...

torsdag 28. april 2011

Til deg!




... kan du kjenne lukta av kvitveis? Å få liggje rett ut i ei slik eng, og snuse inn
den herlegaste eimen av desse nydelege kunstverka på stilk... Så heldig er eg.
Eg håpar at du får eit snev av same følelsen ved å sjå på bildet
og late att augene og drøyme...

Forresten; hadde du trudd at dette var eit mobilbilde? ;)
Med tanke på debatten om at ein må ha så flott
kamera for å ha bra nok bilder
til blogging :)



onsdag 27. april 2011

Draumebord med utsikt til fjell og fjord...












Tenk å ha det slik... Utesesongen er i gang :) På menyen i dag :
Pasta og kyllingsalat med rykande ferskt foccacia brød. Fortreffeleg!
Og herleg avslapping på terrassen i sola. Bordet på
bilda er ordna til ære for dokke.
Måltidet vårt var
i hagestova. 



So long! :) 



"Oppskriftshaldar" frå farne tider til kjøkkenet



Det er ikkje alltid eg er klar over kva eg finn og tek vare på... Denne dingsen skulle vise
seg å ha vore ein dokumenthaldar på eit kontor for lenge sidan. Ved sidan av
ei skrivemaskin. Men kva kunne eg bruke han til?




Fann denne oppskrifta på TINE.no



 

tirsdag 26. april 2011

DIY - knaggrekkje av gamle sikringar :)









Må kome med nokre kjappe innlegg, kjenner eg er i ferd med å miste sikta framover angåande bloggen. Tusen takk for kommentarar. Dei betyr mykje. Prøver å svare alle! Etter halvtanna år med Draumesidene, er spørsmålet der heile tida ; har eg meir å vise? Eg koser meg med å lage til bilda, men føler sterkt at det blir mykje opp igjen det same. Då mister eg litt piffen. Vil ikkje kjede folk heller. 


Skal vere superkreativ i dagane som kjem - trur eg... ;)

NYT veka!





Kaffemaskina på kjøkkenbenken














mandag 25. april 2011

Stovebilder ein dag i april








I dag regnar det, men vi er varme i kinna av all sol og varme siste dagane. Vaskemaskina går for fullt, og vi held på å gjere oss klare for kvardagen som kjem i morgen. Det har vore ein skikkeleg kosedag inne med fyr i peisen og besøk av familie. Sjølv om det også har vore triste dagar, kjem vi til å minnast påska 2011 med smil om munnen. Vi har hatt ei flott veke! Vi er så takknemlege for å ha gode vener rundt oss, og eg er så glad for at helsa mi er betre, og trimturane mine er stadig hardare og lengre. Det er eit godt teikn for meg! 


No er det berre å nyte våren!









fredag 22. april 2011

Tid for ettertanke...



Tusen takk for omtanken dokke gav i går. Det er alltid tøft å kjenne på datoar, som ein forbinder med triste ting. Tida som går hjelper i sorgprosessen, men det er ofte mange ting som skal tenkjast mange gongar, før det finn ein fredeleg plass inne i hovudet. Det er viktig å sjå framover, og bevare dei gode minna. Og skape nye i den tida vi har no. Å finne styrke til å fortsetje. Ta vare på kvar dag. Oppmuntre kvarandre, kunne gi ein klem. Sjå at andre har ein tung dag, og ta hensyn til det. Å lytte, før ein gir råd. Å forstå, sjølv om ein av og til kanskje ikkje gjer det fullt ut. Verda er full av krasse ord og kommentarar. Også her inne i bloggfellesskapet. Eg veit ikkje kva det er som gjer at menneske har behov for å såre andre? Misunnelse? Dumskap? Uvitenheit? Eg føler for å vere saman med menneske som evner å tenkje før dei snakkar, og som har til hensikt å vere til støtte for meg og dei eg er glad i. Desse dagane med påske er ei fin tid for ettertanke. Samfunnet er så fullt av stress og mas, at vi ikkje rekk å finne ei slik ro til vanleg. Uansett livssyn, er det godt når "toget" slakkar av på farta, og ein kan, som eg gjorde i dag, sitje i sola og puste djupt inn og ut igjen. Gå lange turar om dagen, og nyte solnedgangen  frå terrassen. Kjenne at livet kan vere godt.

Bildet eg deler i dag, tok eg for nokre veker sidan. Eg føler at det symboliserer ro...



Håper du også finn tid til ro og ettertanke!

Nyt påska vidare!




tirsdag 19. april 2011

Påskegult - igjen :)




Eg har aldri vore ei "gul dame", men omstendigheitene i år, har gjort at eg har mange bilder med denne fargen i seg. Og jammen er det bra, for eg blir glad av gult! Bilda i kveld, er frå serien som eg tok på glasblåsarverkstaden. Turkis og solgult saman med mi eiga Lillemor. Ho har forresten fått seg sin eigen blogg i dag :) Ho har STORE planar om korleis det skal bli der. Så får vi sjå etter kvart...






Vi har hatt ein alldeles fantastisk dag. Med sol, og faktisk litt regn. Men vi har vore ute, og verkeleg kjent på at våren er i ferd med å gripe om seg. Kvitveis og leirfivel smiler om kapp i bakkane, og vi har sett fuglar som har kome tilbake frå sydlege strøk. Vi har gått lang tur i skogen, og eg har vist borna hemmelege stadar eg leika på som lita jente. Med andre ord ein annaleis og innhaldsrik dag. 


Nyt dagane som kjem, våren er ei flott
tid til å kome i gang med ting du
kanskje har utsatt lenge!







mandag 18. april 2011

Påskekjøkken



Velkommen inn på kjøkkenet, litt gult er her :)
Men som eg skreiv sist veke, ikkje noko stress med påskepynting!
Men godt å få rydda, og så har eg fått hengt opp ting og tang, eit prosjekt eg starta på i
februar... Ting Tek Tid her hos meg. Ikkje alltid eg klarer å gjere alt eg ynskjer! Krydderplanter
i kvite, gamle kjøpmannsposar pyntar på kjøkkenbenken, og lett tilgjengelege i matlaginga.














Gule koppar frå Kremmerhuset, til halv pris, 10kr. Slikt likar vi!
Og gule fjør. Som eg viste i eit innlegg tidlegare. DYMO-egga mine er lette å kopiere :)


Ha ein vakker kveld! 





søndag 17. april 2011

Tolix og påskeegg :)



Etter ein laaang dag på biltur og i dåp, er det godt å kvile på sofaen, og varme seg framfor peisen. Det er lova så flott vèr her i veka som kjem, gjett om vi kryssar fingrane! :) Då varmar sola opp huset. Eg fekk meg nokre skattar i posten frå Lune Hjem tidlegare denne veka. Har ynskja meg Tolixstolar i fleire år. Helst gamle, men det har vist seg å vere vanskeleg å få tak i. Bestilte ubehandla, og synes dei passa perfekt oppi all galskapen eg ellers omgir meg med. Korga er frå Emmas Verden, og skal få stå på kjøkkenbenken etter kvart. Men i kveld er ho oppbevaring for påskeegga anno 2011. 






SO LONG! :)