Har tenkt ein del i det siste. På ferda mi som interiørbloggar. Frå ny og uerfaren hausten 2009, til "pensjonert frue" i 2012. For det kjennes litt slik. Har vore litt rundt på bloggar som er nyare og i vinden, og ser kommenteringa og entusiasmen lyse mot meg. Og eg er misunneleg. Huskar godt når eg sjølv sprudla over av kreativitet, og sprang rundt med kameraet og knipsa hundre bilder i døgnet. Store delar av kveldane brukte eg til å gjenkommentere til alle som hadde vore innom meg. I tillegg til at eg var innom med nokre ord til alle som eg beundra stort, men som aldri skreiv tilbake til meg...
No er situasjonen ein heilt annan. Eg bloggar enno, men det blir på ein annan måte. Det er kjekt å poste bilder og litt tekst, prøve å bli bedre både på fotografering og layout; eg lærer dagleg. Men kommenteringa mi har nesten stoppa opp, ikkje for at eg er sær og har primadonnanykkar, men fordi eg ikkje har energi til det. Eg har snakka med fleire andre som var "høgt oppe" for nokre år sidan, og dei har det heldigvis på same måten. Eg trur det er naturleg? Og det kjem stadig nye bloggar, eg har fullstendig mista oversikta.
Så no forstår eg så veldig godt dei bloggarane som ikkje kom innom meg med nokre ord då eg var i startfasen. Det var nok aldri gale meint; dei hadde rett og slett ikkje overskot og oversikt nok til å gjere det. Eg har fått mailar frå bloggarar som vil at eg skal leggje dei til i bloggrollen min, og at eg skal vere med på GiveAways. Prinsipielt er eg imot dette. Gjenbesøk skjer ganske ofte sjølv for meg, gjerne via ein kommentar hos meg, og dei som tiltalar meg legg eg til i lista mi. Byrjar eg å lese dei fast, legg eg dei etter kvart til i bloggrollen min. Det er eit strev å sanke følgjarar og lesarar. Det finns få snarvegar. I alle fall slik mi reise har vore.
Eg har lite kontakt med andre bloggarar i forhald til før. Men dei venskapa som har oppstått er der, og det kjennes veldig fint. Enkelte jenter har forsvunne langsmed, slutta å blogge, slutta å kommentere, blitt borte for meg. Saknar fleire av desse. Kanskje er dei innom enno?
Eg har fått mange gode råd siste mnd. frå andre røynde bloggedamer, om å ikkje bry meg om at lesartala stupte medan eg var sjuk, og at antal kommentarar ikkje er så viktig, eit innlegg kan vere bra for det. Jauda, eg er med. Men føles det ikkje som ein mislukkast når slikt skjer? Sånn heilt ærleg? Trøysta mi har blitt å tenkje, at bloggar i stadig større grad fungerar som sosiale inspirasjonsstadar, der du ikkje behøver å leggje att noko av deg sjølv. For det må du ikkje. Det er fullt lovleg å supe til deg inntrykk på ein blogg, og suse vidare. Det må bloggaren akseptere. Men viss du vil gi næring til inspirasjonskildene dine, så gjer du det enkelt med å leggje att ein kommentar. Det føles alltid fint å få positiv feedback! Ikkje minst viss bloggaren er ny, då er det ekstra viktig!
Vel, eg er som sagt på veg inn i "pensjonstilværet" her inne. Det er noko med å finne roa, blogge når ein kjenner for det, og ganske enkelt klare å gi blaffen i kven og kor mange som er innom, og kven som elegant fyk vidare til neste blogg. Eg er ikkje så god på det enno, men eg håper å finne denne roa i framtida.
So I`ll keep calm,
and carry on!
Elin
NB! Eg veit at mange har blogga myyykje lenger enn meg!
Dette er berre mine tankar om prosessen.