Takk til Frk.Elton for supert tips om tavlemåling på flasker! Fall i VELDIG god smak med kidsa her! Frk.Elton har forøvrig ein kjempefin blogg, som eg les fast. Stikk gjerne innom for gode idèar og inspirasjon!
Dette innlegget var ikkje planlagd, det vart til undervegs i middagslaginga mi i dag. Eg er INGEN matbloggar, og det skal eg heller ikkje prøve på å bli, men eg vart så inspirert av alle dei flotte fargane i grønsakene eg kutta til salat :) Paprika av ymse slag, squash, reddikar, tomatar, rødløk, lime... På menyen i dag stod kjøt i sursøt saus med salat og nanbrød.
Får av og til spørsmål om vi lever normalt i huset her, eller om alt blir "på utstilling". He-he! Klart vi lever normalt! Men eg ser at bilda mine med det kjølege uttrykket sikkert kan minne om sterile tilstandar. Eg har sansen for det enkle, nesten kunstrneriske uttrykket i interiøret. Men eg kan FORSIKRE alle om at her er nesten normale tilstandar... ;)
Og bilda i dag viser altså middagsbordet
vårt siste dagen i juli 2012!
Takk for ein eventyrleg julimånad til alle lesarar!
Draumesidene har fått ei verkeleg vitamininnsprøyting!
Ser dokke i august!
Elin