...

onsdag 29. mai 2013

Fotomodell slæsh fotograf :)

 
 
 

 

 
 

 
 
 
Eit lite innblikk i andre delar av livet mitt,
enn det som har med interiør å gjere. Eg jobbar for å bli ein
bedre fotograf. Og i tillegg til fleire kurs i 2013, har eg tatt bilder saman med andre. Kenneth Enstad byrja med å måle bilder, men fann ut at han ville byrje med fotografering for tre år sidan. Heldigvis får ein vel seie. I fjor tok han to gullmedaljer i 1.runde av NM i foto, og vi følgjer spent med om han klarer å følgje opp innsatsen, resultata blir kunngjort i Tr.Heim i helga. Kenneth har ein stil som framhevar kontrastar. Kanskje difor eg likar bilda hans så godt? Du finn bilder på
 
 
instagram : kennethenstad
&
 
 
Det er Kenneth som har tatt bildet i headeren min.
 
 
 
Elin
 
 
 
 


tirsdag 28. mai 2013

Kjøkkenbilder

 
 
 
 
 
 
 

 
 

 
 

Lykt frå Lisbeth Dahl/Herlighet
 
 
 
Nyyyt sommaren, som er så snill å besøkje oss allereie i mai. Har stadig planar om å reise og kjøpe nokre planter til terrassen, sidan det meste har frose i vinter. Men det er litt for godt å vere heime, vaske klede, tørke klede, og steike seg i sola... Har blitt tvinga til å ta ein pause frå jobbing pga av trøblete nakke. Sånn er det innimellom; det er ikkje slik at alle problemer reiser, sjølv om ein er superpositiv!
 
Takk for alle fine kommentarar,
og alle besøk!
 
 
 
Elin
 
 
 
 


søndag 26. mai 2013

Black & white livingroom

 
 
 
 
 
 
 
 
 

 
 
 Ikkje mykje fargar hos meg... Men det er jo sjølvvalgt. I fjor hadde eg ein periode mot sommar med knall gule og rosa detaljar. Men kjenner at eg ikkje har behov for det i år. Eg har det så bra ellers i livet, at eg har nok fargar inne i meg i staden for! Og det kjennes veldig bra!
 
Har vore heldig å fått tilbringe tid med finaste Carina og Anna frå Sverige denne helga.
Eit godt eksempel på at bloggen har skaffa meg vener for livet. Du finn
bloggane deira HER & HER! Verd eit besøk begge to!
 
 
 
Ny veke står for tur igjen!
Nyt henne!
 
 
Elin
 
 
 


torsdag 23. mai 2013

That summer feeling...

 
 
 
 
 
 




 
 
Eg har sett personleg rekord i å la vere å shoppe ting til huset...
Spesielt puter. Flytter rundt på dei ca.1000 eg har frå før. Har nok for resten av livet, for å seie det sånn :) Og eg synes alltid eit rom forandrar seg alt etter som kva tekstilar ein har der? Skal ikkje meir til enn å flytte på nokre puter, eller leggje eit nytt pledd i sofaen. No er sommaren rett rundt hjørnet,sjølv om vi hadde snøvbyger i går kveld, etter nesten tredve grader i skyggen i pinsa. Litt av nokre overgangar?
 
Men fottøyet innkjøpt i Spania står optimistisk og ventar på varme grader igjen.
 
 
 
Elin
 
 
 
 


onsdag 22. mai 2013

Kjøkkenbilder

 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 

 
 
 
Jakke/Zara   Fotoveske/Kelly Moore   Kjole/Indiska
 
 
Ikkje nøye med at det regnar, når ein kan kose seg inne? I dag har lillebror og eg vore til byen med diverse ærend. Og så shoppa vi til slutt... Lillebror konsentrerer seg om leikebutikkar, medan mora har blitt stygg til å saumfare klesbutikkar siste halvåret. Og med ein kavaler som seier at eg kan handle det eg vil; så blei det litt i posane i dag. Svart og kvit kjole og skjørt frå Indiska fall VELDIG i smak!
 
Lampen på kjøkkenet høyrer til på hagestova... Men eg har ikkje hjerte til å ta den ned og ut igjen dit? Passar perfekt over kjøkkenbordet! Men må ha lampe på hagestova også... Her må det kreative tankar til! Spørs om eg må lage ein ny lampe?
 
 
 
Elin
 
 
 


tirsdag 21. mai 2013

Hagestova utvendig

 
 
 
 
 
 
 
Eitt av dei mest etterspurde bilda på bloggen kanskje? Framleis ikkje ferdig med hagestova, men her er eit bilde frå terrassen og inn. Har bodd der ute i pinsa, nesten slik at eg vurderte å hente soveposen og vere der natta også... ELSKAR dette rommet! :) Skal love å ta fleire bilder når vi har fått planta og rydda litt meir.
 
 
 
Elin
 
 
 


fredag 17. mai 2013

Hagestovekos på 17.mai!

 
 
 
 
 

 
 

 
 
 
 
 
 
 
 

 
 

 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 

 
 
 
 
Diverse leverandørar, Herlighet
 
 
Gratulerer med dagen Norge!
 
 
Eg er så strålande lukkeleg over å få bo i eit så flott land!
Akkurat no befinn eg meg i Geiranger, og noko meir norsk kan ein vel knapt finne?
 
Pinsa står for døra, den eine kjekke begivenheita etter den andre!
Eg mumla visst om tapas sist eg var innom bloggen, men eg valde å lage ein liten vri i går. Ungane åt opp alt før eg rakk å snu meg rundt, så eg trur det var vellukka? Det er ein sann nytelse å lage mat i hagestova igjen. SÅ mykje kjekkare enn å stå inne ved kjøkkenbenken. Og når temperaturen er stigande, og vèrvarsla fantastiske, så er det berre å belage seg på å bo her ute :) Og det skal eg. No er det sommar! Og den skal nytast!
 
Har du lyst å prøve deg på ein nydeleg
Philadelphiarull à la Elin?
 
Smør ei tacolefse med philadelphiaost og Red Pepper & Aubergine pesto frå Nicolas Vahè.
Legg skiver av chorizopølse med grøn pepper utover lefsa. Dekk over med salatblad og tynne skiver med snackpaprika og vårløk. Rull saman lefsa, fest med tannpirker så den held seg saman før servering.
 
 
Så er det berre å nyte smaken av sommar!
Ha ein flott dag alle der ute! 
 
 
Elin
 
 
 


tirsdag 14. mai 2013

Bloggpause i Spania

 
 
 
 
 

 
 
Ein av dei tinga eg har vore redd for siste åra, er å reise. Livredd for å bli dårleg og sengeliggjande med ryggen når eg er på ferie. Dette har lagt masse begrensningar på kvar og korleis vi har reist. Men rundt nyttår inviterte gode vener oss med til huset sitt i Spania. Eg tenkte at dette var eit stort mål, men noko eg skulle jobbe for å gjennomføre. Avtalen var at dei andre skulle reise uten meg viss eg fekk ein dårleg periode. Det gjorde eg ikkje, og forrige veke kosa vi oss sør for Alicante. 
 
Eg saknar å liggje på stranda i steikande sol, men i dag var eg på min første stortur
til ein fjelltopp sidan hausten 2011, ikkje verst det heller? Store kontrastar til nysnøv og kald vind; men eg elskar jo tross alt det også :)
 
 
Blogginnlegg er på gang,
det blir tapasmåltid i hagestova før pinsehelga ;)
 
 
 
Elin
 
 
 


torsdag 2. mai 2013

Svart & kvitt



 
 
 
 
 
 
 
 
 Kjole frå Indiska
 
Yndlingskjole/tunika...
Kanskje ikkje så vanskeleg å gjette for dei som kjenner meg
gjennom bloggen? Eg er veldig glad i svart, kvitt og brunt i klesveien også.
 
Berre fredagen igjen før ei veldig spesiell helg for familien her.
Men den er av den gledelege sorten ;)
 
 
Ynskjer alle ein fin vekeslutt!
 
 
Elin
 
 


onsdag 1. mai 2013

M A I

 
 
 
 
 
 

 
 

 
 
Pumpkin Seed Oil frå Nicolas Vahè / HERLIGHET
 
 
Har mange favorittar på kjøkkenbenken frå Nicolas Vahè. Alt frå oljer til krydder og bruksgjenstandar. Det er ingen bakdel at designet på tinga er vakkert i tillegg. Pizzadeiga blir ekstra god med pumpkin seed oil og hakka, tørka tomatar. Nøttene står framme i skåler heile tida, eg brukar dei som mellommåltid. Sunt og godt! Har ete veldig mykje frukt og nøtter siste halvåret.
 
Er i søndagsmodus, er spent på kva dag eg trur det er
når eg vaknar i morgen?
 
 
Ynskjer alle ein flott M A I månad!
 
 
 
Elin