...

onsdag 31. oktober 2012

Kitchen - again!

 
 
 






 
Siste oktober... Ein månad igjen til julemånaden. Vi gleder oss alle saman. Eg skal lage til nokre saker i løpet av 4 neste vekene. Har kjøpt inn ein julekalender frå Kremmerhuset, som eg skal øydeleggje... ;) Den skal ikkje hengje oppe til desember, men ville berre tipse om at du kan finne den i kvitt og grått in stores now.
 
Har fått ein del spørsmål om den "nye" kråa på kjøkkenet. Skåpa er frå IKEA, og frontane kjøpte vi svarte for mange år sidan. Eg har måla skroga lysegråe i front, og sett på lærreimer frå TineK (Ølen Møbel). Eg har brukt muttrar for å feste reimane til dørene, for å få ein litt rå look. Fekk hjelp frå ein lærmaker til å ta hol i læret.
 
Kjøleskåpa er 13 år gammal, av merket Gram. Huskar for eit styr det var å skaffe kvitevarer i stål den gong då. Det var ein kar på ein elbutikk i Ålesund som fortalde meg at stål; det kom ALDRI til å slå an... Ja, ja. Dette var tilbake i 1999. Vi fann til slutt både kjøleskåp, ovn og takbelysning i stålutførelse. Vi har aldri angra på at vi brukte tid på dette.
 
Klemmene på kjøleskåpdøra med magnetar er frå Granit.
Bilda har eg printa ut sjølv på matt fotopapir.
 
Konglehjertet er frå OiSoiOi,
og er venta inn igjen på Herlighet i Ålesund (Moa) før jul.
Eg har eitt til som er mykje større. Må nok ned i
kjellaren og finne det fram snart?
 
Lampen som heng i kjøkkenet pr.d.d. er frå Palma,
dei to som er på bilda i VH&I er heimelaga.
 
Lyslenkja er frå Åhlens, vi merkar at det har blitt
tidlegare mørkt! Herleg med slike
lys i mørke kveldar!
 
 
Tusen takk for alle fine kommentarar!
You`re the best!
 
 
Elin
 
 
 


tirsdag 30. oktober 2012

White pumpkin

 
 
 







 
graskar/Plantasjen, strutsefjør/Herlighet, lysglas/TineK/Ølen Møbel
 
 
Eg fekk eit kvitt, lite graskar av systra mi i går.
Synes det er kjempesøtt!
 
 
Elin
 
 


Snart november

 
 
 


 
Vi susar i veg mot november...
Kvar vart dei ti første månedane av?
Og det seier eg, som har hatt eit trasig år, der ein skulle tru
at tida gjekk sakte? Vi feirar ikkje Halloween her i huset, men bilda
frå stova i morgentimane får vere mitt bidrag billedleg :)
 
Kanskje kjem det fleire seinare i dag?
 
 
Takk igjen for alle fine helsingar og besøk!
 
 
Elin
 
 


mandag 29. oktober 2012

Førsteetasje gjennom vidvinkelobjektiv

 
 
 

 
Eg må fortsetje å takke for fine helsingar! Og for alle mailar med spørsmål om huset. Eg prøver å svare etter kvart! To av tinga eg har fått spørsmål om, er korleis første etasje er samansett ang.rom. Ein kjem inn på oppsida, inn i ein gang. Der er det dør inn til toalett/dusj, og trapp opp til andre etasje. Der er også dører inn til kjøkkenet og stova. Desse to romma heng saman i ei åpa løysing, med ein peis midt imellom. I enden av kjøkkenet er det dør ut til vaskerommet, og der er dør ut på hagestova. Det er spørsmål nummer to, korleis denne er plassert. Hagestova ligg vegg i vegg med vaskerom/kjøkken. Det andre bildet viser hagestova sett frå kjøkkenvinduet.
 
Angåande utebilder av hagestova, så er det litt vanskeleg akkurat no, med snøv
og is på terrassen. Eg skal sjå om eg kan få laga eit innlegg om dette seinare.
Du ser litt HER! 
 
Reportasjen inneheld for det meste rett informasjon, men vi har tv på stova ;)
Hadde sikkert vore meir sosialt å ikkje ha det, men eg må innrømme at
eg er ganske avhengig av å sjå tv i vinterhalvåret.  
 
 
Og eit varmt velkommen til alle
nye følgjarar og lesarar!
 
 
 
Elin
 
 
 


søndag 28. oktober 2012

Hauststemning til tusen!

 
 
 
 
Eg kjem aldri til å gløyme oktober 2012!
Med bilda mine i Sanselig Jul, reportasje frå huset i Vakre H&I,
og sist men ikkje minst som vinnar av utfordring inne hos
 
Eg skrytte av at eg skulle få dreisen på julekakene;
no er det ingen vei tilbake! Denne premien var noko av det mest
fornuftige eg kunne vinne! Stod og elta deig før i dag, og tenkte at dette
ikkje var særleg sunt for armar, nakke og rygg.
 
Må vel finne ut kva farge eg ynskjer meg?
 
 
 
Tusen takk!
 
 
Elin
 
 
 
 


Kanelknutar, kakao og kjøkkenkos

 
 
 
 



 
 


 
Slik har delar av vår søndag vore. Med eit gnistrande vinterlandskap i fjorden og mange minusgrader på utsida, var det veldig godt med kanelknutar og varm kakao på kjøkkenet. Eg fekk spørsmål i går om kvifor eg lot borna vere på bilder i eit magasin, når eg nesten aldri har dei med i blogginnlegg. Eg har ikkje noko godt svar. Eg les fleire bloggar som handlar både om familiar og interiør. Men som eg har sagt før; eg bloggar om huset, ikkje heimen min. Det at eg sjølv kjem med meiningar og kjensler innimellom, er noko anna enn at eg fortel om livet til familien ellers.
 
Men ungane stiller meir enn gjerne opp på bilder!
Beste modellane eg veit om ;)
 
Ynskjer alle ei fin ferd mot november!
 
 
Elin
 
 
 


lørdag 27. oktober 2012

Lys på kjøkkenet

 
 
 



 
Etter tre dagar med full vinter, er det ikkje noko som er bedre enn når sola bryt skylaget og lyser opp alt som er rundt meg. Kjøkkenet nesten smiler, og energien strøymer på. Det er for tidleg med snøv og glatte for meg i oktober. Har vore så nedstemt siste dagane. Null energi, og vond rygg. Lurer på om det er vèret som er årsaka? Kan nesten følast slik. Uansett; no smiler sola og eg om kapp. Håper alt det kvite reiser fort, neste veke er det meldt opphald og mildare. Heldigvis.
 
Må igjen takke for alle fine helsingar i forbindelse med reportasja frå huset vårt i Vakre Hjem & Interiør! Det at vilt fremmande sender så fine mailar og textmeldingar ser eg på som utruleg? Eg skal innrømme at pulsen var nokre hakk høgare torsdagskvelden. Eg hadde ikkje bekymra meg så veldig før då. Men sidan veka har vore av den trasige sorten, blir eg meir pessimistisk angåande det meste.
 
På kjøkkenbordet står ein vakker lysestake, som eg fekk av damene bak reportasjen, Anna Truelsen og Carina Olander. Det viser nok at dei hadde gjort heimeleksa si før dei kom på besøk? Fleire som har vore innom, trur at det er eg som har laga han :) Det er det altså IKKJE! Du finn meir info om erix.se HER
 
God laurdag!
 
Elin
 
 


torsdag 25. oktober 2012

Vakre Hjem & Interiør i butikken, med reportasje frå huset vårt

 
 
Eg har alltid stått BAK kamera. Kan faktisk ikkje fordra å sjå meg sjølv på bilder. Kanskje litt paradoksalt, sidan eg overtaler alle andre om å vere naturlege og slappe av når eg tek bilder. Ein må nok øve seg på dette, som alt anna. Dei færraste er nok naturtalent innen sjangeren. Når Anna og Carina var her for ein månad sidan, gav eg klar beskjed om at eg ikkje tenkte å stå på kjøkkenet i eitt eller anna lekkert design og smile. Eg var glad for å vere oppe på to bein, og at dagen var ein av dei bedre i haust. Eg kunne leggje meg ned innimellom, og damene som var her fekk meg til å slappe av.
 
Dei pressa ikkje på. Luringane. Men så kom dei med eit forslag. Eg kunne få stå på terrassen, på litt avstand, og nyte fjorden min. Slikt kan ein ikkje takke nei til. Og eg forstår at menneske i bilda gjer huset meir til ein heim. Så i kveld når eg fekk bladet, var eg kanskje mest spent på korleis dette bildet såg ut på trykk? Eg er roleg, det er greit. Det er eg. Elin. Og fjorden og fjella mine.
 
Bildet lånt frå reportasje i Vakre Hjem&Interiør nr.7 2012
 
I morgen kjem bladet i butikken. Ti og ei halv (!) side frå huset vårt.
Litt skummelt. Eg veit ikkje korleis folk rundt her vil oppfatte dette. Eg håper at det går bra. At det blir fleire smil, enn rare grimaser å sjå. Opplevinga så langt har vore kun positiv! Tusen takk til Anna Truelsen og Carina Olander for at dei kom den lange vegen frå Sverige for å lage reportasje heime hos oss i huset i den bratte bakken ved fjorden!
 
 
Elin
 
 Forresten; det er solgt ei til reportasje til eit anna norsk blad ;)

 


Ny inspirasjon i kontorhjørnet!

 
 
 






 
Det var på tide med ny inspirasjon på veggane i kontorhjørnet. Det er ei blanding av eigne bilder, utklipp frå div. magasin, og ting eg har funne på nettet. Synes det er ekstra kjekt å printe ut eigne ting! Eg kava med lyset i dag, her er nesten snøstorm ute, og heilt grått. Lite lys å utnytte sjølv på formiddagen. Det går mot den tida no. Så på desse bilda har eg brukt stativ og utløysar. Får spørsmål om fotoutstyr. Eg har eit Canon 7D kamera, og bruker to objektiv, eit Sigma 18-200mm, og eit Canon 50mm (1,4) Draumesidene er nok kjent for oversiktsbilder inne i huset. Då må eg som oftast bruke Sigmaobjektivet. Alle nærbilder er tatt med 50mm.
 
Må også få takke for plass i inspirasjonsgalleriet til NIB!
Viss du vil sjå bilda kan du trykke HER!
 
Så må eg nevne at eg har fått mange fine helsingar av lesarar som abbonerer på Vakre Hjem&Interiør. Bladet er i butikkhyllene i morgen, og eg er kjempespent på å få sjå den ferdige reportasja frå huset vårt!
 
 
Elin
 
 


onsdag 24. oktober 2012

Livingroom

 
 
 
 


 
Stova er eit rom som blir brukt tildels lite om sommaren, men som overtek som opphaldsrom nr.1 når haust og vinterkveldane er over oss. Vi vaksne har tv stundene våre her, og eg har i tillegg eit kontorhjørne på eine sida. Sidan kjøkkenet vårt er såpass stort, vil stova vere tisvarande mykje mindre. Men etter at vi åpna opp mellom dei to romma, går dei mykje godt i eitt. Der var vegg og skyvedør inntil for to år sidan. Det er nok sant det dei seier om at ein skal byggje fleire gongar, før ein har funne alle dei gode løysingane. Er nok litt enklare å fjerne ein vegg? ;) Peisen varmar opp heile første etg., saman med ei varmepumpe.
 
Her er svar på fleire av spm. som har kome i forbindelse med stova.
De får tilgje meg når eg ikkje svarar med ein gong!
Send ein mail viss det er noko som hastar!
 
 
Elin
 
(som har handla 80% av julegåvene i dag!)
(eller i alle fall 70%...)
 
 

tirsdag 23. oktober 2012

Makeover kitchen

 
 
 



 
 
Ein enkel makeover... Kjøkkenet fekk eit røffare uttrykk med lån av lampen frå hagestova. Den har ein slags betonglook, og eg er VELDIG glad i han. Og sidan opphalda på hagestova blir færre og færre etter kvart som kulden setter inn, fann eg ut at lampen kunne få kome inn på kjøkkenet ein periode.
 
Eg har vore uten straum frå ti til to i dag, og sleit veldig med aktivitetane eg hadde planlagt. Merkeleg kor avhengige vi er av elektrisitet? Heldigvis har pc`en min OK batterikapasitet, så eg fekk gjort litt redigeringsarbeid. Og etterpå har eg kravla rundt på alle fire ute i hagen (på våt plen) og røska bort visna greier. Var jo ein av dei tinga eg irriterte meg over i går... No er det meste gjort! :) Blei klissja blaut, men det gjer ingenting så lenge eg klarer det eg vil!
 
 
I morgen trur eg at det blir bilder frå stova? Prøver å blogge frå ulike stadar, føler eg gjentek meg sjølv. Det er ei utfordring når ein interiørbloggar. Eg tenkjer at no er alle kjempelei av desse bilda mine, og at ting blir kjedeleg. Eg prøver å variere, sikkert med skiftande hell.
 
 
But I`ll be back ;)
 
 
Elin
 


mandag 22. oktober 2012

Kjøkkenet klart for vinter

 
 
 




 
Det er vel på sin plass å finne fram i alle fall EI ski når Storm.no melder snøv frå onsdag... Det er sjølvsagt den dagen eg og storesøster MÅ til Ålesund på sjukehuset. Eg låg i natt og grua meg til vinter. Til snøv eg ikkje klarer å flytte på, til redselen for å gli og skade ryggen endå meir, til å køyre på glatte vegar. Til mørke dagar, der alt som er vondt blir vondare, fordi alt er så mørkt. Men så kom eg heldigvis på at eg alltid tenkjer slik, før vinteren kjem i gang. Då blir ein van med alle desse tinga, og så kjem ein på gledene ved denne årstida også. Ikkje minst å fyre i peisen, drikke kakao, og kose seg inne. Det har vore dårleg med uteaktivitetar på meg siste åra. Men dei andre i familien er ivrige på langrenn, og dei minste elskar å renne akebrett og kjelke. (ganske gunstig her i Uren-Luren-Himmelturen med bakke frå fjell til fjord)
 
Konklusjonen er at vi er klare. Det er greit. Oktober skal til å takke for seg,
og November bankar på. Vinterdekka er komne på, oliventrea får kome inn på hagestova i dag. Hagen er ikkje slik eg skulle ynskje, men det er heller ikkje ryggen min... Livet er nok slik, foranderleg. Både vi og årstidene. Så då får ein gjere det beste ut av det ein har rundt seg.
 
Og denne veka skal eg kome i gang med julegåvene. Brukar å gjere frå meg før
desember. Synes at handling i julemånaden er uuthaldeleg... Trur faktisk eg kjem til å handle på nettet også i år? Er jo så sytalaust og greit, og så ber postmannen handelen heim til meg ;)
 
 
Vil takke for ALLE fine kommentarar siste vekene, eg har vore fullstendig fråverande med bloggbesøk, har prøvd å avlaste denne handa som trøblar. Men er så bra no at eg vil prøve å vere meir aktiv igjen. Får sjå korleis det går. Ganske kjedeleg å ikkje kunne ta bilder og blogge. DET har eg i alle fall fått erfare! Eg fekk ein mail frå Cision om at Draumesidene var plassert som nr. sju av interiørbloggarar i Norge i oktober, link HER. Eg kjenner ikkje til dette selskapet, og følger ikkje med på slike rankinger. Men det er jo UHYRE kjekt at mange likar bloggen min! Som eg har sagt før, så tilseier vel Jantelova at ein ikkje skal dele slike hendingar, men eg føler for å takke ALLE som stadig er innom Draumesidene for at dokke gjer kvardagen min lysare! Og ei extra takk til dei som tek seg tid til å skrive nokre ord! Men eg forventar det ikkje, eg har ikkje kapasitet til å gjere gjenbesøk å få takka alle personleg.
 
 
Ynskjer alle ei super oktoberveke,
med eller uten snøv!
 
 
Elin