...

fredag 30. desember 2011

Året 2011





Sidan alle redigerte bilder frå januar til juni er på den øydelagde pc`en min, blir det eit litt avkorta tilbakeblikk på 2011. Eg har litt trøbbel med å liggje og blogge, så det vart ei enkel løysing på årskavalkaden ;)



Elin

Nyttår på kjøkkenet











Til alle som har vore med Draumesidene si ferd i 2011 : Tusen takk for alle fine tilbakemeldingar, og ikkje minst så trofaste besøk! Det har vore ei fryd å få underhalde dokke alle! Fotograferinga mi har vore ein lidenskap og hobby sidan eg fekk mitt første kamera i elleve-års alderen. Det at det kanskje kan bli eit levebrød, forundrar meg, men gledar meg stort! Hadde aldri turt å satse på dette i eit "friskt" liv, så kanskje kjem det noko godt ut av all motgangen?

Er veldig glad for alle positive resultat som har kome av blogginga mi. Men mest av alt er eg glad for å ha så flotte menneske, frå fleire land, som er innom og som også har blitt mine gode vener. Vener eg aldri har møtt personleg, men som er tvillingsjeler med ei stor evne til å smile saman med meg i glede, og muntre meg opp på tunge dagar. Det har vore ei veldig trasig avslutning på 2011, og det er vanskeleg å vere positiv ved inngangen til det nye året. Men på kjøkkenbenken ligg mitt nye Canon 7D, og eg har mitt fulle hyre med å gjere ferdig bilder til ikkje mindre enn to interiørbøker som eg er heldig å få vere med i i 2012. Dette gjer meg tankefull, og litt nervøs. Men mest av alt er eg takksam for at der finns menneske der ute som setter pris på det eg gjer. Eg skal verkeleg arbeide med å tru meir på det eg sjølv presterar i det nye året.

Eg held på å setter saman ein bildecollage frå året som var, og eg ser dei store forandringane både bildeteknisk, men også stilmessig. Det har vore eit år med store forandringar på mange måtar. Og slik kjem det til å vere vidare. Eg er spontan, og av og til må eg berre skifte ut ting. Det eg gleder meg mest til er nok å få dreisen på det nye kameraet mitt, og ikkje minst få tatt del to av fotokurset... No klarer eg ikkje å sitje, og det vil nok vare ei stund. Men med trening skal eg bli som før. Og kanskje må eg operere denne gongen... Gleder meg ikkje til MR i januar, men det må nok til. Enn så lenge er eg i gang igjen med det gamle kameraet mitt :)

Det er merkeleg dette livet; eg har oppdaga det. Men eg er kjempesikker på at dersom ein kavar mot eit mål, har draumar, så kan ein lukkast! Det var jo slik Draumesidene oppstod, og tenk så mykje flott eg har fått oppleve sidan oktober 09!


Håper du kan nyte siste dagane av
året som snart er over!



Legg ved ein sang som har halde meg oppe siste
månedane. Heile albumet er nydeleg,
og vil vere noko av det eg tek med
meg inn i 2012


KLEM
Elin


torsdag 29. desember 2011

Juletreet på kjøkkenet





Eg klarte det! :) Rykande ferske bilder frå kjøkkenet vårt!
Det er lillemor som har pynta juletreet, som står i frambygget mot fjorden.
I dag ligg sjøen spegelblank, og lite minner om dei stormfulle dagane vi har lagt bak oss.
Lillebror har hjelpt til å rydde og hente fotoutstyr til meg. Vi er heime åleine, og det er han som har fått på mammaen strømper og bukse i dag. Snakk om liten helt... Han har vannkoppar,
så vi kosar oss inne som best vi kan. Håper de likar bilda vi har laga til :)


Lillebror og Elin


 

onsdag 28. desember 2011

Jul i huset


 


Det er no ein gong slik at jula kjem, uansett om ein er klar eller ikkje... Det fekk eg prøve i år. Målet var å kome meg ned trappa på julaften, slik at dei andre ikkje måtte kome opp på soverommet til meg... Og det gjekk bra :) Men at heimen ikkje er slik som eg hadde tenkt, det er vel ingen overraskelse. No har vi i tillegg hatt orkan, og fokuset har blitt flytta frå min vonde rygg over på heilt andre ting. Det er så trist å sjå alt som har blitt øydelagt rundt om oss i naturen. Det er sjølvsagt viktigast at det ikkje har gått menneskeliv, men eg gret innvenig når eg ser mobilbilder frå mamma sitt øydelagde naust, og fjøra som eg er så glad i, uten dei hundre år gamle vørasteinane... Men eg har heldigvis bilder, og minner. Livet går vidare...

Eg er ute på krykker og trener dagane, livet er i ferd med å normalisere seg.
Eg håper å kunne ta bilder og blogge igjen snart!


 
Elin


fredag 23. desember 2011



 


Etter å ha fått fullstendig ryggkollaps sist søndag, har eg ligget i ei seng hos mamsen min. Klarte å kome meg heim ved hjelp av krykker i går. Så dette blir ei julehelsing uten bilder. Det er vanskeleg å halde på humøret, men eg prøver. Likevel ein del tårer... Barna har vore så redde, og føler at dei ikkje kan glede seg til jul. Eg har forklart at dei sjølvsagt må gjere det! Jula kjem uansett! Og same kor mørkt ting ser ut til å vere, så må ein aldri gje opp! Kom til å tenkje på denne sangen frå mi barndoms jul, med ein veldig flott bodskap!

Så til alle dokke der ute,
frå Elin i senga si ;

fortsett å drøyme,
og god jul!


 
Elin


lørdag 17. desember 2011

Årets julekort




Eg vart visst borte? Veka har vore litt trasig, og eg veit ikkje om eg kjem i gang å blogge att før jul?
Eg vil i alle fall sende dette kortet til alle som er innom! Med dei beste ynskjer til alle for Jula og det nye året! Så får eg sjå om det blir bilder i tida som kjem. Vi er ferdige med handel, og juletreet kom til gards i ettermiddag. Det kjennes godt. Men alt det andre har stoppa opp. Slik er det berre her innimellom... Men eg veit at nakken kan gi meg bedre dagar i veka som kjem. Det hadde vore den beste gåva eg kunne fått no.

Merry Xmas to everyone!


Love,
Elin


søndag 11. desember 2011

Lyseblå jul!















Konglene og sløyfene på døra til skåpa er laga med inspirasjon frå bildet til Sweet Paul, og eg ser for meg meir lyseblå julestemning i heimen :)

Eg er så heldig å få vere med på to spennande prosjekt som skal realiserast i 2012. Så eg sitt her med nasen langt nedi bildegalleriet mitt, og skal prøve å finne det eg leitar etter. Eg kunne ikkje fått finare julegåver! Takk til dei som har trua på meg, og takk til bloggen min, som hjelper meg å få oppfylle draumane mine!


Og takk til alle som er innom kvar dag!
Uten dokke hadde ikkje Draumesidene eksistert!


Elin


lørdag 10. desember 2011

Juletre av drivved på kjøkkenet











"Og høgt i toppen ei peparkakestjerne..."


Takk til GundaM og AllTheBeautifulThings for herleg inspirasjon! Har leika meg i pinnedungen min i dag :) Borna er på juleverkstad, og seinare blir det peparkakebaking for små og store. Eg tjuvstarta litt i går. Prøvde ferdigdeig for første gong. OK resultat, sjølv om eg synes der er ein ettersmak... Men veldig fint å sleppe å stå og elte og kna. Ikkje nokon yndlingsaktivitet for meg om dagen.



Elin


 

fredag 9. desember 2011

It`s me Elin, in the tracks of Jamie Oliver...


Vi har kome til eit slikt innlegg, der eg prøver å imponere andre, men ikkje minst  - meg sjølv... Som eg lova skal eg vise to julegåvetips frå Herlighet. Eg har vore i bakemodus i dag. D.v.s.eg prøvar no så godt som eg kan... Eg fann ein aldeles herleg pakke med koppehandkle, mjøl, salt, kjernar og tørrgjær på interiørbutikken, som du kan lage div.figurar av. Eg gjekk for juletre, men fann ut at eg hadde nok deig til eit aldri så lite julegrisetryne også :)

Vil du vere med, så heng på!








Og brødet vart KJEMPEGODT! Lillemor og lillebror storkosa seg med nysteikt brød og kakao når dei kom frå skulen. Så her er det terningkast seks for pakken til White Christmas!


Nevner også hundrekronersgåve under her, samansatt av fire små, søte sylteglas.






Ops... såg du litt av denne på bakebilda? Eg fall pladask. Leverandør er Min Josefine, og det står at strikket er home made. Det ser også slik ut. Endeleg fann eg ei lykt med skikkeleg strikk på! :)


Alt over finn du hos
Herlighet, Ålesund.


Elin


torsdag 8. desember 2011

Litt info. om gårsdagens innlegg







Takk for kommentarar og ikkje minst mailar. Valgte å svare under ett i dag, men det er berre å sende inn spørsmål, eg prøver å svare etter kvart. Mailadressa mi er til venstre i margen her. Eg har vore på julegåvehandel i dag, og er litt meir klar for jul. Ikkje så mykje eg kjøpte, men føler at det hjalp på det dårlege samvetet mitt. Ser det er meldt snøvstorm det neste døgnet på sør og vestlandet, så det var nok greit å ta turen til Ålesund i dag. Det er alltid kjekt å kike på utstillingar og finne inspirasjon. Med besøk hos Robin på Indiska, og Sonja på Herlighet, vart dagen ekstra kjekk. Eg klarte nesten å kome meg ut av butikkane deira, uten å handle. Nesten. Eg fann nokre utruleg smarte presangar hos Herlighet, som eg vil vise bilder av i morgen. Minuset er jo at eg risikerer at div.familiemedlemmar er innom her og ser kva eg har kjøpt? Hmmm...  ;)


Håper kvelden din er fin!


Elin



onsdag 7. desember 2011

Jul i hagestova, og eit glimt av Elin














Kos på hagestova med fyr i peisen, og ein dobbel kakao til å varme seg på... Det er kaldt hos oss, og snøven ligg djup utanfor huset. Julestemninga er på plass :) Oliventrea mine har det bra, litt gule blad her og der, men det ser ut til at dei trives i dette rommet. Dørene ut er enkle, og eg skal innrømme at reinsdyrskinna var veldig gode å ha i dag. Men som eg har sagt før; ta på rikeleg med klede, og legg pledd og skinn i ein stol, og NYT denne årstida ute også! Lag eit bål, det finns rimelege bålpanner, trur eg såg slike hos Clas Ohlson? Sett den i hagen, eller utanfor huset, og grill pølser! Smakar HERLEG i desember!


Elin


Draumesidenebilde hos Plaza Interiør


Litt stas å sjå bildet av soverommet vårt på websida til Plaza Interiør :) Men det står jo ikkje at bildet er mitt, sidan dei har lånt det hos NIB. Men, men. Der er jo link til NIB. Eg likar dette magasinet veldig godt, og difor er det ekstra kjekt at dei likte hytte-looken i soveavdelinga vår.

 


Takk til Tove for tipset!

Elin


Plaza Interiør har linka til meg i løpet av dagen! Takk :)



tirsdag 6. desember 2011

Julepynta kjøkkenkrok i desembersol













Herleg desembersol inn på kjøkkenet mitt i ettermiddag. Som medisin etter fleire dagar med regn, snøv og slaps. Kjenner at eg letnar innvendig. Og sjølv om dagen ikkje er spesielt god, måtte eg berre blogge. Og det hjelper alltid, sjølv om nakken min slett ikkje hadde lyst å halde kameraet i dag? Håper at du som ser dette kjenner mi glede over å ha fått til eit innlegg i dag også :)



Elin


mandag 5. desember 2011





Gå inn til hviit og lag di eiga ynskjeliste! :)



Elin


Ventetid...





Det er sikkert mange som ventar veldig på jul no? Det gjer jo eg også, mest på vegne av dei to barna mine. Dei er så forventningsfulle... Men mest av alt ventar eg på vår og sommar. Når vinteren kjem, har eg smerter heile tida, og det er tungt å stå opp om morgenen. I natt kom det over 40cm snøv, og eg har ikkje sjanse på å måke. Eg blir sitjande inne, koseleg det, men eg velger det ikkje sjølv? Det glatte føret gjer at eg blir anspent i nakken når eg først er ute og køyrer...

Så gje meg lysare dagar og kveldar, gje meg solnedgangar ute i fjorden og spede knoppar av kvitveis utover ei sovande brun eng... Vinteren er mi ventetid på dei lysaste årstidene... Vi fekk aldri smak av sommar her på Sunnmøre i 2011. Bildet symboliserer mine draumar for 2012.

For fleire bidrag til Øyeblikk`s konkurranse
trykk HER



Elin



søndag 4. desember 2011

Det enkle er ofte det beste...




 


 


Med fare for å kjede nokon, det vart bilder frå stova i dag også. Eg har enno ikkje gått lei av ommøbleringa som fann stad for nokre dagar sidan. Bordet stod på loftstova før, og er ei gamal kasse med lokk, som vart brukt til å sende bakarvarer i før. Lappen som heng på er nok frå siste leveransen, til ei speidersamling i påska for MANGE år sidan :) Lillebror er ikkje så fornøgd. Dette var hans leikebord på loftet, og han treng faktisk eit nytt? Eg har ein plan...

Hjortegeviret har fått lyslenkje, og fungerer som ny vegglampe.
Dei kvite treskålene er kjøpt hos Herlighet, og telysglasa
hos hviit. Ser at det blir mykje kongler og kvistar i
huset til jul, som vanleg. Det enkle er
ofte det beste!


Elin