Midt i sommarferie, sol, bading i sjøen, skrubbsår, kleggstikk, fjellturar, grilling på hagestova, solnedgangar som gjer vondt i bringa, tårer over å ha nådd nye og usannsynlege mål, beising av naust, lykke over lavendel i alle krukker på terrassen, glade barn, kornåkrar som duvar i sommarbrisen, blå, blå himmel og ein fjord kransa med fjell som gjer hjertet mitt sterkt og mjukt på ein gong... Midt inni alt dette kom det eit blad i postkassa i går...
Draumesidene er med i Foreldre & Barn, nr.8. Eg fekk ein forespørsel i april om å levere eit bilde frå badet nede i hovedetasjen. Lite, men livsnødvendig... viss slikt kan kome inn under ein slik kategori? Og så skulle eg tipse om smart oppbevaring, nettbutikkar eg brukar, og tre bloggar eg finn inspirasjon hos. Eg ser at det står i bladet at ein kan finne oppskrift på korleis eg laga skapet på badet, så då fann eg det smart å stikke innom med eit innlegg med
LINK til akkurat dette. Heile innlegget der bildet er henta frå, finn du
HER
Sola ventar på meg, sikkert ein klegg eller to, og i alle fall
ei overoppheita hagestove som fungerer som kjøkken
i fantastiske sommardagar på Sunnmøre!
Take care!
Elin