...

onsdag 27. februar 2013

Ny Elin og ny jobb

 
 

 
 
 
  
Here I am, 13 kilo lettare på 4 mnd. Skal ein skrive om slikt? Har fått bekymra spørsmål om eg er sjuk... Nei, eg er absolutt ikkje sjuk. Eg har det bedre enn på mange år. Kjøper klede i staden for puter. Denne veka skal eg ha mitt første oppdrag for Herlighet, ein butikk lesarane kjenner veldig godt til. Eg har takka ja til å jobbe nokre timar i veka med ulike arbeidsoppgåver. Det blir nok ein del sponsa innlegg her på Draumesidene også. GLEDER meg til å boltre meg i interiørherligheter! Det blir nok ein del bilder av diverse godsaker til huset. Desse innlegga vil bli merka som sponsa. Satsar på å rydde og oppgradere hagestova for påske og vår som eitt av mine eigne prosjekt. Den som ventar på noko godt... :) Tusen 1000 takk til alle som er innom i løpet av veka! Håper på meir action framover!
 
 
Elin
 
 


tirsdag 26. februar 2013

Sofabord

 
 
 
 
 
Eg har fått fleire henvendelsar angående borda ved sidan av sofaen. Desse har eg kjøpt på ein lokal butikk for nokre år sidan, måla dei med svart bengalakk, og har sett på heimelaga knottar av hesjestaur.  Lampane som står på dei, har eg laga av lysestakar frå Kremmerhuset, som er litt forlenga på toppen med hesjestaurbitar. Ein snekker hjalp meg å bore hol gjennom stakane, for deretter å montere ledning og pærehaldarar frå Clas Ohlson. Skjermane er kjøpte hos Ølen Møbel, og er frå TineK.
 
 
Elin
 
 


Twilight...

 
 
 
 
 
 
Kva eg gjer på for tida? Nei, sei det. Trenar, et rett, prøver å ta på meg litt jobbar.
Og det er foto som gjeld. Har gått to kurs siste vekene. Prøver å bli bedre teknisk, og lære meir teori. Fullmånen i går var magisk. Fantastisk i den store fjordspegelen... Og eg klarte å fange denne augneblinken. Spart på harddisken, og i hjertet mitt for all framtid.
 
 
Elin
 
 



søndag 24. februar 2013

Dancing again!

 
 
 
 
 
 
Søndag, blå himmel og sol...
Livet er ikkje så verst? Ein må berre
evne å leve det fullt ut, og vere takksam for alt ein faktisk har
og klarer? Eg dansa i går kveld, ute saman med gode vener.
Som eg har venta på den stunda! Eg er avhengig
av musikk og dans. Det har vore nokre lange
månedar utan dansing. Men musikken
har eg hatt hos meg heile tida.
Heldigvis!
 
Lykkeleg i dag!
 
 
Elin
 
 


lørdag 23. februar 2013

Spring-feeling











Er det ikkje fantastisk? At vekene rullar avgarde i superfart,
og at februar snart er over? Eg brukar alltid å ynskje at tida skal gå saktare når våren kjem...
Blir mykje vår-prat i dei få innlegga eg lagar, men eg kan ikkje hjelpe for det! Eg NYT dagane der sola stadig klatrar høgare på himmelen...

Eg veit ikkje når eg kjem i gang igjen med blogging,
det får bli når eg er klar? Har ein pause frå fotografering også.
Treng slike oppstopp innimellom, for så å kome sterkare tilbake! 

Nyt helga!


Elin



torsdag 14. februar 2013

Vår, ja takk!






Eg gleder meg som ein unge til første dagane som kan minne om vår...
Vi har hatt veldig kaldt vèr siste månedane, herleg vèr! Men etter å ha kjent sola varme på terrassen i går, har eg blitt heilt besatt av tanken på milde vindar og lyse kveldar... Eg kan nesten ikkje vente...


Elin





mandag 11. februar 2013

TineK hyller












Nokre bilder frå stove og gang.
Har kjøpt meg nytt fotostativ, og med det fått ei ny oppleving
av å ta innebilder i februarlys. Hyllene på stova har eg laga sjølv av modular frå Clas Ohlson, behandla med eitt strøk drivvedbeis frå Jotun. Hyllene er fulle av yndlingsting, bl.a. TineK keramikk. Blir aldri lei av desse? 

I går kveld la følgjar nr.1000 seg til hos Draumesidene. Dette er veldig stas, og fullstendig surrealistisk? Eg har blogga i snart tre og eit halvt år. Og når eg tenkjer på kor mange gongar eg har vore nær å leggje ned heile bloggen, er eg rimeleg stolt over å ha halde ut, og ikkje minst fått så mange nye lesarar berre siste året. Eg drit i Jantelova i dag, og jublar for eigen stå på og innsatsvilje! Det å behalde bloggelysta i det mørke fjoråret var ei bragd! Eg håper fotoglede og kreativitet kjem att i månadane framover! For Draumesidene skal forhåpentlegvis bestå!


Ha ei fin fin februarveke!
Og takk for alle besøk, sjølv om eg er 
supersløv her inne for tida!


Elin



lørdag 9. februar 2013

På leit etter inspirasjon













Eg prøver verkeleg å kome i gang igjen med fotografering...
Men det går trått akkurat no. Dagen i dag har eg brukt ute ved havet på Sunnmøre.
Ti minus her inne i fjorden, ikkje fullt så kaldt ute ved kysten. 

Takk for alle fine kommentarar!

God helg!


Elin



torsdag 7. februar 2013

Tid for kontrastar






NIB si utfordring i februar.
Stilen min har alltid vore fyllt av kontrastar.
Likar røffe uttrykk, gjerne med svarte og kvite motsetningar.
Og innslag av treverk som mjukar opp. Bordet på bildet bygde eg for over tre
år sidan, og sette inn fjøla med bruntonar med viten og vilje for å skape liv og kontrast. 


Lyst til å sjå fleire bidrag?
Klikk deg inn til NIB!


Elin



onsdag 6. februar 2013




Kaffe- og testasjonen på kjøkkenet. Teen frå ByNord er rett og slett nydeleg!
Har tre forskjellege typar, og likar alle. Og eg er ikkje noko te-menneske ;)
Eg drikk ikkje kaffe, kan vere greit å ha eit anna varmt alternativ?

Serviettar og krus frå TineK


Elin



mandag 4. februar 2013

Lovely lunch ...
















Lovely lunch, og herleg februarlys.
Eg er så blid og glad, at eg trur eg må
hermetisere litt av dette humøret til tyngre dagar?
Det hadde vore noko det? :)



Elin


søndag 3. februar 2013

Inn med lyse og brune innslag på kjøkken og stove





















Det er lenge til våren, men eg kjenner meg klar for å rydde ut vinterpynten min. Alltid interessant å gå på skattejakt i siste års interiørting. Hagestova er no full av "leftovers" og puter frå i haust. Eg veit at når vi når midten av februar, er hagestova igjen i bruk somme dagar. Det er berre å sette i gang og rydde? Dagane og vekene går i susande fart! :) Ikkje meg imot, kan heller stoppe litt opp når vi kjem til mars...


Ha ei fin, ny veke!
Tusen takk for alle kommentarar!


Elin


lørdag 2. februar 2013

Rydding i kjøkkenhyller


















Får stadig spørsmål om ting ved ved kjøleskapet. Kjøleskapet er gammalt, eit gram kjøl/sval kjøpt i 1999. Hyllene over har vi laga sjølv. Den høge, innebygde skåpa er frå IKEA. Handtaka er skinnreimer frå TineK kjøpte hos Ølen Møbel. Eg har fått laga hol i dei, og kjøpt små boltar med muttrar til feste. Reimene frå TineK er litt under 30cm. Mine er delte i to. Metallklipsa eg har rundtomkring i huset er kjøpte hos Granit. Trykka mine frå Ylva Skarp er kjøpte hos hviit. Vannflaskene med manneromper er kjøpte hos Herlighet i Ålesund, men veit at ZanZ også har dei. Og forresten; ikkje velg svarte dører på kjøkkeninnredning, dersom du får hetta av fingermerker ;)

Huska eg alt no? :)

Ynskjer alle ein fin laurdag, eg er lei av snøv og regn!
Heldigvis er det flott vèrvarsel frå i morgen!


Elin




fredag 1. februar 2013

Stova nyrydda til helga






Har vore inne i ein periode der eg ikkje finn noko som helst interessant å ta bilder av.
Det merkast nok på bloggen. Slike tørkeperiodar er vanlege, og eg håper at det snart skal gå over. Det hjelper alltid å rydde og flytte om på ting. Det har eg gjort i ettermiddag. Kjenner at eg LENGTAR etter vår og endå lysare dagar! DET skal bli herleg det! Enn så lenge går vi mot ei helg full av snøv her på Sunnmøre.

Ynskjer alle ein fin weekend!


Elin