...

søndag 24. august 2014

MY KITCHEN on a sunday in august, og tankar frå ein interiørbloggar












Kva skjer i huset til ein interiørblogger, når ho som har blogga i snart fem år sluttar med det? Ikkje så mykje? Det var meir fokus på det å forandre på ting når det skulle takast bilder nesten dagleg. Det som også har forandra seg her, er at i staden for å kjøpe puter og pynteting, brukar eg "interiørpengane" på meg sjølv. Eg kan ikkje forstå at eg synes så dårleg om meg sjølv, og hata prøverom så sterkt, at eg lot vere å fornye meg? No er det viktig for meg å føle meg så bra som eg kan. Eg huskar at eg las blogginnlegg om sånt som dette eg skriv om no, og at eg tenkte at DIT kjem eg aldri. No er eg verdas lukkelegaste for å ha kome akkurat dit. For ein blir nok aldri lukkeleg av 100 puter og designervaser, tolix-stolar og TineK skåler i alle variantar. Ikkje det åleine. 

Når det er sagt, elskar eg interiør enno. Håper å kunne arbeide med interiør og foto ein gang i framtida. Gjer det innimellom no også. Det gir meg enormt. Når eg starta bloggen, lurte eg veldig på kva eg skulle kalle han. Det enda opp med Draumesidene, for eg såg for meg at eg skulle lage ei visuell dagbok, der eg held fast ved draumar og visjonar som eg var i ferd med å miste. Det skulle vise seg å vere ein flott måte å halde meg sjølv i live. Halde meg i gang. På dei tyngste dagane drog eg meg ut av senga og tenkte, at i dag MÅ du blogge. Eg har forresten også blogga liggande på sofaen... Fordi eg ikkje klarte å røyse meg opp. 

Eg stod på ein fjelltopp i går og såg utover fjorden og ut mot havet. Tårene stod i augene mine då. Fordi eg er så takksam over å ha fått tilbake eit liv som tilfører meg så mykje bra. Men det er ikkje slik at alt går av seg sjølv. I periodar må eg kjempe. Og eg er innstilt på at slik vil det også vere i framtida. Men eg skal klare det. For dette er det livet eg har fått tildelt. Eg kunne hatt det mykje bedre, men også mykje verre. Så får vi alle gjere det beste ut av dei dagane vi vaknar opp til. 

Eg reknar med å signere mi første jobbkontrakt komande veke. Etter 6 1/2 år som sjukmeld. Det er både kjempekjekt, men også veldig skremmande. Eg gleder meg stort til å vere med å bidra med ting eg kan på ein arbeidsplass, samtidig som eg er redd for å mislykkast. Men eg veit at ein må tørre å prøve. Enn så kjem ein ingen vei. Det å sprenge grenser må til innimellom. Det er jo slik eg har kome meg opp og fram siste to åra. Beinhard sjølvdisiplin og evna til å sjå angstar og begrensningar rett i kvitauget. Belønninga er så stor, at eg har gløymt redselen eg følte då eg sette i gang prosessen. 

Eg håper ein gong å kunne hjelpe andre som har køyrt seg fast i seg sjølv, som slit med kroniske smerter. Som har mista evna til å kjenne seg verdifulle. For det er vi verkeleg alle saman!

Eg dukkar nok opp med bilder her inne framover hausten,
må jo halde ut til Draumesidene bikkar fem år! 

Ha ein flott haust alle der ute!




Elin




tirsdag 12. august 2014

Sim salabim... Some paint... Some crazyness... Some Indiska & some Granit...




















In the middle of all my projects, I found some time to paint my kitchen... I love the result, and the new look. The new stuff are from Indiska and Granit. 



Elin




tirsdag 5. august 2014

H A G E S T O V E , but what english word should I use?







I have always forget what english word to use when talking about the livingroom "outside" our house. We built it on the terrace next to the house. In front there are sliding doors/windows. This room has been a project for many years. I think we will finish this year? We started in 2005... Black Loft-laps from Bloomingville/ Design Belysning AS 

Black and gold are still favourits in my interior.
Have some new idèas in fact?



Elin



mandag 4. august 2014

S U M M E R and SUNFLOWERS in my kitchen









Still enjoying SUMMER! But the endless days and nights of light here up north is over.
We know the autumn is coming, and are going to enjoy this season too.

Endelause dagar og netter med lys og varme er over for denne gong.
Sommaren 2014 vil alltid bli huska på av små og store.
Vi har bada meir enn siste ti åra til saman.
Vi har kosa oss maksimalt!

Velkommen AUGUST!


Elin