i godstolen, og ta ein runde her inne!
Ha ein fin kveld du også!
Elin