...

onsdag 29. februar 2012

I`m a perfect dreamer...



Denne bloggen heiter ikkje Draumesidene for ingen ting... Når eg starta å blogge hausten 2009, var det for å evne å drøyme og vere kreativ igjen. Det skulle vise seg å verte ein suksess. Ikkje alltid like intenst og målbevisst, men alltid på veg framover. Eg er veldig stolt og glad over å ha ei fin veke. OK, det har berre gått to døgn enno, men eg kjenner at eg er på rett veg igjen. Framover. Det er dit vi alle skal. Uansett. 

Eg har fullført to prosjekt siste dagane, som eg gleder meg til å dele med alle dokke der ute. Men enn så lenge må eg få vise fram eit bilde frå ByNord som traff meg rett i hjertet... Trur eg er forelska - igjen... Det brukar alltid å skje noko nytt i huset når eg får slike reaksjonar og slik inspirasjon. Så får vi sjå kva som skjer. Eg klarer ikkje å gjere så veldig mykje opprør for tida, så mannen må vere veldig enig og hjelpe meg når eg får desse føra mine. Kanskje ikkje så praktisk, som å kunne dure på åleine, og gjere akkurat det eg vil. Lettare å få tilgivelse, enn tillatelse??? ;)



Bilde : ByNord via MyHome



Velkommen til alle nye følgjarar! 
*
Superkoseleg at dokke vil vere med
på turen framover mot vår!
*
Dream along with me :)


Elin



mandag 27. februar 2012

Sign of spring, og så gir eg bort noko i dag :)









Dei første snøvklokkene har kome inn på kjøkkenet, noko som eg er veldig glad for. Det er så uendeleg godt å få håp om at våren ikkje er alt for langt unna. Eg har bestemt meg for at dette skal bli ei flott veke uansett, og eg fann ut i går, at noko av det eg blir glad av, er å gjere andre glad. Difor vil eg i kveld spandere Interiørmagasinet februar/mars på ein av mine lesarar. Ikkje eit abbonement altså, men eitt flott blad med vakre reportasjer i. Det er frå meg til ein av dokke der ute. Skulle ynskje at dokke slapp å gjere noko som helst, men eg må ha eit vink under her med kommentar viss du er interessert?

Eg vil også takke for så flott respons på innlegget mitt i går. Det er så kjekt når så mange legg att nokre ord, og spesielt når det tek tid og anstrengelsar å klare å lage innlegget. Det er veldig begrensa kva bilder eg klarer å ta, og vinklane er ikkje alltid slik eg ynskjer. Men det må greie seg, til eg klarer å bøye meg igjen. Tusen-tusen takk!!!



Elin






VINNAREN ER: INGEBORG :)
24 stk.melde seg på trekninga, kjekt!







søndag 26. februar 2012

DIY, nye hyller på stova







Boksar frå Walther & co. Mine kjøpt hos HERLIGHET





Hyllene er ikkje ferdige. Hadde planar om å bruke gamle fjøler, men dei eg har på lager er for smale... Det blir nok til at eg setter på hobbyhyller, beisa i Drivved frå Jotun, slik som hylleknektane (Clas Ohlson) Eg vil også ha ei fjerde nederst. 

Eg har hatt ei trasig veke, og håper på betre dagar i den nye som ventar. Kjenner meg så levande kvar gong eg klarer å fullføre eit lite prosjekt. Eg drøymer meg vekk på nettet, og let meg inspirere av alle flinke folk der ute. Pinterest har gitt meg ei ny fantasiverd :) Eg har bestemt meg for å kjøpe noko til huset, rett og slett for å muntre opp meg sjølv. Andre ville kanskje kjøpt sko, klede, bestilt seg SPAbehandling... Eg veit at toppen av overfladisk lukke for meg, er å friske opp interiøret mitt :) Så får  eg sjå kva valget fell på. Stolar og lampeskjermar står høgast på ynskjelista. 


Tusen takk for fine kommentarar på innlegga under. Eg har ikkje overskot til å vere flink å kommentere hos andre slik eg har det no. Har vel ikkje vore flink på veldig, veldig lenge. Men det er ikkje vondt meint. Eg er berre tom og lei. Det tek på å ha desse smertene... Eg fokuserer framover, og håper at våren kjem tidleg i år! 


Ha ei fin, ny veke du også!


Elin



onsdag 22. februar 2012

Kontorinspirasjon




Eg har bestilt meg ting og tang frå IKEA. Er veldig spent på korleis alt kjem til å bli når det er ferdig, for eg har ikkje heilt kontroll på det enno? Eg skal ha ein arbeidsstad i hjørnet av stova, og det må vere både funksjonelt, men også på ein slik måte at det blir ein naturleg del av det eksisterande rommet. Eg må også ha godt lys, på veggen eller på bordet. Prosessen starta for lenge sidan, og eg var så hekta på nokre bordbukkar eg såg rundt omkring, som kunne hevast og senkast. Til mi store overrasking var desse frå IKEA? Trudde det var dyre greier, som ikkje var aktuelle for meg i det heile tatt. Det som er så fint, er at også andre legg ut inspirasjonsbilder, og slik tek plutseleg draumane veien til eit nytt nivå...







Bilde : Helt enkelt
(bildet dette innlegget er henta frå, er SÅ inspirerande!)



Eg kan knapt vente med å bli i så fin form, at 
eg kan starte på prosjektet mitt!




Elin





Vinnaren av gåvekort frå Jotun er :



Terese!


Terese sa...

"3 lodd til meg takk :)

Har mange små maleprosjekt på gang som trapp,møbler og vegger !! Supreme Finish er nok tingen for meg om e skulle vinne eller vannbasert oljemaling av anna slag :) Veggmaling og panelmaling. Ja takk begge deler som Ole Brumm seier :)

En flott Give Away"


Eg er enig, dette var ein flott ting å kunne gi bort!
Tusen takk igjen til Evie Gaasholt og Jotun for at dei spanderte måling for 1000kr på ein av mine lesarar!

Send meg adressa di Terese, så skal eg 
vidareformidle kontakt med Jotun for deg! :)


Det vart mange lodd i bollen til slutt, skreiv lodd til krampa tok meg, og klipte opp papirbitar for trekning. Har aldri hatt slikt opplegg før,har kun hatt eitt lodd pr.person. Men så kjekt at så mange meldte seg på, både her inne og på facebook! :) Korleis gjer dokke andre ei slik trekning? Eg lagde til alle navn på lappar, og trekte ut av ei skål? 


***


Eg har meldt meg på ein GiveAway sjølv i dag. Nesten så eg ikkje pustar når eg tenkjer på at eg kan vinne 4 shell stolar! Har du lyst "å tevla med", besøk den nydelege bloggen 


Foto, Anna Truelsen



Ha ei fin veke vidare, eg held på å kjem meg på beina, 
IGJEN, men bloggar nok om ikkje alt for lenge?


Elin


søndag 19. februar 2012

Vintersol inn på stova








Mine nye yndlingshyller på stova over tv-stolane. Eg flyttar rundt på pyntetinga, og varierar frå veke til veke. TineK keramikken står mitt hjerte nær, og eg synes skålene er fine same kvar eg setter dei :) Hyllene og knektane er kjøpte på Clas Ohlson, og skulle vel finnast over det meste av landet? Eg har måla dei med svart Bengalac. Og eg har fleire hyller i emning, berre forma stig litt igjen.

Vi har hatt ein dag med snøv, vind, sol og snøv igjen. Men du verden så vakkert det er når sola skin gjennom skylaget, og verda utanfor blir gnistrande og krittkvit! Difor vart det også to innlegg i dag; eg MÅTTE berre utnytte dette fantastiske lyset!





Elin




Heimesnekra skåp på badet









Ja, eg skal ærleg innrømme at eg flyttar på møblar og skiftar uttrykk i heile huset i løpet av året. Men så er der ting som IKKJE blir tatt bort også. For akkurat to år sidan bygde eg denne skåpa til dusjrommet av nokre gamle kasser. Inventaret i henne skiftar med årstidene og humøret mitt, men ho vert verande på det minste badet. Kjekt med slike vellukka prosjekt. Eg skal også innrømme at det er ikkje alltid "gode idèar" fungerer i praksis! 

Når eg no er i gang med å innrømme ting, kan eg vel også seie at eg har vore mest liggjande sidan onsdag. Eit trasig tilbakesteg, etter å stadig ha blitt bedre i ryggen. Har så mange ting eg vil gjere og lage, men det stoppar veldig greit opp av seg sjølv. Takk og pris for blogg og fine kommentarar! Takk! 

Drøymer meg bort til betre tider her inne. Eit nytt bloggbekjentskap for meg, 
Live a lot, hadde eit flott ordtak på eit innlegg denne helga,

On the other side of fear, lies freedom...

Tok til meg desse orda! Skal prøve å tenkje positivt, og ikkje gi opp! Vi kan alle klare det vi vil, berre vi er positive og har god tru...



Kjempekjekt at så mange vil vere med i trekninga om gåvekortet frå Jotun! :) Du kan framleis melde deg på! Eg trekkjer ikkje vinnaren før ut i neste veke! Trykk HER viss du vil vere med!


Elin



fredag 17. februar 2012

Skøna hem - Lovely inspiration!



På Valentindagen, som eg har eit veldig anstrengt forhald til, hadde min bedre halvdel kjøpt meg eit interiørblad. Vart veldig glad for det :) Er svak for svenske magasin, og svenske interiørbloggar. Det er forfriskande å sjå kva nabolandet har å by på av inspirasjon. Det synes i alle fall eg. Og favoritten denne gongen var artikkelen med tekst av Suzanna Nilson, og bilder av Daniella Witte, sistnevnte eigar av denne draumen av eit hus...










bilder via LilleW


Kvifor eg fall så pladask? Det var nok for at der er mange ting som eg ynskjer å ha i mitt hus, ting eg drøymer om å få til. Og så likar eg så godt mixen av kvitt, svart og natur. Har nokre prosjekt på gang her i heimen, og i denne artikkelen dukka liknande greier opp. Vart så opprømt av å sjå "mine idèar" i eit anna hus. Det er sjølvsagt ikkje mine idèar, det er det nesten aldri, sjølv om ein trur at ein har vore oppfinnsom... Men ser at eg skal fortsetje i dei tankebanene eg er i no. 



Ynskjer alle ei god helg,

-og viss du ikkje er med og konkurrerer om eit gåvekort frå Jotun på 1000kr allereie, kan du melde deg på HER! :)


Elin


torsdag 16. februar 2012

Lag din eigen lampe!



Det er ikkje det at eg trur at dette er min idè, for all del! Men eg synes idèen er god! Eg har brukt ein hesjestaur, d.v.s. ein tynn stokk som har blitt brukt til å lage hesjer. Kva er hesjer? Det er "stativa" av stokkar og streng som bøndene lagar til om sommaren, viss dei skal tørke gras ute for å lage høy :) Det finns ENORMT mykje av slike stokkar her i området som ligg og ikkje skal brukast meir. Difor er dette ein fin måte å gjenbruke dei på! Eg har fått fleire kubbikkmeter med hesjestaur etter at eg etterlyste nokre på facebook...

Lampen min har tidlegare fått ei lyslenkje frå Bloomingville rundt seg; små skjønne papirlykter, som gir eit mjukt og koseleg lys på kveldstid. I tillegg, har eg festa rundt eit lysoppheng frå Clas Ohlson, dei finns i fleire fargar, og med ulike pærer. Eg ynskjer meg VELDIG ei lyslenkje med større pærer frå Granit, men den butikken finns desverre ikkje her i nærleiken... Så viss nokon har frykteleg lyst å handle ei for meg, og sende til meg, så er det berre å sende meg ein mail ;) 













Tenkte dette kunne vere eit fint bidrag til utfordringa Amalie/Svenngården har gåande? For fleire bidrag, trykk HER


Ikkje gløym GIVEAWAYEN min, viss du vil vinne eit gåvekort frå Jotun på 1000kroner! Trykk HER viss du vil vere med i trekninga!



Elin




onsdag 15. februar 2012

A mothers love, eit bilde om kjærleik








Morskjærleik, sterk, nær og ekte.



Mitt bidrag hos Øyeblikk







Elin


Lyst på maling frå Jotun for 1000 kroner? GIVEAWAY



DENNE GIVEAWAYEN ER AVSLUTTA!

Hadde det vore noko for deg? Det hadde i alle fall vore noko for meg ;) Eg er så heldig å få lov å gi vekk eit gåvekort frå Jotun til ein heldig vinnar! Det einaste du skal gjere, er å leggje igjen ein kommentar under dette innlegget, og så er du med i trekninga. Du kan ta fleire lodd viss du vil. Forklaring kjem under bildet her. Skriv gjerne kva slags måling du ynskjer deg, kjekt å sjå kva prosjekt lesararne mine har på gang! Vi skal måle ferdig golva på loftet i 2012, og få ferdig hagestova. Der står att litt målararbeid der også. Og så er det tid for ein real makeover hos eldstebarnet i huset, ho som blir tolv år til hausten, og som etter kvart har blitt SVÆRT så interessert i interiør og styling... Hmmm... Eg kan vel ikkje
 klandre henne når eg tenkjer meg om? ;)




Stol og lampe frå Åhlens, puff frå Kremmerhuset.



Vår nye favoritt, Lady Pure Color. Stria som eg helst ville hatt bort,
har "mista" strukturen sin etter to strøk med denne målinga. Og det ser ut til at det 
kanskje blir fleire svarte veggar i huset her?


BLI MED I TREKNINGA :


Eitt lodd : legg igjen kommentar

To lodd : kommenter og følg Draumesidene

Tre lodd : kommenter, følg, og link til blogg eller Facebook

Vèr snill å skrive kor mange lodd du tek!

Trekning onsdag 22.februar

Tusen takk til Jotun og produktsjef
Evie Gaasholt for premien!

Lykke til alle saman!


Elin

søndag 12. februar 2012

Jubileum på kjøkkenet




















Feirer mine 250.000 besøkende med bilder frå kjøkkenet. Ein vakker dag i
februar 2012. Det snøvar lett ute, og det nydelege lyset fyller heile huset. Ei fryd
å fotografere! Tenk at det går så raskt mot vår!


Velkommen til alle nye følgjarar,
og IGJEN takk til dei som tek seg tid til å leggje att
nokre ord til meg! 


Elin