...

mandag 22. oktober 2012

Kjøkkenet klart for vinter

 
 
 




 
Det er vel på sin plass å finne fram i alle fall EI ski når Storm.no melder snøv frå onsdag... Det er sjølvsagt den dagen eg og storesøster MÅ til Ålesund på sjukehuset. Eg låg i natt og grua meg til vinter. Til snøv eg ikkje klarer å flytte på, til redselen for å gli og skade ryggen endå meir, til å køyre på glatte vegar. Til mørke dagar, der alt som er vondt blir vondare, fordi alt er så mørkt. Men så kom eg heldigvis på at eg alltid tenkjer slik, før vinteren kjem i gang. Då blir ein van med alle desse tinga, og så kjem ein på gledene ved denne årstida også. Ikkje minst å fyre i peisen, drikke kakao, og kose seg inne. Det har vore dårleg med uteaktivitetar på meg siste åra. Men dei andre i familien er ivrige på langrenn, og dei minste elskar å renne akebrett og kjelke. (ganske gunstig her i Uren-Luren-Himmelturen med bakke frå fjell til fjord)
 
Konklusjonen er at vi er klare. Det er greit. Oktober skal til å takke for seg,
og November bankar på. Vinterdekka er komne på, oliventrea får kome inn på hagestova i dag. Hagen er ikkje slik eg skulle ynskje, men det er heller ikkje ryggen min... Livet er nok slik, foranderleg. Både vi og årstidene. Så då får ein gjere det beste ut av det ein har rundt seg.
 
Og denne veka skal eg kome i gang med julegåvene. Brukar å gjere frå meg før
desember. Synes at handling i julemånaden er uuthaldeleg... Trur faktisk eg kjem til å handle på nettet også i år? Er jo så sytalaust og greit, og så ber postmannen handelen heim til meg ;)
 
 
Vil takke for ALLE fine kommentarar siste vekene, eg har vore fullstendig fråverande med bloggbesøk, har prøvd å avlaste denne handa som trøblar. Men er så bra no at eg vil prøve å vere meir aktiv igjen. Får sjå korleis det går. Ganske kjedeleg å ikkje kunne ta bilder og blogge. DET har eg i alle fall fått erfare! Eg fekk ein mail frå Cision om at Draumesidene var plassert som nr. sju av interiørbloggarar i Norge i oktober, link HER. Eg kjenner ikkje til dette selskapet, og følger ikkje med på slike rankinger. Men det er jo UHYRE kjekt at mange likar bloggen min! Som eg har sagt før, så tilseier vel Jantelova at ein ikkje skal dele slike hendingar, men eg føler for å takke ALLE som stadig er innom Draumesidene for at dokke gjer kvardagen min lysare! Og ei extra takk til dei som tek seg tid til å skrive nokre ord! Men eg forventar det ikkje, eg har ikkje kapasitet til å gjere gjenbesøk å få takka alle personleg.
 
 
Ynskjer alle ei super oktoberveke,
med eller uten snøv!
 
 
Elin
 
 
 


11 kommentarer:

  1. Så flott kjøkken og artig med det som var notert på tavlen. Den gamle skien gjør prikken over ien, når snøen melder seg:-).
    Ønsker deg en flott dag
    Anne Line

    SvarSlett
  2. Flott på kjøkkenet ditt. Og så morsomt at bloggen din er godt likt. Må være litt lov og være stolt da. Stolt over alt man klarer å prestere. Men man skal visst være forsiktig med sånt. Koser meg veldig inne hos deg.
    Ønsker deg fine dager kjære Elin
    Klem Tove

    SvarSlett
  3. Fint innlegg, Elin! Du skriv så godt om det som er vanskeleg å setja ord på. Kjenner meg att i tankane dine her. Eg må òg jobba mykje med meg sjølv når vi går gjennom desse mnd med meir og meir mørke og kulde. Men som du seier, det blir betre, og eg eg tenker me har kome langt, berre ved å vedkjenna at dei tunge tankane stikk seg fram! ;) Du er god <3

    Og eg digga "huskelista" di ved kjøleskapet, hihi :)

    klem Lina

    SvarSlett
  4. Så fin kök!! Ja, snart är det full fart med vintern ;)

    kram/Olg@

    SvarSlett
  5. Kjøkkenet ditt er så nydelig!
    Kjempetøft med skien:) Og så fine ting på hyllene over kjøleskapet:)
    Ha en fin kveld!
    Klem

    SvarSlett
  6. Klart du skal være stolt!!!!
    Blås på janteloven...SE hvor mange av os der elsker din blog og dine flotte billeder.
    Sygdom er man ikke selv herre over desværre men du har gåpå mot og gir ikke op.
    Min yngste datter på 38 har både prolaps, fasetlåsninger i ryggen og sltegigt i nakken.
    Plus efter en skiulykke hvor hun nesten fik revet det ene ben av vil hun altid have mén.
    Heldigvis kan hun arbejde med grafisk design hjemme fra.
    Men jeg kan se og føle hvor meget det går ut over hendes humør i perioder.
    Det er opslitende og have smerter.

    Kæmpe kram fra Lisbeth

    PS: Ser jeg en ny skål på bordet fra Kræmmerhuset sort og messing;-)?

    SvarSlett
  7. Vinteren er den årstida eg har mest blanda kjensler for.. Snøen er vakker og eg elskar jul.. Eg tykkjer det er kjekt å leike ute i snøven med ungane! Men eg er ikkje særskild stor tilhengar av måking tidleg om morgon.. Skraping av bilruter..

    gratulerer med ranking Elin! til bøvels med jantelov ;)
    klem! og ei god veke til deg!

    SvarSlett
  8. Riktig så delikat kjøkken. De skiene setter virkelig prikken over ien. Liker også skinnet på skapdørene. Lekkert!:)
    -marissblogg.blogspot.no-

    SvarSlett
  9. Så godt du er klar!
    Eg er det ikkje...

    Vakre bilete :-)

    SvarSlett
  10. Morsom huske-tavle Elin! Har sjølv tenkt at alle årstidene har sin sjarm! Det er berre overgangene som eg alltid synes er vemodige, når ei årstid går over i ei anna er det alltid litt trist. Har ikkje bestemt meg heilt kva årstid eg likar best, men trur nok det er våren! Men elskar også sommar, høst og vinter...... No er det også så nydelig ute! Du gleder meg med bloggen din og har lov til å vere stolt over den! Håper du får ei fin tid framover! Klem frå Anne-Martha

    SvarSlett
  11. Så flott!
    Herlige detaljer ♥

    SvarSlett

Kommentarane gir næring til min kreativitet! TUSEN takk for at du lyser opp kvardagen min!