Denne bloggen vart oppstarta i juni 2009. Eg hadde vore sjukmeld sidan januar 2008. Eg hadde ein svikt i levra mi, fekk ein blackout, og landa på fjeset i badgolvet. Etter kvart fekk eg påvist ein prolaps i nakken, og to nede i korsryggen. I tillegg var eg gjennom nokre operasjonar av andre årsaker, livet var veldig tøft å leve. Familien vår vart ramma av sorg fleire gongar på kort tid. Minstemann var to år. Eg hadde ingen arbeidsgivar lengre, og difor ingen stad å drive jobbtrening. NAV foreslo forskjelleg, men eg synes alt høyrdes skummelt og krevjande ut. Veninna mi Marianne hadde byrja å blogge, og dette var eg litt nysgjerrig på? NAV synes dette var ein god idè, og oppfordra meg til å setje i gang. Prøve å skrive og ta bilder fleire gongar i veka. Kome i siget igjen. Starten på Draumesidene gjekk i slow motion kan ein seie. Eg kunne ingenting om HTML, om redigering eller noko som helst når eg tenkjer meg om. Det vart ikkje så mange innlegg for å seie det slik. Eg fekk meg speilreflekskamera med mannen og borna til bryllupsdagen denne sommaren, men det hjalp heller ikkje... ;) Ut på hausten løsna det litt, og eg forstod litt meir her inne på blogger. I slutten av september åpna eg opp for verda, og huskar at eg var veldig nervøs og spent.
Kunne nokon finne min blogg verd å lese?
Eg trur eg hadde eit anna navn i starten, huskar ikkje heilt. Men valget fall til slutt på Draumesidene, og eg var fast bestemt på å skrive på nynorsk. Eg hadde ingen flying start, det har vore ein enorm jobb å opparbeide seg lesarar, eg blogga nesten dagleg første året. Eg har aldri forstått meg på korleis ein brukar desse sidene der ein kan drive pr for seg sjølv, og er så bedageleg anlagt, at eg ikkje gidd å stresse med det heller. Eg har takka konsekvent nei til intervju og artiklar i aviser her i området, og halde på anonymiteten min. Det er klart at mange no veit kven eg er, kvar eg bur osv. Men det kjennes OK å ha det slik som no.
DRAUMESIDENE - eg hadde ein draum om å få bli frisk igjen. Sleppe smerter og triste tankar. Slik starta det. Etter kvart fekk eg evna til å drøyme om at eg kanskje kunne gjere ein forskjell for andre også. Eg sette meg som mål å bli flinkare å ta bilder, og prøve å vere nyskapande og kreativ slik at andre også sette i gang draumeprosessen sin. Interiørmessig først og fremst, men med ein undertone slik at lesarane også skulle forstå at ein sjølv må tru at ein er god nok. Det handlar ikkje om kor dyre ting ein kjøper, eller kor stort hus ein har. Det handlar om å skape noko som er sitt eige. Med sitt eige særpreg.
I mars 2009 storma det veldig rundt meg igjen. Eg sletta bloggen min, med 150 følgjarar. Og angra etterpå. Eg oppretta nye Draumesidene, og bad alle om å leggje seg til i lista mi igjen. Uff, eg angrar enno, hadde vore superfint å ha dei 100 som forsvann på følgjarlista mi i dag. Men mange la seg til igjen, og nye kom til heile tida. Det var litt som å byrje på nytt, men i ettertid ser eg at det kanskje var ei meining med det? Eg er i alle fall veldig glad for at eg ikkje gav opp! Det har vore ei flott reise. Eg har posta 899 innlegg. Eg runda 100.000 lesarar i januar 2011, og sjølv om eg har hatt lengre pauser, og blogga mykje mindre, kom det jammen 100.000 til i løpet av dei neste ni månedane. Eg kan takke andre bloggarar for dette. Ikkje minst Emmeline, som la meg til i bloggrollen sin for snart eitt år sidan. Det er slike ting som gjev blogginga eit løft, at andre hjelper til innimellom, slik at ein får større vingar å flyge med. Eg ser sjølvsagt at eg kunne ha fått fleire følgjarar ved hjelp av GiveAwayen som akkurat er avslutta. Men det er noko som held igjen. Det er kjekkast når folk legg seg til i lista av andre årsaker.
Som eg har nevnt før, det er kanskje litt fy-fy å innrømme at ein vil ha mange lesarar, og følgjarar? Ein skal blogge for sin eigen del, så klart. Men eg synes det er kjempestas å sjå at den jobben ein gjer blir lest og likt av fleire. For det er jobb. Uten lønn. Dei som er smarte og flinke nok, kan nok tjene pengar på det. Men eg gjer ikkje det. Ein bør ha reklame og avtalar som gjev inntekter, viss ein skal blogge i stor stil. For det tek MASSE tid! Eg likar ikkje at somme snakkar negativt om bloggarar som prøver å gjere ein leveveg ut av arbeidet sitt her inne. Slikt må då kome av sjalusi? Dei aller fleste har ein blogg for "sin eigen del", og trives kjempegodt med det. Får nye vener med same interesser, og har eit flott sosialt nettverk å finne inspirasjon og smil i når ein stikk innom. Også trøst innimellom, viss ein tør å blogge om at livet går ein imot... Det er viktig å akseptere at vi alle har ulike tankar og mål med blogginga vår.
Ved hjelp av ein ny behandlar, har eg fått eit "nytt" liv siste månedane, og eg klarer å sjå opp på stjernehimmelen kveldane uten å svimle. Tenk på det! :) Ein må ta vare på alle framsteg, sjølv om dei er ørsmå. Eg har kome i gang med jobbing igjen, takka vere bloggen min. Eg har skapt meg eit kontaktnett, og blitt sett av menneske som vil gi meg ein sjanse. Draumane mine vart verkelege! Du skal aldri undervurdere tanken si kraft, ei heller undervurdere deg sjølv. I mitt tilfelle er utfordringa å vere tolmodig nok i framtida og å ta tida til hjelp. Eg vil så mykje etter alle desse åra, men må enno spare på kruttet når eg er i gang. Fallhøgda er enno stor. Men eg er i gang.
Takk til alle som har vore der for meg!
De anar ikkje kva krefter de har gitt meg!
Eg er så kjempetakknemleg for alt Draumesidene har gitt
meg, og for den kreativiteten som kom fram igjen etter år med sjukdom
og tristheit. Eg veit ikkje enno kvar vegen går. Eg har fått nokre
tilbod i det siste som eg må vurdere. Eg håper at eg
finn ut korleis eg vil bruke tid og krefter vidare.
TAKK!
Elin