...

Viser innlegg med etiketten Personleg. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Personleg. Vis alle innlegg

onsdag 23. april 2014

D R A U M E S I D E N E

 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
Påska er over. Eg har vore oppe i fjellet på truger fleire gongar. Eg har vore på tur... For meg er dette ganske utruleg. Hadde vel gitt opp å kunne bevege meg i fjellet på snøv skal eg vere ærleg? Hadde jo gitt opp fjellet alle årstider for nokre år sidan. Det heile byrja med små turar til postkassa og ned til huset igjen, uten krykker, for to år sidan. Etter fjerde prolapsen i ryggrada kom, tenkte eg at dette var berre å gi opp. Men heldigvis gjorde eg ikkje det.
 
Eg kan forstå at folk som ser bilder av meg på facebook tenkjer, at det var vel bedre ho brukte tid og energi på å arbeide meir? Korleis kan ho fyke rundt i fjellet og seie ho er sjuk? Viss ein har vore sjuk over fleire år, tek det tid å kome tilbake. Eg skundar meg sakte. Gleder meg over å skulle få til ein ny arbeidsavtale i nær framtid. Men eg må bruke tid.
 
Bilda er frå ein fantastisk fin tur på måndag, opp til ca.1000 m.
I går og i dag har eg slite med kroppsverk og haudeverk.
Sånn er det berre...
 
Uansett kor vondt det er i dag, og uansett om eg av og til lurer på kva det er eg driv på med; det er verd det! Det er som om ein tek tilbake livet sitt litt etter litt. Ikkje minst finn tilbake til den personen ein var før ulykka skjedde. Det er lett å gløyme detaljar frå eiga personlegheit etter alle desse åra med kroniske smerter.
 
Eg vil takke alle som har støtta meg i kampen for å få tilbake meg sjølv, og ein kvardag eg kan glede meg stort over. Ei spesiell takk til den flotte buketten med menneske eg har samla rundt meg siste året. Alle så unike, og fantastisk støttande kvar på sin måte. Den beste medisinen eg kunne fått!
 
Takk også til alle eg har blitt kjent med gjennom bloggen,
og for alle fine mailar og kommentarar!
 
Draumesidene var mitt første skritt for å ta tilbake kreativitet og livsglede.
Draumesidene tok meg ut av det triste, løfta meg framover på dei tyngste dagane.
Draumesidene er i dag mitt vitnesbyrd på at eg aldri gav opp.
 
 
4 1/2 år med blogging
Halvannan million treff totalt
 
Kven hadde kunne drøymt om det?
 
 
 
 
Elin
 
 
 
 


søndag 6. april 2014

A L I V E !

 
 
 



 
 
Til alle som ventar på interiørbilder... eg veit ikkje når dei kjem?
Men eg har ikkje tenkt å gi opp bloggen heller!
Eg nyt livet så godt som det let seg gjere.
Prøver å byggje meg sterk!
Fysisk & mentalt.
 
Nyt kvar dag,
så godt som du kan!
 
 
Elin
 
 
 


onsdag 26. februar 2014

JUMP! Og tusen takk!

 
 
 
 
 
 
 
 
"Johan Skytt", ein stein som stikk ut over Alnes ved havet utanfor Ålesund
 
 
 
Tusen, tusen takk for alle fine kommentarar!
Gøymer alt i hjertet mitt!
 
 
 
 
Elin
 
 
 
 


søndag 23. februar 2014

Om å leve - fullt ut!

 
 
 


For fire år sidan i februar, hadde eg så lite energi og krefter, at eg ikkje forstod korleis eg skulle kome meg gjennom dei neste månedane. Huskar så godt februar 2010. Siste åra hadde slite meg fullstendig ut. Masse smerter og sorger i livet mitt. Ei småbarnsmamma med store kompleks for at eg ikkje klarte å strekke til... Det er vondt når det svarte inne i hovudet blir større og større, når ein kjenner ekko i tankane sine, når ein svimlar fysisk av utmattelse.
 
Eg veit mange har meiningar om kva som har feila meg, og eg har fått høyre diverse diagnoser. Sånn i etterkant forstår eg sjølv at dei fysiske plagene mine sleit meg fullstendig ut, og at psyken sånn blir sett på voldsomme prøvelsar. Viss ein i tillegg har små barn som søv dårleg på natta, og er mykje sjuke er det lett at ein får overbelastning på harddisken i hjerna. Likevel har eg aldri gitt opp. Så om det svarte har omkransa meg til tider, har der alltid vore vilje til å kjempe vidare. Når det kjem til stykket, er det ein sjølv som må bestemme seg for å forandre livet sitt. Er ein heldig, står familie og vener klare til å heie ein framover, hjelpe til.
 
Mi forandring starta på førjulsvinteren i 2012. Eg hadde slite heile året etter at min fjerde prolaps oppstod i desember 2011. Eg fekk to mailer her via bloggen, frå to kjekke damer, uavhengige av kvarandre. Dei oppmoda meg til å prøve å kutte ut sukker og kveitemjøl i kosten. Noko sa meg at det var verd eit forsøk. Etter tre veker, kjende eg forandringar i kroppen. Betennelsane og hevelsane rundt diverse ledd gjekk tilbake. Eg kom i gang med å gå. Ikkje så langt, men eg gjekk igjen. Målet var å slutte å halte før 2013. Det klarte eg nesten. Sidan då har eg kjempa nesten kvar dag. Sett meg nye mål. Nådd nokre, manglar enno ein del av dei.
 
Eg håper inderleg at nokon der ute les dette, og tenkjer at : dette kan kanskje eg også klare?
Eg er overbevist om at kosthaldet vårt er kjempeviktig for korleis vi har det helsemessig? Og det å legge inn fysisk aktivitet i kvardagen. Eg vil også minne alle som er ute av arbeidslivet om at vi har lov å leve! Ein kan ikkje bli frisk viss ein gøymer seg inne, i redsel for kva naboen skal seie om ein rister tepper eller tek seg ein treningstur. Dette er ein del av det å bli friskare!
 
Det å ladde opp igjen "grunnenergien" i kroppen tek lang tid, når ein har vore sjuk lenge. Ein treng mykje trening både fysisk og mentalt for å finne seg sjølv igjen. Kroniske smerter gjer noko med eit menneske. Og det å skulle akseptere at ein har det som ein har det, kan vere vanskeleg.
 
Grunnen til at eg skriv dette innlegget i dag, er at eg vil hedre storesøstra mi, Kristin, som har gjort det same som eg gjorde. Lagt om kosthaldet, og kome i gang med trening. Ho har gått ned over 20 kg på fem mnd, og nådde sin første fjelltopp på fredag!
Eg er så uendeleg stolt av henne!
Og det beste er at det lyser glede av henne! Kristin har også problemer med ryggen etter ei bilulykke, og utfordringane står i kø. Likevel har ho funne styrke til å gjennomføre desse forandringane i livet sitt.
 
 
 
 
Eg drøymer om å kunne feste historia mi på kvite sider, og at det til slutt blir ei bok. Ikkje fordi eg har behov for ære og berømmelse, men tanken på å kunne hjelpe andre gir mi historie meining. Framtida får vise. Akkurat no går all tid og energi med til positiv tenking og trening.
 
Eg føler meg som verdas heldigaste jente, som igjen kan gå i fjella, og ikkje minst klarer å smile heilt frå inst inne i hjertet mitt! Posen som heng på veggen min på kjøkkenet, minner meg kvar dag om at sjølvtillit faktisk ikkje er noko ein kan kjøpe. Ein må stå på sjølv, for å tru at ein er bra nok. Det hjelp ikkje kun at andre sei det, ein må også tru på det sjølv! Ein går ikkje ut på dato berre fordi helsa hanglar. Tvert imot! Ein kan kome tilbake som eit sterkare og modigare menneske!
 
 
Takk til alle fine folk som har støtta meg i året som har gått! Kampen min fortsetter! Og Kristin; STÅ PÅ VIDARE!
 
 
 Ein ekstra god klem til alle som prøver å gjere
ei forandring i livet sitt
i veka som kjem!
 
 
 
 
Elin
 
 
 
 
 


søndag 9. februar 2014

Loving Living

 

 
 
 
 

 
Still having dates with my lovely mountains...
Wish you all a great week!
 
 
 
 
Elin
 
 
 
 
 


onsdag 5. februar 2014

Flying high - again!


 
 
 
 




 
 
 
 
Mefjellet, Fjørå 1100 moh
 
 
The last weeks I have been hiking in the mountains again. We have had dry weather in the nord-west of Norway, and OK temperatures. I have been able to walk a lot, and my body is starting to get better. Yesterday I was on a top, 1100 m above the fjord. I guess you all can imagine it gives me a lot of energy? A lot of pain too, but I chose to think that it will make me stronger in the future? I just need to focus hard, think positive and smile!
 
And by the way; I will show interiorpictures again!
My focus has been elsewhere the last moths.
But I`ll be back!
 
 
 
Elin
 
 
 
 
 


torsdag 10. oktober 2013

Balloons on the floor, chaos in my head and in my kitchen | Ballongane nede frå taket, men kaos i huset og i hovudet mitt

 
 
 
 
 
 
 
 
 

 
 

 
 

 
 
Etter ein aldri så liten haustferietur, er vi heime igjen. Ballongane er komne ned frå taket, men ikkje lengre enn ned på golvet. Vaskemaskina går for fullt, klede skal på plass. Og min energi er ikkje den beste. Men akkurat no rivnar skydekket, og sola stråler i fjorden. Etter nokre dagar med grått og trist vèr, er dette heilt magisk! Kjenner at ein varme breier seg inni kroppen, og at det er lettare å smile. Og etter ein tur med kameraet, er humøret fleire hakk bedre. Eg er heilt bevisst på at bloggen ikkje skal vere ein stad der eg klagar. Den har alltid vore ein reiskap for meg, ein stad eg prøver å vere positiv. I desse dagar har eg hatt både sjukehusbesøk og vurdering av helsesituasjonen min. Det er ikkje kjekke ting å gå gjennom. Føles som om det er kaos i hovudet mitt. Eg har blitt drivandes flink til å late som om ting er bra, smile meg gjennom vonde dagar, og faktisk fortrenge alt som er gale. Men akkurat no er eg smerteleg klar over korleis ståda er. Eg skal likevel fortsetje å kjempe for å bli frisk. Dagens blogginnlegg er til ære for alle andre der ute som har det mykje verre enn meg. Eg veit at eg er kjempeheldig som har fått oppleve så utruleg mykje flott i 2013. Ein enorm framgang, og så mange positive opplevingar! Så av den varmen som breier seg i meg no, sender eg det meste vidare til dei som treng den meir enn meg!
 
 
Stå på!
 
 
 
God klem frå Elin!
 
 
 
 




tirsdag 17. september 2013

The woman & her interior

 
 
 
 
 
 
 

 
 

 
 
 
Toppen av lukke er å matche interiøret sitt...
Måtte flire når eg oppdaga at tørkeduken på ovnen hadde same mønster som skjorta mi... og så måtte eg berre bli tatt bilder av... Storesøster ordner ut med kamera, så det er ikkje farleg... Eg er ikkje superkomfortabel med å bli tatt bilder av, men har kome meg stort sidan nyttår. Faste lesarar huskar kanskje at eg hadde eit mål om å klare å bli tatt bilder av, uten å få angst. Eg har i alle fall posert og utfordra meg sjølv alle desse månedane sidan. Trudde eg også skulle tørre å la fotovenner ta bilder av meg, men der er eg ikkje enno... Nokre mål må ein no ha for 2014 også? ;)
 
Viss du har lyst til å lese om fotoskrekken min,
kan du trykkje HER & HER
 
Og så vil eg seie tusen tusen takk for så enormt mange besøk, og alle fine kommentarer!
Det å byrje å blogge igjen har vore ei oppleving over all forventning!
Gjett om det er kjekt å få ei slik mottaking etter min lange pause!
 
Thank you all for visiting Draumesidene!
I can`t express how happy I am to be back on track!
You are the best!
 
 
 
Elin
 
 
 
 


tirsdag 10. september 2013

Små skritt i rett retning gjennom snart eitt år...

 
 
 
 
 
 
September 2013
 
 
 
 
September 2012
 
 
Fann dette bildet som ei veninne tok for snart eitt år sidan.
Kan nesten ikkje forstå at det er meg? Det er ikkje berre det fysiske som har forandra seg, eg trur heile dama er snudd på hovudet og rista aldri så lite...
 
Eg har halde foredrag i kveld, for ein gjeng med damer. Delt av mine erfaringar. Det å tenkje positivt, og skape nye mogelegheiter for eit betre liv. Berre det å stå framfor så mange og snakke er uvant etter fem år som sjukmeldt. Men eg synes det var kjempefint, og eg håper å få gjere slikt oftare i framtida.
 
Ein ekstra god klem til alle der ute som har store utfordringar i liva sine!
Husk på at alle forandringar kan byrje i det små. Men at ein må byrje ein eller
annan stad for å skape forandring!
 
 
 
Elin
 
 
 
 


tirsdag 27. august 2013

Still flying high...

 
 
 
 
 
 

 
 

 
 
 
Hornindalsrokken 1526 moh
 
 
Eg kjemper vidare. Ikkje alle dagar er like gode. Men så kjem det ein gedigen opptur, slik som denne turen på søndag. Og sjølv om turen opp krever enormt fysisk, og ikkje minst psykisk, er belønninga enorm når ein kjem opp på toppen og får sjå eit slikt syn... Eg er så takksam, huskar veien hit. Eg tek ikkje ei einaste glede for gitt! Alt ved livet skal nytast! Eg gleder meg til å fortsetje kampen om å få livet heilt tilbake!
 
 
 
Elin
 
 
 


fredag 9. august 2013

Eventyr 1564 moh

 
 
 
 
 
 

 
Turbeskrivelse finn du HER
 
 
I går besteig eg Slogen, eitt av mine største mål. Var oppe for 18 år sidan, og eg har alltid tenkt at eg skulle gå opp dit igjen. Etter fjoråret med krykker og halting og min fjerde prolaps, var det ikkje slik at eg trudde det var mogeleg å gå denne turen i sommar. Men med rett kosthald, vektnedgang og timevis med trening, innsåg eg at det kunne la seg gjere. Siste månaden har gått med til trening, mentalt og fysisk. Null blogging og nesten ikkje bruk av kameraet. Berre full fokus på å kome i bedre fysisk form igjen. Og å slappe av. Eg fekk meg ein skikkeleg nedtur på forsommaren, følte meg tom og ute av stand til å bli bedre. Målet er jo å bli heilt frisk!
 
Gårsdagen var ikkje av dei optimale, måtte ta medisin før eg starta. Og skodda låg heilt ned i dalbotnen. Men med OK sikt. På ca.1200 moh kom vi over dette laget, og utsikta var makelaus! Sjølv om vi ikkje fekk noko åpning i skylaget, klagar eg ikkje. Eg veit jo korleis utsikta var sist eg var oppe. Eg sleit veldig på veg heim heilt frå toppen, og halta siste 10 km, MEN det var verd det! I dag er kroppen tom, og verker. Men eg smiler :) Vi kan klare utruleg mykje viss vi bestemmer oss for det! Eg kryssar alt eg har for at smertene går over om nokre dagar, og eg har bevist at eg er mykje tøffare enn eg trudde sjølv! Husk endeleg på at det ligg hundrevis av treningstimar bak denne turen, sidan nyttår. Både med 15 km gåturar fleire gongar i veka, og økter på helsestudio. Det var ikkje berre å slå sammen hendene, og hive seg avgårde på fjelltur!
 
 
Eg har fleire mål ;)
Og er allereie i gang med å "tenkje
dei gjennomførbare"...
 
Håper desse små glimta frå mitt liv
kan inspirere andre til å
nå sine mål!
 
 
 
 
Elin
 
 
 
 


torsdag 25. juli 2013

Reaching goals, living the dream...

 
 
 
 
 
 
Elin på Lauparen, 1434 moh.
Hundrevis av timar med trening og eit lass med viljestyrke...
 
Og følelsen?
 
UBESKRIVELEG
 
 
 
Fortsatt god sommar!
 
 
 
 
Elin
 
 
 
 


mandag 8. juli 2013

Eitt år eldre...

 
 
 
 
 
 
... og lykkeleg i sommarnatta ved havet...
 
 
Fantastisk inngang til mitt
førtiandre år
 
 
 
Elin
 
 
 


lørdag 22. juni 2013

Midtsommar på kjøkken og stove | Pictures from my summerkitchen & livingroom

 
 
 
 
 
 

 
 

 
 

 
 




 
 

 
 
 
Kjære alle som er innom dagleg! Dette er eit innlegg laga på trass, til dokke! Eg klarer ikkje å ta bilder, nakken min har blitt så sint i det siste. Men eg nyt alle dagar, og er takknemleg for å kunne vere oppe og sprette ;)
 
Vi har kome til midtsommar... Nesten ikkje til å tru?
Men no skal vi NYTE sommaren folkens! Uansett vèr! Nyte lyset!
 
 
 
 
Ha ei fantastisk fin tid alle saman!
 
 
 
Største klemmen
frå Elin!
 
 


onsdag 29. mai 2013

Fotomodell slæsh fotograf :)

 
 
 

 

 
 

 
 
 
Eit lite innblikk i andre delar av livet mitt,
enn det som har med interiør å gjere. Eg jobbar for å bli ein
bedre fotograf. Og i tillegg til fleire kurs i 2013, har eg tatt bilder saman med andre. Kenneth Enstad byrja med å måle bilder, men fann ut at han ville byrje med fotografering for tre år sidan. Heldigvis får ein vel seie. I fjor tok han to gullmedaljer i 1.runde av NM i foto, og vi følgjer spent med om han klarer å følgje opp innsatsen, resultata blir kunngjort i Tr.Heim i helga. Kenneth har ein stil som framhevar kontrastar. Kanskje difor eg likar bilda hans så godt? Du finn bilder på
 
 
instagram : kennethenstad
&
 
 
Det er Kenneth som har tatt bildet i headeren min.
 
 
 
Elin
 
 
 
 


tirsdag 14. mai 2013

Bloggpause i Spania

 
 
 
 
 

 
 
Ein av dei tinga eg har vore redd for siste åra, er å reise. Livredd for å bli dårleg og sengeliggjande med ryggen når eg er på ferie. Dette har lagt masse begrensningar på kvar og korleis vi har reist. Men rundt nyttår inviterte gode vener oss med til huset sitt i Spania. Eg tenkte at dette var eit stort mål, men noko eg skulle jobbe for å gjennomføre. Avtalen var at dei andre skulle reise uten meg viss eg fekk ein dårleg periode. Det gjorde eg ikkje, og forrige veke kosa vi oss sør for Alicante. 
 
Eg saknar å liggje på stranda i steikande sol, men i dag var eg på min første stortur
til ein fjelltopp sidan hausten 2011, ikkje verst det heller? Store kontrastar til nysnøv og kald vind; men eg elskar jo tross alt det også :)
 
 
Blogginnlegg er på gang,
det blir tapasmåltid i hagestova før pinsehelga ;)
 
 
 
Elin
 
 
 


søndag 28. april 2013

Kurert for fotoskrekk?

 
 
 
 
 
 
Eitt av måla mine i 2013, var å klare å stå framfor kamera, utan å få angst. Skreiv om det HER. Sidan det innlegget, har eg vore gjennom ein prosess. Både tatt bilder av meg sjølv, men også blitt tatt bilder av. Eg kan ikkje seie at eg synes det er stas å posere, men det viser seg at ein faktisk kan venne seg til dette også. Bilda i dag er tatt av dattera mi sist fredag, og eg skal vere så tøff at eg deler dei på bloggen min. Siste utfordringa er herved utført. Kjenner at det ikkje er slik eg er oppdratt; ein skal ikkje dele slike bilder av seg sjølv? Jantelova og andre uhumskheiter ligg og lurer. Men for meg er dette eit stort skritt i rett retning. Eg fyller snart 42 år, og har som neste mål å akseptere meg sjølv som eg er. Eg trur mange kvinner slit med dette? Vi er flinke til å fortelje andre at dei er bra nok, men kjenner aldri det same om oss sjølve? Slik er i alle fall eg. 2013 vil for meg vere eit år der eg må akseptere kropp og sinn slik som det er, sjølvsagt arbeide for å forbedre både fysikk og psyke, men senke skuldrane og tenkje at eg ikkje er så verst i utgangspunktet.
 
Eg setter veldig stor pris på kommentarar der andre forteller meg om sine utfordringar, eg treng ingen om korleis eg ser ut. Dette innlegget handlar om alle oss som tek tak i ting som er vanskeleg og gjer livet bedre. For meg er det ikkje utseende som teller, men evna til å føle at ein er bra nok. Uansett!
 
Eg stod framfor 50 stk sist veke og snakka om det å vere kreativ og viste bilda mine. Det hadde eg aldri klart uten å jobbe med sjølvtilliten. Og eg kjenner meg sterk.
1000 gongar sterkare enn for eit halvt år sidan.
DET er gull verd!
 
 
Ynskjer alle ei flott, ny veke!
 
 
 
Elin
 
 
 
 


mandag 8. april 2013

Måndagskjøkken...

 
 
 
 
 
 
 

 
 

 
 

 
 
 
 
Sjal og veske frå Herlighet
 
Alle har eit måndagskjøkken reknar eg med? Prega av helga, og ikkje minst søndagskvelden med framleiting av ting og tang til kvardagen igjen? Og litt ekstra stuff som blir liggande igjen når folk fyk ut dørene på morgenen? I dag kutta eg bildet midt på kjøkkenbordet, og puffa alle slike ting over på den andre enden av bordet ;) Praktisk... Tenkte eg skulle minne alle på det i dag; blogging er fint, fordi ein viser fram det ein vil... Og så kan det vere kaos rett utanfor bildekanten. Debattane rasar med jevne mellomrom; bloggarar som skaper press på den normale mann og kvinne. Kanskje? Eg meiner i alle fall IKKJE å presse nokon? Eg klarte å vaske golva i første etasjen sist torsdag. Det har eg ikkje klart sidan tidleg desember 2011. Skuldrane er senka i forhold til støv og rydding, tida mi går med til trening og det eg kan klare av arbeid. I går sat eg på kne og blåste hybelkaninar langs veggen på soverommet, før eg tok bloggbilda. Lo når eg gjorde det! :) Her er jenta si som ikkje har støv på hjerna! Promise! Det er ikkje slike ting som er viktige i livet? Det å kunne feire kvar dag, fordi ein klarer å fungere; DET er det som tell for meg no!
 
 
TAKKSAM! 
 
 
 
Elin