...

mandag 3. mai 2010

Calvin Klein og minner om sommar...


I dag var eg fast bestemt på å lage eit nytt innlegg om eitt av mine favorittmerker, som i høgste grad minner meg om sommar! Eg hadde kan hende eit håp om eit gløtt av sol utanfor vindauga i skrivande stund. Eg er stor fan av Calvin Klein. Eg er slett ingen moteguru, men eg fell ofte for enkle, reine linjer, og nøytrale fargar. Eg er heller ikkje ei slik ei som må ha merkeklede. Tvert om. Det viktigaste er at ein føler seg vel i det ein går i. Men der er ein ting eg ikkje kan klare meg uten, og det er CK parfyme... Eg har prøvd å skifte merke, gang på gang, men kjem alltid tilbake til Calvin Klein. Veslemor i huset studerte halvfulle flakongar på badet no i helga. Og luktene frå flaskene fekk fram ein slik lengsel etter sommar og varme. Det er merkeleg kor ein assosierar hendelser og lukter? Favoritten min vart kjøpt i juni 2008. Og heldigvis er der ein del igjen på flaska. Trur ikkje eg får tak i akkurat denne lenger? Nokon som veit?


Ringen min er også CK. Veldig Elin, enkel og utan noko fiksfakseri.  No droppar eg bildet av verandaen. Dokke skal sleppe å bli deppa over snøv 3.mai... Let desse turkise og sommarlege bilda liggje på netthinna, og så skal eg også slutte å stirre ut vindauga... Kan heller halde ringen min opp i lufta, og kviskre : My little precious... Hi-hi ;)

Ynskjer alle ein fin fin måndag!

Elin

3 kommentarer:

  1. Man må tåle litt snø!
    Hehe. Enig, vi får drømme oss fram til sommeren.

    Er du heime onsdagskveld hvis vi drar innover da?

    Lillegull er sjuk idag..

    Ha ein fin dag, snuppa mi.

    Klem Marianne

    PS: Flotte og kreative bilder!

    SvarSlett
  2. Nydeleg sommar innlegg..
    Treng det her eg sit på kontoret og ser snøfillene danse..
    No er pausa over...

    Ha kjekk dag!!

    SvarSlett
  3. Rart at ein blir så glad i eitt merke, min favoritt er JPG. Å flakongane er altfor fine til å gøyme vekk ♥

    Ønsker deg ei fin veke med litt solskin etter kvart ☺

    SvarSlett

Kommentarane gir næring til min kreativitet! TUSEN takk for at du lyser opp kvardagen min!