...

søndag 31. oktober 2010

Mitt bidrag til NIB si novemberutfordring! STOVE



Eg har brukt helga til å prøve å fange dagslyset i dette rommet.
Ikkje så enkelt, fordi dagane er gråe. I morgen skriv vi november, klokka er tilbake på
vintertid; det går raskt mot Jul folkens! :) Stova vår går i same fargane som resten av
huset, ulike gråtonar og med gardiner av lin.Eg kjøpte eit nytt teppe i forrige veke,
i ekte ull, på Bohus. Dette er vi veldig fornøgde med! Herleg varmt, og med ein nydeleg tekstur! 

Sofaen og stolane vist lenger nede, er frå Slettvoll. Puter og lampeskjermar frå bl.a. Tine K.
Pledd frå IKEA. Koffertane kjenner du kanskje igjen frå tidlegare
innlegg. Dei flyttar litt rundt i huset. Akkurat no rommar dei
innpakningsutstyr og div. hobbymateriale som eg brukar
i juleforbereiingane mine :) Den store tyllputa er ein
av favorittane mine. Mest til pynt ;)


Dette "brengetreet" vart brukt til å bere bøtter før i tida. No pyntar det opp
stoveveggen saman med stålsjablongar :) Lampeskjerm frå TineK.



Bordet mitt er av eit gamal dørblad. Alderen litt usikker. Kanskje frå
1700 talet? Det ligg på ei stålrame, som ein lokal verkstad har sveisa
saman til meg. Eg berre ELSKAR kontrastane mellom
den slitne looken, og tyllputa under!


Huset vårt har mange røffe detaljar etter kvart. Her har ein sleten
metallboks fått kome opp på eine sidebordet til sofaen. Og
sjølvsagt ligg det noko spennande og kontrastfyllt
på toppen! :)


Eg samlar på sink i ulik utførelse. Denne bøtta har stått ute i sommar
med blomster i. No står ho opp ned, og er flott til å lagre
interiørblad på! Ein lilla silkeduk har fått plass der også,
for å setje litt farge på novemberdagane som kjem!


Fatet med lys på fann eg i eit gamalt hus,
rusta og veldig bulka. Men med litt omsorg, vart det flott!
Gamle ark frå ei salmebok, nokre fine småting,
og ein mynt kviler roleg i skinet frå lysa.


Sidan stova vår ikkje er så stor, så tv stolane våre står til vanleg
borte ved den andre veggen. Men når vi brukar sofaen,
er det berre å snu dei bort til bordet. Tips : ta
møbelknottar under møblane dine,
då er det lett å flytte på dei! :)


Tyll er glimrende til å ta bort det verste innsynet! Dessuten synes eg
at det gir eit lunare preg til stova. Eg har bestillt tyll hos
Stoff og Stil på nettet. Meir av dette er på veg til Sunnmøre ;) 
Eg har tatt bort vannmerket på øverste og nederste bildet. Desse er mine bidrag
til NIB si novemberutfordring, stove, som blir lagt ut på bloggen deira i morgen :) 


Eg vil igjen takke for alle kommentarar og alle besøk,
berre sidan sist helg!

Thank you all, for visiting my blog!
I am speachless, looking at my globe; Draumesidene have visitors from all over the world! :) Europe, Asia, Africa, North and South America, Australia... It would be very nice hearing from you all!
Maybee you leave a comment next week? :)
I wish you all a lovely November week!



Ynskjer alle ei flott novemberveke!
Elin



fredag 29. oktober 2010

Ære være lyset på soverommet... og arbeidslyst! :)






For der er det så flott å ta bilder, trass i at dagen er grå med regnbyger i kø inn fjorden...

Eg har rydda loftstova i dag, og det kan ein bli ganske sliten av? Spesielt når ein har ein lillebror som elskar lego med små deler... Eg får av og til spørsmål om vi alltid har det ryddig? Hi-hi! JA! :) Nei, her er det rotete, og spesielt no, etter at eg ikkje har klart å rydde og vaske slik som eg brukar. Det flyt både her og der, men eg har aldri så stor trong til å ta bilder av det? Hallo! Dette er draumeverda mi!!! :) Og der er det ryddig... Loftstova er katastrofeområde nr.1. Der er det ungane som regjerer. Og skal rydde. I teorien...  Og det skjer innimellom, men det kan gå ein del veker mellom kvar gong. I dag har eg verkeleg gjort ein innsats, og sortert småtteri som er livsnødvendig for ein kropp på fem år. Då snakkar vi lego, teikneutstyr, kort, Kinderegg-figurar (som akkurat no ligg i bosset på badet) og så vidare og så vidare. Må berre få tømt alle posar ut i stativet ute, før lillebror kjem heim, og plutseleg oppdagar at mamma har kasta ting ved ein feiltagelse (?) som han TRENG!!! :) Har litt dårleg samvet, men han merkar som regel ikkje at han manglar noko som helst? Lillemor er blitt så stor, at ho klarer å ta unna etter kvart. Og så er ho mykje på rommet sitt, for å få fred for legokongen.

No når eg eingong har arbeidslyst, så fann eg ut at eg skal måle loftsovegolvet og gangen oppe. Mykje meir praktisk å ha gjort det i sommar, når vi tok soverommet likevel? Etterpåklokskap har vel aldri fungert, så den tanken er berre å putte bort. Og så GLEDA hos mannen i huset når eg fortalde kva eg trong hjelp til! Ubeskriveleg... 

-hei kjære, GOD helg. Endeleg er arbeidsveka di over! Eg har laga GOD middag i dag! Og vaska begge bada, og loftova... No skal vi måle golvet oppe!!! :)))

Stakkars...


Håper du får ei rolegare helg! :)

God klem
Elin

Ramma på kjøkkenet mitt, du kan lage henne sjølv! :)






Enkel å lage, har festa saman dei fire ytterste listene. Deretter stifta eg på delane inni. Knottane er frå
Jeanne d`Arc, og ramma skiftar stadig uttrykk, alt ettersom kva som heng der :) No synes eg det er kjempekoseleg med lykter og telys. Nederst heng eit bilde frå produksjonen i den gamle fabrikken i bygda.


Ha ein sjokkedorisei dag! :)

DEN var ny!

Klem 
Elin 

torsdag 28. oktober 2010

Gjensyn med sykkelen i fjorden...





Eit gjensyn med trehjulssykkelen i fjorden... Dette bildet er tatt nokre minutt etter bilda i innlegget under..Vèret skiftar fort her i nordvest. Huskar du bilda av den frå i vinter? Eg elskar at fokusen er på bølgjene bak, og lyset som kom med regnbyga utover fjorden. Er klar over at flest går innom her for å kike på interiørinnlegg, men føler for å vise slike bilder som treff noko i hjertet mitt... Du kan finne sykkelen under naturbilder på den gamle bloggen min, HER

Eg skal ikkje leggje ut fleire bilder i dag;
reknar med at eg er blitt diagnostisert av fleire? :)
Men dagen min har vore veldig fin, og eg har tatt SÅ mange flotte bilder!
Og då blir eg litt hyperaktiv... No derimot er kinna raude, og kvelden senkar seg.
Du verden så godt det er å slappe av i bloggestolen! :)


NYT din kveld, du også!

Klem
Elin 



Himmelblått eventyr...








Eg trur jammen det blir eit innlegg til seinare i kveld?
Har hatt ein fantastisk fotodag! :)

På gjensyn,

E

Morgenstemning på kjøkkenet






Ynskjer alle ein flott dag vidare! Somme av
formiddagsinnlegga mine blir uten kommentarfelt framover,
då får eg LITT bedre samvet angåande kommentarskriving...

Og til alle dokke luringane som går til innlegget under; LURINGAR!!! :)


ELIN



onsdag 27. oktober 2010

Strike a pose, Teddy!









For teddybjørnar som er over seksti år, har litt av kvart på lager ;)
Og så glad som han blei, når han fekk posere litt!


God onsdagskveld!


ELIN


Får eg lov å dele desse også?


 



Har tatt vekk kommentarfeltet, for eg treng ikkje fleire gode ord om kraftverket mitt! Tusen takk for alle flotte tilbakemeldingar! Og så håper eg å bli tilgitt for å dele desse to siste, som eg rett og slett gløymde i går, etter ein lang dag... Held dokke ut med meg? ;)


Ynskjer alle ein super onsdag!

STOR klem!


ELIN


mandag 25. oktober 2010

Gamal skåp på stova







.... som eg trur skal få på plass dørene sine igjen? Sidan støvtørking blir eit STORT tema her, er det fristande å setje inn att dørene som høyrer til. Når eg kjøpte henne, var dørene utan glas i? Dette har eg fixa. Skåpa skal eigentleg stå på kjøkkenet, men i påvente av peisprosjektet vårt, får ho vere på stova. Og dette prosjektet får oss rimeleg tullete i hovuda for tida... Målband og brosjyrer ligg i skrivande stund utover heile kjøkkenbordet...


Håper du har ein fin fin måndagskveld,
eg er på fotoklubb for første gong!


Klem
Elin


Engelen passar på tida...



For dagane går så fort... Vi nærmar oss november, og butikkane har starta med juleutstillingar.
I ein ynskjesituasjon, kom alle i gang tett opp mot desember... Sånn har eg det. For det er ikkje lett å halde på stemninga, etter å ha høyrt julesangar i to månedar. For meg er julestemning noko magisk. Ei kjensle eg nesten hadde gløymt som vaksen, til barna mine vart så store, at dei viste meg magien igjen. I tindrande barneauger... Men eg forstår at handelsstanden gjerne vil selje varene sine, og at tre veker i desember er kort tid. Kanskje kan somme ting få lov å glede oss i november også?



Her er nemleg ting som minner om jul hos oss også. På stova kom denne engelen opp sist veke,
saman med ei urskive. Eg synes desse figurane er så fine, og ser så glade ut. Dei hang oppe til langt ut på nyåret sist.To av dei skal få vere i stova vår framover, og så kan borna glede seg til desember nærmer seg, og at alle andre englevener får kome fram frå skap og kasser :) Tida går så fort... 


CARPE DIEM!


Elin

søndag 24. oktober 2010

Nytt kistebord i heimen, og mor i huset smiler frå øyre til øyre :)









For dette er ei fryd for auga mine! :) Men IKEA hjula som har ligge over alt og slengt siste ti åra, kvar er dei når eg treng dei? Bordet skal opp på loftstova når hjula er på plass, og romme spel og leiker. Det blir stadig gjort forsøk på å temje alt rotet der ungane held til.

Snøven ligg og ligg... I dag har det til og med kome meir.
Dei gule haustlauva, som aldri rakk å dette til jorda, heng og lyser opp hagen.
Midt framfor trappa, står ei snødame og vinkar. Ei oktoberrype med kald rumpe... ;)


Ynskjer alle som er innom ei vakker, ny veke!

God klem


Elin


100 år gamal barnevogn...



Og eg skulle ynskje at eg hadde funne heile... Men kalesja låg så
trist åleine... Eg blir som vanleg kjempefasinert av dei lekre detaljane...
Vogna kom antageleg frå Amerika, og han som låg i henne, vart ein gamal mann...




Eg held på å få meg eit vakkert, nytt bord! :)
Ikkje "nytt" nytt sjølvsagt!
Håper å få det ferdig til eit innlegg i kveld?


Nyt dagen!


ELIN :)


lørdag 23. oktober 2010

Glade jul, i oktober?







Dei seks første julegåvene er i box, og sidan fleire av mottakarane les bloggen, var det alt eg hadde å seie om den saka ;) I tillegg ligg snøven enno utanfor, lillebror har handla pepperkaker og julebrus på Coop i dag, og i går kveld var det reine julkortstemninga ute, med gnistrande minusgrader og fullmåne over fredfull fjord...

Noko seier meg at ventetida på jul blir extra lang i år? ;)
Eg har fått ein flott ting i dag! Som skal ordnast litt på, og så få
vere på loftstova vår... Og trur du ikkje at eg kjem til å ta bilder av vidunderet i morgen? ;)


God laurdagskveld!


ELIN



Drivvedslook på stoveveggen



Har fått spørsmål om fjøla som heng på veggen over tv`en. Dette er ei gamal fjøl som var på fjøsveggen til tipp-tippane mine :) Men i farge liknar ho på drivved, vèrbiten, sleten og grå. Eg har hengt opp ei lenkje med klyper på, og fram mot jul kjem det diverse opp på denne. I vår og sommar har fjøla hengt på høgda, med bokstavar på. Fjøla har vore i bruk sidan vi flytta inn i huset for elleve år sidan. Tv-veggen er aldri vakker, ein diger, svart skjerm er vanskeleg å få til å flyte inn i ein samanheng. Men eg synes det mjukar litt opp, med litt anna blikkfang over monsteret :)







Og så vil eg igjen takke. Ja, eg er rett himmelfallen over at teljaren i dag bikkar sytti tusen treff, berre ein månad etter at eg feira seksti tusen besøkjande. Du verden så kjekt! Eg håper at bloggen min inspirerer, for eg blir i alle fall kjempeinspirert av å blogge! :)


 

GOD KLEM!

Elin

fredag 22. oktober 2010

Lilla Kjærleik på Pinne :)


Vakre Hjem & Interiør i den eine handa,
og Jeanne d`Arc Living, rykande ferskt for meg, i den andre...
No er det helg :)




KLEM

E


Kjøkkenet ein kald oktoberdag...



For regnet har ikkje kome. Derimot ei og anna snøvbyge... Lillebror er heime i dag, hosten hans kjem som regel med første minusgradene. Astmaen merkar luftforandringane. Men lillebror tek det heile med godt mot, og har lært seg å skrive ord i dag. Han er ein fantastisk copycat, og har godt arbeid med å finne ord oppe på loftstova, og kjem ned og viser meg resultata :) Han lurte veldig på kva det var eg tok bilder av? Her var jo ingen saman med meg??? Forstår godt at han lurer...

Kjøkken folkens. Stort og med ei storslagen utsikt til fjord og fjell. Masse lys inn frå nedsida, utan naboar som ser inn. På kanten av eit stup, seier mange. Her lagar vi mat, et, gjer lekser, skravlar, har besøk. Allrommet har vi aldri angra på, og med ny peis om ikkje lenge, blir rommet komplett. Så får dei som har lest bloggen ei stund, bere over med gamalt nytt :) 








Eg vil ynskje alle ei retteleg
GOD HELG!


Klem
Elin