...

torsdag 30. juni 2011

Bildeveggen ENDELEG ferdig :) Eller i alle fall nesten...



Det kan vere greit å tenkje litt til... Men eg er sånn ca. fornøgd... 






Har fått meg eit flåttbitt, med borreliosemistanke. Er veldig slapp idag, og ser at eg nok må avlyse planane mine for helga. Veldig skuffande, og ein ny nedtur. Men kan ikkje ta sjansen på at svineriet setter seg i kroppen. Skal ta tre penicillinkurar på tolv dagar. Kjenner det, for å seie det slik. Har ei veke igjen med 6 tabelettar dagleg. Isj! 

Det blir nok ein ny pause i innlegga mine.


Klem
Elin 


 

onsdag 29. juni 2011

"Ny" spisestove



Etter at eg fekk mine to kjære tolixar i hus, har dei flytta rundt og rundt. Dei er fine over alt. Men etter å ha tatt eit skippertak i går med rundtflytting og litt ommøblering, havna dei ved stålbordet på stova. Det var der eg hadde tenkt dei skulle vere i utgangspunktet. Bordunderstellet, som er gamalt, har eg hatt ute i vekesvis, og behandla med mottemiddel. Det vart faktisk endå finare etter å ha fått skrubba seg, og regna ned uttallige gongar. Lavendelkrukkene mine står på terrassen til vanleg, men fekk kome inn for fotografering. Eg ELSKAR lavendel, og har i ulike variantar. Dessverre fraus ein del vekk sist vinter. Men eg skal få desse på plass i jord, og då kjem dei att større og finare neste år. 






  


Klem
Elin


tirsdag 28. juni 2011

Sommar på kjøkkenbenken



Sjølv om det striregnar ute... Skal ha storfint besøk i helga, og har allereie byrja å rydde. Ikkje fordi eg må, men fordi eg så gjerne vil ha det litt ekstra koseleg når vener skal samlast og ha det kjekt saman. For ein del år sidan rakk eg mykje på eitt døgn. No må eg starte i god tid for å bli ferdig. Faren er at det er rotete igjen der eg byrja å rydde, når eg er ferdig med huset ;) Eg kjenner at det er kjekt å blogge, når ein forandrer på ting, og kanskje kan vise fram litt andre ting enn det som er vist før. Det er mykje det eg slit med; eg føler at eg ikkje har noko meir å vise fram. Synes det vart så mykje opp igjen det same før eg tok bloggepausen min.









Sommar på kjøkkenbenken, sjølv om sola ikkje vil vere her :) Og DET hjelper på!

Tusen takk for at så mange stikk innom Draumesidene, eg fekk eit løft i går. Trudde kanskje ingen gadd å kome hit, sidan eg er så sløv å lage innlegg? Men det er visst ikkje slik det fungerer? Har aldri hatt så mange treff på ein dag på eitt innlegg. Det varmar hjertet mitt!


Klem
Elin

 

mandag 27. juni 2011

Juni på kjøkkenet



Sola går andre vegen igjen... Grunn til panikk? Eg likar alltid best stundene eg veit at ho klatrar i fjellsida ute i fjorden. Likar mindre når ho dreg seg tilbake... Og vi har jo nesten ikkje sett henne! Det har regna i ett sett sidan starten av mai, og det ser ikkje ut som om ho har tenkt å vise seg neste ti-dagersperiode heller? I staden for har meterologane hengt eit flomvarsel på meldingane... Skulle gjerne vist dokke ein ferdigpynta terrasse, og ei ferdig hagestove. Men det let vente på seg. Var ute og plukka ein peon i blomsterbedet, og oppdaga at det faktisk er 18 grader ute? Men så grått så grått... Då er det berre å tenne lys, finne fram uleste interiørblad, og NYTE ettermiddagen.






Rekved i vasar er lekker pynt på sommarstid, og gratis ;)



Ha ei fin fin veke!

Klem
Elin

lørdag 25. juni 2011

Uten glans?



For dette skulle vere den ultimate nedturdagen, då eg skulle innsjå at eg ikkje bloggar lenger, at eg ikkje befinn meg saman med alle dei andre bloggarane i Oslo, dagen då fortvilelsen skulle skylle over meg frå alle kantar... Gjer den det? Nei. For her har eg klart å senke skuldrane, og la livet flyte. Det føles veldig godt! Det er ikkje alltid at livet blir slik som ein trur. Men det ordner seg! Verkeleg. Så får det bli bloggtreff ein annan gong.Vi skal ein tur å sparke fotball med ungane no, rangle lenge, og berre kose oss. Kaste glans over våre eigne liv. Stråle. Slappe av... 


Bildet er frå siste reportasja mi.

Eg har det fint som eg har det!
Håper forresten at alle som
er i Oslo har det
kjempeflott!

Klem Elin :) 


søndag 19. juni 2011

Om tining av draumehjertet...



Av og til opplever ein ting i livet, som setter varige spor. I mitt tilfelle, har det vore mange triste opplevingar siste åra. Det gjer noko med ein; ein gløymer liksom kven ein er? Men eg brukar å seie, at eg er her, djupt inni meg ein stad, der finns eg enno. Eg er berre litt redd for å kome ut igjen... I går og i dag har eg møtt ei dame som tina opp ein del av desse harde forsvarsverka. Med mjuke tonar og ord, bevega ho meg veldig. Ho utstrålar positivitet, omsorg og varme. Eg snakkar om Helene Bøksle, som lillemor var så heldig å få kore for i kveld. Etter konserten, som var ei fantastisk reise i kjensler og ord, tok Helene seg tid til å ta bilder saman med lillemora vår. Også veldig flott gjort! 



Helene sang "Gabriela`s sang" til slutt, og eg trur det var ei tåre i dei fleste sine auger...

"Jag har aldrig glömt vem jag var

Jag har bara låtit det sova
Kanske hade jag inget val
Bara viljan att finnas kvar..."

Fann ingen god versjon med Helene Bøksle, men her er
originalen frå filmen, Så som i himmelen. 



Tusen takk for opplevinga Helene!

Ynskjer alle ei flott ny veke, takk for alle fine ord,
og takk til dei som legg seg til som følgjarar, sjølv om eg ikkje
bloggar så mykje. Her er ting på gang ;)


God klem!
Elin


fredag 17. juni 2011

Draumedag i eventyrhus ved Ålesund :)



Ville berre stikke innom og seie god helg, og vise nokre bilder frå min draumedag! Eg er i gang med ein serie med interiørreportasjer for Sunnmørsposten igjen. Og tema denne gongen blir sommarhus/hytter. Eg er så velsigna heldig å få jobbe med noko som eg synes er så kjekt! Og eg får stadig nye vener i området. Tenk å få bli kjent med så mange flotte menneske; som i tillegg elskar interiør! Gunn og Finn har vore supre, og tok utfordringa på strak arm når eg kom jumpande ned til huset deira for nokre veker sidan. Eg fall pladask for det vesle, raude huset ved vatnet. Gleder meg til å ferdigstille reportasja!






Vart superinspirert av å vere på denne flotte staden! Lekkert! Og sjekk lampen då... Eg har bestemt meg for å behalde min ;) Skulle gjerne hatt ein slik også! Ein draumedag er snart over, men fleire oppdrag med flotte opplevingar ventar! Heldige meg!


God helg!
Elin

onsdag 15. juni 2011

Vegglampen min, som viser seg å vere ein taklampe?



Jauda, det går an! Ikkje rart at han ikkje vil oppføre seg slik som eg vil :) Herlighet i Ålesund har ringt Madam Stoltz i dag, etter at eg klaga mi naud over lampen som ikkje ville halde skjermen oppe når eg drog han ut frå veggen... Dette er ein taklampe! Men eg har liksom bestemt meg for at det er ein vegglampe, så no har eg snakka med ein sveisekompis, om det er mogeleg å lodde stivt innerste leddet. Det er bedre å vere raualaus enn råalaus, sa mormor alltid. Altså meir sivilisert: (ser at det ikkje blir det uansett) Det er bedre å vere rumpeløs, enn rådløs. Til alle som har sendt mail; det kan finnast slike lampar ute hos Madam Stoltz forhandlarar i Norge. Men denne typen var i 2010 sortimentet. Eg tør likevel å påstå, at det kjem MASSE industrielt frå mange hold til hausten, så ha tolmod dersom du er på utkikk etter noko liknande. Eg trur at eg beheld den misforståtte lyskjelda? Har blitt så glad i den! 





Legg merke til at lysa passa AKKURAT i mine gjenbruksdingsar i krus frå høgspentmaster :)




Stor takk til folka hos Herlighet, som har ordna ut for meg i dag!


Skal prøve å blogge om noko anna ved neste høve!


Elin

  

tirsdag 14. juni 2011

Lampen har kome opp på veggen



Men eg er enno ikkje heilt sikker på om den fungerer som den skal? Har problemer med å stramme den, slik at den går an å dra ut? Den hallar veldig fort nedover. Har snakka med butikken, som er Herlighet i Ålesund, og dei ville ta den inn igjen dersom eg ikkje var fornøgd. God sørvis er alltid kjekt! Trur den må henge til i morgen, så får eg tenkje over saken.











Takk for alle fine kommentarar, det er godt å sjå at folk les Draumesidene, sjølv om eg har vore i dvale :) Prøver å gjere ein sving innom andre eg også, men eg må innrømme at det er lite blogglesing for tida. Prøver å vere ute og nyte sommaren, uansett vèr! I kveld skal eg vere fotballmamma, og resten av veka skjer det noko kvar kveld... Typiske junidagar, med andre ord. Ventar på eit ganske stort møbel som skal på plass i huset, ser ut som om det kjem i løpet av veka? ;) Grunn til meir blogging, altså! 


Klem
 Elin  

søndag 12. juni 2011

Gjenbruk av porselenshaldarar frå høgspentmast, og lekker lampe frå Madam Stoltz...



Og innlegg nummer 500... Med innlegga på Gamle Draumesidene, har eg publisert 779 innlegg. Det er no ein del linjer? Har vore på fjellet og plukka med meg gamle porselenshaldarar som har vore brukte i høgspentmaster. Like fine, etter ein tur i oppvaskmaskina, som når dei var nye :) Kan brukast til veldig mykje, deriblant blomstervase til herlege valmuer. Vi har framleis skodde og regn, byrjar å bli lei. Blomstrane i hagen fell saman, i staden for å stråle mot himmelen. Men : på kjøkkenet er ein ny lampe på vei opp på veggen; eg har leita etter ein slik lenge. Og då smiler eg litt og gløymer gråvèret ei stund :)






lampe frå Madam Stoltz

Er litt skeptisk til konstruksjonen av lampen; den er nesten litt for tung i skjermen til å halde seg oppe, og ikkje gi etter i ledda... Hmmm... Det blir litt vurdering her, før eg bestemmer meg heilt... Eg likar han i alle fall veldig godt! Her er fleire ting som skal få plass i heimen dei neste vekene, men det meste er gjenbruksting. Lenge leve billeg, kreativt interiør-krimskrams!


Nyt veka!

Klem,
Elin

fredag 10. juni 2011

Shopping til huset skapte bloggelyst :)


Det er no tross alt ein interiørblogg dette her, sjølv om det til tider meir kan minne om ei friluftsmesse ;) Har vore ein dag med tur i ulike butikkar, og eg vart veldig inspirert til å gjere ein innsats her heime igjen. Ikkje minst etter koseleg besøk hos Anne og Emmas Verden. Anne har utruleg mykje fint no, både av pynteting og klede. Så viss du er i området, ta deg ein sving innom henne midt i Langevåg sentrum. Trur det blir kopiering av veggane Anne har i butikken sin ute på hagestova, som ENDELEG skal bli ferdig. GLEDE! Ellers er eg i lampemodus, og leitar etter tøffe alternativ til ulike rom i huset. Problemet er berre at dei eksemplara eg fell for, nok ikkje passar saman med innhaldet på kontoen min... Men den som leitar... To nye puter vart det likevel hos Kremmerhuset, og to små lys i betonghaldarar frå Emmas Verden. Og sjølvsagt peonar. Den eine buketten avløysar den neste. Her er elendig vèr, men blomstrane
får fram sommarfølelsen på stova. 








Ynskjer alle ei fin Pinse!
Håper sola vil skine!


Elin
 

torsdag 2. juni 2011

Fyrverkeri og fjellklatring :)



Hei! Tusen takk for alle fine kommentarar, og helsingar via FB og mail. Eg synes det er kjempefint å kjenne forståelsen og varmen frå alle der ute. I dag oppdaga eg ein kommentar frå Mie, Mies mirakler, som gjorde inntrykk på meg. Ho hadde LINKA til eit innlegg, som ho trudde ville oppmuntre meg. Og eg vart både rørt og glad når eg las teksten til Firework av Katy Perry. Takk Mie! Det ho ikkje kunne vite, var at eg har hatt veldig god framgang siste vekene etter beinhard trening. Kroppen er meir på lag med meg, og eg kjenner meg sterkare. Eg har ein kjempeflink behandlar, som også jobber med å gi meg nye måtar å tenkje på. Eg prøver å bryte barrierer, som har bygd seg opp i løpet av dei siste åra. I kveld har eg gjort noko som eg har drøymt om lenge; eg har vore og klatra i ein fjellknaus i området. Eg kjenner meg så levande og sterk no etterpå, men også mørbanka her og der. Skreiv photo by Elin P, men det er jo mannen min som har tatt bilda :) Han har lært seg å bruke kameraet manuelt, og eg har klatra. Ein veldig innhaldsrik kveld med andre ord. Dette skal vi gjere oftare! Eit utradisjonelt innlegg i dag, eit hei og tusen takk frå meg! :)






Eg har det bra! Og kanskje kjem det eit interiørinnlegg igjen snart? ;)


Ha ein eventyrleg fredag!

Klem
Elin