JUNI 2009
Status: Ei litt skakk-køyrd og sliten Elin les bloggar. Har vore sjukmeld sidan 01.01.08. Elskar denne nye verda eg fann for nokre månedar sidan. Det er så godt å få inspirasjon frå andre, og eg NYT å koble av med interiørbloggar. Eg trykkjer meg ein dag inn på Blogger, og finn ut litt om det å starte ein blogg. Skal eg prøve meg? Det er jo ikkje så vanskeleg? Eg oppretter ein konto, og eg veit med ein gong kva bloggen skal handle om. Draumar. Elin sine Draumesider. Eg skriv litt om meg sjølv, om fjellturar, om livet. Om det å vere sjuk. Men eg får aldri noko system på ting. Forstår ikkje korleis eg skal setje inn bilder... Sommaren går. Eg får meg speilreflekskamera i ti års bryllupspresang, som eg etter kvart får til å bruke. Ein av yndlingsbloggane mine er Husfruas Memoarer. Og Hulda har ein slik fin lampe på eit innlegg ein dag... Eg sender ein mail til Hulda, og spør om eg kan få vite kvar ho har kjøpt lampen. Hulda er kjempehyggjeleg, og eg blir så forundra... Har ho verkeleg tid til å svare lille meg? Sjølvtilliten stig nokre hakk. Kanskje eg skal byrje å vise verda kva eg bloggar om? Viss der er fleire som Hulda der ute?
I september bestemmer eg meg for å starte på nytt. Skal publisere... Eg snakkar med NAV, for eg tenkjer at dette kan vere ei slags aktiv sjukmelding, sidan eg ikkje har nokon arbeidsgjevar å forhalde meg til? Og eg bestemmer meg for å blogge dagleg, slik at eg får dreisen på dette.
Første innlegget blir posta
24.09.10. Og no er temaet interiør. Men eg er livredd for å dumme meg ut! Tenk viss kjentfolk finn ut om bloggen? Det skal vise seg å vere eit lite problem. Eit mykje større, er at eg forstår jo ingen ting av det tekniske? Held på å bli galen av HTML kodar, og er kjempeoppteken av lay out og duppedittar
(les: gadgets) Bilderedigering er eit ukjent fenomen, og eg blir heilt sveitt av alle dei vakre bloggane rundt omkring. Første tida har eg nesten ikkje lesarar. Eg skriv mengder av slike sjølv... Min første kommentar kjem frå
Elin lenger aust, med bloggen Elins drømmer. Deretter
Hulda, og kjære
Anne med bloggen Emmas Verden. Ei veldig kjekk jente,
Karin, dukkar også opp. Karin har vore ein fantastisk støttespelar sidan. Alltid positiv, med så vakre helsingar til meg! Alltid! Også ei lokal dame smiler til meg ofte med fine ord, nemleg
Idun som lager ein heim.
Teljaren min kjem på plass
04.10.09. Den tel ikkje unike treff før ein gong i januar, men den har aldri tellt mi IP adresse. Tenkjer denne perioden utgjer ca.5000 for mange treff. Det skjer noko med bloggen fram mot jul, plutseleg er der mange lesarar, og verda åpnar seg. Nye bekjentskap frå utlandet også. Sterkast inntrykk gjer
Gùa, med bloggen Hvitur Lakkris, og
Mia med vakre Lilla Blanka. Andre landskvinner som er innom med flotte ord var
Kerstin med bloggen Mitt hvite hus,
Magny med den vesle krinkelkroken sin, og vår alles kjære
Kari, med My home is my Castle og
Marianne med bloggen Hverdagslykke. Det betyr enormt! ENORMT! For innimellom vil eg berre gje opp. Føler at dette ikkje er mi greie, og at det er bedre å styre med fotograferinga mi, og ikkje publisere noko... To andre damer kom også inn i livet mitt før nyttår,
Anette Willemine og
Elin Anita. Og eg fekk oppdage at gode venskap kan byrje ved ein einskild bloggkommentar... :)
Nyåret gjev som sagt eit løft, og bloggen veks seg plutseleg større. I voldsomt tempo. Eg er så glad! Og føler kreativiteten i kroppen, etter ein kjempelang periode med tristheit og tugsinn. Så slår ting meg i bakken, og eg får det tøft igjen. I forvilelsen slettar eg bloggen. Og angrar med det same. Eg har jo jobba så hardt dagleg med dette? Eg bestemmer meg for å starte opp igjen med blanke ark. Men følgjarane mine "forsvinn". 150 stk. ligg igjen på den gamle bloggen. Men eg ser fort at folk finn meg likevel, og mange er snille og legg seg til igjen på den nye bloggen. Veit ikkje kvifor dette betydde så mykje for meg, kanskje det var å få sjå fjesa på sidelinja slik som før? Det går S-E-I-N-T framover. Men etter kvart blir det meir fart i blogginga igjen. Det gjev glede. Og eg er kjempestolt over å ha overlevd nok ein nedtur, med smilet i behald. Eg drøymer nok ein gong... Det går mot sommar, og eg bestemmer meg for å ta
bloggeferie nokre veker. Det gjer veldig godt!
Hausten er her no, og eg har mot min vilje blogga på ein heilt ny måte. Uten så mykje tovegskommunikasjon. Rett og slett for at eg ikkje klarer det. Men kva skjer då? Jau; dokke fantastiske medbloggarar legg att så mange fine ord og helsingar, at eg blir løfta framover av berre godheit! (no renn det nokre tårer her eg sitt...) Det er ein ubeskriveleg følelse, når ein er sliten og lei, og kroppen kranglar. Å få slike heiarop langsmed sida, som igjen gjer at eg finn krefter til å blogge vidare.
Tusen-tusen TAKK!
Det har vore eit fantastisk bloggeår! Eg hadde aldri ville vore det forutan!
No må eg innrømme at eg vurderer å slutte å blogge, for å bruke kreftene på andre ting. Eg har ikkje bestemt meg enno, men lov meg at det blir ein fin ting det også, viss eg finn ut at det er lurt? Eg fekk spørsmål her ein dag om eg er den personen i det daglege, som eg er her inne på bloggen. Ja, det trur eg? Men eg er kanskje mindre personleg enn mange trur? Eg har ei VELDIG klar grense for kva som er bloggbart og ikkje. Sånn er vi vel alle? Eg har lært så utruleg mykje av denne reisa, og eg er så glad for at eg fekk lære det på ein så kjekk måte!
Den gamle bloggen min ligg på eit bilde til venstre i margen her, det er berre å trykkje på bildet, viss du vil besøkje gamle Draumesidene.
Eg har sjekka kor mange følgjarar eg har til saman, har vore så nysgjerrig på det :)
249 har registrert seg som følgjarar, eg har alle alfabetisert og kartlagt frå begge bloggane :)))
Eg har til saman laga og posta 504 innlegg i løpet av dette første året.
Og kor mange bilder eg har tatt? Fleire tusen...
Og viss eg skulle velge meg ut eitt bilde som representerer Draumesidene frå året som har gått?
Gode minner frå dagane før jul 2009. Lillemor som engel over Geirangerfjorden.
Og sola som vart om til ei Betlehemsstjerne, og viss du legg godviljen til, former skya ved sidan av ordet LOVE... Så vakkert, så roleg, så uendeleg godt å kvile augene på. Slik som eg vil at Draumesidene skal vere.
Interiøbilder frå året som har gått, kjem i morgen!
TUSEN TAKK for at dokke er der ute, og for at dokke les Draumesidene mine. EXTRA takk til alle dokke som skriv kommentarar, spesielt etter at eg måtte kapitulere...
Eg vil gjerne høyre historier frå dansande medbloggarar før i dag? Kjem til å trekkje ut EIN premie i morgen av kommentarane som blir lagt igjen her i kveld! Har fått nokre flotte ting frå Verdens Beste Anne, frå butikken hennar Emmas Verden! TUUUSEN TAKK!!! Og eg storgleder meg til å gi dei vekk til dokke! Eg kjem også til å gi vekk ei knaggrekkje i gamalt trevirke, E.PDesign, homemade. Og nokre ting til trur eg... ;)
INGEN FEIRING UTEN EIN SKIKKELEG
GIVE AWAY SJØLVSAGT!
FØLG MED PÅ SØNDAG!
GODE KLEMMAR TIL GODE MEDBLOGGARAR!
NB! Eg er borte i kveld, lillemor har endeleg bursdagsparty med klasseveninnene på den
gamle skulen i bygda,så eg dansar nok disco heile kvelden. Har varma opp før i dag ;)
Håpar dokke også dansar litt til!
TUSEN TAKK TIL ALLE SOM DANSA SAMAN MED MEG FØR I DAG! RØRANDE!
ELIN the dancing queen ;)