...

torsdag 31. mai 2012

Sommarstemning inne, hagl ute...


Eg KAN IKKJE TRU at eg måtte tilbake til ullklede og hue siste dagen før juni!
Men slik vart det altså på fotballkamp i kveld. Her gjeld det å stritte imot med alle krefter, og halde på optimismen! Det har hagla i dag, og det ligg nysnøv ned i høgste fjella. Eg har kosa meg på stova, og lata som om det enno er varme dagar og snev av sommar.



Solhatt, Indiska. Veske, Lindex.

Fekk du også den gode sommarfølelsen?
Håper det. Kryssar fingrane for at vi snart
kan kose oss i sola igjen!


Elin

onsdag 30. mai 2012

"Heimelaga" norsk/marokkansk bord


Heimelaga... Vel, i alle fall sett saman av gjenbrukt, norsk bord, og eit flott fat frå Stranda blomster. Ikkje så smæshing som TineK sitt, men passa fint inn i min noko blanda stil. Ein stil som stadig forandrar seg.







Ja slik gjekk det med klokkebordet mitt, forståeleg for dei som har lest bloggen min lenge :)
Bordet var tidlegare kvitt, med svart "talskive" på toppen. Men no er det altså blitt svart.
Klappstolane eg har sett ved bordet, skulle kastast. Etter ein omgang med pussepapir og pensel, vart dei stasmøblar. Gode å sitje på også!

Tusen takk for alle fine ord de legg att under innlegga mine! Eg prøver å gjenbesøkje alle!
Og velkommen til alle nye følgjarar! Det er så kjekt kvar gong eit nytt fjes dukkar opp!

Minner om utfordringa mi, Vis meg mønster.
Du finn innlegget HER!


Elin

tirsdag 29. mai 2012

Problematiske, svære dritt tv`ar...


Vanskeleg å få svære flatskjermar til å virke kledelege på veggen?
Det synes i alle fall eg? Men eg er glad i tv`en vår ;) Kjøpte to kraftige bildelister
hos Stranda Blomster. Har satt opp litt bilder (utklipte frå interiørmagasin forøvrig), litt TineK keramikk, ei sjablongtavle, eit nostalgisk fotoapparat + + +.
Synes at resultatet vart såder bra.

 




Og så er det enkelt å bytte ut tinga på listene viss ein blir lei.
Rammene er kjøpte hos Åhlens.

Eg hadde ei ynskjeliste for bursdagen min før i dag.
Eg gløymde noko av det viktigaste...



2 stk av Ikea`s Storsele stolar til hagestova.
Sånn i tilfelle nokon som er glad i meg er innom og les... ;)


Eg har som vanleg vore veldig snill og grei siste året.
Er det forresten berre julenissen som er oppteken av slikt?


Nyt kvelden der ute!


Elin

Ynskjeliste...



 
Eg har snart bursdag, eller dvs, det er over ein månad igjen. Men ynskjelista er ikkje hemmeleg... ;) Eg har ei stor svakheit for den nydelege nettbutikken Blackballon, til herlege Jenny! Hennar samarbeid med yndlingsbloggaren min Anna-Malin, har gitt meg enormt med inspirasjon! Du finn nettbutikken Blackballoon HER. Du finn bloggen HER.
Og vil du følge på FB, finn du fram HER.

 
Herlege stadar for dagdrøyming!

Elin

mandag 28. mai 2012

Det er over...

 
 


 



Eg vart visst borte nokre dagar? Vèret var så flott, at vi slutta å vere inne... Har bodd på terrassen og nede i fjøra. I går kveld kom den kalde vinden og regnet igjen, og eg føler ei slags sorg over å ha mista dei vakre soldagane for denne gongen. Minna er imidlertid maaange, og veldig gode :) Blant andre ein strandfest på laurdagskveld og natt, som eg aldri kjem til å gløyme...

Kryssar fingrane for at dette berre var forsmaken
på ein herleg sommar?

Bilda i dag er frå kjøkken og stove, eg har ommøblert litt, og gjort eit forsøk på å lage mitt eige marrokanske bord, "one of a kind". Kan vise det ein annan dag.

Ikkje gløym utfordringa mi lengre nede HER,
tusen takk til dei som har laga innlegg allereie! Eg har funne
nye, flotte bloggar!

Ynskjer alle ei flott veke vidare,
med eller uten sol!

Elin




tirsdag 22. mai 2012

Utfordring! Vis meg mønster, og gjerne TineK!

Eg har lenge tenkt på å lage ei utfordring til andre bloggarar her inne.
Men kva skulle eg ynskje å sjå hos andre? Etter ein del tenking har eg funne ut at eg ynskjer å sjå mønster! Og litt TineK inspirasjon  hadde vel ikkje skada? Du behøver ikkje ha ting frå kolleksjonen, kanskje har du laga noko på eiga hand inspirert av TineK? Her er mitt bidrag, bilda er tatt i dag på stova, med mine "nye"møblar :)



Skåler, fat, lampeskjerm TineK.
Lampefoten er heimelaga av ein lysestake
frå Kremmerhuset

Har du lyst å vere med? Eg velger ein vinnar 30.juni.
Veit ikkje heilt kva som blir premien enno, men noko frå TineK hadde jo vore på sin plass?

Oppdatert : Nydeleg Tine K teppe frå Ølen Møbel
til ein heldig vinnar! Les om det HER!

Håper at nokon tek seg tid til å lage eit innlegg og vere med!


mandag 21. mai 2012

Formiddag på terrassen






Her er nokre bilder frå terrassen, og eit glimt av hagestova frå utsida. Har fått nokre henvendelsar om eg kan leggje ut bilder frå heile dette rommet. Også frå utsida. Det kan nok hende, seinare. Desse bilda tok eg imidlertid på grunn av ein henvendelse frå Lisette, som har ei utfordring på gang, om å vise sitt uterom. Her er fleire terrassar, pukk, plen, ur og bratte bakkar rundt huset (som eg brukar å seie; Uren Luren Himmelturen), men i dag vart det bilder frå terrassen utanfor kjøkkenet. Og dit har eg tenkt meg no, må ha ein dag i slow motion, og sjå om denne kroppen kan få skuldrane ned i normalnivå igjen. Det vart visst litt rikeleg med trim og div.prosjekt i tillegg til 17.mai feiring. Det passar veldig godt at sola endeleg har kome til Sunnmøre!


Nyt dagen der ute!


Elin


søndag 20. mai 2012

Kjøkkenbilder - My kitchen






Kjøkkenbilder. Mynte og salvie på kjøkkenbenken, elskar slike planter! Blir i godt humør av desse grøne innslaga som luktar og smakar så godt! Har sett to av stubbane mine ved kjøkkenbordet, eg likar dei over alt :) Har fått spørsmål om korleis ein finn slike? Mitt råd må bli å oppsøkje strendene rundt omkring, og håpe på at eit stort tre har drevet i land. Så må ein ha med sag, helst motorsag på slike dimensjonar, og lage til passande stubbar. Dei er tunge, så ein bilveg tett ved er nok ein fordel. Akkurat no står mine 4 ute i sola og tørkar. Dei har fukt i midten, så det vil nok gå litt tid før dei blir heilt tørre.

Lykta frå Bella Rosa kom aldri til butikken igjen, eg synes ho er så fin, at eg valgte å kjøpe henne. Denne flyttar også rundt om i huset i løpet av veka. Like fin på stova som kjøkkenet, og på kveldstid lyser ho lunt på hagestova. Eg har også kjøpt meg skilt til kjøkkenvifta, "Five star kitchen", frå Herlighet. DET må ein vel kalle ein overdrivelse! Vi er god på å lage laksegryte, og heimelaga pizza ;) Men Hellstrøm bør ikkje kome hit, for å seie det slik. Nye stripa puter på Tolixane frå Åhlens.

Eg har måtte kapitulere i dag,
nakken gjekk ut i streik, og då er eg hjelpelaus.
Men i morgen er ein ny dag! Og eg velger alltid å tru
at ting blir bedre - fort! :)


Elin

Black & White Inspiration



Internett er ein flott ting! I mi leiting etter diverse, dukkar det av og til opp dei lekraste bilder, og bloggar. I går kveld var eg innom Designers make things cool by Tina. Eg fall for stilen hennar, og forelska meg i bilder ho viste frå Lantliv,
som eg ikkje har sett før.







Bilder : Magdalena Bjørnsdotter, Lantliv


Vil absolutt anbefale eit besøk
innom bloggen til Tina! :)

Nyt dagen!


Elin

lørdag 19. mai 2012

På kjøkkenbenken




Herleg laurdag igjen! Her skal kjellaren ferdigryddast, og så skal terrassen fyllast opp med krukker og hagemøblar. Langtidsvarslet er kjempefint, med lovnader om temperaturar rundt 20 grader. Og gjett om vi skal vere klare til å NYTE flotte dagar ute! Det kjem fleire bilder frå kjøkkenet i morgen trur eg? Viss då ikkje alle er drittlei heile kjøkkenet... Då skal eg la vere! :)

Tusen takk for alle fine ord om bilda til boka!
Ha ein fin fin dag der ute!


Elin



fredag 18. mai 2012

Draumesidene i Sanselig Jul!


 
Julestemning i mai? Vel, her har det snøva siste månaden fleire gongar, så det er vel ok med litt vinterstemningsbilder? :) Franciska Munch-Johansen tok kontakt med meg på førjulsvinteren i fjor, og ville at eg skulle sende inn nokre bilder ho hadde sett på bloggen min. Skrekkblanda fryd kan vel beskrive tida etter. Eg har ikkje den gutsen eg ser andre har her inne, er nok ganske kritisk til det eg sjølv gjer, og synes alltid alle andre tek bedre bilder, og har finare lay out. Men når eg fekk utkasta til sidene som blir Draumesidene sine i boka, vart eg både stolt og glad! Tenk så kjekt å få vere med i ei så flott bok!?

 



Viss du har lyst å lese meir om Sanselig Jul, kan du trykkje HER

Så er det berre å vente spent til hausten og bokslepp! :)
Tusen takk til Fraciska for sjansen, og ikkje minst for stor forståelse
når eg vart sjuk, og ikkje klarte å halde tidsfristane!
Dette har halde meg oppe, og fått meg til
å skjerpe meg i ei vond tid!

Fin fredag til alle!

Elin

NB! Bordet mitt som er laga av ei gammal dør på bilda,
er til salgs på Finn.no, du finn annonsa HER
Du finn bedre bilder av henne HER

 

torsdag 17. mai 2012

17.mai hos oss, og vinnarar av GiveAway`s!




Vel overstått nasjonaldagsfeiring i heimen her!
Jordbærkaka var VELDIG god! Takk til mamsen! Vi
fekk gått i to tog før regnet kom. Så då må vel alle vere fornøgde?
No plaskar det ned ute, så det er berre å kose seg innendørs
resten av kvelden :)

Kom plutseleg på at eg skulle trekkje to giveaway`s i kveld!

Vinnaren av gåvekort hos Whiteaway blei :

To lattèkoppar frå Stranda blomster gjekk til:


Gratulerer!

Send meg adresser på


Elin

onsdag 16. mai 2012

17.mai bord på kjøkkenet









Mormora mi hadde bursdag på 17.mai, så for meg var denne dagen som lita jente, like mykje bursdagsfeiring hos henne med gode kaker. Vi er så heldige at mamsen min har laga eiga 17.mai kake til oss i år, spesialbestilt frå lillebror. Han fann oppskrifta i eit ukeblad ;) Bordet er klart, og alle gleder seg til bløtkake med jordbær og blåbær på toppen!

Vi ynskjer alle ein flott nasjonaldag!
Vèrmeldingane er ikkje dei beste,
men vi skal rope hurra for det!


Elin & co

tirsdag 15. mai 2012

Bygging av klesstativ til jenterommet






Då var det på høg tid med eit prosjekt, der eg ikkje anar kva eg driv på med. Frustrerande, men spennande :) Eg har brukt 5 kosteskaft, som er måla. I dag har eg prøvd å få festa dei saman, slik at tausa i huset får seg eit klesstativ. Det skulle vise seg å vere vanskeleg å stive av stativet nede. Har brukt bambuspinnar (man tager hva man haver...) og bora/limt inn nederst. Så får eg sjå kva som skjer når limen har herda... Ellers har skuffene under senga fått nye fargar, det går i svart og lyseblått. I tillegg skal det inn ein knallfarge, og eg ser av bladet som ligg der, at det meste passar ;) Held ein knapp på skarp rosa?

Skal ta FINE bilder når alt er ferdig,
håper at klesstativet er i bruk allereie i morgen?
Optimist er eg i alle fall!

Takk for alle besøk og kommentarar!



Husk på GIVEAWAYS HER og HER!
Frist 17.mai!


Elin

mandag 14. mai 2012

Forelskelse oppstått! Mitt nydelege, nye møbel gir meg hjertebank!

 
 



Lyslenkje frå Åhlens

Tett før eg må gå inn på facebook, og merke av for "It`s complicated" i personlege opplysningar... Eg er forelska, rett og slett. Eg har ynskja meg slike drivvedsstubbar LENGE, og difor HYLTE eg når vi fann eit svært tre nede ved fjorden sist veke. Med AKKURAT rett patina! Men så var det dette med motorsaging og bæring, noko eg ikkje driv med for tida. Så då var det han der som eg bor saman med som måtte til pers igjen... ;)

Eg er den kjempeheldige eigaren av ikkje
mindre enn 4 slike herlegheiter!


Og ikkje minst; DET ER GRATIS, DET ER GRATIS!


Elin