...

tirsdag 30. november 2010

Bloggfantasiar? Eller har vi det slik? Og litt frå loftstova :)



Det er ikkje alltid like enkelt å vere interiørbloggar. Av og til er eg så lei mine eigne motiv, at eg er på nippet til å slette heile bloggen. Kjenner du deg igjen? Eg blir kritisk til det eg produserer, og til kvaliteten. For eg vil verkeleg at bloggen skal innehalde gode bilder. Det er verre med nyskapinga, og dei ferske motiva. Så då blir det bilder av sofaen i ulike vinklar, og somme tider blir eg veldig fasinert av enkelte ting (les: gyngehesten, f.eks) ;) Korleis ser det egentleg ut heime hos ein interiørbloggar? Eg er så heldig å ha få besøkt to slike i det siste. Og eg vart ikkje skuffa. Tvert imot. Begge damene levde opp til forventningane, og eg fann så stor inspirasjon i dei flotte heimane deira.

Men kva med huset mitt her oppe i fjellsida? Ville folk ha rygga ut igjen, og rista på hovudet viss dei såg realitetane? For det er ofte litt fjusk og fanteri når eg tek bilda. Ein får med det ein vil skal kome med, og snur ryggen til tørkestativet, listene som manglar, og hola etter bilda i veggen, som ein tok ned i fjor. Akkurat no er her kaos. I morgen kveld får vi motert ny peisinnsats på kjøkkenet, og siste vekene har eg knapt hatt overskudd til å rydde når eg har kome heim. Eg har slite med influensa i fire veker, og hosta dag og natt. Har brukt astmainnhalator for å døyve dei verste hostekulene. Oi, var det slik det har vore? Forstår du? Har du lest bloggen min i denne perioden? Vi kan skape eit image om ein heim og eit liv, men det er ikkje sikkert at alt som verkeleg skjer, kjem med på bloggen...

Eg har lært meg å fokusere på alt som er positivt, i livet og med fotolinsa.Viss ein skal kome seg etter nedturar, må ein det. I dag er ein dårleg dag. Som eg skreiv i går, det er på tide å ta det litt med ro. Nakken er vond. Kva gjer eg då? Jau, vrir hjerna etter kva eg kan gjere for å bli i bedre humør. Og i dag synes eg det var kjekt å kunne vise noko frå huset som dokke ikkje har sett før! For du har faktisk ikkje sett alt i huset her? Merkeleg nok er her soner og rom som eg aldri har tatt bilder av. Sånn som desse under her frå loftstova. Rommet er vist før, men ikkje med dette innhaldet. 





¨
Kassebordet mitt har fått hjul frå Clas Ohlsson, så no flytter eg det dit eg vil heilt åleine! :)


Adventstaken er frå Indiska, og har fått seg ein ny heim her ;)
Talplatene på lysa er frå Emmas Verden.


No skal eg rett og slett berre slappe av :) TUSEN inderleg TAKK til alle som tek seg tid til å leggje att kommentarar, sjølv om eg ikkje er i stand til å gjere det same hos andre. Tilgje meg!
No er vi vel alle klare for DESEMBER! :) Lillebror har telt ned dagar i snart to månedar, så han er i alle fall superlukkeleg over at julemånaden ENDELEG er her! :)




   
Pssst! Klarte ikkje å vente med desemberheaderen til i morgon! :)



mandag 29. november 2010

Litt juleinspirasjon, og litt babling :)




For ei taus som meg, er det ein draum å få lov til å besøkje andre interiørglade damer. Eg er svært takksam for innhaldet i dei siste vekene i livet mitt. Det har gått ei kule varmt innimellom, eg skal innrømme det, men samstundes får eg masse energi og positivitet frå arbeidet eg gjer. Men til alle som ottast; eg skal ta det meir med ro i vekene som kjem! Takk for alle gode ord og omtanken dokke sender! :) Innimellom sitt eg heilt stille i pc-stolen min, og redigerer og studerer bilder. Eg sende akkurat reportasje nummer to inn til avisa. Eg har jo ein del hundre bilder frå kvart hus eg har besøkt, så verste arbeidet er nesten å plukke ut kva bilder eg vil bruke? Tenkte at eg skulle dele nokre av bilda som ikkje kjem på trykk neste helg?







Bilda er frå hus nr.to i serien min om Jul på Sunnmøre. Gled dokke til fleire! Kan ikkje garantere at bilda kjem i nettavisa neste helg heller, men kanskje. Viss ikkje, lovar eg å leggje ut alle her på bloggen. OK? ;)

Eg er ekstra glad i kveld, fordi eg har funne fjerde og siste huset til serien min! Takk til Amalie for å stille opp på så kort varsel! Gleder meg sånn til torsdag! Er mildt sagt forelska i huset og kreativiteten til denne dama, berre etter eitt døgns studeringar på bloggen hennar.



Tjo Bing! Ha det flott! :) 
Den var no vel ny?







Varm saft ved fjorden, første søndag i advent



Hei igjen! Takk for flotte tilbakemeldingar på gårsdagens innlegg! Både her, og på facebook. Det var ein fantastisk dag, så spesiell på alle måtar. Men eg skal innrømme at det var veldig KALDT! Fotoapparatet slutta å virke, noko eg aldri har vore ute for før? Fotograferte i 17 minus i fjor vinter, men då var det vindstille. I går blåste det veldig. Difor måtte vi søkje ned til fjorden for å ta bilda med adventsstaken på. Jentene varma seg på varm solbærsaft. Det viste fortsatt sju minus nede ved sjøen, men det var ingenting i forhald til temperaturen på fjellet :) Det viser seg at medhjelparen min frå i går (eg har fått meg assistent!) hadde filma litt av seansen vår på det islagde vatnet. Skal sjå om eg klarer å leggje det ut seinare? Eg kan vel opplyse om at eg ikkje har betalt frå Indiska for å gjere dette. Eg såg på det som ei kjempeutfordring, å skape norsk førjulsstemning med varer frå Indiska, ein butikk eg IKKJE har hatt slike assosiasjonar til tidlegare. Eg hadde rett og slett ingen anelse om kor mykje ulike varer som fanns på stativ og i hyller? Minuset er at det nok blir litt handel i etterkant ;)





Ha ei flott, ny veke!



søndag 28. november 2010

INDISKA on ice, første søndag i advent...




....med 15 friske minusgrader! Vi er så glade for at butikken hadde lånt oss tjukke, gode, fargerike klede! På eit islagt fjellvatn fekk eg lov å skape magi i dag. Vi hadde planar om så mykje vi skulle vise fram, men kulde og vind sette ein stoppar for interiørfotografering. Tusen takk til to flinke jenter, som stod på, trass i vanskelege forhald! Takk også til Robin, for utfordringa! Eg håper å kunne vise litt ekstra spesielle bilder søndagane framover. Her er mitt første bidrag, første søndag i advent, på veg mot jul...
















Vi berre elskar alt vi fekk låne! Og her er to jenter som skal få seg både strikketøfler,
og raggar med duskar på. Og så var det visst ei skinnhue som var populær? :)

Og bloggen deira, finn du HER!


NYT KVELDEN!









 

 
Her er vi klare for ein travel første søndag i advent :)
Vil ynskje alle ein kjempeflott dag, eg håper
det lyser blidt i alle vindu mot kvelden!



lørdag 27. november 2010

Reportasjebilder, Jul på Sunnmøre



Lyst å sjå litt meir frå det julepynta huset til Kristine :)






Sunnmørsposten har ikkje lagt saka ut på nettavisa, desverre. Men kanskje neste helg?

Eg har vore på foto oppdrag i dag, og i morgon er den O store dagen for utfordringa mi. Eg GLEDER meg!

Takk for alle fine helsingar i går, etter mitt litt uventa møte med ein gråbloggar. Sånt preller av meg. Det å blogge for å kritisere andre, det er kjempelett. "Se og Hør" blogging. Det kan kven som helst gjere. Det å blogge for å glede og inspirere andre; DET er ei stor utfordring! Å gå til angrep på ein blogg, og hevde at ein ikkje er ute etter personen bak; DEN kjøper eg rett og slett ikkje. Det å skape ein god blogg, krev at ein legg att ein del av seg sjølv i den. Viss du les dette "Magnhild" -eg vil igjen be deg om å fjerne bilda som vart tatt uten tillatelse frå bloggen min! Eg linkar ikkje, ville aldri finne på å gje lesarar til deg. For det hadde vore å vere grei? Og det er eg rett og slett ikkje mot folk som oppfører seg slik. Eg har lest litt om det du har skrevet om andre, flotte medbloggarar, og ser at du har såra dei! Til og med nevnt barna deira i innlegga dine?! Negativ kritikk må vi alle tole, og vi kan lære av slikt. Men å vere usakeleg og ondskapsfull for å glede lesarane sine, kjem ikkje under kategorien konstruktiv kritikk! Og det å stele frå andre, ser eg på som svært alvorleg. Kort oppsummert, eg er skuffa over at du bruker evnene dine til å blogge som du gjer,
for du har tydeligvis talent for å skrive?

Case closed.


Og til alle dokke andre ;
nyt kvelden folkens!   




fredag 26. november 2010

Sneakpeak på reportasje :)

¨

Dette er Kristine og Emilie. Dei bor i eit kjempekoseleg hus frå 1930-t.
Eg har vore så heldig å få besøkje dei, og ta bilder. Reportasjen kjem i Sunnmørsposten i morgen.



Gleder meg slik til å få sjå bilder og tekst i avisa!


 


torsdag 25. november 2010

Jul på badet?











Brukar du å pynte på badet til jul? Det er nok ikkje det rommet eg tenkjer på først, men eg oppdaga at herlege strikketøfler og ei nydeleg rosepute i raudt, kanskje var alt som skulle til? Frå INDISKA. Reportasjene eg har laga, handlar om korleis vi pyntar til jul. På min runde rundt om på Sunnmøre, på leit etter julestemning, har eg sett mykje kvitt. Eg har sjølv feira "kvit" jul to siste åra. Men når eg såg desse lekre, raude detaljane, vart eg så glad :) Kanskje på tide med meir av julefargen i interiøret mitt i desember? Må tenkje litt på akkurat det... Eg nevnte eit nytt oppdrag i går. Eg har gitt meg sjølv ei utfordring. Kan eg klare å skape julestemning med innslag frå austen? På søndag er den store dagen, og eg håper å kunne gje dokke spesielle bilder frå denne første søndagen i advent 2010. I kveld har dei små hjelparar mine prøvd klede, og vi har planlagt nøye alt som skal skje. Med ti gnistrande kalde minusgrader, må vi vere effektive, for vi skal ut i naturen. Eg håper dette blir ein fin måte å innlede adventstida på!

I morgen blir det nok ein sneak peak på den første reportasjen min, som kjem i Sunnmørsposten på laurdag. Heime hos Kristine og hennar vesle familie. Ei flott oppleving! Håper det også kjem bilder i nettavisa. No er det tid for avslapping, litt tv kiking, og snart kjem mannen med vår nye peisinnsats. Det skal bli godt å fyre igjen! Varmepumpa jobbar på spreng, og eg har gått med tjukkeraggar og tre genserar i heile dag... Det er vinter i Norge...


Håper du koser deg i kveld! 




Nytt Bloomingvilleteppe framfor senga :) Shoppesprekk?



Skrytte villt og uhemma av meg sjølv for nokre dagar sidan, av kor flink eg har vore å ikkje handla ting til huset. Hmmm... Dei tider er visst over... For kven kan gå ut av butikken til Anne tomhendt? ;) Trudde eg skulle lage meg dørmatte i gangen av denne skjønnheita frå Bloomingville, men teppet havna på soverommet framfor senga mi. Så får eg ynskje meg eit til i julegåve, slik at mannen også får noko varmt å stige frampå?






Synes at eg gjentek meg sjølv til det kjedsommelege, men TUSEN TAKK for at så mange er innom Draumesidene mine! Og takk for kjempekoselege mailar! Prøver å svare etter kvart, men sidan døgnet mitt har for få timar akkurat no, og energien slett ikkje er så sterk som eg skulle ynskje, rekk eg ikkje rundt til alle. Eg sett likevel så enorm pris på å kunne blogge samstundes med alt anna som skjer, så eg håper eg vert tilgitt. Innlegga lyser opp kvardagen min, og minner meg på at dette har vore vegen min tilbake til eit meir normalt liv. Velkommen også til alle nye følgjarar; eg er så audmjuk og glad for at dokke likar bloggen min! :) Eg håper vi alle kan kose oss desse siste vekene av 2010! Elin med Draumesidene kjem til å gjere ein ekstra innsats, for at du skal ha det inspirerande når du er på besøk! :)





onsdag 24. november 2010

Julestemning hos Anne og Emmas Verden :)




Eg har vel aldri lagt særleg skjul på at eg ELSKAR butikken til Anne? Og å få lov å gå rundt og NYTE julestemninga... Butikken bugnar av herlegheiter, og eg er spesielt svak for alle tinga Anne syr sjølv. Hennar heimesydde julepynt er berre vakker! Lyst å få litt inspirasjon?











 Anne finn du HER
ho sender også
varer pr.
post.

Eg har fått eit nytt, spennande oppdrag i dag. Denne gongen er det noko som skal brukast på bloggen. Stikkord
er vakre klede, levande lys og
julestemning...