...

søndag 30. januar 2011

Spisestove





 






Ynskjer alle saman ei flott, ny veke!
Husk på alt du har å vere
takksam for!



Himmelsk inspirasjon!



Eg har fått tid til å lese bloggar i januar. Nye på lista mi, og gamle kjenningar. GREIGE er ein favoritt. Og eg får ofte flotte idèar av å vere besøkjande der. I går vart eg fullstendig oppslukt av bilda som vart viste. Dei er frå ei webside som heiter
Style me pretty, og fotografen bak bilda heiter Millie Holloman. Eg skulle gjerne ha takka henne personleg for denne fantastiske opplevinga! Eg har streva med kreativitet og skaparevne etter nyttår, og kameraet har fått kvile uvanleg mykje. Etter å ha fått sett desse bilda, rann det på med idèar til framtidige fotoshoots. Både av interiør, men også av natur og menneske. Eg er så takksam for dette! 












Kanskje må eg gifte meg på nytt? For meir herleg inspirasjon,
trykk på lenkane øverst i innlegget!



lørdag 29. januar 2011

Bordet med ein touch av Elin ;)



Ikkje på langt og nær ferdig med stova, men må jo vise nokre bilder likevel :) Viktig å pynte litt innimellom, for å halde motet oppe i kaoset! Bordplata vart ein suksess, og med ein herleg vårbukett med tulipanar og gåsungar, håper eg ho gleder fleire der ute! Dette bordet finns det garanter berre eitt av i heile verda?







Det blir fire ulike stolar rundt bordet...
Skal prøve å få ordna til enno litt meir til i morgen.
Så blir det nok nokre bilder frå denne delen av stova i morgen kveld?


Ha ein fin laurdag!




fredag 28. januar 2011

Rammer på veggen, og gode menneske rundt meg!


Eg har hatt ein dag med fullt opp å gjere. Ute på tur, litt handling, litt skattejakt, og masse ærender. Konklusjon : du verden så mange hyggjelege menneske som finns!? Slik som eg har det no, er det ikkje så greit å ordne opp i ting som har med bæring å gjere. Prøver å vere forsiktig, for ikkje å bli verre. Og viss ein liksom berre klarer å lire ut av seg; æh... kan du hjelpe meg? DU VERDEN! Folk er kjempesnille! Gullmedaljen går til han snille kontormannen på kraftleverandørkontoret, som blei med meg ut på glattisen for å hente ein skatt til meg på baksida av bygget, bar saken hundre meter for meg, OG fekk den på plass bak i bilen min!!! I fine klede. HURRA! :) Han fekk ein stor klem!



Det er slike historier som skulle stått meir om i avisene. Eg er i alle fall overbevist om samfunnets godheit etter turen min i dag. Til slutt kom også bordplata mi i hus. Og ho vart som eg håpa! Blir ikkje forundra om eg berre MÅ ta bilder av henne i morgen? ;) Då skal eg også prøve å få ferdig rammeveggen min!


NYT fredagskvelden!




torsdag 27. januar 2011

My candles... And my handyman... Makes my day :)








Fellande bevis på at nedsotinga har starta - igjen ;) 
Eg nyt kvelden, for eg har ein mann som har hive seg rundt og held på å 
fullføre andrestrøket med måling på kjøkkenet...

Snakk om opptur, etter to dagar med null sjanse
til å få gjort noko sjølv...  

:)



Ny spisestove








Så er det på sin plass å takke igjen, for at så mange gav meg gode råd i går kveld.
Har prøvd meg på eit nytt oppsett på innlegget i dag.
Øvelse gjer kanskje meister, på sikt ;)

God torsdag!




onsdag 26. januar 2011

Framleis bilda av ny peis på kjøkkenet, men med anna bildeoppsett. Treng hjelp!



Når eg starta å blogge, og til langt ut på fjoråret satte eg saman to og to bilder i innlegga mine. Håper dokke kan hjelpe meg i kveld. Under her er eitt og eitt bilde, medan det i dette innlegget er samansette bilder. Kva er "finast"? Det er enklast å lage innlegg med enkeltbilder, sidan eg alltid redigerar eitt og eitt bilde uansett. Men eg vil gjerne at dokke som lesarar skal gi meg nokre hint om kva som "ser best ut"? (viss det er råd å uttale seg om?)





Kan jo også ha ei blanding av desse to typane oppsett? Det kom eg på no... ;)
Hi-hi! Kanskje fann eg svaret sjølv, ved å lage dette innlegget?

Uansett; viss du gidd, kva synes du?
 

Ny peis på kjøkkenet



Her er nokre bilder til frå kjøkkenet. Framleis med berre eitt strøk ny måling ;) Tenkjer på gode, gamle dagar, då eg kunne ordne opp i alt mogeleg sjølv. Men eg trur eg har blitt flinkare til å vere tolmodig etter kvart? Kanskje det er positivt, oppi alle smerter og forargrelse? Bilda er inspirerte frå eit innlegg eg hadde for snart eitt år sidan. Gamle lesarar huskar det kanskje? Peisramma er berre hengt opp på øverste festa, så den blir finare når alle skruar er på plass. Beinare. Men ein får eit inntrykk av korleis det blir. Eg vil gjerne ha veggen slik som han er no. Mannen er ikkje så overbevist. Time will show? Ellers er tinga på bilda gamle eigendelar, bortsett frå kjeksboksen, som eg fekk sist veke. 










Rister øverst og nederst på veggen er teikna, dei skal lagast i rustfritt stål av
ein mekanisk verkstad. Vi synes ikkje dei vi kunne velge i 
hos peisleverandøren passa inn her.

Eg må forresten tilstå at eg har bestilt ein del nye, flotte ting som skal på plass her...
Ikkje så store sakene, men nok til at eg har sommarfuglar i magen :)


Tusen takk for enormt med kommentarar på alle innlegga under her. Eg prøver å stikke innom litt her og litt der, men må innrømme at høgre skulder og nakken over, ikkje har så lyst å skrive. Føler eg gjentek meg sjølv, men her er stadig nye lesarar, og følgjarar. Vil berre at alle skal få det med seg. Eg skulle gjerne vore innom alle saman kvar dag! Men... Januar har vore ei utfordring, og eg blir så glad av alt det gode dokke skriv til meg. Løfter meg framover på dårlege dagar. Og dei har det desverre vore veldig mange av i det siste. Men eg veit at kroppen alltid har det verst midt på vinteren. Eg klamrar meg til håpet om ein tidleg vår, slik at eg får ut og gå, uten å vere livredd for å gli på isen.  


Takk igjen!