Aller først; det var ikkje meininga å fornærme nokon med forrige innlegg? Eg trudde at eg sette av tid til å gi tips og svar på spørsmål eg har fått siste tida på mail. Eg ser fortsatt ikkje problemet med å hjelpe andre? Ein blogg er det du sjølv gjer han til. Det finns mange måtar å blogge på. Eg er av den typen, at eg likar å lære og forbedre meg. Og det ser eg ingen grunn til å unnskylde? For det er masse arbeid som ligg bak ein slik prosess. For meg har bloggen fungert som ei aktiv sjukmelding, og etter kvart ein CV, og eg har fått jobboppdrag på bakgrunn av det eg viser her inne. Men det er mi historie. Du som les dette, og har eigen blogg, har dine tankar og mål rundt di blogging. Og det er det som gjer dette bloggfellesskapet interessant; vi er ulike!
Råda eg gav før i dag, skal kunne brukast uansett kor mange lesarar du har, og korleis du bloggar. Om du har flott speilreflekskamera, kompaktkamera eller bruke mobilen til å ta bilder. Hadde berre behov for å understreke dette; slike innlegg lagar eg for å vere grei, å dele av min kunnskap. Ikkje for å påpeike at somme ikkje gjer ting bra nok! Men så det er sagt; eg ser ingen ting gale i å ville ha mange lesarar! Det må vere opp til kvart enkelt bloggar. Og eg håper nokon fekk tips som dei kan bruke. Blir nok ei stund før eg deler slik informasjon igjen. Fekk ein liten bismak i munnen kjenner eg.
NOK OM DET!
Her er nokre kjøkkenbilder.