...

torsdag 22. november 2012

Christmas | Jul

 
 
 
 





 
 
Vi er inne i ei tid av spenning og forventning. Lillebror jobbar med ynskjelistene sine dagleg. Studerar leikekatalogar som kjem i posten, og fører sirlege lister på kva han ynskjer seg. Ikkje berre leiker. Han ville vite korleis ein stavar stillongs også. Godt med slike gåver også. -dei gamle rekk ikkje ned til sokkane lenger, forklarar han. Eg kan huske stemninga. Såvidt. Gleda og alle momenta av overraskelse og lykke. Pakkane eg og storesøstra mi fann på mørkeloftet, dei kalde romma der oppe, spikjekjøtet som hang til tørk, og som ein lett dunka hovudet i viss ein skunda seg for å kome ned loftstigen ubemerka. November var alltid så lang. Lang og mørk. Men så kom desember.
 
På mange måtar skulle eg ynskje at ein kunne oppleve desse augneblinka på nytt. Pappa si godmodige skjenning når han fann ut at vi hadde vore på spiontokt i forbodne områder i huset. Storesøster sin upåklagelege kunnskap om kva som var inne i pakkane, eller i alle fall kunne vere der? Det er veldig gode minner. Ein har med seg desse livet ut. Og ei kjensle av vemod. For det er så mange som manglar. Flest av dei som fekk bli gamle, men også dei som nesten ikkje kom i gang med livet. Slike minner som gjer at ein må svelge ekstra mange gongar, og blunke vekk dette varme, blanke som presser på i augekroken. Samstundes som jublande barn syng vakre julesongar. Det er månaden full av kontrastar, månaden som kan gjere kvar og ein svimmel av opplevingar, og ekstra tung for dei som skal feire høgtida utan den spesielle personen som var der sist desember.
 
Det er berre ei god veke igjen. Lillebror lyser i augene. Har nedtelling både til desember og julaften. Og sjølv om eg gruar meg til å gjenoppleve alt dette som har skjedd i åra før, prøver eg å la meg rive med og finne tilbake til barnet i meg. Til spenninga og forventninga, til det å kjenne seg liten og trygg. Det er OK å både gråte og le i desember, det er slik livet er. Og kvar desember vi får, er ny. Eg har tenkt å ha ein fin julemånad. Eg skal setje meg ned no i kveld og lage mi eiga ynskjeliste. Skal dele lillebror og storesøster si entusiasme. For dette blir deira minner om mange år.
 
 
Snart er det desember,
snart...
 
 
 
Elin
 
 
 
 


28 kommentarer:

  1. Blir helt stum av de bildene dine og teksten din gir meg hjertevarme! <3 Desember!
    Takk :)

    *Mari*

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk kjære Mari! Litt skummelt å skrive så ærleg, det er gjerne ting ein gøymer inni seg. Men eg trur mange slit i denne tida som skal vere så lys og lykkeleg. Og for mange er desember og jul det verste dei skal takle. Vi får gjere så godt som vi kan alle saman.

      klem,
      elin :)

      Slett
    2. Ja, det er noen dører som er litt mer trøblete enn andre å åpne, men som oftest behagelig etterpå :)
      Jobbet på en korttidsavdeling hvor vi inviterte en del eldre som av flere årsaker feiret jul alene til å spise middag og drikke kaffe sammen med oss. Det var både sterkt og flott.
      Viktig å belyse alle sider, syns jeg.
      Dette klarte du virkelig! Det var ett innlegg til ettertanke. Veldig flott at du ønsket å dele de tankene.

      *Mari*

      Slett
  2. Akk, så ryddig og fint du har det. Trur ryddehjelp skal stå øverst på mi ønskjeliste. Barndomsminner frå jula er nesten borte merkar eg, men eg huskar sjølvsagt dei lange timane før julemiddagen. Og alle dei fine og fristande pakkane under treet. Advent er ei fin tid.

    SvarSlett
  3. :) Gjekk og skubba legoen til lillebror med eine foten, for å ikkje få den med på bilda. Loftet er sisteprioritet kvar helg, men sist laurdag hjalp mannen til med vasking. Det er nok ein av grunnane til at det blei bilder der oppe i dag! Slepp ned skuldrane Torill, og husk at ein interiørbloggar kan nokre trix etter tre år ;)

    god klem,
    elin :)

    SvarSlett
  4. Takk for at du deler kloke og viktige tanker og ord Elin! Godt å lese, og godt å la det synke litt og kjenne etter hva som er viktig. Tanken om å gjenoppleve noe av barndommens glede og begeistring gjennom å slippe seg løs med barna og dele deres glede er strålende. En god måte å sikre gjensidig tilstedeværelse på. Den tanken skal jeg holde godt på, og prøve å la meg inspirere av i ukene som kommer :)

    Klem Betsy

    SvarSlett
    Svar
    1. Det var godt å høyre! Eg tok ikkje med alle dei som er åleine, eg har tross alt ein familie rundt meg. Men jula kan vere ei utfordring likevel. Det skal gledast, det skal tindre i barneauge. Eg har følt meg veldig lite entusiastisk i fleire år. Har gått på med godt mot, men blitt skuffa undervegs. Men; i år er ei ny jul. Og kanskje lykkast eg denne gongen?

      God klem!
      e

      Slett
    2. Du er helt fantastisk! :)
      måtte bare si det! :)

      Slett
    3. Kjære Mari! Eg er ikkje fantastisk, det kan eg skrive under på! Men eg tenkjer mykje, og har mange tankar om korleis livet kan bli bedre. Eg evner også å innrømme at tin ikkje alltid går som eg hadde planlagd...

      e

      Slett
  5. Så utruleg vakkert innlegg, Elin! Eg sitt med tårer i augene. Du ordlegg deg så godt. Kjenner meg igjen i ein del óg. Det er viktig det å huska at desember er kontrastfylt.

    stor førjulsklem til deg ☆★☆

    SvarSlett
    Svar
    1. God klem tilbake Lina, desember har alltid vore ein spesiell månad i min familie. Slik er det nok hos mange andre også. Eg trur det kan hjelpe å vere åpen om det?

      E

      Slett
    2. Det veit eg, huskar sterke innlegg du har delt tidlegare. Ja, me har både hatt og har spesielle desember-månader i våre familiar óg, og ein kan kjenna på mange ulike kjensler om kvarandre i denne tida. Det er alltid bra å vera åpen! :) og du er jo eit strålande eksempel på det, Elin.

      Ønskjer deg og dine ei flott helg :)

      Slett
  6. SÅ fint:):)Vente tiden er bare såååååå koselig. Jeg elsker julen og her har vi laget våre tradisjoner for oss og våre barn. En fantastisk følelse.
    Klem:)

    SvarSlett
    Svar
    1. That`s life! Vi er også heime her. Men eg saknar dei store samankomstane når pappa levde. Det er noko som manglar liksom? Men å skape eigne tradisjonar er ein flott måte å vekse på!

      god klem,
      elin :)

      Slett
  7. Nydelige bilder du byr på! :) Fikk skikkelig julestemning! Håper du finner igjen spenninga og forventninga. Har selv merket med årene at julen ikke er slik den var når vi var små. Kanskje fordi vi merker mer stresset som voksne? Med handling, vasking og baking? Stresset som følger med å ha den perfekte julen? Og ikke minst at en savner de nære som er borte ekstra mye i disse tider.
    Men jeg har bestemt meg at jeg skal nyte alle de små detaljene, som den første adventstjerna i vinduet til naboen, og julereklamene på tvn. Rett og slett nyte førjulstiden og det den bringer med seg!

    klem til deg!

    SvarSlett
    Svar
    1. Det er det som teller! Å gripe dei små stundene, der ein kjenner ro og glede. Om det er lukta av mandarinar, ein spesiell julesong på radioen eller ei reklame som skaper den rette stemninga. Uttrykket Carpe Diem er kanskje eit litt slite uttrykk, men eg synes det passar veldig godt i den tida som ventar.

      God klem,
      elin :)

      Slett
  8. Hi,
    beautiful!! I love this chair!!!
    And your pictures also! ♥
    Greetings
    from germany

    SvarSlett
    Svar
    1. Thank you so much!
      I visit you every day!

      Love,
      elin :)

      Slett
  9. Du er utrolig flink til å beskrive stemninger! Ser det levende for meg mens jeg leser her og kjenner på følelsene fra "begge sider av skalaen"
    Så godt å høre at det fortsatt skrives ønskelister :) Har hørt så mange si at barna ikke ønsker seg noe spesielt til jul. Da er noe veldig feil syns jeg. Det å kjenne på spenningen om hva som ligger under treet i år, den spesielle stemningen i dagene rundt jul og all kosen og samværet med venner og familie - det syns jeg julemagien er. Og også litt ekstra tid til å minnes de vi ikke kan dele julen med lenger, men som er med oss i tankene.
    Nyt de små øyeblikkene i tiden som kommer!
    Klem fra Ingrid

    SvarSlett
    Svar
    1. Godt sagt Ingrid! Her er vi veldig tydelege på at dyre ting er slikt som høyrer jul og bursdag til. I fjor venta lillebror eit heilt år på å få ein viss type lego. Pakken låg til slutt under juletreet ;) Storesøster har hatt veldig lyst på ny mobil, men det har vi også sagt får vente til jul. Eg trur born (og vaksne) har godt av å ynskje seg ting? For når ein går slik, så oppdagar ein at ein kanskje ikkje trong alt ein trudde likevel? Eg håpar at borna her vil behalde entusiasmen i åra som kjem også, og at vi kan skape gode minner for framtida :)

      klem,
      elin

      Slett
  10. Ja, det er mange minner når man tenker på jul...selv om jeg er voksen må jeg si at jeg er nok en av de får som fremdelse syns at jul er "magisk" ;o))
    Nydelige bilder du deler!
    Varme klemmer Elisabeth

    SvarSlett
    Svar
    1. DET var godt å høyre! Minn alle rundt deg på det Elisabeth,
      for eg trur alt for mange vaksne er opptatt med innkjøp, stress
      og julebord... ;)

      klem,
      elin :)

      Slett
  11. It's so funny. Before I have seen this post from you, I have cut some christmas tress and painted them black - as yours on the wall! I will put them on a board from Ikea, which I will buy next Monday - for the TV corner!
    Love your pictures, love your blog, love everything you post ;-))))) Hug, Barbara from Switzerland

    SvarSlett
    Svar
    1. Dear Barbara! How nice! I love my black christmastrees!(and they did not cost me any money...) ;) I have a lot of things I want to make in december, but I have some problems with my back, so that will decide if I manage to create them.

      Have a lovely evening!
      Elin :)

      Slett
  12. Hei!
    Oppdaget bloggen din akkurat, nå sjekker jeg den daglig! Fortsett med nynorsk!!

    SvarSlett
    Svar
    1. Ingen fare, her er det kun nynorsk ;)

      klem,
      e :)

      Slett
  13. Takk for nydelig tekst, og for at du deler med oss:) ha en minnerik og varm adventstid:)

    SvarSlett

Kommentarane gir næring til min kreativitet! TUSEN takk for at du lyser opp kvardagen min!