...

tirsdag 30. august 2011

Ny skåp på hagestova, gratis! Og litt info.om rommet


Vel, ingenting er gratis, for materialane kosta jo i utgangspunktet. Men eg har kun brukt restar til den nye skåpa mi. Og eg er ganske fornøgd. Har putta inni sotbøtta, tennbrikettane, grillrista vi brukar i peisen osv. Skåpa er behandla med drivvedbeis frå Jotun, som eg også har brukt på deler av veggane og dragaren i taket. Var redd det vart for mørkt, men må vel seie at resultatet er akkurat som eg håpa på. Eg har brukt rupanel, noko som skaper eit røft uttrykk. Var nok fleire som stussa på dette når vi sette i gang å kle rommet, også eg sjølv... Eg er slett ikkje sjølvsikker og overbevist i ein slik prosess. Var heilt låk i magen ein kveld forrige veke, fordi eg følte at ting ikkje blei som forventa. Men så byrja eg å beise, og roa senka seg. Halve rommet har eggekvite MDF plater, som har vore her fleire år. Taket er kledd med ferdigmåla trepanel. Til slutt er det festa "pyntebjelkar" utanpå.

Framleis manglar det ting og tang her. 4 vindu, lister, hyller, ++. Men vi har fått gjort veldig mykje siste vekene. Så resten kjem nok etter kvart?







Lampen er kjøpt på salg hos Herlighet i Ålesund. Den kjem frå Palma, som har VELDIG mykje fint!
Ellers fekk eg spørsmål om den svarte kommoden som står her inne. Den er antikk; eg kjøpte han for snart femten år sidan. Etter å ha vore luta leeenge, måla eg han svart for nokre år sidan. Eg har brukt blank måling, kanskje bengalac, eg huskar ikkje heilt. Han har glasknottar, og har hatt det sidan eg måla han. No får ein kjøpt det "over alt"? Eg sleit med å finne desse huskar eg. Spørs om her kjem ei forandring? ;) Eg likar best ting når dei ikkje finns over alt...


Tusen takk for fine kommentarar,
og mails! 
Dei held bloggen i gang!


Nyt dagen!

Klem E   


mandag 29. august 2011

Ny skåp, steg for steg


I`m back! Og jammen vart det skåp til slutt. Men så har det skjedd ein del andre ting i løpet av dagen, som gjorde det ganske mørkt før eg var ferdig. Så det heilt ferdige resultatet kjem i morgen. Eg har aldri laga eit slikt innlegg før, så ikkje ver for kritiske. Håper nokon har nytte av dette.


Utgangspunktet

'

Her har eg sett på ein planke i forkant, og saga ut ei treplate til å leggje på toppen


Her held eg på å tilpasser plankar til å lage ei dør. Eg var superheldig,
og fann restar etter bygginga her som passa akkurat :)


Eg legg plankane ved siden av kvarandre, og spikrar
to mindre bitar på tvers med stiftar som går gjennom
fjølene, men ikkje gjennom fronten på døra mi.



Ups! Nisja er ganske skeiv, og eg bestemmer meg for å heller
lage ei luke. :) (difor er det greit å ikkje ha faste planar...)


Kul knott? Eg har saga av ei tjukk rekved-grein, og vips ein
original knott!


Abra kadabra... Men som sagt, den ferdige skåpa kjem det bilder
av i morgen. Kan seie så mykje at den står her ferdigbeisa og smiler :)


Elin



Bygging av skåp, eit forsøk på å forklare...





Energien er IKKJE på topp etter siste vekes krafttak, men eg tek dagen til hjelp. Håper å kunne ta bilder etter kvart som prosessen skrid fram ;) Og viss her ikkje kjem fleire innlegg i dag, har eg rett og slett kapitulert. Det er det som er så fint med slike prosjekt; dei stikk ikkje av!


Elin 


søndag 28. august 2011

Hagestove - IGJEN :) Og eit TIPS!


 
Lampe frå PALMA

 
Lei av hagestova mi? Det forstår eg i så fall godt. Men det er ikkje eg ;) Ting kjem meir og meir på plass. Eg beisa bordet i går kveld. Med Lady sin drivvedbeis. Slik som også er brukt på rupanelet på veggane. Inspirasjonen henta eg frå Anne med bloggen/butikken Emmas verden. Ho har ein liknande vegg på butikken sin i Langevåg. Så takk til Anne for hjelp undervegs! :) Veggar og tak ellers er måla i fargen eggekvit. Golvet er behandla med dekkbeis. Fargen heiter skifergrå.

Som bildet viser, held eg på med eit skap bortanfor peisen. Håper å få ferdig dette i morgen? På veggen til venstre for peisen, skal det inn to stk. 50x50 vindu. Eg kom over eit flott tilbod hos
Flåthe trevare på Valle i Skodje sist veke. 1500 kr pr.vindu, er langt under prisen eg fekk oppgitt for nokre år sidan. Vindua er doble, og kan åpnast. Der er krok for å setje på viss du vil lufte. Fine hasper. Der var 4 stk. igjen før helga. Og dei kunne skaffe fleire. Glimrende til påbygg, garasjer og kanskje ein levegg som treng eit løft? Sjølvsagt også til hus.

 

 
Eg vil nok kome tilbake med fleire detaljar og bilder frå yndlingsrommet mitt,
så viss du er fed up, bør du nok ikkje kike innom her på ei stund! :)

 


Til alle som vil sjå skapet ferdig; HENG PÅ! :)


Elin


lørdag 27. august 2011

Møblering av nytt rom :)








Golvet har blitt lysegrått sidan sist, og møblane er på veg inn igjen i rommet. Eg må innrømme at eg manglar 4 vindu i veggen, nokre lister, delar av ei heimesnekra skåp osv.osv... Litt trist, men prosjektet har stoppa opp inntil vidare. Men eg smiler frå øyre til øyre. Skal sjå kva eg kan få til på eiga hand i veka som kjem. Ein kjem langt med VILJE :) I går kveld var hagestova kinosal, og lillemor vil gjerne takke alle som la att fine helsingar til henne på bursdagen!


Elin



fredag 26. august 2011








GRATULERER KJÆRE LILLEMOR!

Det er 11 år sidan vi hadde nokre harde timar... Men ca.kl 12 skreik du for første gang.
Ubeskriveleg følelse...Og du har blitt til stadig større støtte for mammaen din.
Du er ei veldig flott jente på alle måtar, og vi er VELDIG stolte av deg!

Og jammen fekk eg ferdig hagestova ;)

Vi gleder oss til jenteparty seinare i kveld!


STØRSTE KLEMMEN
frå
Mamma Elin


Link til forrige års selskap finn du HER :)



tirsdag 23. august 2011

Tilstandsrapport HAGESTOVE





Ryggen og nakken roper om hjelp; og eg er smånervøs for at eg har overdrevet jobbinga ein smule... Men du verden så godt det er å klare å gjere ting sjølv! Så krysser eg fingrane for at det er god gamal gangsperre som hyler i musklane. Skrekkblanda fryd er nok beskrivande for situasjonen i kveld?


So long!

Elin

søndag 21. august 2011

Hjerteknuser i draumestudio (les: soverommet mitt)...


Med god inspirasjon frå blant andre Drømmefabrikken og Fotograf Ma, har eg lenge
drøymt om å få ta bilder av babyar. Har forstått at det ikkje er enkelt å få til blinkskota. I ettermiddag, med heimesnekra studio på soverommet, og varmevifte på full guffe, var eg heldig å få lov å ta bilder av ein liten kar, som hadde ein tøff start på livet som prematur. Han er blitt 9 veker, og er kjekk og rask. Vi fekk erfare at det tek TID å finne rette augneblinken for å trykke av knappen på kameraet ;) Men ved tolmod, pupping, byssing og gynging, kom plutseleg nokre sekund der alt ser ut til å vere fryd og glede :)






Håper å få ta slike bilder ved seinare anledninger, fantastisk å sitje her og redigere
bilder av eit lite menneske! Vakrare motiv kan vel knapt finnast? Og eg håper
at han og alle andre små har ei god framtid føre seg.



 
Elin

  

fredag 19. august 2011

LOVE TineK...




Bilder frå TineK via Hviit, ein blogg og
 nettbutikk eg anbefaler!

Den herlege bloggen Hviit inspirerar meg stort, og slik også i kveld.
Eg har også handla i nettbutikken med same navn, og fått knallsørvis.
Kan nesten ikkje vente med å sjå fleire nyheiter frå bl.a.
 to av mine største favorittar, By Nord og TineK!


 
God helg!

Elin

 

Til alle vi kjenner :)





Ein førsteklassing, og ein sjetteklassing
helser til alle kjende som er innom bloggen :)

(og sjølvsagt til andre som setter pris på ein fredagsklem) ;)


Elin


torsdag 18. august 2011

Hage-avsporing...


... kjenner eg har fått det no. Plutseleg tok toget ei ny retning... Gløymt var hagestove, og diskusjonar rundt vindu og panel kom i bakleksa. Eg var så heldig å få besøkje ei kjempetriveleg dame, som er spesialist på området. Det var ikkje mindre enn overveldande å sjå korleis ho og mannen har bygt opp murar, planta og styrt på siste ti åra. Ein kan seie at hovudet er fylt til randen av idèar og inntrykk. Eg er i gang med fleire reportasjer, og i denne skal det altså handle om det som er utanfor huset. Nesten synd, for Linda hadde det så flott inne også ;)



Ei tam høne burde vel alle strengt tatt hatt i hagen? :)


Fleire bilder kjem, etter at reportasja har vore på trykk.

Har allereie bombardert mannen i huset med ting vi BURDE gjere med
uteområdet vårt... Ikkje rart han stakk av for å kløyve ved... ;)


 Takk til Linda,  for at eg fekk kome og
fylle energi på tanken min!

Elin


onsdag 17. august 2011

Bilder frå hagestova (endeleg...)


Med små framskritt kvar dag, ser eg litt etter litt korleis alt kjem til å bli.
Eg har sommerfuglar i magen, for eg har venta så lenge på dette. Ikkje mykje som skal til
for å få denne jenta i humør :) Og så måtte eg sjølvsagt setje inn litt saker, og ta bilder...
Endeleg litt mindre kryptiske bilder frå mi draumestove...







Can`t wait to finish this room! :)



Elin


tirsdag 16. august 2011

Det å bli inspirert av sitt eige hus, detaljar frå stova overført til hagestova


Eg er veldig imponert over blogginga mi i det siste! :) Men det har sjølvsagt samanheng med at det er mykje interiørting i hovudet mitt for tida. Eg har prøvd å forklare litt om kva som inspirerer meg. Får av og til mailer om dette. Det er ikkje så enkelt å forklare eller lære bort slikt. Vi er alle så veldig ulike, heldigvis! Men kanskje du kan plukke opp ein idè eller to likevel? I dag vil eg vise kva som blir med ut på hagestova, frå tidlegare prosjekt inne i huset. Det heimesnekra bordet mellom tv-stolane held stand. Eg er veldig glad i fargen, eller d.v.s. fargane i treverket. Plankane er veldig gamle, vèrslitne og røffe. Eg har nokre fletta lykter frå Riviera Maison, som har vore her i fleire år. Har aldri blitt lei av dei heller. Geviret på veggen viser seg også å vere ein stayer. Trudde kanskje det var ein slik trend- og innfallsting som raskt ville forsvinne ut igjen, men nei. I tillegg har eg ei stor svakheit for skinn i ulike variantar. Dei er ikkje i bruk inne no.
Men reknar med at dei snik seg
 inn om nokre veker?






 
Desse detaljane vil (i alle fall i hovudet mitt) kome igjen på hagestova...
Trur eg ;)
Det er ingenting som er fastspikra enno. Som eg sa i går;
 dette er ein stadig pågåande prosess.

 
Håper dagen din er fin!


Elin
  

mandag 15. august 2011

Meir inspirasjon


-kvar tek du det frå? Det får eg høyre av og til. -korleis blir du inspirert? Eg kan ofte ikkje svare. Eg trur at det er ein prosess. Det er ikkje slik at ein; PANG! Der var alt på plass... Eg må gjennom ei modning. Og det kan ta kort eller lang tid. Det er ofte eit samantreff av mange ting som gjev meg idèar. Alt frå fine bilder av flotte ting, av ein fjelltur, av musikk... Av alt som skaper energi inni meg? I sommar har eg hatt drivstoff på tanken etter eit interiørblad som traff noko i meg. Artiklane var så fine, og husa vakre. Eg har nevnt det før; Elle Decoration nr.4 2011. Eg går rundt med det bladet enno. Les og studerer. Mange magasin gjer null inntrykk på meg. Difor tek eg godt vare på slike som har skapt ei WOW-bølgje i meg. Inspirasjonen vedvarer, og utviklar seg.


Bildet er lånt frå Elle Decoration nr.4 juni/juli 2011

Her er eitt av bilda som skal inn i mappa mi. Eg elskar bjelkane i taket, kontrastane, det at det er lyst og enkelt, og innslaga av slete treverk. Men det som også hjelper på, er at eg ser igjen ting eg sjølv har "maken" til. Ei slags gjenkjenning av min eigen stil. Berre sett saman på ein meir spennende måte. Då er eg tilbake ved dette å skape ein ny stil, ved hjelp av ting du allereie har i huset. Ganske smart, med tanke på å halde kostnadane nede?

Etter diskusjonar i kveld, ser det ut til at eg kan få meg nokre fjuskebjelkar i taket ;)
 Eit steg nærmare draumen... Så herleg å leggje seg med eit smil om munnen...


Elin


 

Inspirasjon til hagestova frå By Nord



Som eg skreiv i går, vi er endeleg i gang med å gjere ferdig hagestova. Og DET har tatt tid...
Det er seks år sidan vi starta opp. Men akkurat no er ikkje det så viktig. Av og til må ein berre vente på noko godt ;) Og så blir det ekstra stas å få på plass alt innvendig. Pengane gjekk med til å ferdigstille alt utvendig, og sist haust kom det også inn skyvedør i glas. Etter dette har rommet blitt langt meir anvendeleg. Sommaren i år har vore kjøleg og våt, så rommet har vore brukt nesten dagleg. Vi har ein sjølvbygd peis, som eg også lagar mat i ved hjelp av ei grillrist. No blir det spennende å få på plass innvendig takkledning, og alt av panel :)

Som vanleg er budsjettet minimalt. Mitt tips er då å ta utgangspunkt i ting du har/finn/får. Eg kan ikkje gå inn i ein butikk og plukke ut det eg treng, og har lyst på. Slik er det vel for dei fleste av oss. Då blir det til at ein må tenkje smart og kreativt. Skal prøve å vise i nokre innlegg framover, ting eg vil ha på plass når alt er ferdig. Aller først eit innblikk i hjerna mi; DET kan vel vere interessant ;)




Alle bilder frå By Nord via Hviit


Dette er teksturar og uttrykk eg har elska i fleire år.
Difor tek eg sjansen på å skape eit røft miljø ute ved peisen...
Så får vi sjå korleis Elin-versjonen blir?


See U soon,
Elin



søndag 14. august 2011

Hagestove-makeover :)


 


 

Her kjem eit innlegg til alle som har kommentert, og sendt mail om hagestova mi.
Det er enkelte rom og stadar i huset eg ikkje bloggar om. Føler for å ha litt for meg sjølv ;) Men : no skjer det saker og ting i heimen! Og eg er mildt sagt HAPPY! For eg har venta sidan 2006 på at hagestova skulle bli ferdig. I kveld har vi tømt ut alt, og i morgen er vi i gang. Det kriblar i magen, men eg er litt redd også, for å gjere dumme valg for framtida. Synes alltid det er ei utfordring, å velge løysingar som held seg gjennom åra. Det er lett for ein interiørfreak, å la seg lede av notida sine trendar. Prøver å tenkje langsiktig.

Ynskjer alle som er innom ei flott, ny veke!

Elin