...

mandag 26. november 2012

A big thank you to my readers, with pictures from my kitchen!

 
 





 
 


 
Eg har alltid sagt at eg er glad for at mange finn vegen til Draumesidene. Har aldri lagt skjul på at dette er ein slags CV for meg. Ein attest på at ein kan fungere, sjølv om kroppen kranglar, og ein kjenner seg ubrukeleg og unyttig. I dag har eg ein slik dag, der eg ser attende.
 
Eg ynskjer meg god helse i framtida,
det står øvst på ynskjelista mi. Om eg kan få det ynskjet oppfyld,
vil eg ta draumane mine vidare. Og det er mykje enklare å halde på desse draumane, når så mange menneske er innom bloggen min dagleg. Eg er stolt og glad over at eg aldri gav opp, men fortsette å arbeide med å ta bedre bilder, og bli flinkare å velge ut motiv og style. Overfladisk? Unyttig? Kunne gjort noko anna meir målbart med denne energien? Kanskje. Men for meg har bloggen vore
ein livsnerve, ein ven som har fått meg ut av senga på dei tyngste dagane.
 
Og det hadde ikkje vore det same, utan alle dokke som er innom,
og ikkje minst dei som legg att fine ord og helsingar!
 
 
I kveld feirar vi Draumesidene her heime,
og eg er så glad for at mine nærmaste gleder seg saman med meg!
For dei veit kor viktig desse sidene er for meg.
 
 
See you in near future!
 
 
Elin
 
 
 

søndag 25. november 2012

Effektiv søndag med baking, måling og stjerne DIY

 
 

 
 





 
Tidleg oppe med ein kropp som endeleg har tenkt å gi meg fri frå smerter...
Ja, eg stoppa opp og gråt nokre tårer før i dag... Av glede...
 
Mannen min måla andre strøket på peisveggane med
Pure&Original kalkmåling. Det var jo på tide... Eg har rydda, og prøvd ein pakke med ferdigblanda kakemix, som eg fekk av Kristin på Herlighet. Havrekjeks/kaker av merket Royal Cookies. Blanda kun i eitt egg og hundre gram smør. La deretter deig med skei på steikebrettet, og gav dei eit trykk. Etter elleve minutt i ovnen, var dei klare, og VELDIG gode. Ungane likte dei også.
 
I går hadde eg eit prosjekt med å lage ei stjerne. Saga henne ut av ei tynn treplate.
Pussa kantane, og måla henne svart. I dag har ho fått kome opp på kjøkkenveggen, og så har eg festa på ei lysslynge. Skulle egentlig lage ei slik som TineK har på sine bilder. Men eg trur det blir for vanskeleg? Får studere litt til.
 
 
Eg vil igjen takke alle som er innom Draumesidene, for fine ord og gode smil. Og takk også til deg som ikkje legg att nokre spor. Bloggen passerar 400.000 treff om litt. Det gjer meg tankefull og takksam. Berre to mnd.sidan den passerte 300.000. Eg prøvar å fortsetje som før, og håpar at bilder og tekst kan inspirere vidare mot 2013.
 
 
 
Elin
 
 
 


Wintercookies à la 79 Ideas

 
 
 



All pictures borrowed from 79 Ideas
 
I fell in love with tese wintercookies!
If you follow the link under the last picture, you also find
a receipe and where you may buy the lovely cookieforms! Lovely?
 
I`m also baking today,
and hope to post something exciting later ;)
 
 
Elin
 
 


lørdag 24. november 2012

Advent på stova


 

 
 
Eg har pynta til advent i dag, ei veke for tidleg. Men viss ein skal kunne
gi tips til andre, må ein liggje litt i forkant. Har hengt opp, og lagt fram stjerner i papp, med litt ulik utsjånad og farge. Men sjølvsagt også svarte! Kongler og sviblar skaper den litt lune vinterkjensla. Lysestaken frå House Doctor er kjøpt på Herlighet. Alle stjernene er frå butikken To Damer Interiør i Stryn. Eg planlegg eit større innlegg i morgen.  
 
 
Eg har akkurat vore og gått opp til fjellet. Min lengste tur på sju månedar.
Ikkje fritt for at tårene pressa på av glede når eg kom heim.
Eg har ikkje turt å skrive det før, men siste vekene har
vore bedre. Smertene mindre vonde. Eg kjenner
energien stig. Men er så redd for tilbakefall.
Dei har det vore nok av siste 11 mnd.
 
 
Elin
 
 


Going to look for a new table in the forest...

 
 
 
 
 
 
olssonjensen


Mitt nye bord kunne gjerne sett slik ut?
Men du skal ha eit ganske stort tre til disposisjon!
Eg trur jula i år vil, som før, ha mange element av natur i seg.
Og det beste med det, er at julepynten min blir ganske billeg ;)





Du kan også kjøpe same type pynt, lekker kolleksjon hos OiSoiOi



Vi har eit fantastisk vèr her på morgenkvisten,
og eg skal garantert ut og leite etter inspirasjon. Fjella er kvite av snøv,
og gyldne av morgensol. Akkurat slik som eg vil ha det!



Nyt dagen!



Elin



fredag 23. november 2012

Last x-mas

 
 


 
Dette er bilder frå fjorårets jul. Tatt 29.desember.
Då var eg oppe på krykker, og lillebror hjalp meg å ta desse bilda.
Har sett over alle, og nesten ingen er skarpe ;) Men vi klarte då å lage eit blogginnlegg :)
Har som nevnt før ingen konkrete planar for jula som kjem. Eg huskar ikkje all julepynt heller, det er to år sidan eg såg over den. Det var storesøster som pynta treet i 2011. Eg hjalp vel til å plukke av trur eg? Veit berre at ho gjorde ein veldig bra jobb!
 
Kjøkkenet var mykje tommare i fjor, benken var ikkje under skåpa. Trur likevel treet blir ståande på andre sida av frambygget. Det er koseleg med juletre på kjøkkenet. Eg har veldig lyst
å lage slike stjerner av papir, men etter å ha kika på diverse bruksanvisningar,
trur eg at eg gir meg, før eg har prøvd... ;) Sånn for husefreden si skuld?
 
(kan bli noko hissig, viss eg ikkje får til ting...)
 
 
Fru Fly / via (nydeleg insp.blogg!)
 
Desse bilda gav meg nokre idèar!
 
 
Ha ein fin fredag,
det er snart helg - igjen!
 
 
Elin
 
 


torsdag 22. november 2012

Christmas | Jul

 
 
 
 





 
 
Vi er inne i ei tid av spenning og forventning. Lillebror jobbar med ynskjelistene sine dagleg. Studerar leikekatalogar som kjem i posten, og fører sirlege lister på kva han ynskjer seg. Ikkje berre leiker. Han ville vite korleis ein stavar stillongs også. Godt med slike gåver også. -dei gamle rekk ikkje ned til sokkane lenger, forklarar han. Eg kan huske stemninga. Såvidt. Gleda og alle momenta av overraskelse og lykke. Pakkane eg og storesøstra mi fann på mørkeloftet, dei kalde romma der oppe, spikjekjøtet som hang til tørk, og som ein lett dunka hovudet i viss ein skunda seg for å kome ned loftstigen ubemerka. November var alltid så lang. Lang og mørk. Men så kom desember.
 
På mange måtar skulle eg ynskje at ein kunne oppleve desse augneblinka på nytt. Pappa si godmodige skjenning når han fann ut at vi hadde vore på spiontokt i forbodne områder i huset. Storesøster sin upåklagelege kunnskap om kva som var inne i pakkane, eller i alle fall kunne vere der? Det er veldig gode minner. Ein har med seg desse livet ut. Og ei kjensle av vemod. For det er så mange som manglar. Flest av dei som fekk bli gamle, men også dei som nesten ikkje kom i gang med livet. Slike minner som gjer at ein må svelge ekstra mange gongar, og blunke vekk dette varme, blanke som presser på i augekroken. Samstundes som jublande barn syng vakre julesongar. Det er månaden full av kontrastar, månaden som kan gjere kvar og ein svimmel av opplevingar, og ekstra tung for dei som skal feire høgtida utan den spesielle personen som var der sist desember.
 
Det er berre ei god veke igjen. Lillebror lyser i augene. Har nedtelling både til desember og julaften. Og sjølv om eg gruar meg til å gjenoppleve alt dette som har skjedd i åra før, prøver eg å la meg rive med og finne tilbake til barnet i meg. Til spenninga og forventninga, til det å kjenne seg liten og trygg. Det er OK å både gråte og le i desember, det er slik livet er. Og kvar desember vi får, er ny. Eg har tenkt å ha ein fin julemånad. Eg skal setje meg ned no i kveld og lage mi eiga ynskjeliste. Skal dele lillebror og storesøster si entusiasme. For dette blir deira minner om mange år.
 
 
Snart er det desember,
snart...
 
 
 
Elin
 
 
 
 


Om å bli tatt bilde av

 
 
 
Kva er greia med fotoskrekk? Det byrja forrige onsdag på bloggtreffet i Ålesund. Eg innsåg raskt at her var det umogeleg å havne i eitt eller anna objektiv. Og slikt skulle vere kjekt. Fine minner til seinare. Jada. Berre ikkje bilder av meg. Så har det vore nokre telefonar frå div.aviser siste veka. Nix, eg har ikkje behov for å bli intervjua. Og eg må innrømme at tanken på det bildet som skal med får meg til å verke i magen. Så takka eg til slutt ja til ei hyggjeleg nynorskdame med tilhald i Oslo. Litt tryggare når det ikkje er sånn lokalt det skal presenterast. Om eg kunne sende eit bilde av meg sjølv? Det hadde eg ikkje tenkt på. Long-distance-relationship hadde eg tenkt. Få snakke om interiør, julepynt og blogging, DET er greit. Ikkje bilde. 
 
I går toppa det heile seg med å skulle lære meir om portrettfotografering,
og å unngå å bli tatt bilde av sjølv. Ikkje enkelt.
 


 
 
Men kvifor er dette så fælt? Eg snakkar jo hol i hovudet på dei eg skal ta bilder av, om at dette er ikkje farleg, berre å vere avslappa, bla bla bla... Snakk om hykleri? Det eg er redd for, er nok at ein ikkje ser seg sjølv på same måte i ein spegel? Det utsnittet ein er van med, har eit tillegg. 3D liksom. Det einaste som trøyster meg, er at veldig mange andre har det på same måten.
 
Men så var det ho dama som ventar på bilde av meg.
Lovde å sende over eitt eller anna.
 

 
Det blir nok dette. Har ikkje bilder med fjeset i front. Sorry.
Skal jobbe med saka ein gong seinare. Kanskje i 2013? Det bør vere eit slags nyttårsforsett? (eg har aldri slike...) Og til alle andre der ute som nikkar gjenkjennande; vi er mange, vi er i fleirtal.
 
Og all ære til flinke folk eg har tatt bilder av siste åra,
som smiler, og ikkje er redd for å møte
seg sjølv i 3D.
 
 
 
Elin

 


onsdag 21. november 2012

Andreplass hos NIB! :)

 
 
 







 
Dette er eit uplanlagd innlegg! Men når eg fann ut at bildet mitt frå hagestova hadde fått andreplass inne hos NIB; ja då måtte eg berre skrive og fortelje det! :) Eg er så utruleg takksam for alle som har stemt på bildet mitt, og glad for at juryen med gjestedommarane Anette Bonde Vesterby og Laila Falck plukka ut hagestova som kandidat i utfordringa KOS.
 
Eg har vunne eit gåvekort hos Maxbo Vækerø på 2.500kr!
Skal heilt sikkert finne noko å bruke det på!
 
Men no trur eg ikkje at eg bør vinne meir på ei stund.
Kjenner eg held på å bli ein smule innbilsk? ;)
Best å følgje jorda...
 
 
Tuuusen takk igjen!
 
 
Elin
 
 
 
 


Julestemning hos Ylva Skarp

 
 
 






 
 

 
via 79 ideas, via Magdalena Bjørnsdotter/ Lantliv


Min fasinasjon for Ylva Skarp, vart ikkje akkurat mindre etter å ha sett bilder
frå huset hennar. Rein nytelse, og herleg juleinspirasjon!

NYT!


Elin