...

torsdag 18. november 2010

Julehjerte på gamalt vindu



Her har vore ein fantastisk vintermorgon. Ein kan merke den blå timen, lufta er kald og klar. Fjorden ligg gråblå og stille under snøvdekte fjellsider. Eit perfekt julekort! Og eg er så heldig å sitje her på fjellhylla mi og nyte det heile... (uren-luren-himmelturen...) Den kassa med julepynt frå i går, var jammen spennende. Eg har tatt ut litt til. Må liksom porsjonere litt, og ikkje sjå alt på ein gong! :) Hukommelsen min er det så som så med. Eg huskar ikkje alt eg hadde laga til og kjøpt inn i fjor. Eg var ny i bloggverda, og vart veldig påverka av alt det skjønne som eg såg rundt omkring. Trur kontoen min skreik høgt meir enn ein gong? Hjertet som heng på det gamle vinduet på kjøkkenet, trur eg at eg vann? Men kvar? Er det nokon der ute som har sendt dette til meg??? Meiner det er ein premie? At det går an å gløyme av å ha fått noko så fint, og med kven?





Eg trur vinduet skal få litt julepynt etter kvart? Har ikkje så mange idèar enno til årets pynting. Prøver å vere litt kreativ, og forandre på ting frå år til år. Det hadde vore alt for enkelt, om alt hadde sin faste plass? ;) Akkurat no er det så fullt i hovudet av alt mogeleg anna, at eg trur julepynting av hus får settast på vent. Kurset eg er med på, Photoshop Lightroom, er veldig interessant. Har vore to kveldar, og skal fullføre dette i morgen og laurdag. I morgen er det også eit nytt besøk i eit hus som er julepynta, og eg skal få lov til å ta bilder. GLEDER meg! Trur ikkje eg skal kjede meg denne helga heller?


Ta vare på torsdagen,
smil til folk du ser,
kanskje er det
akkurat det dei treng,
for å smile tilbake?


Klem
Elin


12 kommentarer:

  1. Nydeleg hjerte♥

    Høyrest ut som eit spennande kurs..☺ Og so heldig å ska dit å ta bilder!!☺
    Kos deg!!

    Klem M♥

    SvarSlett
  2. Hei snuppa!
    Så nyyydelig hjerte du har der. Det er vel blitt sånn etterhvert Elin, at vi har så mye at vi ikke alltid klarer å huske - tror du er tilgitt der!!!

    Hånden min fungerer sånn bortimot perfekt nå, og det er jeg glad for - har jo ikke tid til å slappe av nå i denne søte førjulstid! Pakken din går forøvrig i posten i dag:o)

    Nyt dagen vennen!

    Klem fra Hildegunn

    SvarSlett
  3. Flott ♥!
    Fridag som går med til husvask, klevask og litt blogging..
    så kjekt du trivst på kurs..
    vurderer kjøpe ordentleg kamera, men SÅ mykje å velge i..
    Ha vakker dag :-)

    SvarSlett
  4. Hei Elin!

    Har følgt bloggen din, og her er so mykje fint!! Du er ei stooor insirasjonskilde, og så flink med dette! :)
    Randi F

    SvarSlett
  5. Hei Randi F! :)

    Eg kjenner to som heiter Randi F, men kan hende du er den som kjøpte vogna? ;) Takk for koselege ord! Det er fole kjekt at kjentfolk legg att kommentar!

    Nyt dagen!
    Klem E

    SvarSlett
  6. heisann Elin :)
    her er det også lys som i blåtimen idag..kanskje ikke så rart siden vi ikke er så langt unna hverandre ;))
    hjertet minner meg veldig om Tove`s hjerter..Drømmen om en eplehage :)
    kos deg med fotokurs..her er det full rulle med masse kjekke kunder..er nok julehandelen som er igang ;))
    klem til deg..
    Anne♥

    SvarSlett
  7. Takk for endå eit nydeleg innlegg med vakre ord og bilde. Eg forstår at du har travle og spennande dagar no, og det er kjempefint!

    Eg sit no her i mi krå, og er ganske spent på om det du skriv og fotograferer kjem til å bli tilgjengeleg for meg. Skjønar at du må vere hemmelighetsfull, og det aukar spenningsnivået!

    Takk for påminninga om å smile til folk. No tek eg meg ein tur ut og gjer akkurat det. Og av alt som er smittsamt her i verda, er kanskje smil det aller beste?

    Stor klem, Regina :)

    SvarSlett
  8. Hei Regina! Eg trur nok heilt sikkert at du kjem til å få sjå reportasjene mine, viss dei blir publiserte ;) Så bra at du tok deg ein smilerunde! Eg har akkurat vore på ein sjølv, og tok med meg mamma mi, og hennar 89 år gamle nabo. Så no har det vore eit søll i bilen kan du tru :) Handel på Coop kan bli retteleg interessant med slikt selskap ;)

    Ynskjer deg ein vakker kveld!

    Klem E

    SvarSlett
  9. Love it :)
    Så masse fint du har i julekassene dine, snuppa :)

    Ha en nydelig kveld!
    Klem til deg, fra Svingen!

    SvarSlett
  10. Nydelig hjerte..og vindu Elin..

    akkurat i dag trengte jeg et smil...

    takk skal du ha..

    klemmer =))

    SvarSlett
  11. Ja, synes du ikke de har god smak?

    Vakkert hjerte ♥

    AW

    SvarSlett
  12. Hei igjen :)

    Ja, det er eg som kjøpte vogna...

    Randi F

    SvarSlett

Kommentarane gir næring til min kreativitet! TUSEN takk for at du lyser opp kvardagen min!