Vi pussa opp soverommet vårt i sommar. Laga til eit "kvitt lerret", og innreidde der med gjenbruksting. Inntrykket er lett og lyst, men det kan enkelt gjerast lunare med tepper, puter, gardiner og skinn. Eg har tidlegare vist bilder frå soverommet, dei kan du finne under linken soverom i venstre kolonne. Stilen i huset er prega av at eg likar å blande det rustikke med det florlette. Slik også i dette rommet. I dag merka eg at hausten banka på balkongdørene. Det regna kraftig medan eg tok bilda, og lyset var ikkje det beste. Eg valgte difor å gje rommet litt nytt innhald, litt haustpreg. Eg kjem til å leggje det øverste bildet inn som mitt bidrag til NIB`s septemberkonkurranse.
Dette er mitt bidrag til konkurransen, uten ramme og uten vannmerke.
Dette er mitt bidrag til konkurransen, uten ramme og uten vannmerke.
Den gamle tallerkenhylla fungerar som utstillingsplass for gamle bilder.
Synes at desse passar godt inn her på soverommet. Eg er glad i å blande snev av
fransk landstil, saman med heilnorske funn. Og å mixe det grove med det florlette.
Eg har i det siste blitt flinkare til å ta inn fargar i romma. Den gamle, slitne, grøne benken
tener som lav skjenk i det vesle rommet.
Herlege putetrekk i lin mot vèrbitne plankar...
Sengegavlen er bygd av fjøler som er over hundre år gamle.
Sengehimmelen av tyll er festa til delane av ei gamal lysekrune.
Vakkert bilde av Jomfru Maria med barnet sitt. Hylla har ein nydeleg patina.
Det eine nattbordet er bygd opp av murstein frå ei gamal pipe.
Gamle og nye skattar får kvile her.
Aneboda klesskåpa frå IKEA har fått gamle, franske aviser på innsida av plasten i dørene, og nye knottar frå Lisbeth Dahl. Sjølvlaga tyllpynt med hjerte lyser opp, og tek att detaljar i sengehimmelen.
Koffertane på toppen er gode å ha til oppbevaring.
Det andre nattbordet er eit gamalt funn, med fantastisk patina! Oppe på bordet står ein del av eit dørblad frå 1700-talet. Med flott rosemåling, i veldig spesielle fargar. Skrinet med same kulørar har vore brukt som kjeksboks.
Eit vakkert stilleben, som gir ro i sjela... Spegelen i bakgrunnen er laga av ei ramme.
Måla og shabba av meg. Legg merke til det alldeles fortryllande brettet, som er fullt
av rust, og heilt bølgete på kanten! Ein favoritt for tida hos meg!
Eg var heldig å få to gamle vindauge med trenaglar og originalt glas i sommar. Dei får stå i vinduskarmane på soverommet. Eg elskar å liggje å kike ut gjennom dei, og synes dei originale boblene
i glasa tek meg tilbake i tid...
Gamle salmebøker, ein bibel
og ei katekisme ligg i hylla.
Vakre metallboksar frå ei svunnen tid... Ei dør står i bakgrunnen. Ho vart redda ut frå ei røykstove som held på å falle saman. Det er mange år sidan no, og eg er så glad for at eg tok vare på henne.
Eit ark frå ein bibel, saman med eit rusta kors.
Eg har festa på nokre metallblomster for å skape eit litt røffare look på lysekruna.
Lingardinene går att i heile huset, og er frå IKEA.
Korgstolen er fin til å leggje frå seg klede på, men han brukar også å få kome ut på den
vesle lufteterrassen i godt vèr. Og så er han flott å dagdrøyme i...
For det er ikkje berre natta det drøymast her i huset. Soverommet har fått ein fantastisk atmosfære.
Eg elskar å sitje her og tenkje ut nye eventyrprosjekt...
Håper at du kosa deg med bilda,
og at du vart inspirert?
God klem
Elin