...

lørdag 22. oktober 2011

Kjøkkendetaljar











Vinteren som var innom trekkjer seg tilbake, vèrvarsla er fantastiske...
Den grøne basilikumen gjev kjensle av sommar... I alle fall
haust lenge enno... og til deg som lurte, finn ingen
merke på boksane om kven som er
leverandør? Skal sjekke.
Dei små metallskålene
er frå Madam
Stoltz.

Fann det ut : boksane er også frå Madam Stoltz :)


Laurdagen blir travel, familiemiddag
med 11 rundt kjøkkenbordet.
Men aller først ein lang
tur til fjellet...


Nyt din dag!

Elin


fredag 21. oktober 2011

Lullabye...




Eg har hatt besøk igjen av tinybittelille Ronja, som viste seg å ha blitt ei større jente i løpet av siste veka. Heile 14 dagar gamal, og forandra sidan sist fredag? Eg blir både tankefull og ikkje minst mjuk innvendig av å studere babyar på nært hald. Har fått fleire henvendelsar om babyfotografering, men det er faktisk ganske slitsomt og intenst? Fekk nokre kommentarar sist om at ein baby er fin sjølv om han ikkje søv. SJØLVSAGT er dei det! Nydelege uansett. Men det er noko magisk med eit sovande barn. Morfaren min brukte visst å seie, at borna var finast når dei søv... Han brukte å stille seg inn til senga deira, og nyte synet i ro og mak. Morfar var født i 1899, så han var av ein litt anna årgang enn dei fedrene som styrar på i dag. Var visst eit program på tv også ein kveld, om at det gav assosiasjonar til triste ting når ein tok slike bilder. Dette får bli opp til kvar enkelt. Eg synes slike bilder er vakre.








Fredfull, harmonisk, lukkeleg, roleg...
VAKKER!


God helg!


Elin


Lyst på ein godnattsang til bilda? Trykk på siste sangen
på spelelista mi til venstre i margen ;)


Bring nature in...








Ingen tvil om at eg er hekta på naturmaterialer. Og kjekt at ein kan
plukke med seg ting frå naturen... Du kan bruke pinnar av ulike
slag til å lage slike stjerner. Ser at det er fleire i
bloggfellesskapet som lagar sine eigne
stjerner. Kjekt! :) Og no er det
like før lerka mister
nålene sine...




Elin

torsdag 20. oktober 2011

Vinterkjøkken, snart november :)



Eg var og handla i går... Viss nokon trudde at eg var så snusfornuftig at eg hadde slutta med slikt; så er det FEIL! Kunne ha shoppa for 100.000 på ein dag, viss eg var i rette butikkane. Blir faktisk varm i hovudet av å tenkje på alt eg ynskjer meg... Men DET gjer eg altså ikkje. Men LITT ;) Visste at eg kom til å knekkje saman hos Herlighet når eg skulle innom med adressa til Elin som vann pute derifrå. Eg hadde tatt nokre bilder sist eg var der, og studert ein del ting til kjøkkenet. Eg vart i tillegg veldig inspirert av deira veldig diskrè "julebord", som inneheld ting til førjulstid og desember. Hadde same kjensla når eg kom innom Indiska etterpå. Forstår jo at butikkane vil setje fram ting til fristelse og inspirasjon? Vel; det enda med at eg kjøpte nokre småsaker. Boksar til kjøkkenbenken, nye serviettar, ei zinkstjerne med grå og kvitruta sløyfe (vinter for meg, ikkje jul)... Og litt til. I dag er det ryddedag i heimen, har flytta fredagsdugnad til torsdag i det siste, synes det er mykje kjekkare å vere ferdig med hussyslar når fredagen er her. No skal det nevnast at eg ikkje er halvferdig i skrivande stund. Men eg fekk lyst til å ta bilder, og då gjorde eg det. Ute snøvar det heilt ned til fjorden, eg høyrer på Odd Nordstoga, og fyrer i peisen. Det er snart vinter.















Eg vil takke alle som tok seg tid til å lese, og gi kommentar på innlegget under. Eg veit at det er nok dei mest trufaste lesarane av Draumesidene som fekk med seg dette. Eg vart veldig rørt og glad av å lese det som stod i dei flotte helsingane... Eg innsåg også at dette er mykje meir enn ein interiørblogg for meg, men tydelegvis også for andre. Dette gjev ein veldig god følelse. Som å bli løfta opp av englar, beskreiv eg det til dei rundt meg her. Å ha så fine folk på nett... Beste medisin og inspirasjon som finnast!



STØRSTE klemmen!


Elin


tirsdag 18. oktober 2011

Draumesidene - the story



Denne bloggen vart oppstarta i juni 2009. Eg hadde vore sjukmeld sidan januar 2008. Eg hadde ein svikt i levra mi, fekk ein blackout, og landa på fjeset i badgolvet. Etter kvart fekk eg påvist ein prolaps i nakken, og to nede i korsryggen. I tillegg var eg gjennom nokre operasjonar av andre årsaker, livet var veldig tøft å leve. Familien vår vart ramma av sorg fleire gongar på kort tid. Minstemann var to år. Eg hadde ingen arbeidsgivar lengre, og difor ingen stad å drive jobbtrening. NAV foreslo forskjelleg, men eg synes alt høyrdes skummelt og krevjande ut. Veninna mi Marianne hadde byrja å blogge, og dette var eg litt nysgjerrig på? NAV synes dette var ein god idè, og oppfordra meg til å setje i gang. Prøve å skrive og ta bilder fleire gongar i veka. Kome i siget igjen. Starten på Draumesidene gjekk i slow motion kan ein seie. Eg kunne ingenting om HTML, om redigering eller noko som helst når eg tenkjer meg om. Det vart ikkje så mange innlegg for å seie det slik. Eg fekk meg speilreflekskamera med mannen og borna til bryllupsdagen denne sommaren, men det hjalp heller ikkje... ;) Ut på hausten løsna det litt, og eg forstod litt meir her inne på blogger. I slutten av september åpna eg opp for verda, og huskar at eg var veldig nervøs og spent.
Kunne nokon finne min blogg verd å lese?

Eg trur eg hadde eit anna navn i starten, huskar ikkje heilt. Men valget fall til slutt på Draumesidene, og eg var fast bestemt på å skrive på nynorsk. Eg hadde ingen flying start, det har vore ein enorm jobb å opparbeide seg lesarar, eg blogga nesten dagleg første året. Eg har aldri forstått meg på korleis ein brukar desse sidene der ein kan drive pr for seg sjølv, og er så bedageleg anlagt, at eg ikkje gidd å stresse med det heller. Eg har takka konsekvent nei til intervju og artiklar i aviser her i området, og halde på anonymiteten min. Det er klart at mange no veit kven eg er, kvar eg bur osv. Men det kjennes OK å ha det slik som no.

DRAUMESIDENE - eg hadde ein draum om å få bli frisk igjen. Sleppe smerter og triste tankar. Slik starta det. Etter kvart fekk eg evna til å drøyme om at eg kanskje kunne gjere ein forskjell for andre også. Eg sette meg som mål å bli flinkare å ta bilder, og prøve å vere nyskapande og kreativ slik at andre også sette i gang draumeprosessen sin. Interiørmessig først og fremst, men med ein undertone slik at lesarane også skulle forstå at ein sjølv må tru at ein er god nok. Det handlar ikkje om kor dyre ting ein kjøper, eller kor stort hus ein har. Det handlar om å skape noko som er sitt eige. Med sitt eige særpreg.

I mars 2009 storma det veldig rundt meg igjen. Eg sletta bloggen min, med 150 følgjarar. Og angra etterpå. Eg oppretta nye Draumesidene, og bad alle om å leggje seg til i lista mi igjen. Uff, eg angrar enno, hadde vore superfint å ha dei 100 som forsvann på følgjarlista mi i dag. Men mange la seg til igjen, og nye kom til heile tida. Det var litt som å byrje på nytt, men i ettertid ser eg at det kanskje var ei meining med det? Eg er i alle fall veldig glad for at eg ikkje gav opp! Det har vore ei flott reise. Eg har posta 899 innlegg. Eg runda 100.000 lesarar i januar 2011, og sjølv om eg har hatt lengre pauser, og blogga mykje mindre, kom det jammen 100.000 til i løpet av dei neste ni månedane. Eg kan takke andre bloggarar for dette. Ikkje minst Emmeline, som la meg til i bloggrollen sin for snart eitt år sidan. Det er slike ting som gjev blogginga eit løft, at andre hjelper til innimellom, slik at ein får større vingar å flyge med. Eg ser sjølvsagt at eg kunne ha fått fleire følgjarar ved hjelp av GiveAwayen som akkurat er avslutta. Men det er noko som held igjen. Det er kjekkast når folk legg seg til i lista av andre årsaker.

Som eg har nevnt før, det er kanskje litt fy-fy å innrømme at ein vil ha mange lesarar, og følgjarar? Ein skal blogge for sin eigen del, så klart. Men eg synes det er kjempestas å sjå at den jobben ein gjer blir lest og likt av fleire. For det er jobb. Uten lønn. Dei som er smarte og flinke nok, kan nok tjene pengar på det. Men eg gjer ikkje det. Ein bør ha reklame og avtalar som gjev inntekter, viss ein skal blogge i stor stil. For det tek MASSE tid! Eg likar ikkje at somme snakkar negativt om bloggarar som prøver å gjere ein leveveg ut av arbeidet sitt her inne. Slikt må då kome av sjalusi? Dei aller fleste har ein blogg for "sin eigen del", og trives kjempegodt med det. Får nye vener med same interesser, og har eit flott sosialt nettverk å finne inspirasjon og smil i når ein stikk innom. Også trøst innimellom, viss ein tør å blogge om at livet går ein imot... Det er viktig å akseptere at vi alle har ulike tankar og mål med blogginga vår.


 Ved hjelp av ein ny behandlar, har eg fått eit "nytt" liv siste månedane, og eg klarer å sjå opp på stjernehimmelen kveldane uten å svimle. Tenk på det! :) Ein må ta vare på alle framsteg, sjølv om dei er ørsmå. Eg har kome i gang med jobbing igjen, takka vere bloggen min. Eg har skapt meg eit kontaktnett, og blitt sett av menneske som vil gi meg ein sjanse. Draumane mine vart verkelege! Du skal aldri undervurdere tanken si kraft, ei heller undervurdere deg sjølv. I mitt tilfelle er utfordringa å vere tolmodig nok i framtida og å ta tida til hjelp. Eg vil så mykje etter alle desse åra, men må enno spare på kruttet når eg er i gang. Fallhøgda er enno stor. Men eg er i gang.


Takk til alle som har vore der for meg!
De anar ikkje kva krefter de har gitt meg!
Eg er så kjempetakknemleg for alt Draumesidene har gitt
meg, og for den kreativiteten som kom fram igjen etter år med sjukdom
og tristheit. Eg veit ikkje enno kvar vegen går. Eg har fått nokre
tilbod i det siste som eg må vurdere. Eg håper at eg
finn ut korleis eg vil bruke tid og krefter vidare.



TAKK!


Elin 

mandag 17. oktober 2011

Holy Macaroni, the winners are:


TROMMEVIRVEL.....

Sjal frå Emmas Verden : Vakre Augeblikk

Røykjelse frå Indiska : Julies drømmehjørne

Bok frå Karisma Interiør : Mine diller

Pute frå Herlighet : Elins drømmer

Leike frå Bella Rosa : Hverdagsliv

Rådyr frå Kremmerhuset : Nina A Andersen

Pute frå Mille Fleurs : My Home is My Castle

To koppar og tørkehandkle frå LiveIn : Made by Molla

Bok frå Slettvoll : Landlige Hjem

I tillegg har eg allereie delt ut eit forklede frå Red Shoe til Pias Verden


Send meg ei postadresse på mail : draumetausa@gmail.com



Veldig kjekt at Random Org plukka ut både kjende og ukjende navn. Ingen frå facebookpåmeldinga kom med, kanskje neste gong? :) Det har vore nokre fine veker, og med 217 deltakarar, har eg fått nytt innblikk i kven alle lesarane mine er. Då er det på tide å gå tilbake til normalen. Eg hadde faktisk planlagt å avslutte Draumesidene mine i dag. Tenkte det var ein flott måte å gjere sorti på.
 Men eg får sjå kva som skjer framover?

Eg vil igjen takke alle butikkane som har gitt meg
så fine premiar til GiveAwayen!


Elin

søndag 16. oktober 2011

Snart mamma...



Og for ein måte å bli mamma på for første gang! :) To små jenter kjem snart til verda, og spenninga er stor. Eg har aldri tatt bilder av ein veksande mage før, og eg var veldig spent på fotoshooten. Spontant og optimistisk foreslått på laurdag, og utført dagen etter. Det gav absolutt meirsmak! Mammaen ville gjerne ha utradisjonelle bilder, ikkje så lett synes eg? Men eg har vel aldri sett ein mage med DYMOskrift, så det håper eg var min idè? Kjempekjekt å få forevige deg og jentene dine Kristine!




Mammaen fekk sjølvsagt med seg helsinga
frå dei små på eit ark som minne ;)


Elin

  

Presentasjon av siste premien før trekning!




Då var vi komne til vegs ende i presentasjon av premiar :) Eg skal innrømme at eg såg litt svart på dagane som skulle kome sist søndag, for forma har vore laber. Men eg er superstolt over å ha laga så mange innlegg likevel, og fått vist fram alle fiiine premiar som dokke der ute kan vinne! Nesten godt med ein pause i interiørinnlegga, kjekt å gjere andre ting innimellom :)

Dagens premie er frå Bella Rosa, ein interiørbutikk i Stordal i Storfjorden, innanfor Ålesund. Ursula har eit variert utval av interiør og pynteting, tenkte å vise dokke meir frå butikken hennar ein annan dag. Men ho har massevis av fine leiker. Difor hadde ho lyst å gi vekk to dingsar frå HABA. Eg kan rett og slett ikkje finne navn på dei? Det nærmaste eg kjem er smokkehaldar, og drage-i-ringar-leike?

Lat oss heller prøve med eit beskrivande bilde! :)


Ursula held ope på ondagar, fredagar og laurdagar,
for meir informasjon kan du
ringe tlf. 41369038.

Teljaren bikkar nok 200.000 unike treff i morgon ein gong?
Eg trekkjer GiveAwayen med Random.Org. etter dette.
Håper at du har meldt deg på? Eg ville GJERNE ha vore med på denne trekninga!
Mannen i huset lurte på om han kunne melde seg på, men han var litt
for mykje i familie fann vi ut ;) Det vart også foreslått dekknavn,
men vi får klare oss utan vinnarsjansar denne gongen :)


SISTE SJANSE TIL Å VINNE FLOTTE TING!
TRYKK HER FOR Å MELDE DEG PÅ
MED EIN KOMMENTAR!


Elin

NB! Du finn presentasjon av alle premiane viss du scrollar
deg nedover innlegga mine siste veka!


lørdag 15. oktober 2011

Gi bort på rett :) PIA I love Your Blog!



Kven har lese bloggen min så lenge, at dei huskar vesle Alva? Eg hadde ei flott
stund sist haust saman med jenta med englehåret... Og mammaen som syr klede av gamle gardiner og dukar :) Gry Annette har tatt sats, og modig starta sitt eige firma, RED SHOE. Trykk på linken bak her for å sjå fleire ting Gry har sydd, og kanskje du vil følgje med vidare på Facebook?  Syerska skulle vel vere right on time med designet sitt, med bl.a. gjenbruk og friske fargar og mønster frå 70-talet? Ho syr også andre typar klede på bestilling, men eg trur ho er absolutt lykkelegast når ho får omgje seg med mønster og fargar? Eg har fått eit flott forklede størrelse 2-3 år. Det er mogeleg å bruke det på begge sider, med hovedfargane blå og raud, til den nette sum av 799,-kr. 

Så til det kjekkaste. Gry vil at eg skal gi det til ein medbloggar som betyr mykje for meg. Som kan bli glad for det. Som likar stilen. Som kanskje har ei jente som kan bruke det? Og veit dokke; dette var kjempeenkelt! Eg visste med ein gong kven eg ville gi det til! Det er ei dame som faktisk berga Draumesidene mine i sommar. Utan at ho veit om det. Eg var så nær å slette alt eg hadde gjort, men jevne besøk frå denne supre jenta fekk meg til å føle at eg kanskje hadde noko å fare med? Det er veldig mange som fortener ei gåve frå meg, berre så det er sagt. Men PIA; eg elskar bloggen din, eg må alltid få med meg innlegga dine, og du har fått meg til å tø opp bloggmessig etter år med problem og deppetilstandar. Ironien og humoren din får meg til å smile, sjølv på drittdagar med smerter og følelsen av at eg vil gi opp. Og ikkje minst; TAKK for at du stikk innom med fine kommentarar, dei betyr enormt for meg! Og så til det mest avgjerande : minstejenta di må då kle dette forkleet veldig? :)




Det har jevne kantar, det er berre eg som har prøvd meg på litt utklipping
 i PhotoShop ein laurdagskveld, med eit halvt auge på tv`en :)


Eg håper gåva fell i smak,
eg treng ei adresse i mailboksen min Pia!
Keep Up the Good Work!


Elin

Innlegget frå i fjor, kan du sjå HER!


Et barn er et lite menneske...






Ronja på 7 dagar... Observerande og nysgjerrig på livet...

Mitt bidrag hos Øyeblikk



Elin

fredag 14. oktober 2011

Skjønne Mille Fleurs er også med på GiBort`n :)



Vil vi ha fleire premiar på GiveAwayen, eller GiBort`n?
Jaaaaaaa! :) Neste butikk ut er Mille Fleurs i Ålesund by. Susanne er eit ganske nytt bekjentskap for meg, men eg elskar den vesle, stemningsfulle blomsterbutikken hennar nær torget i byen. Ho har blant anna tatt inn Corokia Cotoneaster, og har nokre nydelege eksemplar igjen :) Noko av det Susanne kan vise til, er at ho er ein av få som selger urnene til Ampholia-anduze i Norge. Du ser dei på første bildet under her. For meir informasjon, trykk på linken over her! Ho har mest blomster, men har lyst til å ta inn meir interiør framover. Ein god idè synes eg, fordi blomster og interiør framhevar det beste i begge kategoriar.










Og kjekke Susanne vil sende denne herlege puta med dunfyll til ein heldig vinnar!
Har du ikkje meldt deg på trekninga mi??? Det er ikkje for seint!
Teljaren nærmer seg 200.000, men eg trekkjer ikkje før om nokre dagar,
så skriv ein kommentar HER og bli med! :)



Elin

Fredag med eit himmelsk under...



Det er av og til godt å gjere heilt andre ting enn det ein gjer til vanleg. Og det er ikkje så ofte eg får halde eit nyfødd nurk på 7 dagar i armane mine... Nydelege, vesle, perfekte og knusegode Ronja stal hjertet mitt frå første augeblikk. Nystrikka huer og kanindrakt som mi flinke syster har laga, låg klar i studioet mitt (les:soverommet) ;) og alt var klart til mange bilder. Men vi hadde liksom tenkt at vesla skulle sove litt? Men det hadde ikkje prinsessa tenkt... Ho held seg vaken i samfulle tre timar, med masse pupping, og tre vaksne med heiteslag, fordi romtemperaturen var akkurat passeleg for ein naken liten baby. Snill og VELDIG vaken som sagt. Nysgjerrig på livet, og alt lyset i rommet. Har høyrt rykter om at ho sovna som ein stein i bilen heim, og søv enno. Vi prøver på nytt om ei tid, viss mammaen vil.




Takk for at eg fekk lov til å låne
ein slik liten, vakker modell!

God helg til alle!


Elin

Lyst til å sjå herlege babybilder? Gå inn på bloggen
DRØMMEFABRIKKEN! Ein av mine favorittar,
og til enorm inspirasjon!

torsdag 13. oktober 2011

Min tolix er drapert med...




neste flotte gevinst! Og her har eg eit problem... Har sikla på slike skjerf hos Emmas verden sidan i vår... Som eg skreiv i går, har eg lyst å behalde alle premiane her hos meg, eller i alle fall melde på meg sjølv i GiveAwayen ;) Men som vi lærte då vi var små : den største gleda du kan ha, er å gjere ANDRE glad! Og denne premien til 699 kroner, må vel falle i smak hos mange?















Så viss du har lyst på dette herlege skjerfet frå Beck Söndergaard , kan det lønne seg å gå inn på dette
innlegget HER og leggje att ein kommentar :)

Emmas Verden er nok den butikken som har blitt skrevet mest om i løpet av desse to åra med Draumesidene. Eg vart kjend med flotte Anne då eg fann bloggen hennar hausten 2009. Anne flytta lokaler for litt sidan, og du finn henne no midt i sentrum av Langevåg ved Rema 1000. Det er fort gjort å svippe ut dit viss du er på Moa. Og vel verdt turen! Anne har i tillegg til interiør, tatt inn mykje flotte klede, og butikken er smakfullt innreidd og svært inspirerande! Du kan bli ven med Emmas Verden på
Facebook ved å gå inn HER!


Eg er så uendeleg takksam for alle desse flotte premiane
som ulike butikkar og menneska der har gitt meg!
TUSEN TAKK for all velvilje og
gavmildheit!


Elin


onsdag 12. oktober 2011

Fantastisk premie frå Herlighet!



Eg er jammen glad at butikken Herlighet ville sende denne premien frå butikken til ein heldig vinnar, for eg hadde garantert ALDRI fått meg til å sende denne ut av huset mitt, viss den først hadde kome inn...





Moa/Ålesund

Sjå her kva du kan vinne!







Ei NYDELEG pute frå ByNord, ein av mine favorittar!
Du kan sjølv velge mellom dei tre motiva
over her. Lovely! :) Herlighet har
også blogg, den finn du HER!

Ikkje nok med det, eg har fått to til fiiine premiar i dag. Dei skal eg vise i morgen,
treng litt dagslys for å forevige dei først!

Lyst å vere med på trekning?
Trykk HER

Dei andre premiane kan du sjå HER


Elin


tirsdag 11. oktober 2011

Yndlingsdøra mi!


I nabobygda mi er der ei turkis dør... Eg køyrer forbi huset kvar veke til og frå behandling. I går stoppa eg for å studere herlegheita, og i dag ringte eg eigarane og spurde om lov til å ta bilder. Der er ei hoveddør som også er uendeleg vakker i same farge, men eg fann denne på baksida som eg synes var svært sjarmerande... Har lagt inn søknad om å bli fadder, dersom dei skal fjerne den ;)

Dette er eit bilde som symboliserer tida eg har har hatt med Draumesidene.
Eit slags jubileumsbilde? Slete og turkis.



Ja,ja. Det var no mi meinig! :)


GiveAwayen min har ingen tidsfrist, litt fordi eg ikkje har kontroll over
alle premiane enno. Men du kan godt melde deg på viss du ikkje er med allereie?
Har fått nokre påmeldingar på facebook sida mi. Denne er ikkje link til her inne, rett og slett fordi eg ikkje har gått ut med fullt navn på bloggen min. Har ikkje ynskje om dette.
Føles greit å berre vere Elin her innè?


Viss du vil vere med, finn du innlegget med påmelding HER!


Har ei litt vond veke, må bruke krefter og energi på andre ting enn blogging.
Men eg kjem sterkare tilbake :)


Elin



mandag 10. oktober 2011

Festbord til ære for toåringen min! :)



Jaudå, dei merker bloggjubilèet dei eg bur saman med også. Men eg trur ikkje dei har noko imot det? I alle fall ikkje middag i hagestova i går, etter at baksten var unnagjort. Det var litt merkeleg å grille i oktober, med snøv på fjelltoppane over fjorden... Men du VERDEN så godt!!! På menyen stod kylling, marinert med Elin sin heimelaga marinade, ris, herleg saus og ein salat som det går gjetord om i etterkant... Med graskarkjernar, slike som eg hadde i rundstykka. Kjempesunne viss ein kan stole på veninna mi Eva? ;) Og etterpå vart det biltur i regnkavane, med kjøp av is på bensinstasjonen. Der ER lov å late som om det framleis er sommar!















Takk til alle som vil vere med på
Overvelda!



Elin



søndag 9. oktober 2011

Bakst med inspirasjon frå Interiørmagasinet, styla på hagestova



Endeleg bilder av muslibollar med hakka svisker og aprikos :)
Veldig gode, også nokre dagar etter status som ferske! Min favoritt er nok med smør og brunost.
Eg bytta ut foreslått mjøl med speltvariantane. Du finn oppskrifta HER og i siste utgåve av Interiørmagasinet.Som eg skreiv ein annan dag, leverandøren Affari anbefalte IKKJE bruk av krukkene i steikeovnen, men eg har ein tendens til å gjere ting eg ikkje har lov til... Trassalder i staden for 40-årskrise antageleg... Det gjekk imidlertid heilt fint! :) Eg bygde opp med aluminiumsfolie i botnen, og fora krukkene med bakepapir. Lett å fjerne, eller ha på som pynt også etter steiking.






ANBEFALAST PÅ DET VARMASTE!


ADVARSEL : Filosofering på gang...

Så over til noko heilt anna. Eg er så glad for alle helsingane eg har fått siste dagane i forbindelse med jubileum og GiveAway. Ei av dei inneheld orda flott og ærleg. Slikt gjer inntrykk på meg... Men er eg ærleg? Kanskje av og til. Men det meste av tida er Draumesidene ein stad eg har fri frå livet sine problem og bekymringar. Av og til ein stad tilsynelatande full av smilande menneske som snakkar til meg, andre gongar ein stad der eg kjenner meg litt åleine? Det er jo store debattar rundt dette å vere sosial på ulike nettstadar. Eg hadde kanskje fnyst av det for nokre år sidan, men eg ser at dette er noko eg har blitt veldig avhengig av. Og i desse samanhengane treng ein tovegskommunikasjon for å føle seg sett.

Eg misunner dei som bur i områder der ein treff andre med same interesser ofte, eg brukar bloggen for å leve ut min noko overdrevne fasinasjon for interiør. Poenget mitt er, at eg ser at eg får påfyll til å fortsetje når lesarane mine gir tilbakemeldingar til meg. I starten av blogginga mi, huskar eg at eg brukte å skrive at eg ikkje trong så mange kommentarar. Har sett gjennom gamle innlegg, og med 150-200 unike treff i døgnet, var eg var oppe i 20-30 kommentarar pr.innlegg ein periode. Eg følte at eg måtte svare alle, og gjorde det nok også. Resultatet var ei stadig dårlegare fysisk form i rygg og nakke. Eg måtte ta grep, og minska kommenteringa mi i fleire omgongar. Resultatet vart sjølvsagt at eg også fekk færre kommentarar. Siste månedane har eg følt at blogginga mi ikkje har vore bra nok. Ironisk, sidan besøkstala stadig går opp. Eg seier til meg sjølv; folk hadde ikkje fortsett å kome innom deg viss dei ikkje likte det du viser? Eg er nok berre ei slik ei som treng feedback. Er du? 

Kanskje dette er noko ein ikkje skal skrive så ærleg om? Eg touchar vel Jantelova og andre lover? Men dette med å blogge for sin eigen del, ... Eg bloggar jo også for andre sin del? For alle dokke der ute som kjem innom og finn glede i bilder, og kanskje tilogmed tekst? Eg føler eg har lov til å vere litt filosoferande i desse dagar. Dessuten veit eg at det er eit fåtal som heng med i desse utgreiingane mine, dei fleste har nok switcha over til ein ny blogg for lenge sidan ;) Og det er greit. Det er det som er så fint her inne, ein vel sjølv kva ein vil sjå og lese. 


Eg vil i alle fall takke dei som stadig tek seg tid til å kommentere på Draumesidene,
det betyr ALT for fortsettelsen!

Bli gjerne med på trekning om
fine premiar :)
GiveAway link HER!


Elin