...

søndag 30. desember 2012

Christmas is all around...

 
 
 





 





 
 



 
Pynt på tallerkenar, svarte små lys, lysposar og muffinsformer frå Herlighet
 
Litt nye og litt gamle bilder, ei grei oppsummering av jula 2013.
Eg tok desse for NIB, som er snille å vise bilder frå Draumesidene i dag.
 
 
Siste dagen i 2012 ventar,
eg vil ynskje alle lesarar eit flott, nytt år!
 
 
Elin
 
 
 
 


lørdag 29. desember 2012

Happy New Year in the kitchen

 
 
 



 
 

 
 

 
 




 
 
Vi har rydda i dag, herleg å gjere klart til NYTT ÅR!
Juletreet har halde ut i to veker, noko som er ny rekord her i huset.
Det får nok stå til første januar. Mildvèret som plutseleg gjorde sin ankomst i dag, har fått oss til å vurdere å feire nyttårsaften på hagestova? Viss vi finn energi til å flytte på hagemøblar og 1000 puter kan det hende at vi dekkjer på der ute. Og då kjem det nok fleire bilder på bloggen ;)
 
Hagestova er forresten med i Boligdrøm januar 2013.
Takk for fine helsingar i den anledning! :)
 
 
NYT helga!
 
 
 
Elin
 
 
 


Christmasprince

 
 
 
 
 
 
We are really relaxing this christmas.
The camera has also vacation.
But yesterday I took some
photos of my son.
 
We call him Elvis,
until he gets a haircut...
 
 
Elin
 
 
 


torsdag 27. desember 2012

Kos ved peisen | Cozy by the fireplace

 
 
 
 
 
 

 
 
 
 
 

 
 

 
 
Tenk så heldig eg var denne jula, eg fekk endeleg mi lenge etterlengta Kelly Moore fotoveske... Mann og barn overraska meg skikkeleg med STOR pakke! Måtte gråte litt faktisk, så glad vart eg. Ho er kjøpt hos fotobag.no , og mannen min fortel om fantastisk sørvis, han vart til og med oppringt av ein mann som ville sjekke at alt var i orden, og at han hadde mottatt veska i posten i god tid før julaften. Slikt skal det skrytast av! Eg blir stadig positivt overraska over alle dei flotte nettbutikkane og sørvisen dei yter!
 
*
 
Eg får stadig henvendelsar angåande bilda på bloggen. Kameraet mitt er eit Canon EOS7D. Eg tek bilda i RAW format, og redigerar dei i PhotoShop. Eg hentar ofte tekst og rammer mm i PhotoScape. Eg brukar ikkje filter på bilda, og eg trixar ikkje med fargane, bortsett frå den vanlege bildebehandlinga i PhotoShop. I dag var det nesten ikkje lys. No i den mørkaste tida har eg gått over til å bruke stativ, for å kunne ha lengre lukkaråpning, og dermed få lysare bilder. Eg brukar for det meste eit Canonobjektiv, 50mm, 1,4. I tillegg har eg eit Sigmaobjektiv 18-200mm.
 
Eg er ikkje så flink med slike fototekninske ting,
så eg har aldri laga innlegg av denne typen. Eg er ein sånn person som prøvar og feiler til eg finn ut korleis eg vil ha det. I februar skal eg ha eit nytt fotokurs, som eg gleder meg VELDIG til! Og som eg har sagt før; mitt fotoliv kan omtalast som før og etter grunnkurset i fotografering eg tok for to år sidan. Anbefalar alle som kan å få hjelp til å kome eit skritt vidare på denne måten. Bur du på Sunnmøre, kan du sjekke ut denne LINKEN. Så finn du tilboda min fotolærar, John Colbensen tilbyr i starten av 2013.
 
 
Ha ei fortsatt fin romjul!
 
 
 
Elin
 
 
 
 


onsdag 26. desember 2012

Christmastime with it`s magic...

 
 
 
 
 
 

 
 

 
 

 
 

 
 

 
 
Wish you all lovely days!
 
 
Elin
 
 


mandag 24. desember 2012

Så kom jula...

 
 
 
Det er så fantastisk fint å få feire jul saman med familien min i år.
Viss det er noko ein lærer av å vere sjuk, så er det å vere takksam når ting går bedre.
Vi venter på at pinnekjøtet skal bli ferdig, det dampar på ovnen på ei dyne av friske einer.
Det luktar himmelsk i huset! Barna er hos mormor ein tur, og gleder seg stort til kvelden og pakkeåpning. Eg håper at alle har ei fin høgtid, og vil oppfordre til omtanke og smil til andre som kanskje ikkje har det så bra. Det skal lite til for å glede dei som er åleine i høgtida.  
 
 
 
 

 
 

 
 

 
 
 
 

 
 
 
 
 
Elin
 
 
 


fredag 21. desember 2012

Pepparkakemuffins

 
 
 
 

 
 

 
 
 
 
 
 
 
 
 Oppskrifta fann eg HER
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
Her har vi baka siste halvparten av den ferdige pepperkakedeiga,
og feira at skuleferien er i gang. Medan vi var i gang, laga eg ein ny
omgang med pepperkakemuffins. Borna har allereie ete ein god del av baksten vår, og det er berre fint! Absolutt best når alt er nylaga :) Om det er vanskeleg å få til? Eg trur eg er veldig heldig når eg ein sjeldan gong bakar ting? Muffinsane har blitt store og fine, og passeleg steikte. Formene er frå Nicolas Vahè, Herlighet. Lurt å bruke formfeitt! Men her har vi funne ut at det er greit å ete ut av forma med skei. Og så lagar vi RIKELEG med ostekrem... ;)
 
Ellers er lysestaken på bordet heimelaga, med små, svarte lys frå Herlighet.
Stjerner og juletre i kanelbark og svarte pappstjerner frå same butikk.
 
 
Eg veit ikkje om eg burde ynskje alle ei god jul,
det kan no hende at det kjem eitt til innlegg
før måndag?
 
 
God helg i alle fall! :)
Tusen takk for alle fine helsingar!
 
Elin