Eg er eit heldig menneske. Eg er funksjonsfrisk, og har ingen alvorlege sjukdomar. Når ein ser på Ingen Grenser med Lars Monsen og gjengen på NRK, får ein verkeleg perspektiv på livet. Likevel; det har vore nokre strie veker sidan søndagen før jul. Frå å ikkje klare å sitje, og slett ikkje stå, har det gått sakte framover. Eg har vore plaga med ryggen i ti år, og har tre prolapsar i ryggrada frå før. Eg har vore sengeliggjande, og måtte hatt hjelp til det meste fleire gongar før. Men aldri så gale som denne gongen. Eg klarte ingen ting. Måtte ha hjelp av heimesjuketenesta og mine nærmaste i tre døgn for å fungere. Det kjennes som ei evigheit sidan eg klarte å kome meg opp på føtene på eiga hand, og gå fire skritt bortover golvet. Det har gått så veldig sakte framover, sjølvsagt lukkeleg for det, men det har tært på humør og psyke. Eg har ein tilstand i levra mi som gjer at eg ikkje skal ta smertestillande, dette gjer alt endå meir utfordrande. Eg tek ibux når det blir for gale. Eg måtte ha "the real stuff" første to døgna, men etter dette har eg klart meg uten. Mitt største problem i det daglege, er prolapsen som sitt øvst i nakken. Denne protesterte høglydt første vekene med krykkegåing. Heldigvis har eg verdas snillaste og flinkaste behandlar, og han har kome heim til meg, sidan eg ikkje har klart å sitje i bil. Han har på mange måtar berga meg gjennom dei verste vekene.
Kvifor skriv eg om dette? For at folk skal synes synd i meg? Tvert om; husk korleis dette innlegget starta. Eg vil berre dele at eg klarte å gå heile trimturen min i dag, uten krykker :) Det har vore det store målet i januar, og no rakk eg det akkurat! Eg skal innrømme at eg brukte dei etterpå, eg blir sliten og veldig ubehageleg stiv i ryggen etter ei slik økt. Men; eg klarte det! Og det var ikkje så vondt medan eg gjekk heller. Treninga tek meg framover dag for dag, og det nydelege vèret vi har hjelper veldig på motivasjonen. Det å kjenne verkeleg framgang etter så mange veker med verk og frustrasjon, er beste gåva eg kunne få på tampen av januar.
Eg veit at det blir få lesarar når eg skriv eit personleg innlegg, men eg håper du som les dette kan få optimisme og pågangsmot av det eg skriv. Kanskje treng du det du også? Interiør blir lite viktig i denne samanhengen. Men det kjem nok fleire innlegg når eg har blitt enno bedre. Akkurat no er det heilt andre ting som står øverst på lista mi over "thing to do".
Tusen takk til dei som legg att nokre ord,
gir meg guts til å fortsetje
Draumesidene.
Elin