I dag vil eg lage eit innlegg om ein gut med draumar. Ein gut som har streva seg fram, og alltid visst kva han ville oppnå. Om ein ung mann som i dag fekk alle blikk på seg, og utallege telefonar. Og Drillo smiler og seier at han har tru på han. Og så var eg så kjempeheldig å få treffe han i dag, og sjå smilet og forventninga i augene hans. Ubetaleleg. Det er faktisk sånn at ein får energi av slikt, til eigne framtidsdraumar... Lykke til kjære Jonathan! Eg veit at du vil lukkast, med alt du styrar med. For du har ei eiga evne til å stå på, og ville bli best! Likevel med ei audmjukheit, der du alltid huskar å trekkje fram andre, som "gjer deg god". Vi er så kjempestolte av deg! :)
God klem frå tante Elin :)


































