Takk til Kristin på Herlighet som gav meg to krukker
med pesto frå Nicolas Vahè i går! Nydeleg!
Eit innlegg som har tatt storparten av dagen. Eg beundrar alle som matbloggar! Eg held på å få hetta undervegs, fordi dagslyset reiste, før eg var ferdig med maten :) Så her snakkar vi stativ og beste objektivet mitt! Eg har aldri laga tapas før, berre fått herlege småting servert hos andre. Etter at vi fekk mange smårettar på bloggtreffet hos Herlighet, og flinke Lisa på butikken gav med nokre oppskrifter, måtte eg berre prøve. Og dette blir ikkje siste gongen eg lagar tapas! Til og med ungane åt av alle sortane.
Eg laga først små snittar med fyll, to ulike sortar. (sjå oppskrift på bildecollage over her) Du kan bruke vanlege tortillalefser, og så velger ein jo fritt kva ein vil ha inni. Vår favoritt blei den med philadelphiaost og salchicha, meksikansk pølse som minner om pepperoni. Eg trur at vi også foretrakk finhakka agurk framfor squash. I tillegg hadde vi asparges som låg nokre minutt i kokande vatn tatt av plata, og blei så rulla inn i serranoskinke. Synes dette var supergodt! (ikkje inn i steikeovn altså) Eg hadde også kjøpt småpølser som hadde følgje med honningmelon. Blå druer smakar også nydeleg saman med desse smårettane. Må få takke Lisa igjen for tips og råd!
Bordet er dekka med mine yndlingsting! TineK keramikken min, treskåler og trebestikk frå Ølen Møbel, trefat og vannflasker frå Herlighet, spisebrikker og betonglysestakar frå Åhlens. Det er utruleg kjekt å setje seg til bordet, når ein har dekka på med det finaste ein har. Og her hos oss er det ikkje dyrt porselen og sølvbestikk ;)
Eg vil takke for nok ei flott veke!
Tenk; vi nærmer oss desember med stormskritt!
Tusen takk for alle treff!
Audmjuk og glad!
Ha ei fin, ny veke!
Elin
NB! Takk for stemmer inne hos NIB på
bildet mitt! Glad for støtte!
Treng fleire! :)
Thank you for your votes at NIB!
Need some more :)
Å, det såg skikkelig fristende ut!! Å lage tapas er ikke for pyser, det tar iallefall lang tid... men dette ga inspirasjon, tror jeg må save dette innlegget under favoritter til en gang jeg skal prøve meg igjen.
SvarSlettha en flott uke, årets siste i november, det er den aller tøffeste måneden å komme seg igjennom, syns jeg, nå skal vi bare cruise oss gjennom desember med masse kos, og så er vi klar for lysere tider igjen :)
Heilt sant Gudlaug, men eg har ein fin november også? ;) Det er så mykje fint og positivt som skjer, at eg må berre smile sjølv om dagslyset glimrar med sitt fråvèr!
Slettklem,
e :)
Nydelig blogg du har og er stadig innom og henter litt inspirasjon;)). Lurer på hvor du har kjøpt det skjønne elglyset?
SvarSlettHei Anonym! Takk for fine ord! Elglyset er kjøpt hos Herlighet i Ålesund. Det er frå Broste,
SlettDei finns også i kvitt!
klem,
e :)
Åhh - elska dette bordet! ♥ alle detaljane, frå kult servise, røft bestikk, morsomt reinsdyr-lys til den artige vrien med sviblar rett på bordet :D flinkaste Elin! :)
SvarSlettTapas er amazing, og det var spennande rettar du hadde prøvd deg på.
klem Lina :)
Tuuusen takk Lina! Har ikkje kome på det sjølv, har sett sviblar i fri flyt både her og der, bl.a.på bloggtreffet vi var på hos Herlighet! ;)
SvarSlettFin veke til deg!
klem,
e :)
Tittar in här ibland och får en massa inspiration av dina härliga bilder och texter!
SvarSlettKram Susanne
Tusen takk Susanne! Så bra!
SlettHa ei fin veke!
klem,
e :)
Tapas er snadder, noe av det beste vi vet er bacodadler, prøv det en gang om du ikke har smakt det før. :)
SvarSlettNydelig dekket bord.
Fin ny uke til deg.
Klem
Skal google bacondadlar! Takk for tips!
SvarSlettTakk også for fine ord!
klem,
e :)
Vakkert,så vakkert som vanlig. Takk for fine tips.
SvarSlettTusen takk Randi! Anbefalar tapas på det varmaste! :)
Slettklem,
elin :)
så mycket gott och vackert dukat...där hade man gärna slagit sig ner !
SvarSlettKram
Pernilla
Takk Pernilla! Hadde vore flott med bloggdamer rundt bordet :)
SvarSlettklem,
elin
Ser jo super hyggeligt (koseligt) ud...:-)
SvarSlettHer i huset er vi meget glade for tapas...min svigersøns speciale..lol
han laver også hjemmelavet pesto er i det hele taget en meget dygtig kokk..:-)
Borddækningen er jo halvdelen af hyggen (kosen) ved et godt og triveligt måltid.
Forsat dejlig søndag aften.
Klem fra Lisbeth
Tusen takk Lisbeth! Så heldig du er med ein mesterkokk i huset! Her er det nok eg som lagar det meste av maten, og det er lett å lage det som ein kan; i staden for å prøve nye rettar. Så i kveld er eg ganske så fornøgd med meg sjølv ;) Har lova mammaen min Tapas til lunsj i morgen, vil lage meir!
SvarSlettGod, ny veke til deg Lisbeth!
klem,
elin :)
Hei på deg.
SvarSlettSå fint dekket på ditt vakre kjøkken!!! Masse godt på bordet også, tusen takk for tips ;)
Ønsker deg en riktig fin kveld, og en glad ny uke.
Smil og klem fra Monica
Takk Monica! Eg har hatt ein fin dag, sjølv om det var litt stress midt inni matlaging og fotografering ;)
SvarSlettFin, ny veke til deg og dine!
Klem,
elin
I would have loved to sit there with you! I love Tapas, know them from my trips to Barcelona! And your table is such wonderful decorated! Thank you for the beautiful inspirations! Hugs Barbara
SvarSlettDear Barbara! Thank you for your kind words!
SvarSlettI hope the new week will be lovely!
elin :)
Vet du Elin, jeg elsker de siste innleggene dine, ja, jeg liker jo bloggen din generelt, men disse siste bildene har noe eget, virkelig, virkelig flotte)
SvarSlettFin uke til deg, håper den blir god:)
Takk Ingeborg! Eg prøver jo å utvikle meg med bilda mine, og så kjem eg inn i visse typar av inspirasjon, og det skaper ulike uttrykk. Det at eg brukar stativ, gir mogelegheit for lengre lukkaråpningar også. Bilda blir skarpare med meir farge.
SlettYnskjer deg og dine ei fin, ny veke!
klem,
elin :)
så innbydende og lekkert! hakeslipp :)
SvarSlettdu er helt rå på dekorering..!
bittelitt misunnelig på kreativiteten ;)
God Søndag!
*Mari*
Takk Mari! Så fint sagt!
SlettGod veke til deg!
klem,
elin :)
Åhhhh vad snyggt. Lovely. Underbart.
SvarSlettKram Eva
Tuuusen tusen takk Eva!
Slettklem,
elin
Så fantastisk flott innlegg! Skulle gjerne ha sete ved det bordet i timavis, ete og drukke godt, prata og ledd, fortalt gode historiar, men og snakka om kva livet er!
SvarSlettVeldig flott blogg du har, eg blir inspirert og revet med.
Ei fin veke, ynskjer eg deg.
Mvh Solveig
Tusen takk Solveig! Det var verkeleg fint sagt! Ingenting er som å sitje og prate etter eit godt måltid!
SlettGod veke til deg også!
Klem,
elin :)
Sukk, vakkert vakkert rett og slett:).
SvarSlettTakk, så fint du likte det :)
SlettGod klem,
e
Flink du har vært:) så kjempegodt ut :)
SvarSlettVar det verkeleg du? Visste ikkje at du hadde blogg? TUSEN TUSEN takk for gode råd, og flotte oppskrifter! Det viste seg å vere ganske enkelt? Skal garantert prøve meg på fleire typar tapas!
SlettSer deg nok snart? ;)
Ha ei fin veke!
Klem,
e :)
Utrolig koselig kjøkken (og hjem) du har!! :)
SvarSlettFin ny uke til deg!
Åh tusen takk June! Så kjekt med slike kommentarar! Ha ei god veke du også!
SlettKlem,
elin :)
Innbydende og lekkert!-kat
SvarSlettTusen takk Kat!
SlettGod klem!
Elin :)