...

mandag 20. desember 2010

Eg ynskjer meg...



ENERGI i julegåve! :) For i dag har eg nok brukt opp alt som var tilgjengeleg innvendig. Eitt av måla mine før den 24., har vore å sy om to liftgardiner som kom i posten. Mine vindu har sjølvsagt så abakelege mål, at ingenting ferdigsydd passar. "Elin for nokre veker sidan", hadde massevis av pågangsmot og energi, og tenkte; pyttsann, eg syr vel lett om desse? ...... Elin sist veke tenkte; eg skal aldri henge opp eit gardin meir - EVER! Heldigvis er sånne nedturar noko som ikkje varer så lenge. Og i dag har eg sydd om det minste. Og brukte heile dagen på det. Men no heng det oppe. Teksten som er trykt på, er skeiv? Frykteleg irriterande? I alle fall med tanke på kor mykje arbeid eg la i å få det fint. Men no er mørket kome, og blitzen min får IKKJE lov å hjelpe til. I morgen, DÅ kjem det bilder av kjøkkenet. Har fått nokre hint om at eg kanskje skal vise julereportasje frå eige hus, men "jeg lover deg" - her er ikkje så veldig julete etter siste 7 dagar delvis til sengs. Ikkje har eg store forventningar til at eg får gjort så mykje meir desse dagane heller. Men kven veit, ein kan håpe på eit under... I kveld håper eg at vi kan finne eit fint juletre, og når pappaen i huset har handla alle pakkane som mangla før i dag; ja då kan jula berre kome. Pynta hus eller ikkje. Som lillemor trøysta meg her ein dag; berre vi har eit skikkeleg juletre mamma, då er det ikkje så nøye med resten!




Og når ein har eit slikt fint vinterlandskap ute, er julestemninga her uansett! Tenk å få kvile augene på ei så fantastisk utsikt, kvar dag! Værsågod, i kveld får alle dette julekortet med meg! :) Som takk for alle flotte og oppmuntrande ord og helsingar her inne! Ubeskriveleg godt!





6 kommentarer:

  1. Vakkert, vakkert ......
    Ikkje godt å vera utan energi, men godt du har gode hjelparar ..... vonar det går betre snart. Juleklem fra Sigfrid

    SvarSlett
  2. Hei Elin,takk for julekortet. Vakkert.. Elsker sånne bilder.Og det må være fantastisk å ha en sånn utsikt hver dag.Det har ikke jeg.Her ser vi rett inn i blokker å andres soveromsvindu,men en venner seg til det også.Min tante har utsikt over Trondheimsfjorden å jeg er fryktelig misunnelig,det er sååå vakkert.Ønsker deg fortsatt god bedring.Klem

    SvarSlett
  3. Undrenes tid er ennå ikke forbi, Elin, så kanskje, kanskje..... Ønsker deg uansett god bedring! Og takk for flott, stemningsfullt julekort!

    SvarSlett
  4. Huffa, ikkje kjekt med null energi, det veit e alt om. Håper du kjem deg dei siste dagane og at 24. blir ein dag full av energi:-)

    Vakkert vakkert landskap rett utanfor døra dokke. HELDIG er du!

    Gardina mi kom opp etter 3 mnd med sying... feil feil og atter feil. No som den er oppe er den skeiv, men e orker ikkje rette det opp, sjølv om det berre er ein tråd eller to som ikkje er festa. Lite energi her også ser du, trøtt trøtt trøtt!

    Masse gode god bedrings klemma fra meg!

    SvarSlett
  5. God bedring, Elin! Det blir nok jul uansett, og heilt sikkert ei koselig jul også sjølv om en ikkje rekk alt ein gjerne skulle ha gjort.... Takk for masse inspirasjon! klem Anne-M

    SvarSlett
  6. Fantastisk utsikt!

    Det er ikke noen god følelse når energien forsvinner og man så gjerne vil.. Er litt det samme her, men det bare må gå seg til :)

    Ønsker deg gode dager og ny giv i morgen! Sikker på at gardinene blir lekre..

    God klem fra Tove

    SvarSlett

Kommentarane gir næring til min kreativitet! TUSEN takk for at du lyser opp kvardagen min!