...

mandag 25. mars 2013

Lillebror og Blafre-egg :)





Det er spennende med påske! Det synes både eg og lillebror!
Vi har fått besøk, kveldane er lyse og lange, dagane meir som eventyr!
Og innimellom kjem det overraskelsar. Søte sådan ;)
No er det ikkje sikkert at ein treng ein heil kartong med egg?
Trur det er nok med eitt?
 
 
Blafre sine metallegg er fargerike og har plass til
masse godteri. Og sidan vi allereie har starta
med snoping, må det vere litt plass viss
det skal vare heile påska?
 
 
Blafre-egga finn du på Herlighet.
 
 
Såg akkurat vèrmelding for resten av veka,
og eg må seie at eg GLEDER meg til fortsettelsen!
Gjett om eg skal på skitur igjen!
 
 
Tusen takk for alle fine kommentarar!
Eg setter sånn pris på alle tilbakemeldingar!
 
 
 
Elin
 
 
 


søndag 24. mars 2013

Påske på soverommet | Easter in the bedroom

 
 
 
 
 
 

 
 

 
 

 
 

 
 

 
 
 
 
 

 
 

 
 


 

 
Puter med fjør, Halvor Bakke, serveringsbrett tre,
tøfler Shepherd, vannflaske, kopp MilleMoi
Alt frå Herlighet
 
 
Fantastisk morgen! Vakna i sekstida, og konstaterte at det vart ein kjempedag! Frokost på senga; JA eg har hatt det :) Ikkje slik kvar dag, skal innrømme det! Men ein super start på ein dag som har vore innhaldsrik og utfordrande. Eg har vore på min første skitur på fleire år. 3 km, med appelsinpause og soling i bakken framfor setra. Vindstille og alldeles fantastisk! Kjenner at eg har brukt kroppen, og veit at morgendagen vil innehalde smerter. MEN det er verd det!
 
 
Vil ynskje alle ei flott påske!
Eg stikk kanskje innom bloggen igjen?
 
 
 
Elin
 
 
 


tirsdag 19. mars 2013

Meir påskestemning på kjøkkenet

 
 
 
 
 
 
 
 
 




 
 
Dette blir vel min påskepynt i år? Passeleg lite, men nok til at eg smiler når eg passerer kjøkkenbordet... Har lenge hatt idèen om egg med plussteikn, men det ser eg at det er fleire som har tenkt på! Helt Enkelt viser egg etter min smak HER.
 
Strålande påskestemning ute,
og inne. Nydelege
dagar å nyte...
 
 
 
Elin
 
 


mandag 18. mars 2013

Love to all...

 
 
 
 
 
 
 

 
 
 
Aller først : tusen tusen takk for alle kommentarar på søndagsinnlegget! Overveldande! Nesten 3000 sidevisningar i går, viser at frykt engasjerer! Eg er redd enno, fordi eg posta det... Det sat langt inne kan ein seie. Men eg veit at beste måten å kome vidare på, er å gå rett på. Å gjere det ein er mest redd for igjen og igjen, til det ikkje er så farleg lenger. Tusen takk også for mailar og meldingar på FB. Eg brukar å tenkje at viss EIN person kan ha nytte av eitt av mine personlege innlegg, så er det verd det.
 
Draumesidene har alltid vore ei blanding av interiør, og levd liv. Det var slik bloggen kom til. Og sjølv om eg ikkje har delt så mykje personleg siste året, vil det nok kome små drypp innimellom.
 
Nokre bilder frå ei vårlys stove i dag, snøven ligg enno, men eg har på følelsen at sola vil rydde opp i løpet av komande veke? Håpe at det flotte vèret varer heilt til påske!
 
 
Ynskjer alle der ute ei fin veke!
 
 
 
Elin
 
 


søndag 17. mars 2013

To give up your fears...


 
 

 
Eg har lova meg sjølv å vere mindre redd for å bli tatt bilder av. Ikkje kjenne angsten krype innpå når eg får eit kamera retta mot meg. Ei kjensle av å måtte sjå kven eg verkeleg er? Ho som har vore prega av smerter og angst i årevis. Fjeset mitt som ikkje er slik som eg huskar det... Slik som eg vil det skal vere. Men no er det nok! Eg har sett meg som mål å vere mindre kritisk til meg sjølv. Godta den eg er. Eg har streva veldig med dette dei fem åra eg har vore ute av arbeidslivet. Klandra kroppen min for alt som er gale i livet mitt.
 
 

 
 
Men eg har i det siste innsett at dette er ein fin måte å ta fokuset vekk frå at eg faktisk kan ordne opp i mykje, trass i dårleg rygg... Ikkje minst slutte å vere så redd for alt mogeleg. Alle desse unnskyldningane eg har på lager for ikkje å ta fatt på ting. Eller i alle fall prøve. Det krev mykje energi å snu slike tankemønster, og ein stor innsats over lang tid. Eg er på veg. Eg håper eg skal få tilbake sjølvtillit og kjensle av at eg er bra nok trass alt. Eit grådig ærleg innlegg i dag. Men eg trur det må til. Ein må vise seg svak, for å bli sterk igjen! Og så veit eg at det desverre er veldig mange andre der ute som strevar med det same.  Eg heiar på dokke alle!
 
 
 
 
 
 
 
Elin
 
 
 


lørdag 16. mars 2013

Office & Vee Speers

 
 
 
 
 
 
 

 
 
 
 
 

 
 

 
 
 
Kontordelen av stova er nyrydda. Eg blir alltid inspirert av å flytte rundt på ting, og ikkje minst få rydda opp i ting eg lar ligge å slenge til dagleg. (Eg er flink å rote...) Min siste bloggting-fasinasjon er bilda til den fantastisk flinke fotografen Vee Speers. Ein sånn typisk bloggmani, som eg prøver å unngå... Men av og til går eg i fella. Bilda er vakre, og har ei heilt eiga stemning. Finns å få kjøpt hos bl.a. Fotografiska i Sverige, viss ein spør VELDIG fint om å få sendt til Norge...
 
 
Håper du har ein fin laurdag!
Eg fekk halsbetennelse i går, og har stappa i meg
honning og kvitløk i mengder...
 
Det positive med å vere litt sjuk,
er at eg er inne og bloggar ;)
 
 
Elin
 
 
 
 


fredag 15. mars 2013

Yellow friday in my kitchen

 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
Gul helsing frå meg!
 
 
Elin
 
 
 
 


torsdag 14. mars 2013

Brownies

 
 
 
 
 
 
 
Heimelaga pizza og brownies...
Ikkje fredag, men vi fann ut at denne vakre
solskinsdagen fortente ein spesiell meny?
 
 
 
Elin
 
 
 


tirsdag 12. mars 2013

Kjøkkenskåp med nytt innhald

 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
Til å bli glad av? Herlege matoljer frå Nicolas Vahè, Herlighet.
Har kjøpt meg ganske mange ting frå denne leverandøren i løpet av det siste året. Kjekt å lage mat med slike ingrediensar tilgjengelege, og som eg har sagt før; har INGENTING imot designet på flasker, krukker osv. Lovely! Vi har fått tjue cm med snøv, som eg i alle fall ikkje trengte, men no skin sola igjen. Fantastisk vakkert ute! Kjenner eg gleder meg veldig til påske?
 
 
Nyt resten av veka!
 
 
Elin
 
 
 


søndag 10. mars 2013

N Y R Y D D A hagestove med påskepynt

 
 
 
 
 
 

 
 
 
 
 
 
 
 

 
 
 



Kobberhus House Doctor, kobberegg Broste, harar og egg OiSoiOi,
alt frå HERLIGHET
 
 
 
Tenk at eg har rydda hagestova i dag! 2013-sesongen der ute er offisielt i gang! :)
O`glede! Men her er kaldt, sikkert minus inne i formiddag. Men med dunjakke, god musikk på anlegget og strålande sol på utsida fann eg motivasjon til å setje i gang. Påskepynten i år blir enkel, lite fargar trur eg? I fjor hadde eg knall gult og rosa, i år går det i kobber og grønt. Skal i alle fall investere i fleire grøne planter framover, berre ELSKAR den eg tok i hus før helga! Lyser opp heile huset.
 
 
Det blir garantert meir hagestoveblogging i vekene som kjem, mange som har etterlyst slike innlegg. Og kanskje kjem vindua på plass i løpet av våren? Dei har stått og venta i kjellaren i halvtanna år. Men desto kjekkare når dei først kjem på plass! Den som ventar på noko godt...
 
 
 
Ynskjer alle ei FIN veke!
 
 
 
Elin
 
 




fredag 8. mars 2013

Grønt - ja takk! Påskestemning på stova | Green? Yes please! Easter in the livingroom

 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
Bronsefuglar, OiSoiOi, bronseegg, Broste. HERLIGHET
 
 
Flinke Susanne på MILLE FLEURS i Ålesund prøvde å overtale meg til å putte inn grønne planter i huset sist haust. Og sjølv om eg er STOR Daniella Witte fan, var eg ikkje klar for dette. Men NO er eg klar! Det minner meir og meir om vår ute, og eg ikkje mindre enn ELSKAR planta som vart med heim frå bytur i går. Får jo godt humør av å sjå på henne?
 
Og så er det jo snart påske også?
Må finne fram egga eg laga for nokre år sidan med DYMOtekst på;
er ikkje lei av dei enno? Og enkelt å lage!
 
 
 
God helg til alle!
 
 
Elin