...

fredag 31. august 2012

Jenterom - prøver på nytt å imponere tolvåringen min...

 
 
 
 

 
 

 
 

Og denne gongen vart det innertiar :) Vi har halde på å tulla rundt på dette rommet sidan mars? Men det har vore vanskeleg å møte ein tolvåring sine ynskjer, fordi dei har vore så vage. I mitt siste forsøk denne veka, tenkte eg at ho nok stadig har eit ynskje om å vere større enn ho er. Huskar vel det frå min eigen barndom, med ei storesøster som hadde det meste av det eg lengta etter. Så løysinga var å lage eit rom som etter mi meining var litt for minimalistisk og vaksent. Men du  VERDEN for ein herleg reaksjon hos henne som skal vere der! Møblane er stort sett dei same som har vore der siste åra. Bordet har fått "svarte sokkar" og svart skuffe, rett og slett for at målinga hadde bobla seg nederst på beina, og så gadd eg ikkje å pusse og måle opp igjen heile. Skuffa har vore borte nokre år i kjellaren, og var blå. Senga er ny. Vi har bygd ramme sjølv nederst, og sett på hjul. Det skulle også vise seg å vere livsnødvendig med ein spegel på veggen, denne har eg hatt i 15 år og er laga av ei gamal ramme. Den har vore grøn, gullfarga, kvit og no lyseblå. Sengegavlen er ei bygningsplate måla med tavlemåling. Men utklipp frå magasin og internett viste seg å vere kulare enn krittskrift akkurat no.
 
Velkommen til alle nye følgjarar! Håper at bloggen kan inspirere!
Det er fredag, og det er sikkert mange som gleder seg
til helg? Håper den blir fin!
 
 
Elin
 
  


torsdag 30. august 2012

Krymping av kontorplass, og litt nytt frå IKEA

 
 
 


 
Litt ommøblering på stova, og behov for meir plass i kontorenden, medførte krymping av pulten min. I alle fall midlertidig. Elementa er frå Ikea. Billeg og smart. Just how I like it! Teppet og ny svart stol frå same leverandør. Ute stormar det og regnar. På tide å hente inn skinn og pledd? Verkeleg haustfølelse i kveld.
 
 
Tusen takk for så fine tilbakemeldingar på innlegget
under, eg vil fortsetje å drøyme!
 
 
 
Elin
 
 


onsdag 29. august 2012

Min draum

 
 
 
 




 
 
Eg drøymer. Eg håper. Eg prøver å aldri gi opp dette håpet. Eg har så lyst å arbeide igjen. Å kunne drive med det eg setter aller størst pris på; å fotografere. Det gir meg så veldig mykje, og eg veit at dette er ein livslang lidenskap. Ikkje alle kan arbeide med det dei likar best, eg veit det. Og kanskje bør det berre vere ein hobby. Men eg drøymer.
 
Med det eg vil kalle dårleg fotoform i dag tidleg, fekk eg besøk av eit lite nurk på snart to veker. Eg bad mammaen om å få lov til å øve meg på hennar vesle skatt. Med opplysning på førehand om at eg kanskje måtte avlyse heile seansen, føltes det ikkje så skummelt. Og det var nok ikkje det beste eg har gjort. Men kanskje det viktigaste; sidan eg nesten trakk meg på morgenen i dag, men klarte likevel å psyke meg opp til å gjennomføre. Det er mykje redsel som sitt i dei fysiske smertene mine, redsel for å bli verre. Det er ein psykisk kamp også. Den foregår kvar dag.
 
Det å få studere ein liten, fersk baby er nok den beste medisin. Blir like fasinert kvar gong eg får lov å ta bilder av slike små menneske. Gløymer alt som er trist og vondt. Difor er eg veldig glad for at eg fekk gjere dette akkurat i dag, ein ganske trasig onsdag i utgangspunktet.
 
Eg drøymer. Eg håper. Vil drive med fotografering på heiltid. Klare å ta kursa eg lengtar etter å gjennomføre. Skulle ynskje ryggen gav meg ein lang nok pause, slik at eg kom meg nokre skritt vidare. Det hadde betydd så enormt mykje. Både for livskvalitet og sjølvtillit.
 
Tusen takk til Stine og nurket hennar for nokre flotte timar!
Det gjorde verkeleg ein forskjell for meg i dag!
 
 
Elin
 
 


søndag 26. august 2012

Soverom - in progress

 
 
 
 
 



 Kommoden kjøpte eg for snart 15 år sidan, og den har vore svart i 4-5år
 
Soverommet er sparsommeleg blogga om, spesielt denne veggen. Har likevel sett meg som mål å få til ei forbetring i løpet av neste vekene. Har laga ei ny hylle i alle fall, med element kjøpte på Clas Ohlson. Og så er det alt det gyldne som eg snakka om ein dag før. Rammene kjøpte eg for fleire år sidan, og tenkte at eg kunne måle dei. No passa dei plutseleg inn? Sengeteppet er nok frå same perioden. Nattkjolen er alldeles herleg, og er av merket Beach House.
 
Har ikkje nokon god plan på kva eg skal finne på vidare, så time will show. Satsar på ei strålande opplagd veke, med mange gode idèar! Det ynskjer eg alle som er innom også!
 
 
Elin 
 
 


lørdag 25. august 2012

Skråblikk på hagestova

 
 
 


 
Litt ny fotovinkel, og ikkje minst lekre nymåla svarte dører. Har lurt så veldig på om dei vart fine slik, men det var ingen ting å lure på! Hagestova har vore under arbeid sidan 2006, det er jammen på tide at alt blir ferdig! Puta fann eg på halv pris hos At Home i Ålesund. Alle varer i butikken var satt ned 50%. Masse fint!
 
Tusen takk for så mange tilbakemeldingar på innlegget under her! No er det laurdagskveld og oppladding til
tolvårsdag i morgen. 
 
 
Elin
 
 


fredag 24. august 2012

Lovely?

 
 
 
 


 
 
Etter ei laber veke, er det fantastisk godt å ha klart å rydde kjøkken og stove før helga kjem. Blir faktisk friskare i kroppen når eg har ordna opp. Såg NIB hadde eige innlegg om rot her forleden, eg gidd ikkje å ta del i debatten lengre. Bloggarar har også rot. Ingen tvil om det. Men synes det er mykje kjekkare å blogge etter at eg har rydda.
 
 Eg fann ein kommentar langt nede her, trur den var frå juli. Ikkje alltid eg får med meg alle, spesielt viss det kjem kommentarar lenge etter at nye innlegg kjem til. I alle fall; det var ei koseleg dame som ville vite om eg har hatt same stilen i huset heile tida. Der kan eg svare eit absolutt nei! Var mykje meir shabby chic ein periode, men før det igjen ligna det nok litt på den stilen eg har no. Eg bloggar ikkje for å prøve å likne på andre, men eg plukkar ivrig inspirasjon frå andre! Eg innser at stilen min ikkje er slik at dei fleste gispar, og tenkjer at SLIK vil dei også ha det! Men; for meg handlar det om å vere seg sjølv, på godt og vondt. Det å kunne gjere ting med interiøret, fordi ein har friheit til å skape sine eigne uttrykk. Så får eg berre innsjå at eg aldri vil bli ein av dei bloggarane med flest følgjarar og mest treff. Eg prøver i alle fall å vere meg sjølv, og akseptere at eg er litt sær ;) 
 
Eg synes huset byrjar å få ein slags balanse, det har eg streva med. Det høyres nok latterleg ut for dei som ikkje er interiørfrelste, men eg drøymer stadig om ei slags heilheit i første og andre etasje. Uten å gå konkurs. Dei tinga vi styrar med no kostar ikkje all verda, men utgjer ein stor forskjell.
 
Kva råd eg vil gi? Eg er neimen ikkje sikker. Vi er alle så veldig forskjellege. Eg trur det handlar om å finne fram til ting som ein blir glad av å ha rundt seg? Om det er gjenstandar, fargar el.a. Og så vil eg understreke at eg likar SVÆRT mange ulike stilar. Trur eg har ein fordel der; eg let meg inspirere av det meste!
 
Vil ynskje alle ei flott helg,
om kroppen er på lag, skal eg få på plass ei fotoutstilling
der flinke barn har vore i aksjon!
 
Gleder meg!
 
 
Elin
 
 


torsdag 23. august 2012

Black and white in the livingroom

 
 
 


 
Har prøvd meg på fargar i interiøret før i år. Og eg har likt å ha ymse fargeklattar rundt omkring, i form av puter og bilder. Men no går det mot haust. For meg er haust og vinter kvitt, svart og grått. Sånn er det berre. Men nytt av året 2012, er også min fasinasjon for gull og gyldne innslag. Har eit interiørblad frå i fjor haust, som eg stadig har kika på. Lurte på om eg kom til å like denne nye trenden etter kvart? Og som eg tenkte; no er her some glitter & gold i huset.
 
Så skal eg også prøve å ha nokre grøne planter for å gjere interiøret litt meir fargerikt. Eg er ingen stor inneplante-fan, men prøver innimellom med meir eller mindre vellukka forsøk. Den planta som eg har hatt lengst, er ei corokia kjøpt for eitt år sidan. No ser den litt pjusk ut, men det er nok fordi eg har gløymt å vatne den nok. Den vil faktisk ha ein del vatn? Så når eg var innom den vakre butikken Mille Fleurs i Ålesund, og dyktige Susanne hadde ei flott, stor corokia igjen, slo eg til. Krukka kjøpte eg til halv pris hos Home&Cottage i sommar, og eg synes dei to kledde kvarandre?
 
Så skal eg fundere vidare på kva anna grønt som skal få sleppe inn i huset.
 
 
Forresten; eg har takka ja til ein flott GiveAway, skal kome tilbake med meir informasjon etter kvart. Reknar med at det er mange der ute som ynskjer seg nytt, lekkert sengetøy til mørke haustnetter? Det gjer i alle fall eg!
 
Tusen takk for alle fine tilbakemeldingar. Eg tenkte det før i dag; no har eg blitt ei slik sær bloggedame som aldri kjem seg til å skrive tilbake til andre. Ei sånn som irriterte meg før... Beklager, det ligg meir bak enn det eg har lyst til å dele her inne. Men i alle fall, som eg har sagt tusen gongar før; kommentarane held meg i gang! Tusen, tusen takk!
 
 
Elin
 
 


onsdag 22. august 2012

Nytt bad i ein fei!

 
 




 
Gjort på ein, to, tre :) Den blå/lilla kanten på veggen har fått fargen Thunder Sky frå Pure&Original. Du får kjøpt målinga fleire stadar i Norge, bl.a.hos ZanZ på Lillestrøm, eller hos Karisma Interiør i Ålesund. Mi heimesnekra baderomsskåp vart plutseleg grå, nærmare bestemt i fargen Elephant Skin, med svarte lister. Eg er KJEMPEfornøgd! Hylla på veggen (som er ein kopi av ei hylle frå 1800-t) vart også svart. Og til dei som blir stressa av at eg tør å måle desse tinga mine, så kan eg berolige og fortelje at eg aldri har angra på slikt. Eg er ganske god på å leve i nuet når det gjeld interiørting.
 
Viss du vil vite meir om måling av baderomsfliser; besøk
 
Må vel kanskje også innrømme at det med 1-2-3 ikkje var så fort unnagjort i mitt tempo, og med måling med liten pensel uten maskering for å få alt så fint som mogeleg... Men viss du måler store flater, er det faktisk gjort på ein svusj! ;)
 
 
Elin
 
 


tirsdag 21. august 2012

Nytt frå Jotun/Lady




LADY Pure Color 10341 Kalk
Diskret komfort og feminin eleganse i temaet SIMPLE LIVING. Veggene her er malt i LADY Pure Color 10341 Kalk. Hyllen på veggen har fått et par strøk av fargen LADY Supreme Finish Superblank 9918 Klassisk Hvit.




LADY Pure Color 10341 Kalk og 10429 Diskret
Farget listverk er nytt og spennende og kan skape en helt ny innramming. Her er listene malt i vår nye farge LADY Supreme Finish Silkematt 10429 Diskret. Veggen har fargen LADY Pure Color 10341 Kalk.

Bilder og tekst er lånt frå Lady Inspirasjonsblogg som du finn HER!
Eg veit snart ikkje opp og ned på meg sjølv, og sidan eg står og prøver å måle litt kvar dag, var det kjekt å sjå slike spennande nyheiter frå Jotun! Ellers må eg få takke for fine tilbakemeldingar; veldig kjekt at folk har tid til å skrive nokre ord :) Eg er i interiørmodus, og det gjeld å skrive ned gode idèar sjølv om eg veit at dei ikkje er gjennomførbare akkurat no. Har også vore heldig å få lov å vere med i nokre prosessar der andre treng interiørhjelp. Veldig kjekt, og absolutt noko eg kunne tenkje meg å jobbe meir med i framtida.

Det kjem bilder frå mine 1000 prosjekt når eg landar...
viss eg landar.


Elin



søndag 19. august 2012

Nye hyller med "betonglook" på hagestova







 




Kjekt å få til noko med enkle midlar sjølv! Viser til forrige innlegg om korleis eg laga til hyllene. Innser likevel at det sikkert er eit vanskeleg prosjekt, viss du ikkje har styra med sparkel, saging og tilpassing før. Ein må ha ei viss mengde tolmod, det er ikkje som å skru saman eit ferdigmøbel. Sjølve møbelet har eg hatt i hovudet heile sommaren, og beina vart saga i rekveddungen i juni. Ein endå enklare måte å få slike røffe hyller på, er å bruke vanlege hyller, og måle med Pure&Original kalkmåling. Eller sparkle trehyller? Det kan hende det også går bra? Hyllene er super-upraktiske med tanke på støvtørking, vannsøl osv.osv. Men WHO CARES? Så lenge eg er lukkeleg akkurat no?

Eg boblar over av tilsynelatande gode interiøridèar om dagen, men eg har desverre ikkje forma inne til å realisere alle. Men litt sysling kvar dag. Det er målet.

Ha ei fin, kreativ ny veke der ute!


Elin




Nye betonghyller / Concrete shelves


 


For nokre dagar sidan fekk eg ein idè om korleis eg kunne lage betonghyller til hagestova. Og det var såpass enkelt at eg kunne klare det sjølv. Når vi sette opp peisen vår på kjøkkenet, brukte vi spesialplater, som dernest vart sparkla og måla. Vi har hatt nokre rester av desse platene i kjellaren sidan (svindyre), og eg fann til mi store lukke at der var nok til prosjektet mitt. Eg har tatt bilder på morgenkvisten, og skal få tid å lage til eit større innlegg i kveld eller i morgen. Eg kan seie såpass at eg er storfornøgd!

 
Nyt søndagen!


Elin

 


fredag 17. august 2012

Fredagskjøkken og Nicolas Vahè







Snart helg, og ganske lenge sidan eg viste kjøkkenbilder vel? 
Har fått spørsmål om dei ulike glaskrukkene med innhald som står ved ovnen og på kjøkkenvifta. Dette er matprodukt frå Nicolas Vahè. Eg har kjøpt dei hos Herlighet i Ålesund, som har eit stort utvalg frå denne leverandøren. Masse spennende saker til kjøkkenet, både panner, skjærefjøler og ting du kan bruke når du kokkelerar. Mi sist innkjøpte krukke er Lemon & Ginger Salt, just lovely! Og alt med eit flott design; gjer ikkje noko det?


Ynskjer alle ei flott helg!


Elin