...

mandag 28. juni 2010

Meir draumebilder...


****************

Tusen takk for uendeleg mange fine helsingar og gode ord i innlegget under! Tok 300 bilder denne kvelden. Uromantisk? Kanskje. Men vi har kjempemange gode minner frå turen! Vil gjerne dele fleire bilder med dokke. Håper måndagen er god!








Bilda er frå Alnes, 26.06.10


***********************************

Ha ein fin kveld!
Elin



søndag 27. juni 2010

Elleve års bryllupsdag ute ved havet...


*************
Av og til må ein rett og slett avbryte ferien sin, for å lage eit blogginnlegg... ;)
Eg har ikkje vore i syden, berre overraska min kjære med picnik ute ved havet på Sunnmøre...
Heaven on earth... Ein uforgløymeleg kveld i går, med solnedgang i horisonten mot midnatt.

♥ ♥ ♥





****************************

Ynskjer alle ei flott veke!
ELIN

♥ ♥ ♥





torsdag 24. juni 2010

Midtsommarnatt...


No er vi halvvegs... Sola er på sitt høgste... Vi har hatt ein uforgløymeleg kveld.
Og vår eiga midtsommarsnattsjente kosa seg veldig på setrestølen.

Sommaren er kort...
No skal vi alle nyte...
Kjenne etter kor godt det luktar i naturen...
Få litt sjokk med tærne nedi fjorden...
Gjere alt det ein ikkje kan gjere
i ein travel kvardag...
Feriere i innland, og utland...
Ete melon :)
Rulle rundt i ei blomstereng...
Ta fantastiske bilder!
Ta vare på våre kjære...
Vere takksam for alt vi har rundt oss...

Lista mi kunne fortsetje i det uendelege...


********************



Med dei beste ynskjer om ein flott sommar til alle som er innom!
No loggar eg av for ein periode.
Men det er aldri godt å vite når eg dukkar opp igjen? ;)

********************************

STOR KLEM!
ELIN

♥ ♥ ♥







tirsdag 22. juni 2010

Fargelaus harmoni til ein som er omgitt av kviskrande natur og mjuk bomull...


Eg fekk ein kommentar som traff meg så djupt i hjertet her om dagen... Og som inspirerte meg veldig under fotoøkta i går. Er det lov å dele slikt? Eller er det sjølvskryt??? Uansett, her er den :

"Når jeg titter inn til deg, føles det som om jeg sitter inne i en glasskuppel, omgitt av hviskende natur og myk bomull... Love it!"¨

Det var eit relativt nytt bloggbekjentskap som gjorde meg så audmjuk og glad, Hasigamas Univers. Tusen takk for ei ny vinkling på opplevinga av bloggen min! Det gav meg verkeleg ein puff i rett retning! Og sidan dama bak nevnte blogg også likar stilen i innlegget under, tek eg sjansen på å vise endå fleire bilder frå denne kvelden.






For det er harmoni i mine auger...
Så uendeleg godt å kvile augene på desse bilda...

Forhåpentlegvis  som i en glaskuppel, omgitt av kviskrande natur og mjuk bomull...


Elin




Rough luxe... Foto-heaven to me...



Når eg fekk ein setting i fanget i formiddag, var inspirasjonen tett bakk pannebrasken... Eg er forelska i Rough Luxe stilen, som du blant anna finn på hotell i England, med same navnet. I kveld var difor stikkorda : RÅTT, RØFT og SILKE... Upussa murveggar frå 1915, sengeteppet mitt i silke, tistlar og yndlingsputer... Håper at dokke toler ei dose av dette...







VINTAGE...

Ubeskriveleg stemning inni meg no... Og dette var ikkje planlagt før i ettermiddag. Igjen har eg fått bekrefta at det ofte er uventa ting, som blir mest vellukka :)

Nyt tirsdagskvelden!

Klem
Elin


mandag 21. juni 2010

Rust, rust og meir rust...



**********************

Eg er inne i ein periode med stor kjærleik for ting med gamal patina. Slitne og godt brukte gjenstandar, får hjertet til å slå litt ekstra... Gleda var difor stor når eg kom over disse rustne kjøkkentinga. Og dei eg bur saman med, har tydeligvis blitt vande med min veksande lidenskap, for eg har ikkje fått nokon kommentarar etter at eg sette dette opp på kjøkkenbenken ;) 









Dagen har vore god. Fekk meg ein SUPER avtale om location for fotografering før i kveld.
 Kriblar i magen...  :))) O lukke! :)))


*****************************

Ha ein fin kveld!
Elin
♥ ♥ ♥





Endeleg sommar i hagen min! Og innlegg nummer hundre på Nye Draumesidene :)



**********************


Endeleg har regnet gitt seg, og det er mild luft ute. Hagen er så frisk, har sikkert kosa seg med alt vatnet som har ausa ned frå himmelen! Plenen er full av bjørkekvistar etter stormkasta i helga. Her er det berre å brette opp ermane, og setje i gang! Plenklipparen skal også få lov å bli med ein runde eller to. Men aller først måtte eg ta nokre bilder i hagetrappa. Augene skal få kvile på desse vakre tinga utover dagen. Og  skape ny inspirasjon. Håper du har ein fin dag, og at bilda kan glede deg også!







Eg er så takknemleg i dag. Eg har venta så veldig på mildare vindar, og ein himmel som ikkje følte for å sleppe så mykje regn nedover oss... No skal eg ut, og eg trur nok pc`en får kvile seg heilt resten av dagen. Tusen takk for alle fine kommentarar og gode ord.... Eg rekk visst ikkje rundt meir, men håper at dokke vil sjå og lese bloggen min likevel?


**************************************

God klem
Elin

søndag 20. juni 2010

Du skal ikkje sove bort sumarnatta...



*********************




********************************

E
♥ ♥ ♥


*******************





Det har slutta å regne, og vi myser mot lysninga på himmelen. Det er overskya, og kaldt. Eg kryssar fingrane for ei flott juniveke, med solsnu på onsdag...

Bilda eg viser er frå dei gamle husa eg har besøkt i det siste. Håper på nye funn i veka som kjem.

Ynskjer alle ei flott, ny, kreativ veke!

************************************

Elin
♥ ♥ ♥






lørdag 19. juni 2010


******************





God laurdagskveld!

***************************

Elin
♥ ♥ ♥

In love...



***********************


I`m in love...



***************************************

Elin
♥ ♥ ♥





fredag 18. juni 2010

Veninner...




**************


Ingen ting er som ein fredagskveld med taco til middag, utebading i grisevèr og snill veninne på besøk...






God helg!

*******************************

Elin
♥ ♥ ♥




Huset ved sjøen...


***********************
Dette gav meg slike barndomsminner... Med sjøen like ved, tok det meg tilbake til yngre år, med leik og latter i fjøra. Med mormor som styra i hagen, og morfar som sat i skuggen og hadde eit auge med kva eg styra med... Huskar han kom og ropte at eg skulle gå opp på land når vi bada. Og eg svara med tenn som hakka, og blåe lepper, at eg SLETT ikkje fraus... :) I dag er det ikkje mykje som minner om sommar her... Difor er det fint å ha bilder frå tidleg i veka å varme seg på! Får nok blåe lepper viss eg prøver meg på ein tur ut? Men det blir sol igjen... ein eller annan gong... 








Med ynskje om ein fin fredag!



 *******************************

Elin
♥ ♥ ♥

torsdag 17. juni 2010

Conditien ende be...



******************

Det er ikkje alt som går så fort i dette huset... Ting som eg treng hjelp til for eksempel... No hadde eg greidd å bruke stikksaga sjølv, men eg trur at skuldra mi hadde vore mindre glad for dette... For eit par kveldar sidan vart saka tatt i andre hender. Eg kjøpte dette dokumentet for ei tid tilbake sidan, hos Home. No1, ein svensk nettbutikk. Eg hadde leita etter det sidan i fjor haust. Så gleda var stor når eg fann det! Men der var ein brun kant som eg ikkje likte. Difor klipte eg denne bort. Så no er dokumentet sånn herleg kantete, slik som eit gamalt dokument skal vere. Kryssfinèr-plata er saga i same fasong. I dag har eg limt fast herlegheita til plata. Vart ikkje så verst. Fann ut at det ikkje gjorde noko om det vart litt bobler og rynker? Det skal no sjå gamalt ut? Men etter at tapetlimen tørka, har alle boblene reist :) Veit ikkje heilt kvar det skal henge, men inntil vidare får det vere på stova over klokkebordet mitt. Passa forresten fint der?






Vi fekk regn igjen i ettermiddag. Sommaren er visst avlyst i år? Men eg er blid likevel; fekk inn at dyner og tepper før regnet kom. Så no er det berre å vente på neste solskinsdag...



********************************
Elin
♥ ♥ ♥

onsdag 16. juni 2010



***************



Jeg er trett og går til ro
lukker mine øyne to
fader se i kjærlighet
til mitt ringe leie ned

Skjerm all verden fjern og nær
Vekt oss med din englehær
Gi oss alle fred og ro
I vår Herres Jesu tro

Amen





*****************************

Elin
♥ ♥ ♥



Ved kjøkkenbenken


**********************

På mi vandring, møter eg mange menneske. Det skreiv eg om i går. Men eg møter flest som eg ikkje ser. Menneske som ein gong budde i husa eg har besøkt, som arbeidde på markane utanfor, og som brukte alle tinga eg let meg fasinere av. Dei stod opp i gryotta, og sleit sju dagar i veka for å mette store familiar. Kjempa mot naturkreftene, og bad om gode år. Bygde landet vårt frå nord til sør... Av og til kan eg nesten merke dei. Ved ting som er ekstra godt brukte. Difor vart eg ståande ved denne kjøkkenbenken... Den som kunne fått vere tilbake  i dette rommet, berre i nokre minutt. Fått sett ivrige, sterke hender som knødde brød, skar opp kjøt, og gjorde opp fisk på dette kjøkkenet. Fått høyre born som masa nede på golvet, om trøyst og mat... Og ei omsorgsfull mor, med brunt andlet, som kava på for å få ferdig alt heime, til dei andre kom frå markane, ein junidag for lenge, lenge sidan... Ho har stått og hesja sidan i dag tidleg, og veslejenta har masa på henne heile tida. Vil mamma skal hjelpe henne med gyngehesten. Men ho har ikkje tid. Må få ferdig grauten før dei andre kjem svoltne inn døra... Ho skimtar fjorden der nede gjennom vindauga. Huskar når ho var ung, og dei sprang dit og bada i middagstida. Ho let att augene, berre litt, og kjenner at ho saknar det...

Med hendene på kjøkkenbenken, og augene att, var eg der i går hos henne...
Nokre minutt...
Møtte henne, nesten...




************************************

Ynskjer alle ein vakker, drøymande dag!

Elin
♥ ♥ ♥





tirsdag 15. juni 2010

Ride ride ranke...


*******************


********************************

Elin

♥ ♥ ♥




Kvitt og lyseblått sommareventyr...


Eg har gode dagar. Møter nye menneske, kjekke folk som berikar livet mitt. Blir møtt med smil og forståelse, og godvilje av den sjeldne sorten. Eg nyt kvart minutt med kameraet, og som vanleg fostrar eitt bilete det neste... Det blir mest som ein rus. Eg tenkjer; at no kan eg ikkje bli heldigare... Og så kjem den neste mogelegheita dalande ned i fanget mitt. Eg er så takksam, og audmjuk. Kameraet gløder igjen, kinna er varme, og sommarfuglane i magen hadde visst berre sovna litt. For no er dei der igjen.

****************************

Bli med på reisa. Du er hjartleg velkomen!







****************************************************

Og det er slett ikkje snipp - snapp - snute.... Sommaren har såvidt byrja!


Elin
♥ ♥ ♥