...

lørdag 5. mai 2012

Min stil : gamle og nye ting - My style : old and new stuff





Får av og til spørsmål om kva stil eg har i huset. DEN har eg ikkje eit navn på. Her er eit godt sammensurium av gammalt ræl (som mange kallar det) og nyinnkjøpte ting. Eg likar veldig godt å blande desse uttrykka, og synes sjølv at dette skapar særpreg, og ikkje minst ei koseleg stemning i huset. (kva andre synes, er noko heilt anna) Viss eg skulle gi "finn din stil" råd til andre, ville eg bedd dei sette seg ned og skrive ei liste over dei tinga i huset dei var mest glade i. Dernest ville eg ha anbefalt ein runde på nettet, f.eks. på Pinterest, der ein kan finne ALLE slags stilar, med og uten fargar. Eg meiner at ein kan finne ut av slikt, viss ein strever med å finne seg sjølv interiørmessig. Det er lett å hive seg på alle trendar som dukkar opp, men det kan fort bli både dyrt og slitsomt. Det som inspirerer meg om dagen, er fargar og mønster. Kven skulle tru det? Men eg veit ikkje kor mykje de får sjå av det her i huset. Eg kan godt bli inspirert av noko, men ikkje ha behov for å kopiere inntrykket heilt. Veit du kva eg meiner? Her er ein base med møblar og ting som varer år etter år. Puter og gardiner har derimot ein tendens til å bli skifta ut. Og nips. Eg er ikkje god på nips. Beundrar bilder, der det bugnar av spennende krimskrams. Men så var det dette støvet då... Tommel ned...


Dei heimesnekra hyllene mine prøver eg likevel å dandere litt.
Noko eg har blitt hekta på, er keramikken til TineK. Eg bruker å halde meg langs golvet når det gjeld å samle opp mykje av ein ting, men eg har blitt totally lost, and in love med desse mønstra og stripa skjønnheitene. Venter spent på ein ny pakke i posten neste veke...




 Eg er ikkje heilt med på kva som skjer her inne på blogger om dagen. Det har blitt lite tid ved pc`en i det siste. Men oppdaga at NIB hadde ei utfordring med å vise gamle og nye ting saman. Eg vart også inspirert av å sitje i godstolen og lese Elle Decoration. Så mykje fint! :) Så eg la ned bladet, og knipsa i vei. Ute snøvar det, så litt blogging var ikkje så verst. Greit å drøyme seg vekk litt ein slik grå og kald dag i mai. Verda utanfor forsvinn når eg setter i gang med kameraet.




Eg synes det er heilt smæshing med svarte pleksiglaslysestakar på
det "gamle" bordet. Andre vil kanskje hevde at dette er som å banne i kirka.



Vi har vore i naustet i dag, og henta opp rekvedfjølene som skal brukast til nytt bord/sengegavl. Fekk ikkje den rette "hallelujafølelsen", men skal fortsette med utprøvinga i morgen. Kanskje stoppar alt opp. Det er ikkje alle gode idèar som fortsetter å vere gode! Bordet på bilda bygde eg av gamle fjøler frå kledninga på ein fjøs. Ja; eg har sagt det tusen gongar før, men får alltid spm. om det når det er med på bilder :)

Eg slenger med det øverste bildet i utfordringa.
Viss du vil sjå fleire flotte inspirasjonsbilder av gamle ting,
brukt saman med nyare stuff, gå inn til

og enjoy!


Takk for fine kommentarar på siste innlegga,
setter STOR pris på alle!


Elin



7 kommentarer:

  1. Du har det bare SÅ lekkert!!
    Lykke til i utfordringen!!

    Du.. de stolene dine...de likte jeg veldig godt. Kan jeg spørre hvo de er kjøpt?

    Klem fra meg

    SvarSlett
  2. Alt du gjør blir smæshing vettu! Love it!

    God helg

    Klem

    SvarSlett
  3. Jeg elsker også gammelt og nyt sat sammen...enten loppefund eller arvegods..:-)
    Dine billeder er som altid skønne og du har et dejligt hjem og nogen vakre barn.
    Læste indlægget under og hvor er jeg enig med dig.
    Barn har godt af at være med til at hjælpe i hjemmet...det har mine også gjort.
    Har det på samme måde at må have det ryddigt...sådan er vi bare..:-)
    Det kan ikke undgå at ligge lidt støv i hjørnene når man har en masse dyr som jeg har...men så tager man den "store" tur med støvsugeren.
    Jeg har slitegigt i ryg og nakke så må også tage den med ro.

    God weekend fra Lisbeth

    SvarSlett
  4. Betrækkende på dine stole er så smukke...er de lyseblå eller lysegrå...lyset kan jo forandre en farve...?

    Lisbeth/

    SvarSlett
  5. Wow, så lekre bilder!
    Kom plutselig over den fine bloggen din og legger meg til som følger her hos deg :) Gleder meg til å se mer til deg fremover!
    Ta gjerne turen innom meg hvis du vil, har en fin give away gående nå om du vil delta? ;)
    Nyt resten av helgen.
    Klem Camilla

    SvarSlett
  6. Det er jo berre så lekkert at eg vil bita meg i armen for at eg ikkje har det slik :) Eg slit rett og slett litt sånn interiørmessig for tida, men no ser det ut for at nytt salongbord er på veg - me har eit gåvekort på Living som eg til slutt måtte legga inn i kjøkkenskapet fordi det masa slik på å bli brukt... No har eg lyst på ny sofa også, men det kan eg jo IKKJE seia til min bedre halvdel, hehe, då trur han at eg har totalt mista vetet. Og ny sofa vert det nok heller ikkje på årevis :)

    SvarSlett

Kommentarane gir næring til min kreativitet! TUSEN takk for at du lyser opp kvardagen min!