...

mandag 24. mai 2010

Fullt bord på kjøkkenet :)



Eg har fått sansen for fulle bord og benkar. Eg som har vore så minimalistisk... Har litt med støvtørking å gjere også, skal innrømme det... Men akkurat no tar eg gjerne den ekstra jobben, fordi eg blir så glad av å ha vakre ting framme! Og ute i hagen blomstrar trea for fullt. Du kan skimte det gjennom den gamle vindusruta :) Det er så vakkert, og eg skulle ynskje eg kunne stoppe opp heile prosessen nokre veker. Berre fått nyte denne delen av våren litt ekstra lenge... Dette er favoritt tida mi på året. Akkurat når alt vaknar til live, og før ting byrjar å visne. Det vil gå så fort no mot sommar og haust. Ein må ta vare på kvart minutt, og kvar time. Setje pris på dagane, og ikkje minst lange lyse kveldar, og netter med sol på fjelltoppane rundt omkring... Forstår godt teksten i "du skal ikkje sove bort sumarnatta..." Vi lagrar lys og varme no, vi nordbuarar. Fyller opp tankane våre innvendig, og tiner opp etter ein svært kald, og lang vinter. Og er vi heldige, kjem sola hit att i morgon. Kryssar fingrane for det!






Ynskjer alle ein velsigna god andre Pinsedag!

Elin


søndag 23. mai 2010

Vakker lillemor i blomstrande kirsebær...


Ein flott dag er over. Sjølv om regn og skodde hang tungt i fjella når vi stod opp.  Det er ikkje så nøye med vèret, når ein er i godt lag med famile og vener! Til slutt var vi i hagen til mamma og tok bunadsbilder under det som var pappa sitt yndlingstre... I dag er innlegget mitt ei helsing til han :)



Håper morfar kika ned frå himmelen, og såg vesletausa si under dei vakre, rosa blomstrane...

Klem
Elin

lørdag 22. mai 2010

Drivvedsoppheng til Raina :)


For veldig lenge sidan hadde eg ein rimekonkurranse. Eg trekte ut Raina med den vakre bloggen Stenlycka som vinnar. Anbefaler dokke verkeleg eit besøk til henne! Eg skulle lage henne eit drivvedsoppheng og sende omgåande. Trudde eg. Det skulle vise seg å bli vanskeleg å finne den rette fjølenden. Fjøra er tom for drivved i år! Her har ikkje vore vinterstormar, og den sedvanlege dungen med rot og rusk langs sjøen finns ikkje... Fint for oss når badesesongen startar, men trasig for meg som hadde lovd presang til Sverige! Prøvde meg på ei fjøl, som sprakk på midten. Frustrasjonen har vore stor, for eg hadde sett for meg at dette skulle vere fort gjort! Til slutt hadde eg hellet med meg, og fann noko drivved. Eg skurar alltid opp trevirket, før det ligg nokre dagar til tørk. No er endeleg knaggrekka ferdig, og skal inn i papir og sendast så snart det blir kvardag igjen. Så no kjem presangen din kjære Raina! Håper du finn ein plass til henne! Til alle dokke andre, nokre bilder av verdas vakraste rosebukett. Heilt nydeleg!




(Eg kjøper blomster til meg sjølv, viss nokon lurer...) ;)



Fortsatt god pinse :)

Elin


fredag 21. mai 2010

Draumedagar i mai


Så står Pinsa for døra. Vi skal vere heime, og i barnedåp på søndag. Vèrvarsla er dessverre dårlege. Skulle ynskje desse solskinsdagane kunne vare og vare... Det er så ubeskriveleg godt for kropp og sjel med varme strålar på kroppen. Hjelper enormt på humøret også. Eg har laga til ein collage med bilder frå dei siste døgna. Og eg skal sjå på denne kvar gong tungsinnet tek meg i regnbygene som er meldt... For dette er SÅ vakkert! Draumestoff for ei taus som meg...


Ynskjer alle ei fin Pinse!

Klem frå Elin


Sol i hagetrappa, og Jeanne d`Arc Living...


Hei alle gode blogglesarar! Fyrst : tusen takk for alle fine kommentarar og gode ord på gårsdagens innlegg! Eg har slete med høgre skuldra mi siste vekene, og i går måtte eg kapitulere med kommentarskriving hos alle dokke kjekke jenter... Fysioterapeuten min har hatt ferie siste vekene, men i dag skal eg besøkje henne :) JIPPI! (sjølv om eg trur det blir vondt å mjuke opp igjen dette...) Men eg har tatt bilder i hagetrappa, etter ein herleg frokost på terrassen - åleine. Kun Hurtigruta som daffa forbi medan eg åt. Eg gjentek meg sjølv veldig, MEN : eg blir så inspirert av JDL. Og hagebilda i siste nummeret var så herlege. Eg blir drøymande, og kreativ. Kvite hortensia og lavendel er årets innkjøp til hagen så langt. Det blir ein kvit og grøn sommar for min del. I fjor var terrassen prega av kvite og rosa blomster. Det varierer litt frå år til år. Innimellom mine eigne bilder viser eg bilder lånt frå JDL. Sollyset mellom sprinklene i trappa traff bilda i bladet...




 







Ynskjer alle ein fin fredag! Og ei flott pinse! 
Og så lover eg å kome sterkare tilbake med besøk og kommentarar neste veke!

God klem frå Elin :)



torsdag 20. mai 2010

Kva med litt kveldsmat også?


Eg er så glad for at så mange vil kome og ete frokost hos meg :) Tenk om vi kunne gjort det! Skulle ha dekka på langbord, og så kunne vi KOSA oss i timesvis :) "Det hadde blitt ei bikkje ta kørå", altså litt av kvart angående bestikk og tallerkenar. Men kjenner eg damene her inne rett, var det vel ingen som hadde sagt noko på det ;) Her har vi hatt ein fantastisk soldag, og eg fekk gått 12 kilometer i ettermiddag. I eit nydeleg dalføre, med bakkar dekte av kvitveis, som gav den herlegaste eim av lykke... Små lam som spratt rundt, og ei diger elv som braka nedover mot flatare bøar og fjorden lengst nede. Eg skulle ynskje eg kunne dele nokre kilometer med opplevelse med dokke alle! No går det mot kveld, og eg veit om ein time sitt eg ute på trappa, med fotoapparatet i hendene. Det er slike vakre kveldar, og sjølv om motivet er det same kvar gong, blir eg aldri lei av det... Det er ikkje berre på morgonen at utsynet frå terrassen gjev energi og glede. Bildet under vart tatt på tysdag omtrent klokka ti.


Ynskjer alle ein fin kveld, og i morgen er det fredag - igjen?
Som veslemor akkurat sa ; -går ikkje vekene VELDIG fort mamma? :)

Elin


Vil du ha frokost på terrassen min? :)

Velkommen til ei stund med sein frokost på terrassen min! Kunne ikkje dy meg i dag... Sist eg dekka på her ute var det november. I dag er det vår, endeleg. Villmorellene blomstrar, og fekk kome på bordet. Oliventrea kan også stå ute. Håper du kan fange stemninga, og NYTE... Dette er som eit eventyr...








Klem
Elin



onsdag 19. mai 2010

Fyr på peisen i hagestova :)


Dagen er komen! Det er fyr i peisen på hagestova. Eg trur det er den seinaste innviinga vi har hatt på våren, sidan vi bygde henne for 4 år sidan. Og det gjenstår arbeid både på tak og veggar innvendig. Men vi har det ikkje så travelt. Utestova fungerar utmerket, og vi kosar oss der så ofte vi kan. Peisen er sjølvdesigna, med spesialsveisa ramme innvendig i rustfritt stål. Eg har ei stor grillrist inni når eg lagar mat. Fungerer utmerket! Vi har laga middag i hagestova før i år, men då med så mykje ski, hagemøblar og rusk og rask etter vinteren, at det tel ikkje! :) Håper at sola vil vere her nokre dagar til, og at vi får tilbrede litt god grillmat som kan nytast på nyolja hagebord. Det fine med hagestova, er at ho også kan brukast i regnvèr. Men du og du kor triveleg det er å sitje der i godt lag mot natt, med kveldssola så vakker i horisonten... Håper det blir mange slike kveldar framover!



 

Ynskjer alle ein retteleg fin mai-kveld!

Setter STOR pris på alle fine kommentarar og gode ord!

Klem frå Elin

tirsdag 18. mai 2010

Oliventre-informasjon :) Kan du tilføye noko?


Då var fridagane over, og ein må trø igang kvardagen igjen. Eg for min del har lillebror heime i dag også, men han ser veldig pigg ut :) Eg hadde meg ein runde her i går med støvsugaren, og ser at eg stadig oftare må fixe rundt oliventrea mine. Dei blomstrar heile tida, og ruskar til golvet rundt krukkene. Eg får spørsmål frå folk som kjem innom om stell. Og i dag har eg lest meg litt fram på nettet om desse trea. Sånn til å byrje med kan du trykkje HER for informasjon på Wikipedia. Men om stell av trea, leita eg på diverse nettforum. Trea trivst absolutt best ute. Dei skal ha mykje lys, og bli gjennomvatna når dei treng væske. Men dette skal ikkje skje for ofte. (vag forklaring?) Mine to som står inne, har fått ein liter kvar ein gong i veka til no. Eg ser at skudda legg seg ned i toppen av trea når dei vil ha vatn. Men som sagt, mine har vore inne til no, og har varmare og tørrare luft rundt seg enn dei nok setter pris på. Mine tre er ca. 80cm. Oliventre vil helst stå ute, og vil ha mest mogeleg lys. Når hausten kjem, mot vinter, er det smart å ta dei inn, dei likar ikkje trekk og vind! Trea kan tole ned mot 15 minus, men eg veit om mange som mista trea sine i vinter p.g.a. kulden. Frå oktober/november bør dei stå kaldt (ca. 5-15 grader). Vatnast og tørkast heilt ut før neste vatning. Dusj over trea ofte. Plantelys døgnet rundt, hvis muligheit til det. I april kan trea settast inn i huset. Ompottast - ca. 5 cm større potte i diameter - ikkje større i høgda. I mai kan man byrje å sette dei litt ut, men ta inn til kvelden. I juni er faren for nattefrost over, og då kan dei stå ute heile døgnet. Du kan få bær etter nokre år, men er avhengig av at treet blir pollinert. Nokre tre gjer dette sjølv, men dei fleste treng eit anna tre rundt seg for at dette skal skje. Det er visst dårleg informasjon om slikt når ein kjøper trea?

Mine to oliventre skal ut i hagestova. Men dei ser ut til å trives heilt fint på kjøkkenet til no. Men eg gir dei mykje vatn. Eg kjøpte mine på Mester Grønn (?) trur eg. Men eg veit at Plantasjen også har solgt slike i det siste. Eg prøvde å få tak i i fjor haust, men fekk då beskjed om at desse helst vart solgt på våren. Veit ikkje om dette stemmer. Det var litt enkel informasjon om oliventre! Viss du har gode tips eller råd, eller er TOTALT uenig med det eg har lest meg fram til, så ver snill å leggje att informasjon under innlegget her! Det er slik vi lærer! :) På førehand takk!







Zinktønnene mine er frå House Doctor


Ynskjer alle ein fin fin tysdag!

Elin 

mandag 17. mai 2010

Febervarm prins på nasjonaldagen...


Så var 17.mai feiringa over for denne gong. Vi har hatt ein sjuk lillebror i dag også, varm og uopplagt. Han takla at storesøster reiste til det første toget, men begeret vart fullt når han skulle vere heime her med mormor, og vi andre gjekk for å gå i tog nummer to. Storesøster gav han fløyta si, men likevel var tårene store og salte. Han fekk tannpussarkrakken sin ut på balkongen i andre etg., og skulle kome ut når vi andre passerte. Ganske kongeleg opptreden? Og lillebror vinka. Mest før toget kom... ;) Men han var så blid og glad når han fekk bli med i grendahuset for å ete ei tørr loffskive. Etter 15.min., bad han om å få reise heim. Det var tett før han sovna. Han synes der var for mykje bråk... Stakkars liten. Vi andre takka også for oss ganske raskt, og sidan det starta å regne akkurat før toget skulle gå, var det heller ikkje så kjekt å vere ute å ta del i leikar og aktivitetar. No slappar alle av, og lillebror er pigg igjen. Mest glad for å ha storesøster på plass til krangel, og kos. Eg håper dokke alle har fått feire dagen, på dykkar eigen måte. Vi her i huset har i alle fall lært, at 17.mai kjem og går kvart år, sjølv om vi ikkje alltid får gjort det vi har planlagt på førehand.



Håper dokke alle får ein fin kveld, og ei god avslutning på nasjonaldagen 2010!


Elin

søndag 16. mai 2010

Sunnmørsknappen min


 No skulle vi alle ha vore i konfirmasjon, men dei to som helste til alle i går, er heime. Vi stod påkledde og klare til å reise ut døra, når lillebror plutseleg ropte. Vi hasta ut på do, og stakkaren kasta opp noko voldsomt. Mor og barn i bunad og nystrokne skjorter. Eg vart temmeleg varm før det heile var over. Vi sende dei to andre ut døra for å rekkje ferge, medan mamma og lillebror fekk av seg finstasen. Dette er ikkje noko unormalt for oss rundt 17. mai. Minstemann har vore sjuk 2 av 4 nasjonaldagar i sitt liv. Men heldigvis, han er pigg no etterpå. Han har fått i seg litt kokt vatn, og har farge i kinna igjen. C`est la vie. Men han er veldig lei seg for å gå glipp av festen. Eg prøver å trøste med at han sikkert er frisk igjen til i morgen, men panna er veldig varm. Tusen takk for alle fine helsingar på innlegget i går. Det er så godt å lese! :)
Så i staden for konfirmasjonsfest, blei det blogginnlegg på meg. Og i dag har eg festa på meg, og teke av meg, Sunnmørsknappen min. Han har vore oldemor sin, og ho fekk han nok i andre halvdel av 1800-talet. Eg har googla bilder av den nye, og ser at der er ulikheiter. Eg er så glad i denne eignaluten min, og livredd for å miste han! Men eg brukar han til bunaden nokre gongar i året. 





Er ikkje han vakker vel? :)
Skodda held på å lette her, og sola skin nesten gjennom skylaget. Det ser ut til å bli ein fin dag, trass i dårlege meldingar. Krysar fingrane for at heile Norge får best mogeleg vèr i morgen!

Ynskjer dokke alle ein vakker søndag!

Elin

lørdag 15. mai 2010

Liten astmatisk allergiker...

 Det er vår! Varmen har kome meir og meir, og vi storkooosar oss! Eller det vil seie... Ikkje lillebror. Ha har fått årets første kraftige reaksjon på pollen... Lillebror har hatt astma og allergi sidan han var baby. Vi visste berre ikkje kva som var gale med han, før han var halvtanna år. Sidan det har han brukt medisinar morgon og kveld året rundt. Men våren; den er verst. På fredag kom feberen, som heng med når bringa blir tett. Og det er SÅ kjedeleg å ikkje få vere med ut og leike! -du er så varm i panna, forklarte eg før i dag. Litt etter stod han i døra -vi kan ta kaldevatn på panna mi, mamma! Då er eg ikkje varm lenger! :))) Eg vil sende alle gode tankar til dei som strevar i desse dagar, både vaksne og born, og minne om at det blir bedre etter kvart! Sjølv om lillebror her er plaga året rundt. Det er desse første eksplosive vårdagane, då alt sprett ut som er verst! Det einaste som kan hjelpe, er å kose seg litt ekstra, og finne på fine ting å gjere på inne. Ei laurdagsgodteskål tek for eksempel bort litt av fokuset på hylande, lattermilde ungar utanfor husveggane... ;)



Så herved kjem ein STOR laurdagsklem til alle der ute,
og ein ekstra stor til dei som ikkje er i form!

Frå Elin &. Lillebror




fredag 14. mai 2010

Nytt, gamalt spisebord på kjøkkenet



Når lillemor i huset var baby, noko som blir snart ti år sidan, hadde vi eit gamalt langbord med kuleføter på kjøkkenet. Men på grunn av mykje mottehol og ujevnheiter, fekk eit IKEAbord i bøk heller kome inn til oss. Mottehola var nemleg konstant fyllde med barnegraut, youghurt osv.osv. ;) Det gamle bordet har vore lagra ulike stadar. Eg prøvde til og med å selge det for ein del år sidan. Men eg visste at eg ikkje ville gje slepp på det, og trakk annonsa. Og NO var tida plutseleg inne til å gje det ein ny sjanse. Men skadane i plata på toppen var blitt større, og eine foten på det hadde løsna. Eg har ikkje sparkla det. Eg vil gjerne at aldersteikna skal vise. Men eg har fylld mottehol og hakk med måling. Tre strøk med grunning, og eitt med oljemåling, glans 90. No står det igjen på heidersplassen på kjøkkenet, og skin som ei sol :) Det er så blankt, at himmelen utanfor speglar seg i bordet gjennom glasruta. Eg har hengt lysekruna mi over det, men har sett meg ut nokre andre lampar eg har lyst å ha der. Men det må bli etter litt sparing... Bordet vi har hatt siste åra er solgt, og har fått seg ein ny, god heim :) Eg blir så glad i tinga mine, at eg har visse problem med å skilje meg frå dei... Neste prosjekt er å få slipt ned benkeplatene på kjøkkeninnreiinga. Viss sola har tenkt å vere litengrand til stades framover, trur eg vi kan klare dette sjølve. Men sist slipte vi henne inne, og DET blir ikkje gjort igjen!!! Finstøv over heile huset...  






På siste bildet sitt eg i slagbenken og fotograferer :) Vurderer å ha eit lyst trekk på denne no når sommaren snart er her. Håper at du kosar deg i maidagen! Høyrer at Nord Norge skal få varmerekord på den syttande? Trur nok vi er litt for langt sør til å nå i varmen frå Russland, så eg får fortsetje å gjere klar bunadane våre :)

Ynskjer deg ein fortsatt flott fredag, og ei vakker helg!

Klem frå Elin



torsdag 13. mai 2010

Roseblad på ganggolvet...



Ein vakker torsdag går mot kveld. Vi er alle raude i kinna, og litt kulsne etter ein varm og flott dag. Sola brenn i huda enno. Frokost på terrassen, og deretter årets fyrste avkledning i solveggen. Kan knapt beskrivast med ord, etter så mykje kulde og vinter. Med ei flott treningsøkt for store og små til slutt, er alle einige om at det har vore ein flott dag. No ventar legging av barn, og besøk av gode vener.
På gangen står rosebuketten min, og syng på siste verset. Men er vakker til det siste... I lav kveldssol finn eg det heile som eit eventyr...




Er det lite variasjon i bilda mine for tida? Ja, eg er einig. Men med alt anna som skjer, er det litt vanskeleg å få tid til å vere så kreativ som eg ynskjer. Eg håper snekkaren snart blir ferdig med den nye åpninga mellom stova og kjøkkenet. Bilder kjem umiddelbart etterpå :) Eg har også planlagt nokre turar i skog og mark, og ned i den kjære fjøra mi. Det blir, det blir ;)

Håper dokke alle har hatt ein fin Kristi Himmelfartsdag, og at kvelden blir god!

Elin


onsdag 12. mai 2010

Solskin i glaskarmen

VÅRSØG

No skin det sol e høgste Svealiå
No bli det vår, det kjenne e so vel
De søng så trongt kring alle dalasiå
å synnåvinn han kjem å gjer me sel.

Når sommarn kjem, da bli det fint e fjellå,
da ska e dit å hør kår bekkjinn søng,
å kliv te topps e brattast berjestellå
å vea tort å tåg å tåbærløng.

E kjenne lokt tå gras kring alle haua,
å sola skin, å bjøllåin kling så kløkt.
Å tjønninn legg så blank der e ska laua
me berg ekreng, der e kainn sol me trøkt.

Ådu, å du, kår sårt å sælt e stoinna,
når sola skin frå kvite høgdå ne.
Da væt e vår'n han e kje lenger oinna
at e får levva slik ein somar te.

Da væt e vesst at bekkjinn legg å venta
poinn kalle isa me så sval ein drekk.
- Når hausten kjem å sistkveldskløva henta,
da ska e takk for sommarn så e fekk

Hans Hyldbakk

I kveld skin sola i glaskarmen. Det varmar så godt innover golva. Men det er langt frå nokon varme ute. Kald vind. Likevel held eg på å plukke vekk ein del av vinterens pynt på hyller og på veggar. Synes det er fint med eit lettare uttrykk når det går mot sommar. Og så er det så koseleg å ta det fram att på mørke haustkveldar :) Ramma eg bygde meg for å henge opp ting i, er ganske naken. Berre nokre lykter heng att, og eit vakkert utklipp frå JDL. På kommoden står ei gamal skål, og nokre telyshaldarar. Duken er så gamal og sliten, at der er hol i han. Men eg synes han er så vakker, at han fortener å liggje framme. Peonane held ut, og står i ein vase av fattigmannssylv. Hjertet på veggen er i same utførelse. Det er så vakkert når sola treff sylvet. Akkurat som fjorden ute, glinsar det og lever i ulike sjatteringar. Heldig er eg, som kan sitje i bloggestolen min, med apparatet fullt av minner, og kose meg. I morgen er vi fri, og er vi heldige skin sola?






Og husk:  "Ådu, å du, kår sårt å sælt e stoinna, når sola skin frå kvite høgdå ne.
Da væt e vår'n han e kje lenger oinna at e får levva slik ein somar te."


Ynskjer alle der ute ein god onsdagskveld!

Elin :)