Det er gått over to år sidan eg byrja å blogge. Eg får mange hyggjelege mailar i løpet av ei veke, der folk er koselege, og lurer som regel på kvar eg har kjøpt ting. Så er det mailane frå superfine folk som skryt av Draumesidene. Kjekt alt saman! :) Og veldig givande; får meg til å ville blogge vidare. Men så er det menneska eg møter utanfor husets fire veggar. Dei som kjenner meg litt frå det verkelege livet. Dei er dei mest forvirrande for meg. Ikkje så mange som snakkar om at eg bloggar, sjølv om dei sikkert veit det?
Og så får eg spørsmålet, innimellom, -har du det verkeleg slik? Og då tenkjer eg : KORLEIS? Kva meiner folk med det? Nei, eg har det ikkje slik som det ser ut på bilda mine? Vi har vel ofte diskutert dette med å snu ryggen til rotet, rydde ein bit av huset, og så blogge i vei. Rett og slett herleg! Men kva meiner folk med spørsmålet? Kan ein ha det annaleis enn det som bloggen tilseier? Eg skal vere den første til å innrømme at eg ofte bloggar vekk triste dagar, dei har eg hatt plenty av siste to åra. Det er ikkje eit forsøk på å framstå som meir perfekt og lykkeleg, heller ein måte å takle tunge dagar på. Kanskje folk misforstår dette? Kanskje det skaper harme og irritasjon?
Kjenner du deg igjen her? Hmmm... Jaudå. Det er stova mi. Frå ein vinkel som eg ikkje kan hugse eg har tatt bilder frå før? Og eg har opplevd at folk som har lest bloggen min før dei har kome på besøk utbryt : det er jo ikkje slik her skal sjå ut? Og då tenkjer eg ofte, kva med meg? Er eg også ein annan enn den eg gir meg ut for å vere? Smilande, kreativ, optimistisk og evigvarande?
Det er ikkje lett å interiørblogge. Ikkje lett å vere kreativ på kommando. Det går faktisk ikkje an? I alle fall ikkje for meg. Og det å skulle gjengi det med kameraet er heller ikkje lett. Det har også slått meg at der stadig kjem så mange flotte, nye bloggar, at ein kanskje burde ta kvelden? La andre og meir nytenkjande krefter ta over? Draumesidene burde kanskje sove litt? Men eg har no ikkje tid til å sove? Og stadig kjem det ting plaskande ned i hovudet mitt, som eg føler for å dele med andre galne interiørinteresserte? Og så fortsetter blogginga, sjølv om noko inni meg stadig ropar : hallo, du kan stoppe no? Verda går vidare uten alle desse bilda og orda dine!
Eg veit. Og eg veit også at der er andre som kan dette mykje bedre enn meg. Men eg reknar med at dei som kjedar seg, hoppar av i svingen og finn seg nye jaktmarker? Eg for min del blir her nok ei stund til. Fekk ein mail ein kveld forrige veke, som var så spennende, at eg nesten slutta å puste. Ikkje minst minte den meg på at det er ein grunn til at Draumesidene oppstod. Eg skulle lære meg å drøyme igjen. For når ein drøymer og ynskjer seg ting hardt nok, it may come true... Det er liksom eg og Timmy gresshoppe, det er vi som er the dreamers... Og eg vil overbevise alle tvilarar om dette. Eg vil lykkast. Og då må eg halde ut. Bli frisk. Få leve ut draumane mine. For livet mitt ellers er nok heller ikkje slik som dei fleste trur. Eg bloggar om det eg er fornøgd med, det eg er glad for. Så får folk meine og tru det dei vil.
Så for å understreke at eg kanskje ikkje har det akkurat som du trur,
valgte eg desse bilda frå stova i dag. Det er alltid sider ved eit menneske du ikkje kjenner, akkurat som at du ikkje kjenner kvar krik og krok i huset til ein interiørbloggar. (sjølv om du kanskje trur det)
Ha ei flott helg alle saman, eg vil takke for alle fine kommentarar,
dei er veldig viktige for at eg skal fortsetje å blogge no. Skal
prøve å kome på besøk tilbake til dei som er så supre
at dei tek seg tid til å leggje att nokre ord.
Takksam!
Elin