...

søndag 15. juni 2014

Safe

 
 
 
 
 
 
 
Keep me safe...
 
 
 
 
 
Elin
 
 
 
 
 


søndag 1. juni 2014

Draumebutikk


 
 
Hei alle sammen! Long time, no see... Bloggpausen ser ut til å vare, rett og slett fordi eg ikkje har tid og energi til å oppdatere med bilder og tekst lenger. Heldigvis. Livet mitt nærmer seg normalen, etter mange år med redusert livskvalitet. Målet har heile tida vore å bli frisk nok til å arbeide igjen. Det ironiske er at eg måtte akseptere at det kanskje var umogeleg, før eg klarte å finne igjen energien min.
 
Eg får stadig spørsmål om kva eg har gjort, og korleis eg har blitt bedre. Vel; eg har veldig tru på at skjerping av kosthaldet var viktig for meg. Eg prøver å unngå så mykje sukker eg klarer, og eg kutta også ut kveitemjøl i kosten. Eg et mykje frukt og grønsaker, og trener jevnlig. Ingen voldsomme økter, helst ein gåtur i skog og mark nokre gongar i veka. Etter eit fjorår med jerndisiplin, har 2014 blitt eit godt år. Meir mot normalen. Eller; det er nok eg som har vent meg til min nye livsstil? Det å gå gjennom store fysiske forandringar, er ikkje berre enkelt. Ein må liksom fikse det som er på innsida også. Og alt tek tid. Summen av dette har for meg blitt fornya livsglede.
 
I januar fekk eg forespørsel om eg ville hjelpe til å ordne eit fabrikklokale om til rørleggerbutikk. Først sa eg nei. Skremmande å skulle gjere ting for andre. Men heldigvis ombestemte eg meg, og sjølv om prosjektet har tatt laaaaaaang tid, er det i ferd med å likne på noko?
 
 
 

 
 

 
 
 
Det føles fantastisk å ha fått bruke interiørinteressa til noko slikt,
men er sjølvsagt spent på om kundane likar utstillinga.
 

 
 
Har nokre sprekkar innimellom... ;)
 
 
 
Veit ikkje heilt når eg bloggar neste gong?
Vil ynskje alle der ute ein flott sommar! Ekstra gode klemmar til alle dei som har store utfordringar i kvardagen sin!
Husk på at det å forandre livet tek tid!
Ikkje gi opp!
 
 
Skynd deg sakte...
 
 
Elin