Det vakraste lyset i verda er rundt og i huset vårt kvar dag. Lyset som kjem kvart år i midten av mai, og vedvarer heile døgnet. Mørket er borte for ei stund, og eg elskar tida vi er inne i no. Nesten så ein ikkje kan gå og leggje seg. Berre vere oppe og nyte alle fargar og sjatteringar etter at sola går ned bak fjella i halv elleve tida. For så å kome inn på loftstova i sekstida.
Eg har vore nede ved sjøen siste dagane. Nesten ikkje i hus. Naustet til mamma fekk hard medfart i orkanen i jula. No har flinke folk jobba hardt, og det står igjen beint og stolt og skuar utover den vakre fjorden. Støa er rydda, og sommaren kom jammen den også. Skuldrane er solbrende (trass i smøring), og ungane har vannkrig kvar dag etter skulefri. Temperaturar over tjue grader er ikkje kvardagskost i mai? Vi NYT livet det beste vi kan.
Og då blir det lite tid til blogging! Men i morgonlyset i åtte tida i dag, kom desse bilda inn i kameraet. Kanskje lite oppfinsomme, sidan det forrige innlegget omhandla same tema, men den dagen trur eg at både eg, blogger og datamskina hadde solstikk? Blei berre tull når eg skulle publisere innlegget. Saken er, viss du kikar på forrige innlegg, at eg utfordra bloggarar til å vise meg mønster. Gjerne TineK inspirerte ting også, keramikk osv. Flinke
Hanne har posta eit bidrag, som eg berre elska! Ynskjer meg slike fliser som ho viser! Veit ikkje om eg har ein hipp og kul nok blogg til at folk vil vere med på dette, men eg håper å oppdage nye bloggar, og ikkje minst bli inspirert! Eg har temmeleg mange prosjekt på gang utover mot sommaren, og all hjelp mottaes med takk!
Då loggar eg av for no, skal ete frokost på terrassen, og bestemme meg for kva som skal gjerast i dag. Kjedeleg å ikkje kunne styre på som eg skulle ynskje, men eg velger heller å føle kjempestor glede over å kunne gjere noko i det heile tatt! :) For det er ikkje alle som kan. Og skulle eg bli frustrert likevel, går eg berre ned i kjellaren og står og ser på krykkene mine nokre sekund. Då går det over.
Håper fleire vil vere med på utfordringa, kjekt om de linkar til meg viss de blir med, men eg stiller ingen krav om det. Dvs. at du kan vise meg eit gammalt innlegg også. Eg skal prøve å finne ein fin premie til favoritten min, kanskje noko frå TineK?
Elin