...

lørdag 31. juli 2010

Lånt lampe frå Emmas Verden, lånte roser, og lånte liljer...



Neida! Liljene kjøpte eg i går! ;) Rosene "lånte" eg frå ein hage oppe i bygda når eg gjekk tur i dag tidleg. Lampen fekk eg låne av snille Anne (Emmas Verden) Tusen takk! Synes han er vakker... Men kan liksom ikkje finne ut om det er finast med ein stor, eller to mindre over kjøkkenbordet? Her er det grubling på gang... Ellers har eg ENDELEG kome i gang oppe på loftet... Første dagane er det ikkje så mykje å vise bilder av, men etter kvart blir det nokre oppdateringar her inne ;)





Dette nydelege hjertet har Anne laga, og det finns mange slike herlegheiter i butikken hennar. Ta ein kik innom henne HER! :)

Takk til Maliva for at eg fann sangen som går i bakgrunnen! :)


No er det tid for litt målingsarbeid igjen!

Klem
Elin

♥ ♥ ♥

torsdag 29. juli 2010

I met the queen of the norwegian forest, Huldra... She smiled at me...











I met her also in december, but then as an angel... LINK



Tenk; eg fekk møte Huldra i dag...
Livet mitt er eit eventyr...

God klem!

Elin

♥ ♥ ♥

Eit hjerte av glede...



Slike dagar ein berre kjenner at alt gjekk bra... At ein var både effektiv med materielle ting, men at ein også fekk på plass viktigare ting. Inni hjertet ein stad... Å få bli litt kjend med ei vakker, sterk jente som går på ski i rosa tyll, å få vaska og rydda huset før vener kjem på overnatting, og å ete middag saman med ein kamerat vi ikkje har sett på lenge... På tampen av dagen å bli velsigna med ein vakker solnedgang, og ein tur på setrestølen, der fjella var kransa av rosa tåke... Å få ete første blåbæra og bli blå på tunga... Å ha verdas snillaste mamma som passar borna, slik at vi vaksne kan gå ein slik kjærastetur... Å få nysteikte bollar på kjøpet når vi skal heim og leggje småtrolla... Å finne lillebror på golvet laaangt etter leggetid, med koseteppet som kappe rundt halsen, og med cowboyhatt... ;) Han fekk ikkje sove... Til avslutning å sitje med varmt, blått vatn opp til halsen i hagen, og nyte det siste lyset av denne dagen som vart så fin... 


Og så HEILT til slutt kome inn på Draumesidene mine, og få lese så mange fine ord og helsingar! Tusen takk! :)

Ei spesiell helsing til Ma; håper vi møtast ein dag! :)


God Natt der ute!

Elin

♥ ♥ ♥

onsdag 28. juli 2010

Bilder frå nye vinklar



Har i alle fall prøvd på det i dag :) Huset er nysheina, og mor i huset har lagt ned forbod mot roting neste 24 timane. Vi brukar nesten å klare det... Tok også bilder av ein skatt som egentleg skulle opp på soverommet, men no vart det ein mellomstopp på stova... Kanskje ho blir hengande der? Time will show ;)






Tusen inderleg takk for alle kommentarane dokke har lagt att denne veka! Eg har prøvd å hjelpe til med husmåling, og har hatt lita tid til å gjere gjenbesøk! Men no er vi ferdige, og hovedfokuset skiftar over til soveromsprosjektet mitt. Gleder meg som ein unge til å kome skikkeleg i gang! :)

Dokke gir meg smil og optimisme, og det betyr så enormt
- spesielt på tunge dagar.

Love U All!

Elin

♥ ♥ ♥




Mi nye heltinne! :)



Dette må vere eit mål i livet!
Fram med finstasen på fjelltur!
Lenge leve slike damer! :)


Bilde : Ma Ortiz, også på bildet i kjolen sin, 1365 m.o.h.!
Og her er det IKKJE snakk om helikoptertransport!

Du kan lese meir om turen hennar HER!  Og ein blogglink HER!


Ha ein vakker dag!

Klem
Elin

♥ ♥ ♥

tirsdag 27. juli 2010

Meir inspirasjon...







På terrassen i kveld... Nyskura, vakker dør. Også på veg opp på soverommet :) Saman med andre ting eg har kjær, og som vil finnast i prosjektet mitt... Vil vise til eit innlegg Laila med bloggen "Harmoni og kontrast" hadde for ei tid tilbake sidan. Bilda i artikkelen gjorde stort inntrykk på meg, og eg må innrømme at dei pregar hjerneaktiviteten min for tida. Det er nok drøymaren i meg som fann kjelde til fantasiar og eventyr...



Les atrikkelen om Sandra Foster i The New York Times! Fasinerande!


Så gjenstår det å sjå om mi vesle hole kan bli like innbydande og eventyrleg?



Med ynskje om ein velsigna god kveld...


Elin

♥ ♥ ♥

mandag 26. juli 2010

Soveromsplanar med fransk touch...



Eg er i gang med vårt nye soverom. Og viss du les bloggen min, veit du at eg hadde ein del franske inspirasjonsbilder som eg hadde funne på nettet. Innlegget finn du HER. Men eg er jo på den Sunnmørske ladsbygda... Og det er ikkje akkurat provencalske tilstandar her... Men eg har funne fleire ting som eg kan bruke. Og alt er funne på stadar folk har kasta ting eg gjerne vil ha... Ein sneak peak? OK. Her er eit hint :)






I`m in love...

Elin

♥ ♥ ♥


søndag 25. juli 2010

Rykande ferskt foto av solnedgangen i kveld! :)





Og slik vart det i kveld... Alt blir pastellfarga...

Elin

(no skal eg ikkje leggje ut fleire bilder!) ;)

Draumekveldar i juli...





Delast med alle som vil kvile augene på utsikta mi i seine julikveldar...

Elin

Fjelltur med besøk på forlatt hytte



I dag har heile hurven vore på fjelltur. Lillebror har aldri syns at det er så veldig stas, medan storsøster har sprunge fjellsider sidan ho kunne å gå. Det er difor ei utfordring å få ein slik tur til å bli fin. Men til slutt kom vi no fram til vatnet, og fekk fyr på eit lite bål, og ete opp alle pølsene. Litt bading blei det også. Etterpå var vi opp til ei forfallen hytte, og mor fekk style litt og tatt interiørbilder... Heilt heime eg med ein gong :) Skulle ynskje at hytta vart tatt vare på. Alltid vemodig å sjå vakre, gamle byggverk i ferd med å måtte gje tapt for vèr og vind... Men vi kosa oss der, og håper på ein ny tur til området før neste veke er omme!

Den spisse fjelltoppen i bakgrunnen, er Lauparen. Pyramideforma, og erobra for nokre veker sidan :)
Bæææ! Tele2 sauen har ferie, og vart observert lett henslengt på setrestølen :)

Vakre, gamle ting som mor danderte. Norsk ukeblad frå 1961. Og ikkje minst vakker myrull og vannliljer i knopp.


Vi avslutta turen her heime med osteomelett og tomatsuppe, og jordbær med vaniljesaus til dessert. Det er mogeleg å ha feriefølelsen, sjølv om pappaen har byrja å arbeide igjen!


Ynskjer alle lukke til med å skape for seg og sine
 ei fantastisk veke mot august!

God klem!

Elin

♥ ♥ ♥

fredag 23. juli 2010

Prinsesser må også på toalettet... ;)







Men med nyanskaffa dorullhaldar, blir stemninga på prinsessetoalettet meir kongeleg! :)

Og kven veit; kanskje kjem kongen også?



Have a nice evening!


Elin

♥ ♥ ♥





Morgensol over bygda mi!








Ha ein flott fredag! Her skal kvart sekund NYTAST!


Elin

♥ ♥ ♥

torsdag 22. juli 2010

Ave Maria gratia plena








Ave Maria, gratia plena

Dominus tecum, benedicta tu
In mulieribus et benedictus
Fructus ventris tui Iesus.
Sancta Maria, Mater Dei,
Ora pro nobis peccatoribus,
Nunc et in hora mortis nostrae.

Amen


Med tonane frå Øystein Sevåg`s "Psalme",
ynskjer eg alle ein fin kveld!


Elin

♥ ♥ ♥

Fransk inspirasjon...


 










Litt av inspirasjonsmappa mi... Beklager at der ikkje er navn på rettmessige eigarar på alle bilda... Er i gang med eit prosjekt i huset, og plukkar fram alt eg kan finne av bilder, òg musikk! Blir like inspirert av musikken :) Husk at du kan trykkje av spelaren til venstre her viss du vil!


Ynskjer alle ein god torsdag!
Her ausar regnet ned, så då er det berre å setje i gang med innendørsprosjekt :)

Klem
Elin

♥ ♥ ♥