...

torsdag 31. januar 2013

Livsstilsendring





Så kom snøven her også Eg har ikkje hatt noko imot at den har holdt seg borte i vinter. Eg er avhengig av å gå mykje, og det er tusen gangar enklare når det ikkje er snøv og holke. Eg brukar piggsko, men synes joggesko er himmelsk. Har fått nokre kommentarar og mailer etter at eg fortalde om kostholdsendringa mi siste månedane. Folk vil vite kva eg gjorde for å bli bedre? Det er ikkje noko hokus-pokus historie. Eg leste nokre artiklar om at sukker tilførte betennelsar i kroppen næring (og kunne skape betennelsar) Eg bestemte meg for å prøve ut om eg klarte å kutte ut "synleg" sukker først. Eg har aldri levd veldig usunt, har trena masse siste fem åra og er opptatt av å halde kroppen i form. Men eg har nok aldri VERKELEG gjort mitt aller aller beste for å lykkast på mange områder på ein gang? Eit anna produkt som eg har fjerna frå kosten er kveitemjøl. Eg et det i enkelte ting innimellom, men ikkje til dagleg. Det var eit slit i starten, spesielt sukkerabstinensane held på å gjere meg tullerusk. Men etter tre veker var betennelsane i ryggen nesten borte, hodepina likeså. Etter dette kom energien tilbake, dei daglege smertene hadde nok ete meg opp innanfrå tidlegare. Eg får stadig høyre at eg har fått igjen glimtet i augene, eg føler det sjølv også. 

Kva eg et? Sunt :) Masse frukt og grønt, fisk, kylling, raudt kjøtt, kokte egg m.m. Har blitt heilt hekta på kiwi, appelsiner og gulrøtter. Masse vatn står sjølvsagt også på lista. Det å kunne gå ute og trene igjen, ser eg på som bedre enn å vinne i lotto. Eg var så fortvila i fjor, når eg vart sitjande og liggjande på sofaen, og ikkje kom meg ut. Mentalt er desse turane kjempeviktige for min del. Det er så godt å få friskluft og vere ute i naturen. Eg har framleis smerter. I dag etter å ha gått 6 km i laussnø, fekk eg verkeleg erfare at det er ikkje heilt bra alt baki ryggen der. Men ein må faktisk presse seg sjølv av og til for å kome vidare. Dette er ein beinhard kamp, som eg trur ein må ha prøvd for å forstå? Det er så enkelt å stå på sidelinja og vere verdensmester og gi andre gode råd, det er noko heilt anna å bli trykt til bakken gang etter gang, for så å reise seg igjen. Det er knalltøft! 

Neste veke ventar eige opplegg med ryggtrening på helsestudio. 
Eg er veldig spent på korleis det går? Har i alle fall tenkt å gjere mitt beste der også. Det blir nok tøft i starten, men som eg sa over her; ein må flytte på grenser innimellom. Gleder meg til vekene som kjem, og DET er den beste følelsen EVER! Og du; ein kan når som helst ta tak i livet sitt og gjere forandringar...
FINT, ikkje sant? :)



Elin


tirsdag 29. januar 2013

Brown details...










I have fallen in love... Brown details in my black & white interior
makes me smile... I think I will continue searching for this colour in new items?


Elin



søndag 27. januar 2013

Me, my camera & my dreams...






Får stadig kommentarar og mailar om fototekniske ting. 
Eg er slett ikkje god på slike ting. Det er meir learning by doing med meg. Eg har eit Canon EOS 7D, og tek bilder med to objektiv, Sigma 18-200mm, og Canon 50mm 1,4. Eg brukar stativ til dei fleste bilder på vinterstid. Eg redigerer i photoshop, og brukar RAW-format på bilda. Skrift og rammer hentar eg frå PhotoScape (gratisprogram på nettet) 

Det å ta gode bilder handlar om så mykje meir enn å ha dyrt utstyr. Ein må kunne å bruke kameraet, og ein må planlegge bilda på førehand. Eg er veldig impulsiv, det er nok difor eg kan spy ut innlegg dagleg i periodar. Men til slutt handlar det om å kunne inspirere andre. Om å skape ei stemning i bilda dine.

*
Eg er på vei inn i ein ny fase i livet mitt. Framgangen har vore enorm siste månedane. I den forbindelse har eg takka ja til eit prosjekt med ein arbeidsgivar. Det er jammen ikkje farleg å vere meg, har tilbod om fleire spennande jobbar. Meininga er å dra bloggen med på lasset. Det vil medføre ein del sponsa innlegg, men eg håper å kunne vere kreativ, og inspirere lesarane mine likevel? Veit ikkje heilt kva mottaking dette får, men for meg er dette nytt og utfordrande. Det viktigaste er å behalde denne herlege optimismen som boblar i og rundt meg for tida. Eg vil også prøve å kome i gang med freelancing for ulike aviser framover våren. Alt avhenger av om energien strekk til, og om kroppen er snill mot meg. Eg håper at lesarane mine forstår at eg må gjere nokre endringar, viss bloggen skal kunne bestå. 


Tusen takk for følget gjennom siste tre år og fire månedar.
Nokre har kanskje vore med heile vegen?
Uansett; takk for fine kommentarar,
gode smil og oppmuntring på
tunge dagar!

Draumesidene skulle hjelpe meg å halde fast på draumane mine.
Eg ser no at bloggen også har skapt nye draumar. 
Bedre draumar. Og no er dei i ferd med å gå 
i oppfylling... Og alle de der ute 
kan bli med vidare :)

Eventyret har så vidt byrja...



Elin


In L O V E with letters









Så glad i bokstavar i interiøret! Trykka mine frå Ylva Skarp er kjøpte hos hviit.
Eg finn også oppmuntring i desse orda. Og skrifta er berre nydeleg!


Tusen takk for alle fine tilbakemeldingar!
Prøver å svare under kommentarar med spørsmål. 

Hvis du har lyst å gi di stemme til 
Draumesidene sitt bidrag 
inne hos NIB
trykk HER

Elin



lørdag 26. januar 2013

Soverom












Lys og herleg laurdag, med sola strøymande inn vindua!
Til å bli glad av! Ute er det 5 pluss, som minner om vår etter siste vekers
kuldeperiode. Kjenner at det kriblar i magen ved tanken på kor fort det faktisk går mot vår?


Elin



fredag 25. januar 2013

Om å snu kjøkkenbordet uten å meine det...














Kahler skål, Hviit, treskål, Ølen møbel, Nicolas Vahè salatbestikk, Herlighet


Snudde kjøkkenbordet ved ein feiltakelse i går... Måtte flytte på det for å ta bilder, og så blei det berre slik etterpå. Dei andre her klagar, dei meiner det er tungvint... Så får vi sjå om mor i huset snur det tilbake - eller ikkje. Likar at utskjeringane over bordbeina viser. 

Må takke i dag også for alle stemmer hos NIB,
de er verdas beste lesarar! 


God helg!


Elin



torsdag 24. januar 2013

IKEA og LINDEX på kjøkkenet


















Ein skal aldri seie aldri... Har hevda tidlegare at eg ikkje kjem til å blogge om anna enn interiør. Der tok eg jammen feil? Fann ei slik vakker skinnjakke på Lindex, som eg allereie elskar. Mi svarte skinnjakke er fem år gammal, og blir brukt ofte. Det einaste eg sakna på denne nye, er kragen i halsen. Men til 599,- kan eg oversjå akkurat det.

Eg har prøvd å ta meg saman i dag, og skulle lage eit spennande blogginnlegg. Men det er 
vanskeleg å tvinge fram slikt? Håper at bilda inspirerer
 ein eller annan der ute!

Tusen takk for alle fine kommentarar om finaleplassen 
hos NIB! :) Og takk til alle som stemmer 
på Draumesidene sitt bidrag! 


Elin 

onsdag 23. januar 2013

W h e n y o u a r e p o s i t i v e ...




Positive things happen!




Draumesidene er i NIB`s finale! JIPPI!
Men så var det desse stemmene eg må be om...
Du kan uansett gå inn HER og finne din 
favoritt! Maaange fine bidrag!


From within, with love!

Elin


søndag 20. januar 2013

ENDELEG!!!






Du skal ALDRI gi opp håpet om framgang!
Du skal ALLTID huske at vilje kan flytte fjell!
Du må alltid huske at du er mykje sterkare og tøffare enn
det du føler deg i tunge stunder...

Tilbake på fjelltoppen min i dag,
gråt av glede når eg kom over skoggrensa og såg utover
Sunnmørsfjella. Snakk om flott premie etter tre månedars trening!

Ville berre dele med fleire.
Kanskje gi håp til andre som ikkje har det så bra.
I fjor klarte eg ikkje å gå uten krykker, høgrefoten ville ikkje bli med
når eg var ute og gjekk. Knekken psykisk var nok vel så hard.
Det var frykten i hovudet som var verste fienden i dei
bratte bakkane i dag.

Men eg kom meg opp!

Ynskjer alle ei vakker januarveke!
Takk for alle fine kommentarar, betyr så veldig
mykje for meg!


Elin

lørdag 19. januar 2013

Workspace





















Har gjort ein innsats ved arbeidsplassen min.
Vinterstemning enno, men har store planar om å leite fram andre bilder å henge opp.
Elskar å bla i gamle blad, Elle Decoration er uten tvil favoritten min. 


Elin

mandag 14. januar 2013

Vinterlys i kjøkkenet














Håper at alle toler nokre bilder til frå kjøkkenet i formiddag.
Det er så fint å ta bilder i dette rommet, pga alt lyset som fløymer inn. 

Expressen har lagt ut link til reportasja frå huset vårt.
Viss du har lyst å lese og sjå, trykk HER


Elin

Wintermorning





I`m in love with the winterlight...
So magical and lovely...


Elin

søndag 13. januar 2013

Kjøkkenbilder - rett og slett




 


 

 
 


 


Eit forsøk på eit blogginnlegg :)
Og for å seie det først; eg har ikkje lagt skoa der med vilje! Eg berre såg
motivet, når eg egentlig skulle på tur ut i sola! Kelly Moore veska er så fin, at den 
står alltid ved sitjebenken på kjøkkenet på stas. Men no skal eg ut! 
Håper søndagen er fin andre stadar også!


Elin


lørdag 12. januar 2013

Draumesidene på framsida til Leva & bo Sverige







Stor stas å få vere på framsida til Expressens Leva & bo denne helga!
Gleder meg til å få tilsendt bladet i posten! Reportasja er laga av 
Gå gjerne inn på linkane, og sjekk ut dei fine bloggane deira! 


Takk for alle fine helsingar på FB, 
instagram og mail!



Elin


torsdag 10. januar 2013

Lys og forventning på stova, og i livet mitt :)















Eit lite livsteikn frå ei solfyllt stove! :) Har de sett så fint lys?
Sola bestemte seg for å kome tilbake, og gjett om eg NYT dette fine vèret!
Rakk å ta nokre bilder etter at eg hadde trena i dag. Hadde ein 3 timers tur opp til fjellet. Har ikkje vore så høgt oppe sidan hausten 2011. Fantastisk! Måtte sette i eit aldri så lite gledeshyl oppe på viddene idag. 2013 har vore over all forventning til no, eg er så UTRULEG glad å vere oppe på beina og at eg kjenner at energien er i ferd med å fylle kropp og sjel igjen! Det er som å få tilbake seg sjølv, å sleppe ut av eit slags fengsel. Eg gjekk over på ein ganske streng diett i slutten av oktober, det var tøft, men skulle hjelpe kroppen til å bli bedre. Det hadde uten tvil kjempeeffekt. Betennelsane eg har slite med vart borte, og følelsen av å orke meir kom etter berre nokre veker. No er eg ti kilo lettare, smertene er minimale og eg NYT livet! Eg har kun brukt pengar på meg sjølv i det siste, ingen interiørkjøp ;) Men oppi alt dette nye, går dagane fort. Treninga tek masse tid, skal i tillegg starte med ryggtrening. Og dagslyset har glimra med sitt fråvær. Blogging kjem langt ned på lista over things to do. Likevel ser eg at mange er innom kvar einaste dag. Det er fint at bloggen kan inspirere, sjølv om eg tek pausar! 

Eg er så glad for at eg aldri gav opp Draumesidene! 
Håper å kome sterkare tilbake! 


Elin



søndag 6. januar 2013

Signaturlook











NIB si utfordring denne månaden, handlar om tanken om at ein kan sjonglere mellom det ein bør og vil.  Kva vil du? Korleis har du det? From within...
 
Dette blir litt spesielt for meg, sidan bloggen og interessa mi for interiør, fungerar som ei slags livsline. Eg må bruke den energien eg har på det viktigaste. I løpet av desse fem åra med ryggplager, har eg blitt ganske god på å sjå kva som er viktig eller ikkje. Det handlar om livskvalitet. 
 
 
Men midt oppi alle desse mindre kjekke tinga i livet mitt, har ein interiørstil kome til syne. Min signaturlook. Eg er ikkje interessert i å kopiere andre, sjølv om eg nok gjer det ubevisst. For vi får tips av kvarandre i bloggverda, og plukkar til oss ulike uttrykk og setjer dei saman til vår eigen frodige bukett. Eg får stadig tilbakemeldingar om at folk kjenner igjen bilda mine, og det kan vel vere eit teikn på at eg har klart å skape noko eige? Ikkje berre i interiøret, men også fotografisk? 
 
 
Eg var i tvil om kva eg skulle vise frå huset for å vise min stil.
Men sidan eg akkurat har rydda og ordna kroken ved peisen, får denne staden
bli mitt bidrag i januarutfordringa.


For fleire bidrag gå inn til NIB HER!



Elin
 

torsdag 3. januar 2013

A taste of spring in the kitchen

 
 
 
 


 
 
 
 
 
 
 
 
Tomatsuppe med kjøttbollar på menyen,
men med oppdekking som gjer middagen litt meir spennande...
Perleblomsterløkar og kirsebærgreiner gir håp om lysare tider, og etter
kvart ein etterlengta vår... Det er lenge att enno, men eg treng å
glede meg! Så får vi ta ein vinterdag om gangen.
 
 
 
Elin