Life goes on...
Vi har alle vore gjennom nokre vonde og uverkelege sommardagar. Likevel har vi her vore heldige å ha hatt mange menneske rundt oss. Opplevd fine ting, og vore på fleire små turar. Eit verkeleg høgdepunkt, var å få vere på konsert med Susanne Sundfør på Giske sist laurdag. Eg synes likevel at det er vanskeleg å byrje å blogge igjen. Det føles så uviktig med interiør, når verda står på skakke... Men i dag fekk eg besøk av vår alles gode
Mette. Det var fint å lufte tankane kring blogginga med henne. Vi var enige om at ein må i gang igjen med det meste i landet vårt. Difor bestemte eg meg for å lage dette innlegget.
Bilda eg viser, er av ei lita prinsesse som budde hos oss sist helg :)
Stor klem til E + lillebror, mamma og pappa! :)
Ynskjer alle fine dagar vidare!
Elin