...

fredag 30. april 2010

Draumetime hos Slettvoll :)


I dag har eg fått rulle meg i inspirasjon, både attover og framover. Litt sidelengs også, viss eg skal vere ærleg. Eg er svært glad i Slettvoll sine kolleksjonar, og likar utstillingane deira veldig godt. Mine valg med fargar og inventar, har i mange tilfelle vore inspirert av denne produsenten. Eg likar også svært godt stylingen på butikkar, og i katalogar. Litt røft, og med element frå verda over. Likevel enkelt, og lett fordøyeleg.







Det er kanskje slik du kjenner Slettvoll frå annonser og magasin. Men produsenten tilbyr så mykje meir. Det er det klassiske og tidlause som tiltaler meg. Siste åra forbinder eg stilen med beige, grått svart og kvitt. I ulike nyansar. Og striper i desse fargeskalaene. Men til all lukke, gjekk eg meg på fargar på vegen inn! :) Og sjølv om eg elskar stilen på bilda over her, smelta Elinhjertet heilt for desse lyseblå trekka på Archibald-stolane vist under her. Og når eg sjølv har to koksgråe slike, utan kappe, meldte spørsmålet seg LYNraskt : Elin, kan du å sy trekk til stolar, viss du prøvar VELDIG hardt???  ;)




Og når vi er i pastellhjørnet, nydelege utemøblar med rosa stæsj... Jauda, litt rosa tåler vi vel?



Eg må innrømme, at eg vart LITT stressa, når Bonytt kom inn døra bak meg... Og eg var ikkje supereffektiv første halvtimen. Men så gløymde eg av at der satt andre, og så gjekk det bedre. Blir spennende å sjå kva bilder som dukkar opp i magasinet?

Eg har mange fleire bilder, men trur eg setter strek for no. Må rekkje ein rask gåtur, og så er det fredagskveld på rett. Tusen takk til supersøte damer hos Slettvoll i Ålesund, som var kjempesnille og lot meg ta bilder! Setter STOR pris på dette! Anbefaler alle ein tur innom ein av mange butikkar rundt om i landet. Du finn informasjon og katalogar HER!

Ha ein eventyrleg kveld, drøym deg litt vekk! Anbefalast på det sterkaste... ;)

Elin.


torsdag 29. april 2010

No more pink - ikkje ein visna peon eingong...


Skal ikkje tyte om så mykje i kveld, bortsett frå å fortelje at eg trur eg skal koste på meg ein ny bukett med peonar i morgen :) Då skal eg til yndlingsbutikk nr.1, Slettvoll. Var så heldig å få lov til å kome på besøk med kameraet mitt (JIPPI!). Så i morgen blir det eitt innlegg frå denne dama. Men eg gleder meg veldig til å lage det. Ladar batteri, skifter batteri i blitzen, og skal i alle fall ikkje bli stoppa av tekniske problem :) I kveld vart det eit maskulint innlegg, viss ein kan kalle dette det? Gleda over å ta bilder, og redigere dei, blir større for kvar dag. Det er så flott å kjenne det slik igjen. Så får det berre regne sidelengs heile veka!







Maybee more pink tomorrow, men ingen visna peon ;)

Nyt kvelden!

Klem Elin

Inspirasjon JDL


Hei! I dag vil eg gjerne dele nokre bilder som er nyredigerte, men som er i ein serie eg har vist før. Men eg plukkar ofte fram igjen bilder, som gav meg god stemning og inspirasjon. Eg er veldig svak for sart rosa og zink. Det gjer meg så glad! :) Har mange slike stilleben på stove og kjøkken i vår.



Er på full fart ut døra, med gangsperre i dei fleste kjende muskelgrupper ;)

Ha ein vakker torsdag der ute! Og takk for alle kommentarar! Velkommen til nye følgjarar! Setter stor pris på at ruta fyller seg oppatt, både med kjende og ukjende fjes! :)


Klem Elin



onsdag 28. april 2010

Mi heimesnekra baderomsskåp med rosa touch... ;)


Den som er lei av peonane mine, bør trykkje seg vekk frå bloggen strax! :) For jammen vart ein av dei med på fotoshooten i ettermiddag... Kanskje er eg blitt avhengig? Avvenning frå peonar? Hadde kanskje blitt ei god historie i lokalavisa? Hmmm... Kveldens innlegg er om mi heimesnekra baderomsskåp. Ho er laga av to gamle blågrå trekasser. Eg har måla dei innvendig, og satt i hyller. Har vist henne før, men no er liksom alt ferdig. Trur eg... Hyllene var trekvite i starten, men skulle alltid bli kvite. Og endeleg slo arbeidslysta til, og oppdraget er utført. Eg likar skåpa kjempegodt, mest av alt fordi der er stor plass i henne. Vi er bademenneske her i huset, og har ein del badebukser og bikiniar. Desse har fått plass i zinkboksane, og i korgene. Hundreogørten (ca) handdukar ligg i hyllene bak døra nederst. Den kvite kassa med dorullar har også blitt ein vinnar. Fekk ein kommentar på at eg kanskje burde vente med å måle trekassa i gangen. Det kan nok vere, men eg er mykje meir fornøgd med heilheitsinntrykket på gangen og badet etter at denne vart lysare. Alltid vanskeleg å vite om ein angrar etterpå. Om eit år, eller ti. Mitt råd må vere å tenkje seg grundig om, og deretter også tøre å ta ei beslutning. Det viktigaste er at dei som bur i huset er fornøgde.





Siste peonen syng på siste verset... Så i morgen blir her peonfri sone ;)

Forresten, dei som kjenner meg litt, veit at eg starta å gå turar i februar 2009. Etter mykje sjukdom, og tre prolapsar i ryggen, kom eg meg opp og ut av huset. Eg har oppfordra alle til å bevege på seg før, på den gamle bloggen min. Her kjem ei ny utfordring! Livet mitt har blitt så mykje bedre etter at eg byrja å trene. Det skal så lite til for å få litt bedre livskvalitet! I kveld har eg gått 1,4 mil, på to timar. Eg er kjempestolt! :) Mørbanka, ja, men så glad! Eg unner alle å nå måla sine, det er ein veldig god følelse!
Prøv ein liten tur du også, i morgen kanskje? Og fortel meg GJERNE om det her inne. Det kan vere nok å gå nokre hundre meter, det gjorde eg i starten...

Ha ein fin kveld!

Elin

Onsdagslukke :)


Det er fole kjekt å få besøk av postmannen. Pakkar midt i veka er toppen av lukke ;) Og når innhaldet er vakkert, smiler eg frå øyre til øyre! For berre sjå kva Svingens lille hus har sendt meg! Eg vann hennar GiveAway sist veke, og no er skattane på plass hos meg. Tusen takk Solveig! Anbefaler deg eit besøk til denne blide dama! Og no er gjenstandane Elinifisert ;)




Zink-klokke, duk frå House doctor, vakker skål med skei, OG lysestake med lys... Litt av ein premie!

Ynskjer dokke alle ein fin onsdag! Viss nokon kan fixe litt bedre vèr her, er eg svært takksam for det...

 Elin

tirsdag 27. april 2010

Putevar som stasduk :)


I går fann eg ein nydeleg duk blant mine gamle tøyskattar. Trudde eg... Det viste seg å vere eit gamalt putevar, eller putetrekk som dokke kanskje kallar det. Men når ho Elin har bestemt seg for at det var ein fin duk, så vart det slik ;) Var så vakker oppe på den gamle ølkassa frå Dahls.






God kveld der ute!

Elin

Ferdigvaska tallerkenhylle


Då var skåpa på plass igjen :) Rein og fin. Berre så synd at eg må vaske ned resten av kjøkkenet også... Men ein blir ferdig, sjølv om ein ikkje tek alt på ein gong. Det har eg lært meg siste åra. Før var det bom brak bang, og så var eg ferdig. No må eg bruke tid. Men som sagt; ein blir ferdig på den måten også. Vi har snøv ned i fjella i dag. Sukk... Så nydeleg i går, 15 grader og berre velstand. Skulle ned i fjøra i ettermiddag og plukke drivved, men når det er så kaldt, er det ikkje så freistande. Har tatt bilder uten peonar i dag ;)))



Ha ein fin tysdags ettermiddag!

Elin

mandag 26. april 2010

Oliventre, svar på spørsmål ... og peon ;)


 
Hei igjen! Då var dagen på hell, og eg har hatt ein kjempefin måndag. Og som eg trudde, vart dagens bilder prega av bilda eg viste i dag tidleg. Eg har stulla rundt her, og ommøblert aldri så lite ;) Og det kjennes alltid så inspirerande. Det vesle bordet som eg måla for ei tid tilbake sidan, har fått kome ut på kjøkkenet. Tallerkenhylla skal opp igjen, men måtte berre leike meg litt med spegelen frå gangen. Eg kjøpte meg eit oliventre på laurdag, og er i konstant redsel for å drepe det... Det skal ut på hagestova, og eg håper det vil trivast der. Når min kjære snekkar dukkar opp igjen (kvar er han blitt av?) og fullfører arbeidet med den nye døråpninga, blir det bilder frå heile kjøkkenet og stova. No ser det ikkje så koseleg ut her. Har store planar for litt meir forandring før sommaren kjem, men tida får vise. Eg førsteprioriterar å jobbe no. Fantastisk fint etter to års sjukmeldig! :)

Eg er ikkje så flink å huske på å svare på ting dokke spør om, prøver å ta det etter kvart. Men veit at eg dett ut av og til. Sorry! Her er nokre ting eg kjem på at nokon har spurt om :

* Stolen som er på bildet er gamal. Han er så nedsliten, at eg må stadig støvsuge under og på han ;) Målinga dett av! Men eg er så glad i stolane slik dei er, har to, at dei skal få vere slik dei er!

* Vi har furugolv i heile huset. Golva er olja med lyst pigment i. Eg hadde på alt for mykje olje for elleve år sidan, og polerte ikkje det overskytande ned i plankane. MEN det skulle vise seg å bli veldig bra likevel.
 Flott å vaske, med glatt finish.

* Fargen på kjøkkenveggen er Elin spesial, ei blanding mellom Lys Provence og Lys Toscana. Det er same fargen på stova også. Gangen og loftstova er Sand frå Jotun.
(ein av mange med det navnet, spør meg dersom eg skal finne fram fargekoden!)

* Bilda eg har vist i det siste med solnedgang, er tatt frå terrassen vår. Horisonten er mot Glomset, og Brattvåg ligg ute til høgre. Ålesund og Vigra mot venstre.

* Av og til brukar eg interiørblad som bakgrunn når eg tek bilder. Eller eg har favorittsider på innsida av lokket på den store zinkboksen min. Difor såg det ut som om eg hadde tolix stol, og gamle franske englevingar her for litt sidan. Eg har IKKJE slike skattar i hus - desverre!

* Eg lagar ikkje ting for salg. Eg er ein superamatør i det meste eg gjer. Her går det på vilje og feeling, ikkje kunnskap!!! Yndlingsuttrykket mitt, arva frå mormora mi, er: "Det er bedre å vere raualaus, enn råalaus!"
(oversetting raualaus : rompeløs, råalaus : rådløs)

Og her er dagens bilder ;)







Oppsann! Der var peonen igjen! ;) Eg klarte ikkje å la vere... Forgive me for repeating myself... Og så den fantastiske lukta den har!

Til slutt vil eg takke for at så mange har byrja å lese bloggen min igjen. Eg må innrømme at det varmar hjertet mitt veldig! Eg finn igjen inspirasjon og styrke til å ta bilder, og det er eg veldig takksam for. Og det er kjekt å bli sett og lest, og å få så mange fine kommentarar!


Ynskjer deg ein fin måndagskveld!

Elin

Dagens stemning...




Gamle bilder frå januar, men av mine yndlingsmotiv. Kjenner på meg at dagens bilder vil bli i same stilen. Men det får vente til i ettermiddag. No kallar landevegen på meg, i alle fall ein del kilometer av han ;)

Ha ein fin dag der ute!

Elin

søndag 25. april 2010

Eventyr...


I ettermiddag har eg måla den største kassa i gangen. Ho var original blå/grå. Men var litt mørk? Har vurdert å måle henne sidan ho kom i hus, men har litt vanskeleg for å tilføre farge på gamle ting... Etter eit tynt strøk kvitmåling, shabba eg henne med sandpapir, og svartmåling. Teksten er fransk, og betyr eventyr. Eg er fornøgd etter endt økt. Eg har også måla ferdig skåpa på badet, som har venta på finishen i to månedar... Ting Tek Tid :) Men det blir til slutt... Kjem tilbake til badet i løpet av veka, for dei som er interessert! Og så måtte peonane få lov å vere med på desse bilda også. Så vakre og inspirerande, at eg berre smiler :)




Ynskjer dokke alle ein vakker kveld,
og ei flott ny veke!

Elin :)

Morgenstund med peoner





Stille i huset, Elle Interiør i fanget. Peoner på bordet...


Elin

lørdag 24. april 2010



Vinnarlukke på ein laurdag!

Heldige meg har vunne - igjen! Eg veit ikkje heilt kva som skjer, for eg har ikkje vinnarlukke til vanleg? Men eg har altså blitt plukka ut av ei herleg lita hand oppe i Surnadal. Den skjønne bloggen
 Svingens lille hus hadde så meir enn vakker premie også! Gleder meg stort til å motta pakke i posten! Julaften her i løpet av nokre dagar! :) Tusen takk Solveig!



Ha ein fin laurdag!

Elin

fredag 23. april 2010

Elin på salg :)


Eg berre MÅTTE innom ein butikk som hadde opphørssalg i dag. Dippedutter, øyredobbar og klede. Alt nedsett 50% eller meir. Og eg zooma snart inn ei lita veske, som eg fall pladask for. La ho frå meg for å gå, men styrta tilbake. Ved kassa oppdaga eg at det var Lisbeth Dahl design, og fekk meg ein god latter :) Dette var nok skjebna? Så då blir det litt danske herlegheiter på bloggen i dag også. Og veska; ho har fått heidersplass i den vesle skåpa på stova.





Tusen takk for alle gode helsingar som dokke har lagt att før i dag!
Vil ynskje alle ei retteleg GOD HELG!

Elin :)








Blir vel aldri nok av roser i liva våre?
Aviser og kort frå Hilde Heimdal

Ha ein fin fredag, snart helg :)

Elin