Sidan det regnar sidelengs, oppover og nedover, bakover og framover, slo husmora Elin til i dag. Superinspirert av Interiørmagasinet sine oppskrifter, sette eg i gang med baking. Eg var fast bestemt på at eg skulle bake i krukkene mine, som vist på bilda i bladet. Eg ringte til Susanne på Mille Fleurs, der eg har kjøpt krukkene eg ville bruke. Ho sjekka med Affari, som sa at eg IKKJE burde bruke desse i ovnen. Som den trassige ungen eg er, så gjorde eg akkurat det motsatte... :) Og it worked out well! Resultata kjem billedleg seinare i helga, eg mørkna rett og slett ute før rundstykka vart ferdige.
Steikast i ovnen ved 220 grader i 10-15 minutt til dei er gyllenbrune
Lillemor her, som ikkje et ein ting som er grovt eller er frø i, som ho seier,
åt eit halvt rundstykke i full fart! :) Glad mamma!
Oppskrifta er henta frå Interiørmagasinet nr.5 2011
Ha ein fin fin kveld!
Elin
Så flink du er :-)
SvarSlettHei, Elin! Så bra at det funka!! Alltid kjekt å sprenge grenser. ;-) Bløtte du krukkene før du satt dei i ovnen? Og/eller brukte du bakepapir i dei? Susann på MF
SvarSlett