...

søndag 28. april 2013

Kurert for fotoskrekk?

 
 
 
 
 
 
Eitt av måla mine i 2013, var å klare å stå framfor kamera, utan å få angst. Skreiv om det HER. Sidan det innlegget, har eg vore gjennom ein prosess. Både tatt bilder av meg sjølv, men også blitt tatt bilder av. Eg kan ikkje seie at eg synes det er stas å posere, men det viser seg at ein faktisk kan venne seg til dette også. Bilda i dag er tatt av dattera mi sist fredag, og eg skal vere så tøff at eg deler dei på bloggen min. Siste utfordringa er herved utført. Kjenner at det ikkje er slik eg er oppdratt; ein skal ikkje dele slike bilder av seg sjølv? Jantelova og andre uhumskheiter ligg og lurer. Men for meg er dette eit stort skritt i rett retning. Eg fyller snart 42 år, og har som neste mål å akseptere meg sjølv som eg er. Eg trur mange kvinner slit med dette? Vi er flinke til å fortelje andre at dei er bra nok, men kjenner aldri det same om oss sjølve? Slik er i alle fall eg. 2013 vil for meg vere eit år der eg må akseptere kropp og sinn slik som det er, sjølvsagt arbeide for å forbedre både fysikk og psyke, men senke skuldrane og tenkje at eg ikkje er så verst i utgangspunktet.
 
Eg setter veldig stor pris på kommentarar der andre forteller meg om sine utfordringar, eg treng ingen om korleis eg ser ut. Dette innlegget handlar om alle oss som tek tak i ting som er vanskeleg og gjer livet bedre. For meg er det ikkje utseende som teller, men evna til å føle at ein er bra nok. Uansett!
 
Eg stod framfor 50 stk sist veke og snakka om det å vere kreativ og viste bilda mine. Det hadde eg aldri klart uten å jobbe med sjølvtilliten. Og eg kjenner meg sterk.
1000 gongar sterkare enn for eit halvt år sidan.
DET er gull verd!
 
 
Ynskjer alle ei flott, ny veke!
 
 
 
Elin
 
 
 
 


fredag 26. april 2013

Spafølelse på eit lite bad

 
 
 
 
 
 
 

 
 

 
 

 
 

 
 

 
 
 
 
 
 
 
 
 

 
Herleg serie frå L:A bruket, og sjølv om dette er eit sponsa innlegg, ELSKAR eg berre produkta! Du finn eit godt utvalg hos Herlighet!
 
 
Nyvaska bad, og fredag. I hyllene har eg sett opp spa og velværeprodukt frå L:A Bruket. Sjølv om eg tek inn sponsa reklame på bloggen min, er det alltid produkt og ting som eg ville valgt til huset uansett. Det er ein del av avtalen min. Eg klarer ikkje å anbefale og blogge om ting eg ikkje likar. Denne serien frå Bruket har eg blitt heilt forelska i. Vi har brukt såpa sidan i fjor haust, og både små og store sakna henne stort når vi måtte vente på ny forsending for ein måned sidan. Har investert i duftlys i dag, og veit eg kjem til å kjøpe meg ein skrubbkrem med appelsin... 
 
Luksusfølelse på eit lite bad. For det er veldig lite :) Som eg sa ein dag før; det er mykje trixing for å få tatt bilder til bloggbruk. I dag har eg ikkje kutta bilda, slik at ein ser at eg faktisk sitt oppå doen for å få med skåpa i hjørnet. He-he :) veldig romantisk!
 
 
Ynskjer alle ei flott helg!
 
 
 
Elin
 
 


onsdag 24. april 2013

Kjøkken | Kitchen

 
 
 
 
 
 

 
 

 
 

 
 

 
Nystrøken skjorte inspirerte til litt bilder frå kjøkkenet i dag ;) Eg synes kanskje at desse bilda har blitt viste før, men det er no ein gong slik det ser ut på kjøkkenet. Og eg bytter ikkje ut ting i rasande fart, her har det med å stoppe opp når eg finn ting eg likar. Eg har ein lidenskap for kvite flater og trefarga ting, og min siste "big love" er grøne planter. Og den tendensen varer nok både vår og sommar igjennom? Når livet har blitt så fullt av andre aktivitetar enn hus og interiør, kjem hobbyen i bakgrunnen. Det er også ei utfordring å ta bilder på fritida, når ein gjer det i jobbsamanheng ellers. Men eg ser at det held på å gå seg til? Klart eg har lyst å pusse opp, eller ommøblere, men eg prioriterer ikkje slike ting no. Pengar, tid og energi blir lagt ned i ting som eg ikkje har klart å gjere på årevis. Så bilda mine blir ikkje så spennande innhaldsmessig, viss du har lest bloggen min ei stund. Men eg håper likevel dei kan inspirere?
 
 
Her er veldig grått i dag, regnet plaskar ned, så eg har tent lys på kjøkkenbordet, og sett på musikk som minner om late sommardagar...
 
Eg er god på å drøyme, you know! ;)
 
 
 
Elin
 
 


tirsdag 23. april 2013

Soverom | Bedroom

 
 
 
 
 
 

 
 

 
 

 
 




 
Bildeserie tatt for HERLIGHET, diverse leverandørar
 
 
Hadde nokre fine timar i går, der eg fekk ta bilder på soverommet mitt for Herlighet. Bilda skal brukast som reklamemateriell for butikken, og eg kjende prestasjonsangsten dunke i kroppen. Blir liksom noko anna enn å ta bilder til eige bloggbruk? Hovedfokuset skulle vere på sengetøyet i sateng som er av merket Drøm, og er til halv pris i butikken. Soverommet er ganske lite, og det er ei utfordring å klare å få til gode bilder. Stod inne i kleskottet for å få med heile senga med 50mm objektivet :) Eg skal innrømme at ein lærer seg nokre knep etter over tre og eit halvt år med interiørblogging ;)
 
 
Bloggen sin teljar passerte 500.000 unike treff for
ei veke sidan. Har planar om ein giveaway for å feire dette? Men først og fremst må eg få takke alle som er innom. Det totale antal treff har passert 1.000.000
 
 
Thank You all for Visiting DRAUMESIDENE!
 
 
 
 
Elin
 
 
 


søndag 21. april 2013

Bilder frå gang og kjøkken

 
 
 
 
 

 
 

 
 

 
 

 
Kjole/Kappahl Vannflaske/Herlighet Bilde/Herlighet Fotoveske Kelly Moore/Fotobag.no
 
 
Søndag igjen folkens!
 
Veka mi har vore prega av hovudverk i dagevis, ikkje alltid kroppen har lyst å tole trening og stress... Men no er alt bedre, og eg gleder meg til ei ny veke :) Jobbar med reklamefoto, kanskje eg droppar innom her med nokre bilder, sidan dei skal vere av interiør?
 
Bilda i dag er tatt frå ein vinkel eg ALDRI har vist før, inn utdøra, gjennom gangen og inn på kjøkkenet. Kan i alle fall ikkje huske å ha stått ute og tatt bilder inn før?
 
 
Ynskjer alle ei fin, ny veke!
 
(Og for min del uten nakke og hovudverk!)
 
 
 
Elin
 
 


torsdag 18. april 2013

Hagestova ein tidleg aprilmorgen

 
 
 
 
 
 

 
 

 
 

 
 
 
Vil takke alle som har stemt på bildet av hagestova mi inne hos NIB! :)
Det som er så fantastisk, er at minusgradene har reist sin vei, og det går an å vere der inne ei tidleg morgenstund og berre nyte roa og utsikta mot fjord og fjell... Terapi! Fann meg to små oliventre sist veke. Dei tre store eg har hatt, har frose i vinter... Saknar dei veldig. Dei stod inne på hagestova som vanleg, men det har rett og slett vore for kaldt over lengre periodar. Trur nok eg kjem til å kjøpe nokre nye? Det er ikkje lenge før vi kan fylle terrassen med møblar og blomster!
 
 
Nyt dagen!
 
 
 
Elin
 
 
 


søndag 14. april 2013

I NIB-finalen! :)

 
 
 
 
 
 
Eg er så heldig at bildet mitt frå hagestova er utplukka i Aprilfinalen til NIB!
Vårstemninga på hagestova er med på å gi meg godt humør, og det må juryen ha forstått! :)
 
TUSEN TAKK for finaleplass!
 
Viss du vil gi meg di stemme, trykk HER
 
Der er mange fine finalistar!
 
 
 
Elin
 
 
 


Portretthelg

 
 
 
 
 
 
 

 
 

 
 

 
 

 
 

 
 
Deler litt bilder frå helga mi, slik at folk skal forstå at kameraet er i bruk, men ikkje til interiørblogging. Eg klarer ikkje å halde på så lenge i gangen, og når portrettfotografering står på timeplanen, så må eg kutte ut bilder her heime. Men eg lover å sjå om ikkje det dukkar opp noko interiørgreier når vi bikkar over på ny veke ;)
 
Det er mine gode vener Gry og Enrique som har vore snille å stille opp
som modellar, den eine vakrare enn den andre... Tenk å kunne plukke slike kandidatar i næraste omkrets? Ikkje farleg å vere meg! :) Tusen takk til alle som stiller opp når eg treng nokon å øve på!
 
 
 
Ha ei fin ny veke!
 
 
Elin
 
 
 
 


onsdag 10. april 2013

Kontor med farge | Office with colour

 
 
 
 
 
 

 
 




 
 

Korg, pute, boxar og oppbevaringsskuff frå Herlighet
 
 
Det gjorde seg verkeleg med litt farge i kontorhjørnet!
Storesøster har allereie bestilt det same til leksepulten sin. Ho likte så
godt blåfargen. Eg for min del vart like glad for nokre nøttebrune drypp på stova.
Ikkje så mykje som skal til for å forandre interiøruttrykk?
 
 
Allereie midtveis i veka...
Kvar i all verda blir dagane av?
 
 
 
Elin
 
 


mandag 8. april 2013

Måndagskjøkken...

 
 
 
 
 
 
 

 
 

 
 

 
 
 
 
Sjal og veske frå Herlighet
 
Alle har eit måndagskjøkken reknar eg med? Prega av helga, og ikkje minst søndagskvelden med framleiting av ting og tang til kvardagen igjen? Og litt ekstra stuff som blir liggande igjen når folk fyk ut dørene på morgenen? I dag kutta eg bildet midt på kjøkkenbordet, og puffa alle slike ting over på den andre enden av bordet ;) Praktisk... Tenkte eg skulle minne alle på det i dag; blogging er fint, fordi ein viser fram det ein vil... Og så kan det vere kaos rett utanfor bildekanten. Debattane rasar med jevne mellomrom; bloggarar som skaper press på den normale mann og kvinne. Kanskje? Eg meiner i alle fall IKKJE å presse nokon? Eg klarte å vaske golva i første etasjen sist torsdag. Det har eg ikkje klart sidan tidleg desember 2011. Skuldrane er senka i forhold til støv og rydding, tida mi går med til trening og det eg kan klare av arbeid. I går sat eg på kne og blåste hybelkaninar langs veggen på soverommet, før eg tok bloggbilda. Lo når eg gjorde det! :) Her er jenta si som ikkje har støv på hjerna! Promise! Det er ikkje slike ting som er viktige i livet? Det å kunne feire kvar dag, fordi ein klarer å fungere; DET er det som tell for meg no!
 
 
TAKKSAM! 
 
 
 
Elin
 
 
 


søndag 7. april 2013

Litt garderobe....

 
 
 
 
 
 

 
 

 
 

 
 




 
Genser, topp og veske (by Dixie) frå Herlighet
 
 
Sånn på nippet til å bli "dagens outfit"-dame :) Men berre nesten...
Eg skal glatt innrømme at eg handlar heller klede til meg sjølv, enn puter til huset for tida. Når også Herlighet har eit stort utvalg av herligheiter som ein kan putte på kroppen, er det ikkje lett å motstå fristelsar... Toppen med ulvemotiv er frå Barfota, og blir ein del av sommergarderoba mi. Den strikka genseren med Skappel-look, er frå Alpaca Society. Ein draum å ha på...
 
Det er ganske uvant å få spørsmål om kvar eg handlar klede. Men eg går ellers innom kjedebutikkar som Hennes & M, Bik Bok (på slep etter tenåringen vår), B Young og Vero Moda. Det er få veldig dyre plagg i skåpa mi. Eg har vel same oppfatning om dette som interiør; det er greit å ha nokre dyrare innslag, og så heller velge rimelege alternativ til det meste anna. Du får vel som regel det du betalar for viss du brukar fornuften?
 
Siste bildet i dag er tatt av jenta mi, ho snik rundt når mamma tek bilder. Ho har blitt flink med kameraet, og eg håper ho har lyst til å lære meir i åra som kjem. Og eg prøver stadig å jobbe med angsten for å havne på minnebrikka ;) Håper fleire der ute har tatt tak i dette problemet sidan sist eg skreiv om det! Eg kjenner det kjem seg etter kvart som eg tillet andre å ta bilder av meg.
 
 
 
Ynskjer alle ei herleg, ny aprilveke!
 
 
 
Elin