...

lørdag 26. februar 2011

Pausemusikk...




Ein av mine yndlingssongar til alle dokke!


Eg ynskjer alle gode dagar framover,
eg kjem ikkje til å blogge så
mykje, men ingen grunn til
engstelse! Eg kjem
tilbake snart!

Kanskje blir eg med på
NIB`s utfordring
for mars?

Ha det fint!


torsdag 24. februar 2011

Draumetausa goes romantic! Pynta stålbord på stova :)



Eg håper bilda i dag gleder alle dokke som har sakna det
meir nostalgiske på Draumesidene :)












Oi, det vart mange bilder! Til og med gyngehesten fekk bli fotografert igjen. Han har vore i karantene,
etter å ha blitt overeksponert ein periode ;) Som dokke ser; eg har same tinga rundt meg
som før. Ingen ting vert bytta ut. Men det blir brukt på andre måtar, og
gjerne flytta på ein del titals gongar,
før eg KANSKJE
bestemmer
meg...


So long!
Nyt siste dagane av februar!
Eg blir borte ein periode frå bloggen...
Men plutseleg er eg tilbake!





Spisebord med metallplate, og svar på spm.



Er innom med litt info. i dag :) Tenkte at eg kunne svare på nokre spm. i eit innlegg, i staden for på mail. Kanskje fleire som lurer på det same. Spisebordet eg har fått laga meg er av eit gamalt bordunderstell. På toppen ligg ei tynn stålplate. Denne er kledd rundt ei bygningsplate, så NEI, den er ikkje så tung at bordet kan knekke saman :)




Stolen på forrige innlegg har sete og rygg i brun finèr. Difor er det ikkje rust, nei, og den kan fint brukast. Der var masse rust på beina, men det har eg fått bort.

Så har eg fått eit spørsmål som eg ikkje kan svare på. Kanskje nokon av dokke som les dette kan hjelpe til? Det er ei jente som lurer på kor mange treff ho kan forvente for dag, i forhald til antal følgjarar? Eg ANER ikkje? Men, eg har fleire følgjarar enn det som viser i ruta til venstre, fordi eg la ned første bloggen min for snart eitt år sidan. Då hadde eg 150 følgjarar. Disse vart med vidare, sjølv om dei ikkje la seg til på nytt. Før jul la mellom 10 og tjue seg til her på nytt etter bønn frå meg. Men eg TRUR at eg har bikka 400 følgjarar til saman no. Hadde ei opptelling før jul, med alfabetiserte lister :) Hi-hi! Men ein kan jo også vere skjult følgjar? Og ein kan lese ein blogg uten å vere følgjar i det heile tatt.

Det eg KAN svare på er at eg ikkje har hatt sånt sikkerhetsord under kommentarfeltet, og eg har aldri hatt problemer med spam. No har blogger eit eige filter i tillegg, som tek bort søppelpost, så JA eg anbefaler andre å gjere det same.

Eg brukar teljaren frå SUSNET for å halde styr på besøka mine. Denne fekk eg anbefalt av Anette (ho med huset), og eg er veldig fornøgd med tenestene deira. Ved å bruke denne teljaren, får du vite både unike treff (tel kun ein brukar ein gong for dag) og totale treff (alle som er innom også fleire gongar i løpet av eit døgn). Eg opplever av og til å ha nesten dobbelt så mange totale treff, som unike, så det blir ikkje "rett". Men bevares; dette må vere opp til kvar enkelt!

Golvet vårt er av furu, og er behandla med kvitpigmentert olje. Ein skal egentlig polere oljen ned i overflata, men eg lot den berre tørke. Prosjektet var dødsdømt frå målarbutikken vi brukte, men dette var på sommarstid, og det tørka ganske raskt. Overflata er difor glattare enn det som er vanleg. Men etter 12 år, bør vi finne på noko lurt. Golvet er veldig slitt!

Og til slutt; NEI eg får ikkje gratis ting av butikkar og leverandørar. Viss eg har laga eit innlegg om eit produkt, så er det fordi eg likar det godt! Eller at eg har fått flott service! Eg skal nok seie frå, viss ting forandrar seg. Eg ser imidlertid ikkje noko gale i at vi som bloggarar har noko tilbake, for å drive PR for produkt og butikkar. Men eg synes at det er greit at det kjem fram i bloggen, at der finns eit samarbeid. Forresten; eg lagar jo det meste sjølv for tida, så det er ikkje mykje handelsstanden tener på meg ;)

Då var spørjetimen over for i dag, håper det var greit at eg tok det felles! Berre kjekt med mailar og spørsmål, så bruk mailen min viss det er noko du lurer på. Prøver å svare tilbake!


Nyt torsdagen!




onsdag 23. februar 2011

Mitt siste funn - kjærleik ved første blikk...





Denne skulle kastast... Det var vel ei lukke at eg kom
forbi, og oppdaga herlegheita som låg i dungen :)
Han har ikkje fått ein fast plass i huset enno.
Må liksom bli kjend med
han først!

Takk for alle kommentarar,
det er lite blogging på meg om dagen.
Spørs om det blir ei pause snart. Brukar all energi
på å kome i form igjen. Så tilgje at eg ikkje
er rundt omkring for tida!




tirsdag 22. februar 2011

Mitt fargeglade prosjekt - i gang



Her er den trauste sunnmørstausa tilbake igjen :) Litt artig å høyre om reaksjonane på mitt sidemålsstunt... Det var faktisk ingen som ville at eg skulle fortsetje på bokmål? Og det var fint, så slepp eg å tvile på om nynorsken min er OK. Eg har vore og henta materialar i dag. Skal til på mitt STORE, fargeglade prosjekt, viss helsa er på mi side. Og det håper eg? Har funne ein fantastisk behandler, som har gjort underverk med problema mine med rygg og nakke på kort tid. Skummelt å prøve ut nye ting, men i dette tilfellet er eg SÅ glad for at eg kasta meg ut i det. Har ein slik god følelse av at ting kan bli bra fortare enn eg håpa på. Og det igjen betyr at eg kan få styre på med alt eg likar å bruke tid på. Dette gir meg energi og livslyst.



Det blir bygging, så mykje kan eg røpe. Og med desse herlege materialane, er det ikkje vanskeleg
å få gode idèar! Det er berre å finne fram drill og skruar.
Gleder meg!


Ha ein fin kveld!


Åtte sjokkerende (?) ting om meg, på bokmål!



Sidan eg har vore UHYRE sløv med awardar og utfordringar siste månedane, hiv eg meg på ei ny slik som eg har fått frå to puteglade karar i Trondhjems by :) Puter og korger rettare sagt. Keiserens nye trær er ein flott blogg, som eg fann for nokre veker sidan. Gode tekstar, og flotte bilder florerer i innlegga, heilt etter min smak! Tusen takk dokke to! :)

Utfordringa goes like this :

"Å motta en slik award forutsetter tre ting; (1) takke giveren av awarden og linke til bloggen, (2) fortelle åtte ting om seg selv, og (3) gi awarden videre til åtte andre bloggere man synes fortjener en ekstra oppmerksomhet"

Siden jeg velger å ikke oversette dette til bokmål denne gangen, fant jeg ut at jeg ville gjøre alt på sidemålet mitt. Rart? Har du tenkt over at du får et inntrykk av bloggeren, alt ettersom hvordan han/hun skriver? ;)

1. Jeg hadde best karakter i bokmål på skolen, faktisk seks på sidemålseksamen i niende klasse

2. Jeg er til vanlig en impulsiv sjel, som elsker å gjøre ting på litt andre måter, enn den store mengden

3. Jeg har en skribent i magen, som for tiden får utløp som freelancejournalist

4. Jeg har arbeidet med veldig mange ulike yrker, men vet enda ikke hva jeg "skal bli"

5. Jeg liker ting og uttrykk i huset, helt til andre i nærheten begynner å like det samme.
Da har jeg behov for å skifte stil...

6. Jeg har lagt alle flisene i huset vårt. Ganske mange faktisk... Har heldigvis hatt en god rygg i tidligere år

7. Jeg og andre i bygda mi, gav bort gratis sveler til alle hurtigrutene som traffikerte norgeskysten sesongen 2003,  og jeg tror jeg har en slags norgesrekord i å klatre i leidere i bunad? Også noen turistskip!
Bunadskledde damer med barn på vei ut til et cruiseskip :) Jeg sitter, og holder et godt tak i båten med ene hånden, og rundt lillemor med den andre! Vesla den gang ikke fylt 3 år... Gal i gjerningsøyeblikket? Prosjektet var et PR stunt, for å få oppmerksomhet rundt det vesle bygdesamfunnet vårt. Det fungerte!


8. Jeg er veldig takknemlig for alt jeg har gjort til nå i livet mitt, og er glad for de utradisjonelle valgene jeg har tatt. Og jeg har virkelig tenkt å komme meg på beina igjen, og sjokkere omgivelsene! :)

Og så var det spørsmålet om hvem som skal få utfordringen av meg?
Jeg gir denne til de nye bloggerene som har kommet til som leserer av Draumesidene siste ukene!
Og skriv gjerne en kommentar viss du tar den, så vil jeg garantert komme innom deg og se hva du svarte! :)


Var det rart å lese Draumesidene på bokmål? Der er noen som mener at jeg hadde hatt mange flere lesere dersom jeg blogget på denne måten. Og at enkelte blir provoserte av nynorsk, og synes det er slitsomt å lese. Og at folk får en viss oppfatning av meg, siden jeg ikke skriver på bokmål? Vi vil aldri finne ut om desse menneskene har rett, for heretter blir innleggene mine nemlig på nynorsk ;)



mandag 21. februar 2011

Gangen vår








Eg har utfordra meg sjølv i det siste til å ta bilder som viser litt meir av huset. Og i dag har eg leita etter motiv i gangen. For gamle lesarar er her ikkje så mykje nytt sidan februar i fjor. Då kom kassene og spegelen på plass. Den øverste kassa er frå EC Dahls bryggerier i Trondheim, med små bur oppi. Skulle ynskje at flaskene også stod der enno :) Veska er eit funn frå i vinter. Ikkje vakker, men det er noko med henne som eg likar? Noko som kanskje ikkje andre forstår. Men det får stå sin prøve. Eg ser av og til det vakre
i ting, som andre meiner er rot og søppel. Det fine her inne på bloggen, er at her er fleire som ser det same som meg ... Og veit du; det er stadig fleire som seier til meg at dei har fått opp augene for gjenbruk. Slikt gjer meg så glad! Vi har så uendeleg mykje rundt oss som kan brukast på nytt. Og eg er så glad kvar gong eg finn bloggar som gir inspirasjon til nytenking. Eg skal prøve å vere litt kreativ framover, og kanskje klare å dele av mine nyaste idèar. Men det går ikkje så fort her om dagen. Ting Tek Tid! Det er vel forresten ikkje så mange som har avispapirgardiner i gangen sin? Mine er tilogmed fora med gamle laken ;)


A house with a view...




Sånn i tilfelle nokon synes synd i meg... :) Det er ikkje så verst å vakne til dette synet dag etter dag!
Held på å lagar eit innlegg til i kveld, men tenkte at dette bildet MÅTTE få lov å
kome på bloggen! Sola har vore her i over ei veke, og vi
NYT henne! Men det er kaldt. Likevel, ingen
tvil om at livet er herleg i
slike omgivelsar!



søndag 20. februar 2011

Remington på kjøkkenet




Aller først: TUSEN TAKK igjen! Når eg skriv slike personlege innlegg som eg gjorde i går, tenkjer eg ikkje så mykje over kva responsen blir. Men når eg slo på pc`en i dag, vart eg så overvelda nok ein gong! Dokke behøv slett ikkje å leggje att SÅ mange kommentarar! Det har eg sagt før; det er OK å sjå på bilda mine, og forlate åstaden med godt samvet, UTEN å skrive noko i kommentarfeltet!

Helga vart slett ikkje slik som planlagt. I dag hadde eg ikkje så mange gode idèar om bilder til bloggen. Prosjektet mitt som eg så glad kunngjorde for nokre dagar sidan, er avhengig av hjelp frå andre. Eg håper eg er i gang i morgen. I dag er det dagen derpå; dagen etter at eg punkterte litt... Og det er faktisk lov innimellom! Fekk ein kommentar om at eg ikkje behøv å blogge kvar dag. DET veit eg. Men som eg skreiv i går, blogginga gjev meg overskot! Og eg gleder meg over både fotografering og skriving. Før hadde eg alltid to innlegg for dag, no har eg gått ned til eitt ;) Så eg er ikkje så hyper som eg var.

Bilda i dag er frå settebordet på kjøkkenet, som stadig skiftar uttrykk. Skrivemaskina har eg lånt av broren min, og eg synes ho er lekker! Herlege detaljar, og gjev ein touch av ei svunnen tid. Lampeskjermen er frå TineK Home, og er kvit. Eg har to slike på kjøkkenet. Den grå puta er frå same leverandør. Alt kjøpt hos ZanZ i Lillestrøm. Eg skal skjerpe meg framover og skrive meir om tinga eg viser. Eg er ikkje heilt van med å ha eit så stort publikum, men ser av mailane som kjem at det er mykje alle dokke der ute lurer på! Prøver å svare etter kvart, men skal også bli flinkare med info, i innlegga mine!

Fruktkassa under bordet er på veg opp på loftet, men eg kunne hatt slike i alle rom. Så vakre, men også praktiske! Kjekt at så mange fekk med seg utsalget på Plantasjen i Ålesund! Tenkjer at personalet der var forundra over kor raskt dei forsvann :) Sånn er det når interiørblogg-jungeltelegrafen setter i gang!


Eg vil ynskje alle ein fin kveld, og ei vakker, ny veke! Eg skal trene masse, og har sett meg nye mål for kvar dag som kjem.

Oppdaga dette diktet frå Bodil etter at eg posta dette innlegget, og det var så fint, at eg legg det til her nederst!

"Gi meg et smil når jeg sturer,og hjertet er nakent og bart.
Trøst meg når mismotet lurer,og alt kjennes håpløst og svart.
Hold meg når tårene sprenger,og intet kan stanse dem.
Vær da den vennen jeg trenger,
til lyset igjen når frem"

TUSEN takk!





lørdag 19. februar 2011

Stjerner på himmelen min





Eg føler veldig for å takke i kveld. Det er ein månad sidan bloggen min passerte 100.000 unike treff. Eg er ikkje sikker på kor mange følgjarar her var då, men her er mange som har kome til siste fire vekene. Velkomne til Draumesidene! Eg har nok ikkje fått besøkt alle enno. Det har vore ei veldig turbulent tid for meg. Det har vore beintøffe veker med smerter og tårer. Eg bestemte meg imidlertid for at eg IKKJE skulle gi opp blogginga. Og så stiller alle dokke opp, med støtte og gode ord... 

Eg leste eit innlegg hos At home with Nina i går, der ho viser til eit innlegg hos NIB med same tema. Korleis interiør og blogging kan fungere som ein oppbyggjande aktivitet når ein ikkje har det så bra. Dette føler eg også sterkt. Det er noko med å tenkje på andre ting enn det som er vondt og trasig. Det vere seg psykiske eller fysiske problem. Ofte heng jo dette saman, og er to sider av same sak. Eg har i alle fall så mykje å takke alle der ute for, som eg har sagt før, det er som å ha ein heiagjeng på sidelinja som ropar meg framover. Eg kjem aldri til å skrive om korleis eg egentlig har det. Eg kjem aldri til å gråte åpenlyst her inne. Eg er nemleg ingen superhelt som taklar alt mogeleg, slik som det sikkert kan synes etter det eg velger å skrive om. Husk på at dette er Draumeverda mi! Her vil eg at alt skal vere så bra som mogeleg!

I dag er den dagen eg ikkje ser for meg at eg skal fortsetje å blogge. Det er ein slik dag der ein har fått så mykje krefter, at ein kikar seg over skuldra, og ser kor trasig alt har vore siste tida. Og det er vondt. Eg veit våren ventar der framme ein stad, og eg veit at eg berre må stå på for å kome meg vidare. Men det er slett ikkje enkelt. Så håper eg at dagen i morgen er bedre, og at dei lyse og lette tankane kjem tilbake, slik at eg kan smile og vere kreativ igjen.

Eg skriv dette i kveld, fordi eg vil takke ALLE som er innom, og ikkje minst alle som legg att fine kommentarar og sender mailar. For meg er dokke stjerner på himmelen min!


Takk for all støtte!




fredag 18. februar 2011

"Nytt" kjøkken :)









Benkeplata er stavlimt bøk, behandla med kvitpigmentert olje.
Lampeskjermen er frå TineK.



Med desse bilda frå mitt "nye" kjøkken,
vil eg ynskje alle ei
GOD HELG!



torsdag 17. februar 2011

Meir nytt på lillebror sitt rom








Og i ettermiddag fekk eg ein supergod idè! Ein Elin-idè.
Ganske utradisjonell, og så hadde eg alt eg behøvde til å gjennomføre
genistreken i næraste omegn. Ja, eg brukar å vere hemmelighetsfull. Det er fordi
at eg har erfart at ein slik idè blir best, dersom eg rotar han rundt inni mitt eige hovud, før
eg deler han med andre. Men eg vil SJØLVSAGT vise fram det ferdige resultatet her inne på bloggen!


Stikkord: FARGERIKT!