...

onsdag 29. desember 2010

Eit tilbakeblikk på Draumesidene 2010


Det er på tide å kike litt bakover, og sjå kva det siste året har gitt oss. Det er vel både gode og mindre gode opplevingar for dei aller fleste. Eg må innrømme at eg er imponert over bildematerialet mitt gjennom året, når eg veit at forma ikkje har vore den beste. Tusen takk for så flotte tilbakemeldingar på innlegget i går. Det var godt å høyre at ein vil bli sakna. Bloggen har vore mi livsline, og det er grunnen til at eg bloggar kvar dag. Spesielt viktig er det å orke å tenkje positivt på dei tyngste dagane. Der har bloggen berga meg mang ein gong. Planane for januar kjem meir og meir på plass oppe i hovudet. Og der inngår det ikkje tid for blogging kvar dag. Det ser ut til å bli ein pause her inne over nyttår. Viss eg klarar å la vere? Dette har jo blitt ein del av livet mitt. Håper du har glede av kavalkaden eg har sett saman. Konklusjonen min er heldigvis; at jammen var det fint å få ta del i år 2010! :)  














Det har gått fort, og mykje har skjedd. Bilda er mi dagbok, og er full av minner.
Nokre av dei skal eg putte inn i hjertet mitt, andre skal eg leggje vekk ein stad.
Men alle dokke eg har hatt med meg på bloggen,
vil eg aldri gløyme. Takk for alt dokke gav
meg i 2010!



tirsdag 28. desember 2010

Romjulsdraum...















Til alle dokke som er trufast innom Draumesidene. Eg vurderer veldig framtida til bloggen i desse dagar; det er noko med eit nytt år. Ein ser tilbake, og gjer opp rekneskapen for siste tolv månedane. For min del er det godt å gå ut av 2010, og få blanke ark - igjen. Enn så lenge håper eg at desse bilda frå soverommet fell i smak. Romjula er ei merkeleg tid, litt trist for att julaften er over, men så god når ein kan nyte vakre dagar, slik som eg kan gjere. Men kvar vegen går vidare, er eg veldig usikker på. Januar skal brukast til å samle krefter, men også jobbe litt. Eg har ein draum om å snu denne mørkaste, tyngste månaden om til noko kreativt og vakkert. Om eg lukkast? Tida vil vise. 


Tenk gode tankar, det gjer så godt for kropp og sjel! 





lørdag 25. desember 2010

Hundre år gamalt Første juledags kort




Eg kan ikkje tenkje meg ein bedre måte, å ynskje alle saman ei flott romjul på!
Kortet er sendt i desember 1909, og er ei fin julehelsing til ei jente som heiter Anna.




I dag er dagen for ettertanke, og kos. Vi vaksne slappar av etter gårsdagens ekstra innsats i heimen, dei to minste bygg lego og spelar spel dei fekk til jul. Lillebror er ikkje heilt i form enno, men julaften gjekk så bra som den kunne. Vi er heldige som har kvarandre, og kan fyre i ovnen, og konstatere at det er tolv kalde minusgrader ute. Fjorden er som eit eventyr. Sola har vore her hos oss, og eg får ein så god følelse i magen når eg tenkjer på at no klatrar ho opp fjellsidene igjen. Det går mot lysare tider, og vår...





fredag 24. desember 2010

God Jul! med sjuk lillebror...




Hei alle der ute! Lillebror starta å kaste opp klokka fem i dag tidleg, så jula vår skulle visst bli litt rar i år. Men han held på å kviknar til. No skal vi sjå Askepott, og PRØVE å kose oss så godt vi kan!







Naturen gav oss det flottaste julekortet i år, dette bildet er tatt for ein halv time sidan.

Nature gave us the most beautiful x-mas card this year, the picture is taken half an our ago.




torsdag 23. desember 2010

Juletreèt i huset vårt, ikkje som hos naboen?


For det er litt merkeleg pynt på edelgrana vår. Eg skal innrømme det. Men det hadde vel ikkje vore så kjekt, viss alle pynta på same måten? ;) Treèt går verkeleg i taket denne gongen, til lillemors store fryd og begeistring. Og det svevar sjølvsagt på ei sky av tyll... Stova vart støvsuga før i dag, og that`s it. Kanskje litt støvtørking i kveld, men lista ligg veldig lavt. Og godt er det. Vi tok oss heller ein tur ut i skogen, og henta juletre til ei gamal dame. Langt meir fornuftig, spør du meg, og FOR ei julestemning det er ute!!!












Så sender vi alle her varme klemmar til fjern og nær! Vi skal kose oss i kveld,
og eg er spesielt takknemleg over å få vere saman med familien min. Sist helg var eg nær ved å gi opp håpet om å få att kreftene, og kunne glede meg over jula. No sitt eg her med raude kinn, og har vore på tur i snøven med ungane. Den beste gåva eg kunne ha fått!



Det er kvelden før kvelden i kveld,

en stund med stille ro


Vi tenner et lys for deg som ble alene,
og et lys for den som dro


Det er kvelden før kvelden i kveld,
vi har det varmt og godt!
Vi tenner et lys, og takker for
livet og for alt som vi har fått.
 Frå Blåfjell serien



onsdag 22. desember 2010

Og så var loftstova rydda. MANGE bilder i dag, men får du julestemning?



Eg veit ikkje kor mange gongar eg sa i går; jau, eg har ein nisse i kjøkkenvinduet, så no kan jula kome. Prøvde å vere morsom, og sjølvironisk. Men det er jo ikkje slik eg vil her skal vere pir lissje julaftan... I dag har den enegiske timen blitt brukt på loftet, der lillebror regjerar med lego og tusjar. Han hadde rydda i går kveld, men tinga hans var aldri komne inn att på rommet hans. Og eg har ei kjensle av at før julaften, er dei tilbake på loftstova? Men, men. Støvet er borte, og kattevask er utført. Og eg er glad inni meg ein stad, for at eg har ordna nok eit rom. Og så har eg tatt bilder. Og i dag vart det så mange? Har nokon som helst glede av å sjå så mange bilder, tenkjer eg. Ikkje er dei så fulle av jul kanskje? For meg er dei likevel det. Ro, kos og fred. Slik vi brukar å ha det når høgtida kjem. Difor er eg glad. For om ikkje alt blir gjort som vanleg, har eg byrja å få rette stemninga.


























Håper at alle saman følgjer rådet til Alf Prøysen :
 no sett vi øss å kvile, og pusta på ei stund...


Det gjer i alle fall eg! :)