Her har vi baka siste halvparten av den ferdige pepperkakedeiga,
og feira at skuleferien er i gang. Medan vi var i gang, laga eg ein ny
omgang med pepperkakemuffins. Borna har allereie ete ein god del av baksten vår, og det er berre fint! Absolutt best når alt er nylaga :) Om det er vanskeleg å få til? Eg trur eg er veldig heldig når eg ein sjeldan gong bakar ting? Muffinsane har blitt store og fine, og passeleg steikte. Formene er frå Nicolas Vahè, Herlighet. Lurt å bruke formfeitt! Men her har vi funne ut at det er greit å ete ut av forma med skei. Og så lagar vi RIKELEG med ostekrem... ;)
Ellers er lysestaken på bordet heimelaga, med små, svarte lys frå Herlighet.
Stjerner og juletre i kanelbark og svarte pappstjerner frå same butikk.
Eg veit ikkje om eg burde ynskje alle ei god jul,
det kan no hende at det kjem eitt til innlegg
før måndag?
God helg i alle fall! :)
Tusen takk for alle fine helsingar!
Elin